Talord
Talord er ei klassa av ord som stend for tal. Dei er skifte i tvo gruppor: grunntal som me tel med, og rekkjetal som fortel um rekkjefylgdi.
Grunntal
Grunntali segjer eitkvart um kor mange det er av ei mengd.
| 0 | null (inkje, ingi) | ||||
| 1 | éin – éi – eitt | 11 | elleve | 10 | tio, tie, ti |
| 2 | tvo (tvei – tvæ – tvau) | 12 | tolv | 20 | tjugo, tjuge |
| 3 | tri (– trjå – try) | 13 | trettan | 30 | tretti |
| 4 | fjore, fire | 14 | fjortan | 40 | fyrti |
| 5 | fem | 15 | femtan | 50 | femti |
| 6 | seks | 16 | sekstan | 60 | seksti |
| 7 | sjau, sju | 17 | sjauttan, sjautjan, syttan | 70 | sjautti, sytti |
| 8 | åtta, åtte | 18 | attan, atjan | 80 | åtti |
| 9 | nio, nie, ni | 19 | nittan, nitjan | 90 | nitti |
Tali millom 21 og 99, minder dei heile tietali, vert vanleg ihopsette soleis:
| 21 | éin og tjuge eller éin-og-tjuge |
| 25 | fem og tjuge |
| 32 | tvo og tretti |
| 99 | nie og nitti |
Ein kann au setja deim i hop andre vegen: tjuge og éin osb.
For 100 vert namnordet (eit) hundrad nytta:
| 100 | (eitt) hundrad |
| 200 | tvo hundrad |
| … | … |
| 900 | nie hundrad |
For 1000 nyttar me sameleis namnordet (eit, ei) tusund.
| 1 000 | (eitt) tusund |
| 2 000 | tvo tusund |
| … | … |
| 10 000 | tie tusund |
| … | … |
| 20 000 | tjuge tusund |
| 21 000 | éin-og-tjuge tusund |
| 100 000 | (eitt) hundrad tusund |
| 999 000 | nie hundrad og nie-og-nitti tusund |
Tali millom 1000 og 10 000 kann lagast med hundrad i staden for tusund, serleg um det ikkje er eit rundt tusund. Ved årstal og andre samanhang vert «… hundrad og …» ofte ikkje medteke.
| 1984 | eitt tusund nie hundrad og fire-og-åtti | nittan (hundrad og) fire-og-åtti |
| 2010 | tvo tusund og tie | tjuge (hundrad og) tie |