Skilnad mellom versjonar av «Unorske og rangskrivne heradsnamn av Eivind Vågslid»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Lagde til flokk)
sInkje endringssamandrag
 
(4 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
{{innlesen-teig}}
Teig frå [[Norsk Årbok]] 1934 av [[Eivind Vágslid]]
Teig frå [[Norsk Årbok]] 1934 av [[Eivind Vágslid]]


<div class="center" style="width:auto; margin-left:auto; margin-right:auto;">I.</div>
<div class="center" style="width:auto; margin-left:auto; margin-right:auto;">I.</div>


Dei fleste heradsnamni vert no skrivne på norsk gjerd anten i samsvar med vanleg norsk skrivesed eller norsk uttale. Men det finst enno mange heradsnamn som vert skrivne på ein unorsk eller uhøveleg måte. Dessa skal her i det fylgjande verta uppnemnde serskilt for kvert fylke. (I uttale-merkjingane tyder teiknet ' tvostavings og ´ einstavings ljodfall).
Dei fleste heradsnamni vert no skrivne på norsk gjerd anten i samsvar med vanleg norsk skrivesed eller norsk uttale. Men det finst enno mange heradsnamn som vert skrivne på ein unorsk eller uhøveleg måte. Dessa skal her i det fylgjande verta uppnemnde serskilt for kvert fylke. (I uttale-merkjingane tyder teiknet tvostavings og ´ einstavings ljodfall).


==Austfold fylke:==  
==Austfold fylke:==  


'''Askim''' het upphavleg ''Askheim'', gamalnorsk ''Askheimr'', og vert no i målføret på staden uttala ''a'sjømm''. Ein bør difor skriva ''Askheim'' eller ''Askjøm''. Sokni ''Askim'' het i gamal tid ''Eid'', og prestegarden i Askim segjest i bygdi ha heitt ''Koltorp''. I detta og dilike høve der ein hev eller hev havt serskilt namn på hovudsokni og prestegarden, bør ein nytta dei, so ein slepp hava same namn på prestegarden, hovudsokni, pretegjeldet og (eller) heradet, soleis som det tidt er no, av di hovudsokni i eit prestegjeld ofta hev namn etter prestegarden og prestegjeldet atter etter hovudsokni.
'''Askim''' het upphavleg ''Askheim'', gamalnorsk ''Askheimr'', og vert no i målføret på staden uttala ''a’sjømm''. Ein bør difor skriva ''Askheim'' eller ''Askjøm''. Sokni ''Askim'' het i gamal tid ''Eid'', og prestegarden i Askim segjest i bygdi ha heitt ''Koltorp''. I detta og dilike høve der ein hev eller hev havt serskilt namn på hovudsokni og prestegarden, bør ein nytta dei, so ein slepp hava same namn på prestegarden, hovudsokni, pretegjeldet og (eller) heradet, soleis som det tidt er no, av di hovudsokni i eit prestegjeld ofta hev namn etter prestegarden og prestegjeldet atter etter hovudsokni.


'''Spydeberg''' het på gamalnorsk ''Spjótaberg'' og vert no uttala ''spe'bær''. Ein må på norsk skrive ''Speberg'' etter uttalen, eller taka uppatt det gamle namneskapet ''Spjotaberg''. Namnet er samansett med ordet ''spjot''.
'''Spydeberg''' het på gamalnorsk ''Spjótaberg'' og vert no uttala ''spe’bær''. Ein må på norsk skrive ''Speberg'' etter uttalen, eller taka uppatt det gamle namneskapet ''Spjotaberg''. Namnet er samansett med ordet ''spjot''.


'''Skiptvet''' vert i gamalnorsk frå umkring 1300 skrive ''Skygþeit'' og frå sist i 1300-åri dessutan ''Skipþeit''. Men ''Skygþeit'' er tydeleg det mest upphavlege, og namnet vert no uttala ''sjæ'tve''. Ein bør då skriva ''Skjetve'' etter uttalen, eller helst ''Skjetveit'', av di namnet truleg ikkje hev nokon ting med skip å gjera.
'''Skiptvet''' vert i gamalnorsk frå umkring 1300 skrive ''Skygþeit'' og frå sist i 1300-åri dessutan ''Skipþeit''. Men ''Skygþeit'' er tydeleg det mest upphavlege, og namnet vert no uttala ''sjæ’tve''. Ein bør då skriva ''Skjetve'' etter uttalen, eller helst ''Skjetveit'', av di namnet truleg ikkje hev nokon ting med skip å gjera.


