Varaord

Frå Mållekken
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 22:45 av Motsegn (Ordskifte | tilskot) (→‎Personlege varaord: i fyrsteordboki hev han da, ikkje dat (med merknad um eldre form dat); veit ikkje med prøvor av landsmålet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Varaord eller pronomen er ei klassa av ord som stend til vara for namnord eller nemningslekker, anten ved at dei stend i staden for deim (annarleis sagt: at nemningslekken er burtfallen) eller ved at dei stend attmed deim og gjer tilhøvet deira i setningi grannare på eikor visi.

Varaord kann au femna det som heiter determinativ i sume mållæror. Den tolkingi er til grunn lagd for yversyni nedan.

Personlege varaord

eintal nemnefall underfall sidefall eigefall
1.pers. eg meg mér min
2.pers. du deg dér din
3.pers. han han/honom (han, 'n) honom ( 'om, 'nom) hans
ho hana/henne (ho, 'na) henne ( 'ne) hennar
det (d' ) di dess
mangtal
1.pers. me oss vår
2.pers. de dykk dykkar
3.pers. dei deim deira

Avstytte/utyngde former i klomber; mest nytta munnleg, i attgjeving av tala og i skaldskap.

hana/henne: Mange målføre skil millom underfall og sidefall (eller direkte og indirekte objekt) i 3. person eintal av varaordi, um dei so ikkje hev eigne sidefallsformer elles. Aasen sette upp hana i den fullkomne bøygjingi av varaordi i Norsk Grammatik, men den einfelde bøygjingi med lik form i under- og sidefall (som han sette upp som «bekvemmest») hev vore mest nytta, soleis at hana vik for henne.

han/honom: Det gjeld same tilhøvet millom han og honom i hannkyn som hana og henne i hokyn, men med di han er nemnefallsformi au, hev denne formi stade mykje sterkare i høve til honom som underfallsform i bruk en det tilsvarande paret i hokyn.

det: Aasen og andre nytta òg den «vestnorske» formi da(t), men den «austnorske» formi det vart snart rådande.

di – dess: Desse formene er mest nytta i faste ordlag: med di, til dess.

mér – dér: Desse sidefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. Vanleg underfall i staden: meg, deg.

min – din – vår: Desse eigefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. I staden vert det nytta bøygde eigande varaord (min, mi, mitt osb.) eller underfallsform: vanleg til meg ~ sjeldan til min.

me: Attåt me er òg vi nytta. Alderdomleg er òg mid (mìd) og did (dìd) for me og de.

Spyrjande varaord

Spyrjeordi kven og kva er spyrjande varaord.

Eigande varaord

Peikande varaord

Attvisande varaord

Ymsesiduge varaord

Kjenneord

Kjenneordi vert au rekna for ei eigi ordklassa.

Talord

Talordi vert au rekna for ei eigi ordklassa.