Skilnad mellom versjonar av «Unorske og rangskrivne heradsnamn av Eivind Vågslid»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Line 82: Line 82:


'''Hedrum''' het på gamalnorsk ''Heiðarheimr'' der fyrste lekken er eigefall til gamalnorsk ''heiðr'', heid, og siste ordet ''heim''. Namnet vert no uttala ''hé'rómm''. Ein burde helst skriva ''Herum'' etter uttalen eller òg ''Heidrum'' etter upphavet.
'''Hedrum''' het på gamalnorsk ''Heiðarheimr'' der fyrste lekken er eigefall til gamalnorsk ''heiðr'', heid, og siste ordet ''heim''. Namnet vert no uttala ''hé'rómm''. Ein burde helst skriva ''Herum'' etter uttalen eller òg ''Heidrum'' etter upphavet.
==Telemark fylke:==
'''Skåtøy''' er upphavleg gardsnamn og het på gamalnorsk ''Skotøy''. Fyrste lekken er ordet (eit) ''skot'' um ein berghamar eller dilikt som skyt (sting) seg fram. Ein må difor skriva ''Skotøy''.
'''Hovin''' het på gamalnorsk ''Hofvina(r) bygð'' og vert enno uttala ''håvennbýgd''. Ein bør difor skriva ''Hovinbygd''. Bygdi hev namn etter ein gamal burtkomen gard, ''Hovin'', av gamalnorsk ''hof'', gudehov og eit gamalt ord ''vin'', eng.
'''Seljord''' het upphavleg på gamalnorsk ''Seljogerðe'', d. e. seljegjerdet, og vert skrive soleis eller dilikt i 1300-åri. Seinare i millomalderen kallast bygdi ''Seljogjorde'' eller avstytt ''Seljogjord'', der ''gjorde'' er ei umlaging av ''gerðe''. Til sist hev so namnet vorte avstytt til ''Selgjord'', og soleis bør ein skriva det, ikkje utan ''g''.
'''Rauland''' het på gamalnorsk ''Rauðaland'' og er anten samansett med myndordet (adjektivet) ''raud'' eller ordet (ein) ''raude'' (myrmalm), som er laga av ''raud''. Ein må difor skriva ''Raudland'' med ''d''.
==Aust-Agder fylke:==
'''Vegårshei''' hev namn etter vatnet ''Vegår'' (eller ''Vegårsfjord''), gamalnorsk ''Viger'', som kann henda tyder den innvigde, heilage sjøen. Siste lekken i namnet er gamalnorsk ''heiðr'', heid, som deo no vanleg skriv ''hei''. Men ein burde skriva ''heid'' både i stadnamn og elles og difor ''Vegårsheid''. - På same måte burde det vera ''lid'' i namn av gamalnorsk ''líð''.
'''Søndeled'' vert no uttala ''sø'nnlé'' eller ''sø'nnli'' og het på gamalnorsk ''Sundaleið'', som er samansett av eigefall fleirtal til ordet ''sund'' og gamalnorsk ''leið'', leid. Ein bør skriva ''Sundleid'' etter upphav og tyding.
'''Østre Moland''' må ein på norsk skriva ''Øystre Moland''. ''Moland'' het på gamalnorsk ''Móðgoland'' og er truleg samansett med eit elvenamn ''Móðga'', som tykkjest vera ei avleiding til ''modug'' eller ''modig''.
