Gjerningsord

Frå Mållekken
(Umleidd frå Verb)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjerningsord eller segnord (au verb) er ei klassa av ord som segjer frå um ei gjerning, hending eller vera.

Bøygjingsrekkjor

Gjerningsordi vert bytte i tvei hovudbolkar, sterke og linne gjerningsord. Kvardeira bolken er skift i ymse bøygjingsrekkjor, og dessutan er det ei rekkja som hev drag frå båe hovudbolkane og difor ber namnet sterk–linn.

Sterk bøygjing

Sterke vert dei gjerningsordi kalla som lagar bøygjingsform i fyrrtid utan ending. Ljodsprang av rotsjølvljodi spelar ei stor rolla i bøygjingi. Sterke gjerningsord vert rekna til åtskilde rekkjor etter ljodstìgi i bøygjingi, med mogeleg ulike ljodstìg i (1) nemneform, (2) fyrrtid og (4) ferdug lagform, attåt (3) fyrrtid mangtal (som vanleg ikkje vert nytta no). Dessutan er det ljodbrigde sjølvljodavbrigde i (a) notid og den sjeldnytta (b) fyrrtid mògemåte.

Døme: (1) brjota – (a) bryt – (2) braut[(3) bruto – (b) brte] – (4) brote

Linn bøygjing

Linne vert dei gjerningsordi kalla som lagar bøygjingsform i fyrrtid med ending. Det er fire rekkjor: kasta–kasta, døma–dømde, telja–talde og nå–nådde.

Sterk–linn bøygjing

Sterk–linne vert dei gjerningsordi kalla som lagar bøygjingsform i fyrrtid med ending men som hev gamal sterk fyrrtidform i notid. Døme: kunna – kann – kunde.

Bøygjingsformer

Gjerningsordi vert bøygde i tid og segjemåte. Bøygjing i tal og menne (person) finst i målførelegt eller alderdomlegt mål. Dette er dei gjerande (finitte) formene.

Attåt kjem ei namnordleg og tvæ lagordlege former av gjerningsord. Dette er dei nemnde (infinitte) formene. Dei lagordlege formene vert dessutan bøygde som lagord.

I yvergangen millom bøygjing og avleiding kjem segnstoda, eller attvisande form.

Ved samansetjing av gjerande og nemnde former kann ein laga ymse umskrivne tider og måtar.

Grunnformer

Tidene er notid (presens) og fyrrtid (preteritum). Segjemåtane er forteljemåte (indikativ), bjodemåte (imperativ) og ynskje- eller mògemåte (konjunktiv).

Den namnordlege formi er nemneform (infinitiv), dei lagordlege er ferdug og uferdug lagform (partisipp).

gjerande nemnde
notid fyrrtid nemneform uferdug lagform ferdug lagform
forteljemåte kjem
kastar
segjer
kom
kasta
sagde
koma
kasta
segja
komande
kastande
segjande
komen
kasta
sagd
bjodemåte kom
kasta
seg
ynskje- eller
mògemåte
kome
kaste
segje
kjøme

Samansette former

T.d. havde kasta, kunde ha blive, kjem til å koma o. s. fr., der fleire gjerningsord er nytta i lag. Kvar rad i tavla syner ei mogeleg samansetjing.

(notid) (fyrrtid) (nemneform) (uferdug lagform) (ferdug lagform)
ferdug notid hev
er
kasta
komen
ferdug fyrrtid hadde
var
kasta
komen
lidande notid vert kasta
lidande ferdug notid er kasta
framtid mun
skal
kjem til å
kasta
vert kastand**
fastlagd framtid vert å kasta
ferdug framtid mun
skal
kjem til å
ha*
vera
kasta
komen
vert havand**
verand**
kasta
komen
ferdug fastlagd framtid hev vorte å kasta
(opi) fyrrtidar framtid munde
skulde
kasta
(gjord) fyrrtidar framtid kom til å kasta
vart kastand**
ferdug fyrrtidar framtid munde
skulde
kom til å
(ha*)
vera
kasta
komen
vart havand**
verand**
kasta
komen
mogeleg framtid hadde*** skula sagt
kome til å sagt
vorte segjand**
(*) Stuttformi ha vert gjerne nytta i denne samansette formi i staden for hava jamvel um ein elles nyttar hava. (**) Ei stuttform på -and eller avbrigdeform på -andes vert gjerne nytta i framtid i staden for vanleg form på -ande. (***) Ei form hade ([hɑːə]) vert gjerne nytta for hadde i umskriven mògemåte.

Segnstoda – attvisande form

Attvisande form av gjerningsordi vert laga med endingi -st. Denne formi vert ofte nytta med midstadd (mediopassiv) segnstoda, stundom lidande (passiv), til skilnad frå vanleg vyrk (aktiv) segnstoda.

Vanlege grunnformer
nemneform notid fyrrtid ferdug lagform
vyrksegn gjera gjer gjorde gjort
midsegn gjerast gjerst gjordest gjorst*
(*) Endingi -t fell burt fyre -st, derimot stend ein t som høyrer til roti, um han ikkje stødt vert uttala.

Tal- og mennebøygjing

Ivar Aasen sette upp eigne former av gjerningsordi i mangtal, men desse er målføreleg eller alderdomleg merkte i dag, til liks med formene for 2. menne (person) i eintal.

Notid mangtal er lik nemneformi so nær som for vera, skùla og muna som hev formene ero, skulo og muno.

Fyrrtid mangtal finst berre av sterke gjerningsord og hev ofte eit eige ljodstìg og stødt endingi -o. Døme: eg var – dei våro, eg fann – dei funno, eg såg – dei sågo.

Bjodemåte mangtal ender på -e. Døme: kome! kaste! segje!

2. menne eintal finst det leivder etter i fyrrtid av sterke gjerningsord og notid av sterk-linne gjerningsord. Døme: du sågt; du kant, du vilt.