Brukardiskusjon:TH

Frå Mållekken
Versjonen frå 12. november 2009 kl. 11:06 av Nfanrekurb (Ordskifte | tilskot) (→‎Dat)
Hopp til navigering Hopp til søk

Du fær kje vera fæli(n) for å koma med spursmål her! TH 29. desember 2008 kl. 20:59 (CET)

Dat

Heisann. Er det lovleg å skriva 'dat' på høgnorsk? Eg ser at Aasen nemnde formi i Norsk Grammatik frå 1864 her. Mvh. CS 4. januar 2009 kl. 17:03 (CET)

Du gådde kann hende at formi dat ikkje var nemnd i tavla yver personlege varaord her på Mållekken? Det var helst ei gløyming; formi dat er au verd å nemnast her (og tilsvarande dan, men det lyt verte under peikande varaord). Men når det er sagt, lyt ein ha det klårt fyre seg at denne formi vert rekna for alderdomleg eller målføreleg, på line med -arne for -ane og me funno for me fann. Det er ikkje gali å nytte slike former, norskt skriftmål er so ungt at dette berre vert for småskil å rekne; men ein bør vita kva ein gjer.
Sér me på det frå ein målføre-synstad, er formi dat ei like god typeform som det, just som inte er like god som ikkje. For landsgildt bruk derimot er det einast éi eller stundom sume (t.d. både me og vi) av slike jamgode typeformer som er brukande.
I praktisk høgnorsk upplæring, som oftast ber åt på eigi hand, er det tidt beinsamt å nytte slike kjende merkeord til å halde på og ta med seg målkjensla frå målføret, erso ein er godt inne i eitkvart nedervde målføret. Sidan, når skrivetamen sit i fingrane, treng ein ikkje alle desse merkeordi til studnad lenger, men kann skrive like godt med meir landsgilde former. TH 4. januar 2009 kl. 18:19 (CET)


Detta og denna

Kvi var dette og denne formene Aasen velde framfor detta og denna? Beste helsing Nfanrekurb