'''Tromøy''' het på gamalnorsk ''Þruma'' og vert no uttala ''tró'mme''. Ein bør skriva ''Trume'' eller ''Truma''. Namnet hev ingenting med ordet ''øy'' å gjera. ''Tromøy'' er ei umlaging av det eldre danske skriftskapet ''Tromø'', og det er ei vanleg dansk rengjing av norske stadnamn med ''e'' i utljod. Jf. t. d. ''Florø'' for ''Flora''.
'''Hisøy''' het på gamalnorsk ''Hís'' og vert i bygdemålet enno uttala ''hís''. Ein må difor skriva ''His''. Namneskapet ''Hisøy'' hev kome upp på same vis som ''Tromøy''.
'''Øyestad'' het på gamalnorsk ''Øyjarsstaðer'' og vert no uttala ''øy´sta''. Ein bør skriva ''Øystad'' utan den daude e-en. Fyrste lekken i namnet er truleg mannsnamnet ''Øyjarr''.
'''Høvåg''' vert no uttala ''hø'vår'' og het på gamalnorsk ''Høyvágar'', av ordet ''høy'' og fleirtal til (ein) ''våg'', vatn, vik. Ein bør skriva ''Høyvågar''. Skriftskapet ''Høvåg'' er både uhøvelegt og rangt - uhøvelegt av di fyrste lekken minner um dansk ''hø'', og ikkje um norsk ''høy'', og rangt av di siste lekken både etter uttale og upphav er fleirtal, ikkje eintal.
'''Bygland''' er samansett med kornnamnet ''bygg'' og vert alle stader i landet uttala ''by'ggland''. Ein må difor sjølvsagt skriva ''Byggland'' på norsk.
==Vest-Agder fylke:==
Namnet '''Vennesla''' er kjent frå sist i 1500-åri og vert då og framyver i 11600-åri jamt skrive ''Vendesla'' eller dilikt med ''nd''. Det er uvisst kva nemnet tyder; men det er heilt visst at det upphavleg hev havt ljodsambandet ''nd'', ikkje ''nn''. Ein bør difor skriva ''Vendesla'' i samsvar med vanleg skrivemåte elles. På staden segjer dei no ''væ'nnesla'' likeins som dei t. d. segjer ''lann'' i staden for ''land''.
'''Laudal''' vert no uttala ''lau'dal'', men het på gamalnorsk ''Lauga(r)dalr'', som er samansett med elvenamn ''Laug'', same ord som gamalnorsk og nynorsk ''laug'', bad, vatn. Ein bør skriva ''Laugdal'', av di ein vanleg skriv ''g''-en elles i slike høve, um han so hev falle burt i uttalen i mange norske målføre.
'''Konsmo''' vert uttala ''kå'nnsmo'', men er samandrege av gamalnorsk ''Konungsmór'' og samansett med gamalnorsk ''konungr'', konge. Ein bør difor skriva ''Kongsmo''.
'''Bakke''' vert uttala ''bakka'' og er anten fleirtal eller sidefall eintal til ordet (ein) ''bakke''. Ein må difor skriva ''Bakka''.
==Rogaland fylke:==
'''Bjerkreim''' vert uttala ''bjæ'rkrei'' og ''bjar'krei'' og het på gamalnorsk ''Bjarkreimr'', som kjem av eldre ''Bjarkarheimr'' og er samansett av gamalnorsk ''bjǫrk'' (eigefall ''bjarkar) og ''heimr''. Ein bør difor skriva ''Bjarkreim'' liksom i gamalnorsk; det er lika mykje i samsvar med den noverande uttalen som skriftskapet ''Bjerkreim''.

