Namnord

Frå Mållekken
Gå til: navigering, søk

Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.

Namnordi vert skifte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter skifte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.

Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i grammatiske fall (kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).

Bøygjingsformer

Yversyn

yver dei vanlegaste formene i høgnorsk.

kyn stomn eintal mangtal eigefall sidefall
ubd. bd. ubd. bd. eintal mangtal eintal mangtal
linnt hannkyn (an-st.) bakke bakken bakkar bakkane -e (-a) -ens -a -anne -e (-a) -am -om
sterkt hannkyn (a-st.) hest hesten hestar hestane -s -sens -e -em
(i/u-st.) kvist kvisten kvister kvistene
sterkt hokyn sol soli soler solene -ar -anne - -enne
(ō-st.) elv elvi elvar elvane
(1-st.) bok boki bøker bøkene
linnt hokyn (ōn-st.) visa visa visor visone -e (-o) -onne -e (-o) -onne
sterkt inkjekyn (a-st.) land landet land landi -s -sens -e -in
stykke stykket stykke stykki -es -(e)sens -ja -janne -jom
linnt inkjekyn (an-st.) auga augat augo augo -e (-a) -ans -na -nanne -a -an -om

Dei einskilde formene

Her vert formverket skildra i um lag den fylgdi formene kjem i yversynstavla ovan. Avbrigde vert skildra i grønt.

Nemnefall

-e (A) er endingi i ubundi form eintal av linne hannkynsord. Uttala: [e], [ə] med tvostavingstone, med eller utan linn uttala av k, g fyre – ofte linn uttala i vestnorsk, hard i austnorsk.

-en er endingi i bundi form eintal av alle hannkynsord. Uttala: [en], [ən], [ṇ], med eller utan linn uttala av k, g fyre. Au [ɲ] («ñ») for [n]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hest [1hɛst] – [1hɛstṇ], bakke [2bakə] – [2bakən] (eller [2bacçe] – [2bacçen]).

-ar er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av hannkynsordi (a-stomnar og an-stomnar) og ei rad sterke hokynsord (ō-stomnar). Uttala: [ar] med tvostavingstone. Einstaka ord hev ei avvikande form -jar.

-ane er bundi form av -ar (sjå ovan). Uttala: [anə] med tvostavingstone.

-er (A) er endingi i ubundi form mangtal av hovudlùten av dei sterke hokynsordi og ei rad sterke hannkynsord (alle i/u-stomnar). Uttala: [er] med tvostavingstone; med eller utan linn uttala av k, g fyre. Etter midlandsnormalen er denne endingi -ir [ir].

-ene (A) er bundi form av -er (A; sjå ovan). Uttala: [enə] med tvostavingstone. Mid.: -ine [inə].

-er (B) er endingi i ubundi form mangtal av sume sterke hokyns- og hannkynsord (einstavings-stomnar). Uttala: [er], [ər], [ær] med einstavingstone; aldri linn uttala av k, g fyre. Etter den klassiske midlandsnormalen er denne endingi -ar.

-ene (B) er bundi form av -er (B; sjå ovan). Uttala: [enə], [ənə], [ænə] med einstavingstone. Klassisk mid.: -ane.

-i er endingi i bundi form eintal av sterke hokynsord og i bundi form mangtal av sterke inkjekynsord. Uttala: [i], med eller utan linn uttala av k, g fyre – vanleg ved inkjekyn. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: bok [1bu:k] – [1bu:ki] (eller [1bu:çi]), hus [1hʉ:s] – [1hʉ:si], merke [2mɛrçe] – [2mɛrçi]. Denne endingi kann au hava formi -a, med same reglar for linn uttala. I inkjekyn mangtal vert ho då gjerne skrivi -ja.

-a er endingi i bundi og ubundi form eintal av linne hokynsord. Ubundi form kann au vera -e, og -a vert då berre bundi form. Uttala: [a] med tvostavingstone. Etter midlandsnormalen hev jamvektsord ubundi form -u [ʉ], [u] og bundi form -o [u], [ũ].
-a er au endingi i ubundi form eintal av linne inkjekynsord.

-or er endingi i ubundi form eintal av linne hokynsord. Uttala: [ur], [or] med tvostavingstone. Mid.: -ur [ʉr].

-one er bundi form av -or (sjå ovan). Uttala: [unə], [onə] med tvostavingstone. Mid.: -une [ʉnə].

-et er endingi i bundi form eintal av sterke inkjekynsord. Uttala: [e], [ə]. Tonelaget fylgjer grunnformi, soleis: hus [1hʉ:s] – [1hʉ:se], merke [2mɛrçe] – [2mɛrçe].

-at er endingi i bundi form eintal av linne inkjekynsord. Uttala: [a] med tvostavingstone. Vert au skrive -a.

-o er endingi i bundi og ubundi form mangtal av linne inkjekynsord. Uttala: [u] med tvostavingstone.

-e (B) er endingi i ubundi form eintal og mangtal av sume sterke inkjekynsord. Uttala: [e], [ə] med tvostavingstone, jamt yver med linn uttala av k, g fyre.

Eigefall

Sidefall