Samnorsk

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Samnorsk er ein målideologi som gjeng ut på at norsk og norskdansk skal samlast i eitt blandingsmål. Serleg med målbrigdet i 1938 vart denne ideologien rådande i offisiell nynorsk, og endå samnorsken vart avskriven som offisiell målpolitikk sist på 1900-talet, heng systembroti frå denne tidi enno att i den rettskrivingi. Dette er dei mest synlege skilmerki millom høgnorsk og statsnynorsk, endå ordfanget i grunnen hev meir å segja.

Innstillingi frå Språkrådet 1. april 2011 til ny offisiell rettskriving for nynorsk syner at samnorskideologien framleis er rådande der, berre under løyndenamnet «modernisering». Denne nye normi, som Kulturdepartementet hev vedteke skal gjelda frå 1. august 2012, er noggrant saumfari av Norskt Måldyrkingslag og Ivar Aasen-sambandet i tvo notat til departementet:

Døme på skjepla måldrag

Medljodverket

  • -d-/-d: brei for breid, derimot stend raud; leia og leiing for leida og leiding, derimot stend leidning
  • -gj-/-g: seia, seier for segja, segjer, mot sagde, sagt; bøya for bøygja, derimot bøygning; tjue for tjuge, derimot tjug; nøyen for nøgjen, mot nøgnare
  • -mb: lam for lamb, derimot stend dramb
  • -rd: i fjor for i fjord, mot vanleg ord, bord osb. <rd> samstevjast med uttala [ɽ] i austnorsk

Sjølvljodverket

  • i: bel for bìl og leva for lìva, derimot stend til, skip, skipa
  • y: spørja for spyrja, derimot stend byrja; like eins vert det gjort skilnad på hølja («regna») og hylja («gøyma»), som læt likt i alle målføri

Døme på skjepla einskildord

  • alvor for ålvor – fyrelekken i norsk er ål- eller all-, ikkje «al-»: ålmenning, allkunnig
  • ansvar for andsvar – fyrelekken i norsk er and-, ikkje «an-»: andføtes, andbakkes

Døme på samanskjepling

  • leie og leie for (eit) lægje og (ei) leida
  • teie og teie for (å) tegja og (å) tæja

Døme på avnorsking

  • a for å: fare, plage for fåre, plåga

Døme på rang grammatikk

  • «eit vitug framlegg» for «eit vitugt framlegg»