Versjonen frå 18. februar 2013 kl. 21:24

Teig frå Norsk Årbok 1934 av Eivind Vågslid

I.

Dei fleste heradsnamni vert no skrivne på norsk gjerd anten i samsvar med vanleg norsk skrivesed eller norsk uttale. Men det finst enno mange heradsnamn som vert skrivne på ein unorsk eller uhøveleg måte. Dessa skal her i det fylgjande verta uppnemnde serskilt for kvert fylke. (I uttale-merkjingane tyder teiknet ' tvostavings og ´ einstavings ljodfall).

Austfold fylke:

Askim het upphavleg Askheim, gamalnorsk Askheimr, og vert no i målføret på staden uttala a'sjømm. Ein bør difor skriva Askheim eller Askjøm. Sokni Askim het i gamal tid Eid, og prestegarden i Askim segjest i bygdi ha heitt Koltorp. I detta og dilike høve der ein hev eller hev havt serskilt namn på hovudsokni og prestegarden, bør ein nytta dei, so ein slepp hava same namn på prestegarden, hovudsokni, pretegjeldet og (eller) heradet, soleis som det tidt er no, av di hovudsokni i eit prestegjeld ofta hev namn etter prestegarden og prestegjeldet atter etter hovudsokni.

Spydeberg het på gamalnorsk Spjótaberg og vert no uttala spe'bær. Ein må på norsk skrive Speberg etter uttalen, eller taka uppatt det gamle namneskapet Spjotaberg. Namnet er samansett med ordet spjot.

Skiptvet vert i gamalnorsk frå umkring 1300 skrive Skygþeit og frå sist i 1300-åri dessutan Skipþeit. Men Skygþeit er tydeleg det mest upphavlege, og namnet vert no uttala sjæ'tve. Ein bør då skriva Skjetve etter uttalen, eller helst Skjetveit, av di namnet truleg ikkje hev nokon ting med skip å gjera.

Degernes het på gamalnorsk Digranes, d. e. det store neset til ordet diger, stor, og namnet vert no uttala de'nes. Ein bør skriva Denes etter uttalen eller Digernes etter upphav og tyding. Skriftskapet Degernes er ei heimløysa som ikkje hev grunnlag i nynorsk uttale eller vanleg skrivemåte, og heller ikkje i gamalnorsk.

Rødenes kjem truleg av gamalnorsk Rauðanes, det raude neset, og vert no uttala rø'nes. Namnet skulde difor vera skrive Rødnes, men sokni Rødenes het i gamalnorsk tid Aursmǫrk etter Aurr, det gamle namnet på Rødenessjøen, og dessa gamle namni burde ein taka uppatt og skriva dei på nynorsk Aursmark og Aur. Jf. Aremark og Øymark. Namnet Aur er same ordet som aur, grusjord.

Hvaler burde ein skriva Valer etter uttalen. Namnet het Hvaler på gamalnorsk òg, og ordet er fleirtal til gamalnorsk hvalr, kval. Men ljodsambandet hv finst ikkje lenger i nynorsk; det vert no uttala kv, gv eller berre v, t. d. i gamalnorsk hvítr, som no vert uttala kvit ( det er det vanlegaste), gvit og vit.

Råde hev namn etter garden Roe og het på gamalnorsk Róða. Namnet er same ord som gamalnorsk róða, roda, stong. Gardsnamnet vert no uttala ró'e med trong ó, men heradsnamnet rå'e. Uttalen med å er rang og grunnar seg på ein rang skrivemåte, som kom upp umkring 1500. I 1500-åri finn ein både gardsnamnet og heradsnamnet, som då var soknenamn, skrive Raade. Men i gardsnamnet hev den upphavlege og rette uttalen halde seg. Ein må difor skriva både gardsnamnet og heradsnamnet Rode eller Roe.

Jeløy er eit rangt namneskap, som tydeleg hev kome upp ved ei mistyding. Namnet lydde på gamalnorsk Jǫlund eller Jalund og finst skrive soleis til umkring 1400. I talemålet vilde det gamalnorske namnet ljodrett verta til Jøl- eller Jælon(n), seinare til Jæløn(n), Jælen(n) eller dilikt, og sidan namnet upphavleg er eit øynamn, hev dei meint at siste lekken var ordet øy. Sist i 1500-åri finn ein soleis namnet på dansk skrive Jellenn og Jelløen. Det siste er tydeleg ei umlaging av eit talemålsskap soom dei hev meint var samansett med ordet øy. Likeins er det truleg med det noverande uttaleskapet jæløya. Ein burde difor taka uppatt det gamle namnet Jolund.

Akershus fylke:

Oppegård het på gamalnorsk Uppigarðr, men vert no uttala ó'ppegåł̣. Det noverande skriftskapet er soleis i samsvar med uttalen på staden. Men Uppigard vilde ha vore eit meir høvelegt ålmenn-norsk skriftskap.

Høland vert uttala hø´lann, men het på gamalnorsk Høylander, av ordet høy og eit serskild fleirtalsskap til land når det er nytta i stadnamn. Namnet tyder difor høyland, graslende. Ein bør skriva Høyland i samsvar med den ålmenne norske uttalen av ordet høy, serleg av di den noverande skrivemåten heller ikkje er i samsvar med bygdemålsuttalen. Heradi Nordre og Søndre Høland bør ein på norsk kalla Nord-Høyland og Sør-Høyland i samsvar med vanleg norsk skrivemåte og uttale elles.

