Unorske og rangskrivne heradsnamn av Eivind Vågslid

Frå Mållekken
Versjonen frå 15. februar 2013 kl. 15:32 av OKG (Ordskifte | tilskot) (Created page with "Teig frå Norsk Årbok 1934 av Eivind Vågslid <div class="center" style="width:auto; margin-left:auto; margin-right:auto;">I.</div> Dei fleste heradsnamni vert no skri...")
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Teig frå Norsk Årbok 1934 av Eivind Vågslid

I.

Dei fleste heradsnamni vert no skrivne på norsk gjerd anten i samsvar med vanleg norsk skrivesed eller norsk uttale. Men det finst enno mange heradsnamn som vert skrivne på ein unorsk eller uhøveleg måte. Dessa skal her i det fylgjande verta uppnemnde serskilt for kvert fylke. (I uttale-merkjingane tyder teiknet ' tvostavings og ´ einstavings ljodfall).

Austfold fylke:

Askim het upphavleg Askheim, gamalnorsk Askheimr, og vert no i målføret på staden uttala a'sjømm. Ein bør difor skriva Askheim eller Askjøm. Sokni Askim het i gamal tid Eid, og prestegarden i Askim segjest i bygdi ha heitt Koltorp. I detta og dilike høve der ein hev eller hev havt serskilt namn på hovudsokni og prestegarden, bør ein nytta dei, so ein slepp hava same namn på prestegarden, hovudsokni, pretegjeldet og (eller) heradet, soleis som det tidt er no, av di hovudsokni i eit prestegjeld ofta hev namn etter prestegarden og prestegjeldet atter etter hovudsokni.

Spydeberg het på gamalnorsk Spjótaberg og vert no uttala spe'bær. Ein må på norsk skrive Speberg etter uttalen, eller taka uppatt det gamle namneskapet Spjotaberg. Namnet er samansett med ordet spjot.

Skiptvet vert i gamalnorsk frå umkring 1300 skrive Skygþeit og frå sist i 1300-åri dessutan Skipþeit. Men Skygþeit er tydeleg det mest upphavlege, og namnet vert no uttala sjæ'tve. Ein bør då skriva Skjetve etter uttalen, eller helst Skjetveit, av di namnet truleg ikkje hev nokon ting med skip å gjera.

Degernes het på gamalnorsk Digranes, d. e. det store neset til ordet diger, stor, og namnet vert no uttala de'nes. Ein bør skriva Denes etter uttalen eller Digernes etter upphav og tyding. Skriftskapet Degernes er ei heimløysa som ikkje hev grunnlag i nynorsk uttale eller vanleg skrivemåte, og heller ikkje i gamalnorsk.

Rødenes kjem truleg av gamalnorsk Rauðanes, det raude neset, og vert no uttala rø'nes. Namnet skulde difor vera skrive Rødnes, men sokni Rødenes het i gamalnorsk tid Aursmǫrk etter Aurr, det gamle namnet på Rødenessjøen, og dessa gamle namni burde ein taka uppatt og skriva dei på nynorsk Aursmark og Aur. Jf. Aremark og Øymark. Namnet Aur er same ordet som aur, grusjord.

Hvaler burde ein skriva Valer etter uttalen. Namnet het Hvaler på gamalnorsk òg, og ordet er fleirtal til gamalnorsk hvalr, kval. Men ljodsambandet hv finst ikkje lenger i nynorsk; det vert no uttala kv, gv eller berre v, t. d. i gamalnorsk hvítr, som no vert uttala kvit ( det er det vanlegaste), gvit og vit.

Råde hev namn etter garden Roe og het på gamalnorsk Róða. Namnet er same ord som gamalnorsk róða, roda, stong. Gardsnamnet vert no uttala ró'e med trong ó, men heradsnamnet rå'e. Uttalen med å er rang og grunnar seg på ein rang skrivemåte, som kom upp umkring 1500. I 1500-åri finn ein både gardsnamnet og heradsnamnet, som då var soknenamn, skrive Raade. Men i gardsnamnet hev den upphavlege og rette uttalen halde seg. Ein må difor skriva både gardsnamnet og heradsnamnet Rode eller Roe.

Jeløy er eit rangt namneskap, som tydeleg hev kome upp ved ei mistyding. Namnet lydde på gamalnorsk Jǫlund eller Jalund og finst skrive soleis til umkring 1400. I talemålet vilde det gamalnorske namnet ljodrett verta til Jøl- eller Jælon(n), seinare til Jæløn(n), Jælen(n) eller dilikt, og sidan namnet upphavleg er eit øynamn, hev dei meint at siste lekken var ordet øy. Sist i 1500-åri finn ein soleis namnet på dansk skrive Jellenn og Jelløen. Det siste er tydeleg ei umlaging av eit talemålsskap soom dei hev meint var samansett med ordet øy. Likeins er det truleg med det noverande uttaleskapet jæløya. Ein burde difor taka uppatt det gamle namnet Jolund.

Akershus fylke:

Oppegård het på gamalnorsk Uppigarðr, men vert no uttala ó'ppegåł̣. Det noverande skriftskapet er soleis i samsvar med uttalen på staden. Men Uppigard vilde ha vore eit meir høvelegt ålmenn-norsk skriftskap.

Høland