Unorske og rangskrivne heradsnamn av Eivind Vågslid

Frå Mållekken
Versjonen frå 17. februar 2013 kl. 11:00 av OKG (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Teig frå Norsk Årbok 1934 av Eivind Vågslid

I.

Dei fleste heradsnamni vert no skrivne på norsk gjerd anten i samsvar med vanleg norsk skrivesed eller norsk uttale. Men det finst enno mange heradsnamn som vert skrivne på ein unorsk eller uhøveleg måte. Dessa skal her i det fylgjande verta uppnemnde serskilt for kvert fylke. (I uttale-merkjingane tyder teiknet ' tvostavings og ´ einstavings ljodfall).

Austfold fylke:

Askim het upphavleg Askheim, gamalnorsk Askheimr, og vert no i målføret på staden uttala a'sjømm. Ein bør difor skriva Askheim eller Askjøm. Sokni Askim het i gamal tid Eid, og prestegarden i Askim segjest i bygdi ha heitt Koltorp. I detta og dilike høve der ein hev eller hev havt serskilt namn på hovudsokni og prestegarden, bør ein nytta dei, so ein slepp hava same namn på prestegarden, hovudsokni, pretegjeldet og (eller) heradet, soleis som det tidt er no, av di hovudsokni i eit prestegjeld ofta hev namn etter prestegarden og prestegjeldet atter etter hovudsokni.

Spydeberg het på gamalnorsk Spjótaberg og vert no uttala spe'bær. Ein må på norsk skrive Speberg etter uttalen, eller taka uppatt det gamle namneskapet Spjotaberg. Namnet er samansett med ordet spjot.

Skiptvet vert i gamalnorsk frå umkring 1300 skrive Skygþeit og frå sist i 1300-åri dessutan Skipþeit. Men Skygþeit er tydeleg det mest upphavlege, og namnet vert no uttala sjæ'tve. Ein bør då skriva Skjetve etter uttalen, eller helst Skjetveit, av di namnet truleg ikkje hev nokon ting med skip å gjera.

Degernes het på gamalnorsk Digranes, d. e. det store neset til ordet diger, stor, og namnet vert no uttala de'nes. Ein bør skriva Denes etter uttalen eller Digernes etter upphav og tyding. Skriftskapet Degernes er ei heimløysa som ikkje hev grunnlag i nynorsk uttale eller vanleg skrivemåte, og heller ikkje i gamalnorsk.

Rødenes kjem truleg av gamalnorsk Rauðanes, det raude neset, og vert no uttala rø'nes. Namnet skulde difor vera skrive Rødnes, men sokni Rødenes het i gamalnorsk tid Aursmǫrk etter Aurr, det gamle namnet på Rødenessjøen, og dessa gamle namni burde ein taka uppatt og skriva dei på nynorsk Aursmark og Aur. Jf. Aremark og Øymark. Namnet Aur er same ordet som aur, grusjord.

Hvaler burde ein skriva Valer etter uttalen. Namnet het Hvaler på gamalnorsk òg, og ordet er fleirtal til gamalnorsk hvalr, kval. Men ljodsambandet hv finst ikkje lenger i nynorsk; det vert no uttala kv, gv eller berre v, t. d. i gamalnorsk hvítr, som no vert uttala kvit ( det er det vanlegaste), gvit og vit.

Råde hev namn etter garden Roe og het på gamalnorsk Róða. Namnet er same ord som gamalnorsk róða, roda, stong. Gardsnamnet vert no uttala ró'e med trong ó, men heradsnamnet rå'e. Uttalen med å er rang og grunnar seg på ein rang skrivemåte, som kom upp umkring 1500. I 1500-åri finn ein både gardsnamnet og heradsnamnet, som då var soknenamn, skrive Raade. Men i gardsnamnet hev den upphavlege og rette uttalen halde seg. Ein må difor skriva både gardsnamnet og heradsnamnet Rode eller Roe.

Jeløy er eit rangt namneskap, som tydeleg hev kome upp ved ei mistyding. Namnet lydde på gamalnorsk Jǫlund eller Jalund og finst skrive soleis til umkring 1400. I talemålet vilde det gamalnorske namnet ljodrett verta til Jøl- eller Jælon(n), seinare til Jæløn(n), Jælen(n) eller dilikt, og sidan namnet upphavleg er eit øynamn, hev dei meint at siste lekken var ordet øy. Sist i 1500-åri finn ein soleis namnet på dansk skrive Jellenn og Jelløen. Det siste er tydeleg ei umlaging av eit talemålsskap soom dei hev meint var samansett med ordet øy. Likeins er det truleg med det noverande uttaleskapet jæløya. Ein burde difor taka uppatt det gamle namnet Jolund.

Akershus fylke:

Oppegård het på gamalnorsk Uppigarðr, men vert no uttala ó'ppegåł̣. Det noverande skriftskapet er soleis i samsvar med uttalen på staden. Men Uppigard vilde ha vore eit meir høvelegt ålmenn-norsk skriftskap.

Høland vert uttala hø´lann, men het på gamalnorsk Høylander, av ordet høy og eit serskild fleirtalsskap til land når det er nytta i stadnamn. Namnet tyder difor høyland, graslende. Ein bør skriva Høyland i samsvar med den ålmenne norske uttalen av ordet høy, serleg av di den noverande skrivemåten heller ikkje er i samsvar med bygdemålsuttalen. Heradi Nordre og Søndre Høland bør ein på norsk kalla Nord-Høyland og Sør-Høyland i samsvar med vanleg norsk skrivemåte og uttale elles.