Setskogen kjem truleg av gamalnorsk Seiðskógar og vert no uttala se´skauen. Ein må difor skriva Seskogen utan t.

Fet het på gamalnorsk Fit og er same ord som ei fit, våtlendt grasmark. Men namnet vert no uttala fett; ein bør difor òg helst skriva Fett etter uttalen.

Skedsmo het på gamalnorsk Skeiðesmór og vert no uttala sje'smo. Ein må då på nynorsk helst skriva Skeidsmo (uttala sjei'smo), som svarar godt både til upphavet og den noverande uttalen på staden. Namnet er samansett med ordet skeid, (kapp-)renn, og tyder ein mo der dei hev havt kapplaup, kappriding eller kappkøyring, eller som er høveleg til sovore.

Lillestrøm vert no uttala li'llestrømmen, so skriftskapet Lillestrøm er i samsvar med uttalen; men det er mykje uhøvelegt til landsjamne. Namnet burde på norsk vera skrive Litlestraum.

Gjerdrum het på gamalnorsk Gerðarin der fyrste lekken truleg er eit elvenamn Gerð, og namnet vert no uttala jæ'ł̣ómm (ł̣=rd). Ein bør difors helst skriva Gjerdum.

'Ullensaker het på gamalnorsk Ullinshof eller Ullenshof. Men frå fyrst i 1500-åri vert namnet på dansk skrive Ullensager og dilikt, truleg av di det gamle upphavlege namnet på den tid vart uttlaa ullensog eller dilikt. Det noverande namnet grunnar seg i so fall på ei mistyding og er heilt rangt. Ein bør taka uppatt det gamle og upphavlege namnet Ullinshov, som er samansett av eit gamalt gudenamn Ullin og ordet (gude-)hov, og tyder ein stad der det hev stade eit hov for guden Ullin.

Feiring het på gamalnorsk Fegringar, som er ei avleiding i fleirtal til myndordet (adjektivet) fager, og namnet vert no i sjølve bygdi uttala fé'ring, men i sume andre Mjøsbygder fæ'gringen. Ein må difor anten skriva Fering etter uttalen i sjølve bygdi, eller helst Fegring etter upphav og tyding.

Heidmark fylke:

Romedal het på gamalnorsk Ruðmodalr og vert uttala ró'mdal. Ein burde helst skriva Romdal etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er truleg eit gamalt elvenamn Ruðma.

Hof het på gamalnorsk Hof og vert no liekeins som Hof i Vestfold rangt uttala håff, av di dei til dagleg i bygdemålet på staden berre nyttar namnet samansett med ordet sokn og uttalar det hå´ffsokn med ff fyre s-en i siste samansetjingslekken. Skriftskapet Hof med f hev nog òg verka til å styrkja den range uttalen. Namnet er upphavleg gardsnamn både på Heidmark og i Vestfold, og som gardsnamn vert det på båe stadene utalla håv. Ein må i nynorsk skriva både heradsnamnet og gardsnamnet Hov og uttala båe namni soleis som gardsnamni no vert uttala.

Uppland fylke:

Ringebu het på gamalnorsk Ringabú og vert no uttala ri'ngbú. Namnet er samansett av ordet ring og inkjekynsordet bu. Ein bør no skriva Ringbu etter uttalen.

Øyer het på gamalnorsk (i eigefall og sidefall) Øyja og vert no uttala øy'e i bygdemålet. Den etterhengde r-en som dei no dreg på i skrift, byrja å koma upp i dansketidi umkring 1500, men hev truleg aldri høyrt med til namnet eller vore nytta i norsk talemål. Ein bør difor skriva Øye etter uttalen. Namnet er avleidt av ordet øy.

Østre Gausdal må ein på norsk skriva Øystre Gausdal.

Snertingdalen het på gamalnorsk Snartheimdalr og hev namn etter garde Snartum, gamalnorsk Snarteimr av eldre Snartheimr. I sjølve bygdi segjer dei no berre Dalen; men i bygdene umkring kallast dalen Biridalen. Namnet Snertingdalen hev soleis ikkje grunnlag anten i gamalnorsk eller i nynorsk mål. Det grunnar seg på eit dansk skriftskap Snertingdal, som ko, upp i 1500-åri, men som snaudt nokon gong hev svara til talemålet. Ein bør difor taka eit anna namn og då anten nytta det nynorske namnet Biridal eller òg taka uppatt det gamle Snartheimsdal. Fyrste lekken i namnet er truleg ordet snart, brand, brend trelurk.

Toten het på gamalnorsk Þótn, og ein burde på nynorsk òg skriva Totn utan e, likeins som ein skriv botn, vatn. Østre Toten må ein på norsk skriva Øystre Totn.

Jevnaker het på gamalnorsk Jafnaker og vert no uttala jæ'mnåker. Ein må på norsk skriva Jamnåker. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) jamn og ordet (ein) åker.

Søndre Land og Nordre Land må på norsk heita Søre (eller Syndre) Land og Nørdre Land.

Buskerud fylke:

Norderhov het på gamalnorsk Njarðarhof og tyder hovet åt guden Njord (gamalnorsk Njǫrð, eigefall Njarðar), av di der ein gong hev stade eit hov for Njord. I bygdemålet vert namnet uttala nø'ł̣rú. Skriftskapet Norderhov vantar grunnlag både i talemålet og i gamalnorsk, og er villeidande attpå. Ein må anten skriva Nørderhov i samsvar med uttalen eller Njardarhov etter upphav og tyding.

Flå vert uttala flø og kjem truleg av eit gamalnorsk Fløð(r), same ord som fløð(r), flod, yverfløyming. Ein må difor skriva Flø. Det er òg serksilt grunn til det av di det finst eit herad i Sør-Trøndelag som rett vert skrive Flå.

Vestfold fylke:

Strømm het på gamalnorsk Straumr (straum) og vert no uttala strø´mmen. Detta namnet burde ein skriva Straum eller Straumen. Det noverande skriftskapet er reint uhøvelegt og ikkje i samsvar med skrivemåten anten i norsk eller norskdansk riksmål.

Hof må ein på norsk skriva Hov. Sjå Hof under Heidmark fylke.

Sem het på gamalnorsk Sæmr av eldre *Sæheimr, og vert no uttala sæmm'. Ein må difor skriva Sæm. Namnet er samansett av gamalnorsk sær, sjø og heimr, heim.

Brunlanes er eit nytt namn etter den gamle stormansgarden Brunla i Tanum sokn. På gamalnorsk het bygdi Nesjar, som er eit serskilt fleritalsskap nytta i stadnamn til ordet (eit) nes. Seinare i millomalderen nyttar dei namnet i eintal Neset, og på staden vert det enno uttala næ´se. Ein burde taka uppatt det gamle namnet Nesjar. Neset vilde òg i og for seg vera eit godt norsk namn; men det er so mange stader i landet som heiter soleis at det ikkje er høvelegt av den grunn.

Hedrum het på gamalnorsk Heiðarheimr der fyrste lekken er eigefall til gamalnorsk heiðr, heid, og siste ordet heim. Namnet vert no uttala hé'rómm. Ein burde helst skriva Herum etter uttalen eller òg Heidrum etter upphavet.

Telemark fylke:

Skåtøy er upphavleg gardsnamn og het på gamalnorsk Skotøy. Fyrste lekken er ordet (eit) skot um ein berghamar eller dilikt som skyt (sting) seg fram. Ein må difor skriva Skotøy.

Hovin het på gamalnorsk Hofvina(r) bygð og vert enno uttala håvennbýgd. Ein bør difor skriva Hovinbygd. Bygdi hev namn etter ein gamal burtkomen gard, Hovin, av gamalnorsk hof, gudehov og eit gamalt ord vin, eng.

Seljord het upphavleg på gamalnorsk Seljogerðe, d. e. seljegjerdet, og vert skrive soleis eller dilikt i 1300-åri. Seinare i millomalderen kallast bygdi Seljogjorde eller avstytt Seljogjord, der gjorde er ei umlaging av gerðe. Til sist hev so namnet vorte avstytt til Selgjord, og soleis bør ein skriva det, ikkje utan g.

