Diskusjon:Stadnamn
Sume hev vel òg kalla Lillehammer Mesna. -SAM 19. juli 2007 kl. 23:36 (CEST)
- Ja, og Veslehamar. TH 19. juli 2007 kl. 23:39 (CEST)
Kva med ei sida med namn på stader, land og rike ogso utanfor Noreg, t.d. Sverike, Hjaltland osb. --Nfanrekurb 9. desember 2009 kl. 10:52 (CET)
- Ja, kvifor ikkje? Kann hende er det greidast med ei eiga side um dette, so det ikkje vert for myki i éin teig. TH 9. desember 2009 kl. 16:31 (CET)
Eigersund og Egersund = Eikersund? Rita 7. mars 2010 kl. 16:44 (CET)
Bergen = Bjørgvin?
Bergen hev vel vorti kalla Bjørgvin på landsmål? Frå Wikipedia: "... og fra 1860-tallet ble det brukt av vestlandske landsmålsmenn som navn på byen.". Kva med å setja Bjørgvin i klomber, fyr det er ei god form og bispedømet heiter Bjørgvin. I Grunnmanuskriptet sér eg òg at Bjørgvin stend som hovudform. Eiliv (talk) 22:31, 9 December 2018 (CET)
Um a-en i Vardøy
Er det nokon serskild grunn til at Vardøy hev «a» og ikkje «o»? Nedervd uttala skal visst vera Vårøya etter Norsk stadnamnleksikon, og koma frå *Vǫrð(u)øy. --Eiliv (diskusjon) 2. november 2020 kl. 09:39 (UTC)
- Nokre teoriar: 1) danskane/norsk-danskane lika ikkje u-ljodbrigde former (dei finst ikkje i dansk). 2) Ein mistolka den stadbundne uttala og trudde ho var ei rang umlaging (etter rett skulde *vǫrð(u) gjeva uttala vór- eller vóL, jf. uttala av jord, men i sms. tér ljodvoksteren seg ofte onnorleides). Ho var difor ikkje brukande. Ei onnor sak er at norsk varde svarar til dansk *vårde, jf. gard og gård. 3) Stundom skreiv ein a der uttala var aa (men kor seint?). Merk at det likevel heiter Vårberget (høgaste toppen på øyi) --SAM (diskusjon) 2. november 2020 kl. 11:04 (UTC)