Diskusjon:Norskdansk-høgnorsk ordlista

Frå Mållekken
Gå til: navigering, søk

Eg hev høyrt ordet ballinnehav for ballbesittelse. Er innehav eit godt ord for besittelse? SAM 17. desember 2009 kl. 09:17 (CET)

Ein innehar ikkje ballen, ein har ballen, difor burde ballhava vera meir råkande her. Eg fører inn hava og -hav i lista (dette siste finst fulla berre i samansetjingar?). TH 17. desember 2009 kl. 16:24 (CET)

Skipnaden

Eg veit ikkje um det høver å merkje av bøygjingi av norskdanske ord. Med di ho stend i same skrifttypen som den norske uttydingi, kann det vera vildrande. Og store nytta er det fulla ikkje i 'ne.

Ein annan ting: det er heller ikkje nokon bate i å setja upp berre avleidingsendingane, som t.d. «ærlig, -het»; då kann ein ikkje søkje etter «ærlighet» på sida. Rom har me nøgdi av her. TH 11. mai 2010 kl. 11:15 (CEST)

Bøygningi stend i minsto i parantes. Men, me treng ikkje gjera det. Ein kann vel søkja upp ærlig dersom ein ynksjer ærlighet? Tanken var å leggja inn alt tilfang i ein tilfangsbase etter ei tid og gjeva det same skipnad som ei ordbok. SAM 11. mai 2010 kl. 22:31 (CEST)-
Det var eit dårlegt døme eg gav. Tanken var at det ikkje er alle som kjenner til grunnordet når dei søkjer. Og når ein let fyrestavingi u- stå frammanfyre ei lang rad med samansetjingslekker, vert det uråd å søkje etter t.d. usikkerhet (døme frå lause lufti). Det er det eg eg idkal for. Men erso du har tankar um korleis me kann få tilfanget yver i ein tilfangsbase, fær du segja til hosse det er best å leggje det upp. TH 14. mai 2010 kl. 20:50 (CEST)

Tvo ord

besittelse og anskaffelse. Ein kann skriva hava på seg narkotika for være i bestittelse av narkotika osb., men finst det eit meir (tekniskt) ord for dette? I ei litt onnor tyding kann landnåm vera høvelegt. anskaffelse er stundom umsett med (inn)kjøp, men tydingi er vidare - t.d. lån, byte, leiga. Eit ord for å selja, gjeva, byta burt er avhenda. Kva då med åhenda, som alt finst i norsk, eller tilhenda/åthenda? levering kann stundom duga. SAM

Frå å hava på seg kann me laga namnordet åhav: «Han vart dømd for åhav av narkotika.» Landnåm gjeld fulla berre det som fyrr var «tomt land». Åhending skulde høve vel for ei vid tyding. TH 4. desember 2010 kl. 13:35 (CET)

Genierklære, anbud, kredittverdig

Genierklære, oftare i tilleggsform genierkært (med bastarden "geniforklart"). Samansetjingi tykkjest koma av engelsk "a declared genius". Kva no det er - at det er ålment vedteke/kjent at personen er eit geni? Samansetjingar med styreord er ikkje gode her. Ein kann skriva t.d. geni-utnemd og -utpeikt, men helst ikkje *geni-utnemna. Elles sér det ut til at ordet berre er eit ålment superlativ. Kva so med geni-forkynt, geni-kjenna (jf. tjuvkjenna)?

Um bokmål anbud jamt kann umsetjast til norsk tilbod er mykje dryft. I juridiskt mål skal det vera eit skilje millom bm. "tilbud" og "anbud", i minsto hev sume gjort dette til eit poeng. Me sér her burt frå tydingi "til nedsett pris" og "konkurranseutsetjing".

Avgjerande for skiljet er ikkje um tilbodet er skriftlegt, eller um tilbodet er bindande, men sjølve åhendingsframgangsmåten - um der er eit tingingsforbod eller ikkje.

For å gjera dette verre, vert "anbud" i ålment målbruk ofte nytta for "tilbud", jamvel målbruket i lovverket tykkjest ikkje vera fylgjestrengt her. Engelsk "call for tender" og fransk "apel d'offres" svarar elles både til "tilbud" og "anbud" (i streng meining).