Rauland het på gamalnorsk Rauðaland og er anten samansett med myndordet (adjektivet) raud eller ordet (ein) raude (myrmalm), som er laga av raud. Ein må difor skriva Raudland med d.

Aust-Agder fylke:

Vegårshei hev namn etter vatnet Vegår (eller Vegårsfjord), gamalnorsk Viger, som kann henda tyder den innvigde, heilage sjøen. Siste lekken i namnet er gamalnorsk heiðr, heid, som deo no vanleg skriv hei. Men ein burde skriva heid både i stadnamn og elles og difor Vegårsheid. - På same måte burde det vera lid i namn av gamalnorsk líð.

'Søndeled vert no uttala sø'nnlé eller sø'nnli og het på gamalnorsk Sundaleið, som er samansett av eigefall fleirtal til ordet sund og gamalnorsk leið, leid. Ein bør skriva Sundleid etter upphav og tyding.

Østre Moland må ein på norsk skriva Øystre Moland. Moland het på gamalnorsk Móðgoland og er truleg samansett med eit elvenamn Móðga, som tykkjest vera ei avleiding til modug eller modig.

Tromøy het på gamalnorsk Þruma og vert no uttala tró'mme. Ein bør skriva Trume eller Truma. Namnet hev ingenting med ordet øy å gjera. Tromøy er ei umlaging av det eldre danske skriftskapet Tromø, og det er ei vanleg dansk rengjing av norske stadnamn med e i utljod. Jf. t. d. Florø for Flora.

Hisøy het på gamalnorsk Hís og vert i bygdemålet enno uttala hís. Ein må difor skriva His. Namneskapet Hisøy hev kome upp på same vis som Tromøy.

'Øyestad het på gamalnorsk Øyjarsstaðer og vert no uttala øy´sta. Ein bør skriva Øystad utan den daude e-en. Fyrste lekken i namnet er truleg mannsnamnet Øyjarr.

Høvåg vert no uttala hø'vår og het på gamalnorsk Høyvágar, av ordet høy og fleirtal til (ein) våg, vatn, vik. Ein bør skriva Høyvågar. Skriftskapet Høvåg er både uhøvelegt og rangt - uhøvelegt av di fyrste lekken minner um dansk , og ikkje um norsk høy, og rangt av di siste lekken både etter uttale og upphav er fleirtal, ikkje eintal.

Bygland er samansett med kornnamnet bygg og vert alle stader i landet uttala by'ggland. Ein må difor sjølvsagt skriva Byggland på norsk.

Vest-Agder fylke:

Namnet Vennesla er kjent frå sist i 1500-åri og vert då og framyver i 11600-åri jamt skrive Vendesla eller dilikt med nd. Det er uvisst kva nemnet tyder; men det er heilt visst at det upphavleg hev havt ljodsambandet nd, ikkje nn. Ein bør difor skriva Vendesla i samsvar med vanleg skrivemåte elles. På staden segjer dei no væ'nnesla likeins som dei t. d. segjer lann i staden for land.

Laudal vert no uttala lau'dal, men het på gamalnorsk Lauga(r)dalr, som er samansett med elvenamn Laug, same ord som gamalnorsk og nynorsk laug, bad, vatn. Ein bør skriva Laugdal, av di ein vanleg skriv g-en elles i slike høve, um han so hev falle burt i uttalen i mange norske målføre.

Konsmo vert uttala kå'nnsmo, men er samandrege av gamalnorsk Konungsmór og samansett med gamalnorsk konungr, konge. Ein bør difor skriva Kongsmo.

Bakke vert uttala bakka og er anten fleirtal eller sidefall eintal til ordet (ein) bakke. Ein må difor skriva Bakka.

Rogaland fylke:

Bjerkreim vert uttala bjæ'rkrei og bjar'krei og het på gamalnorsk Bjarkreimr, som kjem av eldre Bjarkarheimr og er samansett av gamalnorsk bjǫrk (eigefall bjarkar) og heimr. Ein bør difor skriva Bjarkreim liksom i gamalnorsk; det er lika mykje i samsvar med den noverande uttalen som skriftskapet Bjerkreim.