Talord
Talord er ei klassa av ord som stend for tal. Dei er skifte i tvo gruppor: grunntal som me tel med, og rekkjetal som fortel um rekkjefylgdi.
Grunntali vert stundom rekna for ei undergruppe av varaordi (eller determinativi), og rekkjetali kjem då under lagordi.
Grunntal
Grunntali segjer eitkvart um kor mange det er av ei mengd.
1–19 og tior
0 | null (inkje, ingi) | ||||
1 | éin – éi – eitt | 11 | elleve | 10 | tio, tie, ti |
2 | tvo (tvei – tvæ – tvau) | 12 | tolv | 20 | tjugo, tjuge |
3 | tri (– trjå – try) | 13 | trettan | 30 | tretti |
4 | fjore, fire | 14 | fjortan | 40 | fyrti |
5 | fem | 15 | femtan | 50 | femti |
6 | seks | 16 | sekstan | 60 | seksti |
7 | sjau, sju | 17 | sjauttan, sjautjan, syttan | 70 | sjautti, sytti |
8 | åtta, åtte | 18 | attan, atjan | 80 | åtti |
9 | nio, nie, ni | 19 | nittan, nitjan | 90 | nitti |
21–99 – ihopsette former
Tali millom 21 og 99, minder dei heile tietali, vert vanleg ihopsette soleis:
21 | éin og tjuge eller éin-og-tjuge |
25 | fem og tjuge |
32 | tvo og tretti |
99 | nie og nitti |
Ein kann au setja deim i hop andre vegen: tjuge og éin osb.
Hundrad og tusund
For 100 vert namnordet (eit) hundrad nytta:
100 | (eitt) hundrad |
200 | tvo hundrad |
… | … |
900 | nie hundrad |
For 1000 nyttar me sameleis namnordet (eit, ei) tusund.
1 000 | (eitt) tusund |
2 000 | tvo tusund |
… | … |
10 000 | tie tusund |
… | … |
20 000 | tjuge tusund |
21 000 | éin-og-tjuge tusund |
100 000 | (eitt) hundrad tusund |
999 000 | nie hundrad og nie-og-nitti tusund |
Hundrad og tusund i årstal og dilikt
Tali millom 1000 og 10 000 kann lagast med berre hundrad i staden for tusund, serleg um det ikkje er eit rundt tal. Ved årstal og andre samanhang vert «… hundrad og …» ofte ikkje medteke.
1984 | eitt tusund nie hundrad og fire-og-åtti | nittan (hundrad og) fire-og-åtti |
2010 | tvo tusund og tie | tjuge (hundrad og) tie |
2017 | tvo tusund og sjauttan | tjuge (hundrad og) sjauttan |
Større tal
Lùttal
Med lagordet halv og rekkjetali lagar ein halv-talord: halvannan (-onnor, -anna) = éin og ein halv; halvtridje = tvo og ein halv; osb.
For mindre partar nyttar ein rekkjetali saman med '-part' (eller '-del'), soleis at x/y = x Y-part(ar), der x og y er grunntal, og Y rekkjetalet som svarar til y. Døme: 3/4 = tri fjordepartar.
For sume småpartar finst det au andre ord:
1/3 | ein tridjung |
1/4 | ein fjordung |
1/5 | ei fimt |
1/6 | ein séttung |
1/7 | ei sjaund |
1/8 | ein åttung |
1/9 | ei niond |
1/10 | ei tiond |
Mengdeord
Mengdeord er ikkje talord, men namnord.
Ei tylft = ei mengd på tolv
Eit tjug = ei mengd på tjuge
Rekkjetal
1 | fyrste |
2 | andre |
3 | tridje |
4 | fjorde |
5 | femte |
6 | sette |
7 | sj(a)u(a)nde |
8 | åttande |
9 | niunde, niande |
10 | tiunde, tiande |
11 | ellevte |
12 | tolvte |
13 | trettande |
14 | fjortande |
15 | femtande |
16 | sekstande |
17 | sjautande, sjautjande, syttande |
18 | attande, atjande |
19 | nittande, nitjande |
20 | tjugunde, tjugande |