Setskogen kjem truleg av gamalnorsk Seiðskógar og vert no uttala se´skauen. Ein må difor skriva Seskogen utan t.

Fet het på gamalnorsk Fit og er same ord som ei fit, våtlendt grasmark. Men namnet vert no uttala fett; ein bør difor òg helst skriva Fett etter uttalen.

Skedsmo het på gamalnorsk Skeiðesmór og vert no uttala sje'smo. Ein må då på nynorsk helst skriva Skeidsmo (uttala sjei'smo), som svarar godt både til upphavet og den noverande uttalen på staden. Namnet er samansett med ordet skeid, (kapp-)renn, og tyder ein mo der dei hev havt kapplaup, kappriding eller kappkøyring, eller som er høveleg til sovore.

Lillestrøm vert no uttala li'llestrømmen, so skriftskapet Lillestrøm er i samsvar med uttalen; men det er mykje uhøvelegt til landsjamne. Namnet burde på norsk vera skrive Litlestraum.

Gjerdrum het på gamalnorsk Gerðarin der fyrste lekken truleg er eit elvenamn Gerð, og namnet vert no uttala jæ'ł̣ómm (ł̣=rd). Ein bør difors helst skriva Gjerdum.

'Ullensaker het på gamalnorsk Ullinshof eller Ullenshof. Men frå fyrst i 1500-åri vert namnet på dansk skrive Ullensager og dilikt, truleg av di det gamle upphavlege namnet på den tid vart uttlaa ullensog eller dilikt. Det noverande namnet grunnar seg i so fall på ei mistyding og er heilt rangt. Ein bør taka uppatt det gamle og upphavlege namnet Ullinshov, som er samansett av eit gamalt gudenamn Ullin og ordet (gude-)hov, og tyder ein stad der det hev stade eit hov for guden Ullin.

Feiring het på gamalnorsk Fegringar, som er ei avleiding i fleirtal til myndordet (adjektivet) fager, og namnet vert no i sjølve bygdi uttala fé'ring, men i sume andre Mjøsbygder fæ'gringen. Ein må difor anten skriva Fering etter uttalen i sjølve bygdi, eller helst Fegring etter upphav og tyding.

Heidmark fylke:

Romedal het på gamalnorsk Ruðmodalr og vert uttala ró'mdal. Ein burde helst skriva Romdal etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er truleg eit gamalt elvenamn Ruðma.

Hof het på gamalnorsk Hof og vert no liekeins som Hof i Vestfold rangt uttala håff, av di dei til dagleg i bygdemålet på staden berre nyttar namnet samansett med ordet sokn og uttalar det hå´ffsokn med ff fyre s-en i siste samansetjingslekken. Skriftskapet Hof med f hev nog òg verka til å styrkja den range uttalen. Namnet er upphavleg gardsnamn både på Heidmark og i Vestfold, og som gardsnamn vert det på båe stadene utalla håv. Ein må i nynorsk skriva både heradsnamnet og gardsnamnet Hov og uttala båe namni soleis som gardsnamni no vert uttala.

Uppland fylke:

Ringebu het på gamalnorsk Ringabú og vert no uttala ri'ngbú. Namnet er samansett av ordet ring og inkjekynsordet bu. Ein bør no skriva Ringbu etter uttalen.

Øyer het på gamalnorsk (i eigefall og sidefall) Øyja og vert no uttala øy'e i bygdemålet. Den etterhengde r-en som dei no dreg på i skrift, byrja å koma upp i dansketidi umkring 1500, men hev truleg aldri høyrt med til namnet eller vore nytta i norsk talemål. Ein bør difor skriva Øye etter uttalen. Namnet er avleidt av ordet øy.

Østre Gausdal må ein på norsk skriva Øystre Gausdal.

Snertingdalen het på gamalnorsk Snartheimdalr og hev namn etter garde Snartum, gamalnorsk Snarteimr av eldre Snartheimr. I sjølve bygdi segjer dei no berre Dalen; men i bygdene umkring kallast dalen Biridalen. Namnet Snertingdalen hev soleis ikkje grunnlag anten i gamalnorsk eller i nynorsk mål. Det grunnar seg på eit dansk skriftskap Snertingdal, som ko, upp i 1500-åri, men som snaudt nokon gong hev svara til talemålet. Ein bør difor taka eit anna namn og då anten nytta det nynorske namnet Biridal eller òg taka uppatt det gamle Snartheimsdal. Fyrste lekken i namnet er truleg ordet snart, brand, brend trelurk.

Toten het på gamalnorsk Þótn, og ein burde på nynorsk òg skriva Totn utan e, likeins som ein skriv botn, vatn. Østre Toten må ein på norsk skriva Øystre Totn.

Jevnaker het på gamalnorsk Jafnaker og vert no uttala jæ'mnåker. Ein må på norsk skriva Jamnåker. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) jamn og ordet (ein) åker.

'Søndre Land og Nordre Land må på norsk heita Søre (eller Syndre) Land og Nørdre Land.

Buskerud fylke: