Vikedagane

Frå Mållekken
Versjonen frå 27. mars 2018 kl. 01:45 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.

Sundag

Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.

Tilsvarande latinske namn er dies Solis som au tyder ‘dagen åt soli’.

Måndag

Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.

Tilsvarande latinske namn er dies Lunae som au tyder ‘dagen åt månen’.

Tysdag

Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen hans Ty’

Tilsvarande latinske namn er dies Martis som tyder ‘dagen hans Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.

Onsdag

Mikedag

Torsdag

Fredag

Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleis rettare typeformi <frædag> som grunnlag for uttala i målføri.

Det latinske fyredømet er dies Veneris ‘dagen hennar Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.

Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.

Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.

Laurdag