Etter mi meining bør ein føra uppslaget soleîs: anbud tilbod, konkurranseutsetjing; tilbod (utan tinging) (jur.). Jf. http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/nou-er/1997/nou-1997-21/13.html?id=141020

kredittverdig kann "umsetjast" på plankekøyrmåten til kredittfør, men eg tenkte at svaringsfør og solvent kunde duga, endå kredittverdig torde ha ei lausare tyding enn solvent. SAM 5. desember 2010 kl. 11:28 (CET)

Det kan vera at saki er lagd burt alt, men eg vilde valt svaringsfør yver solvent. Vanden med latinske umgrìp er at, i alle fall eg, slett ikkje skyner kva dei tyder. Ein skal ikkje turva vera utrygg på morsmålet sitt, tykkjer no eg. Um det finst norske ord for solvent (og liknande latinske ord) synest eg ein skal nøyta deim, gode eller dålege. Det er betre å vera ordfåtøk enn å nøyta eit ord ingen skyner (til eit visst stìg). --Eiliv (talk) 04:32, 29 April 2018 (CEST)

Ljosare og myrkare dagar

Heiter det t.d. vettersolsnu eller vettersolkverv? CS 15:27, 21 December 2011 (UTC)

Vettersolkverv eller solhov (-hòv), då soli hèv seg upp att. Solsnu eller solvending kann ein nytta aug. TH 17:48, 21 December 2011 (UTC)

anta

Eg tykkjer at t.d. gissa for anta sumtid er for sterkt, t.d. i akademisk skriving. Kva med setja (dersom me set at det er slik og slik). --SAM 00:46, 22 December 2011 (UTC)

Set me at ..., set me fyre at ..., gjeng me ut ifrå at ..., tek me utstøde i at ..., legg me til grunn at ... osb. Når ein syner til dette sidan, vert «antagelse» fyresetnad, utstøde. TH 07:39, 22 December 2011 (UTC)

dødsstraff

Eg sér at Nynorskordboki ikkje hev noko oppslag for «daudsstraff», er det eit dårlegt ord? Kva er beste ordet eller ordi for daudarstraff? CS 10:05, 19 April 2012 (UTC)

Me lyt taka utstøde i namnordet daude, og då vert det beint fram daudedom osb. TH 12:14, 21 April 2012 (UTC)

Eit godt norsk ord for "å betale" er "å gjelda"

Eit godt norsk ord for norskdanske/tyske å betale er å gjelda som kjem frå gamalnorsk gjalda. Kvifor er ikkje det ordet på lista? Eiliv (talk) 10:38, 2 May 2017 (CEST) ~ Brigde: Eg la til det no men eg er ikkje heilt trygg på at det er rett. På betale la eg til gjelda og på betaling la eg til gjeld. Eg synest det verker tolleg greit i setningar som «eg kan gjera det mot gjeld», «budi tek imot kontantar som gjeld», «eg må hugsa å gjelda reikningane» osb. Eiliv (talk) 00:49, 5 May 2017 (CEST)

Kvar kjem "øydk" frå?

Eg sér avløysaren fyr ørken er øydk, men eg kann ikkje finna ut kvar det kjem ifrå. Gamalsvensk havde ødhkn/øthkn, men var gamalnorsk utan n? Eg vil tru upphavet til øydk er eyðk, men utan nokor stadfesting på netet veit eg ikkje eingong um det er eit røynleg ord. Ut ifrå gamalsvenske ødhkn/øthkn, kunne det like gjerne vori eyðkn.

Svensk eymologisk ordbok segjer -k-en på stomnen auþ er jamførd gamalsvenske budhker, maþker og islendske helkn, hølkn 'ufræv, steinut mark' (frå *hallukīna-).

Eldre dansk (um eg tydde avstyttingi rett) skal visst havt øthk, men berre som ei "subtraktionsbildning" av øthken:

"1. Ä. da. øthk är en subtraktionsbildning till øthken av samma slag som drott av drotten osv"

Formi audk må vera ein rekonstruksjon av rekonstruert gamalnorsk *auðk (etter gamal austnorderlendsk). Er øydk ei misskriving? Det einaste formi som ligg fyre i gamalnorsk er auðn. Formi *auðkn kann soleis vera ei samanblanding av desse tvo. --SAM (talk) 18:06, 6 December 2018 (CET)