'''Degernes''' het på gamalnorsk ''Digranes'', d. e. det store neset til ordet ''diger'', stor, og namnet vert no uttala ''de'nes''. Ein bør skriva ''Denes'' etter uttalen eller ''Digernes'' etter upphav og tyding. Skriftskapet ''Degernes'' er ei heimløysa som ikkje hev grunnlag i nynorsk uttale eller vanleg skrivemåte, og heller ikkje i gamalnorsk.
'''Degernes''' het på gamalnorsk ''Digranes'', d. e. det store neset til ordet ''diger'', stor, og namnet vert no uttala ''de’nes''. Ein bør skriva ''Denes'' etter uttalen eller ''Digernes'' etter upphav og tyding. Skriftskapet ''Degernes'' er ei heimløysa som ikkje hev grunnlag i nynorsk uttale eller vanleg skrivemåte, og heller ikkje i gamalnorsk.


'''Rødenes''' kjem truleg av gamalnorsk ''Rauðanes'', det raude neset, og vert no uttala ''rø'nes''. Namnet skulde difor vera skrive ''Rødnes'', men sokni Rødenes het i gamalnorsk tid ''Aursmǫrk'' etter ''Aurr'', det gamle namnet på ''Rødenessjøen'', og dessa gamle namni burde ein taka uppatt og skriva dei på nynorsk ''Aursmark'' og ''Aur''. Jf. ''Aremark'' og ''Øymark''. Namnet ''Aur'' er same ordet som ''aur'', grusjord.
'''Rødenes''' kjem truleg av gamalnorsk ''Rauðanes'', det raude neset, og vert no uttala ''rø’nes''. Namnet skulde difor vera skrive ''Rødnes'', men sokni Rødenes het i gamalnorsk tid ''Aursmǫrk'' etter ''Aurr'', det gamle namnet på ''Rødenessjøen'', og dessa gamle namni burde ein taka uppatt og skriva dei på nynorsk ''Aursmark'' og ''Aur''. Jf. ''Aremark'' og ''Øymark''. Namnet ''Aur'' er same ordet som ''aur'', grusjord.


'''Hvaler''' burde ein skriva ''Valer'' etter uttalen. Namnet het ''Hvaler'' på gamalnorsk òg, og ordet er fleirtal til gamalnorsk ''hvalr'', kval. Men ljodsambandet ''hv'' finst ikkje lenger i nynorsk; det vert no uttala ''kv'', ''gv'' eller berre ''v'', t. d. i gamalnorsk ''hvítr'', som no vert uttala ''kvit'' ( det er det vanlegaste), ''gvit'' og ''vit''.
'''Hvaler''' burde ein skriva ''Valer'' etter uttalen. Namnet het ''Hvaler'' på gamalnorsk òg, og ordet er fleirtal til gamalnorsk ''hvalr'', kval. Men ljodsambandet ''hv'' finst ikkje lenger i nynorsk; det vert no uttala ''kv'', ''gv'' eller berre ''v'', t. d. i gamalnorsk ''hvítr'', som no vert uttala ''kvit'' ( det er det vanlegaste), ''gvit'' og ''vit''.


'''Råde''' hev namn etter garden ''Roe'' og het på gamalnorsk ''Róða''. Namnet er same ord som gamalnorsk ''róða'', roda, stong. Gardsnamnet vert no uttala ''ró'e'' med trong ''ó'', men heradsnamnet ''rå'e''. Uttalen med ''å'' er rang og grunnar seg på ein rang skrivemåte, som kom upp umkring 1500. I 1500-åri finn ein både gardsnamnet og heradsnamnet, som då var soknenamn, skrive ''Raade''. Men i gardsnamnet hev den upphavlege og rette uttalen halde seg. Ein må difor skriva både gardsnamnet og heradsnamnet ''Rode'' eller ''Roe''.
'''Råde''' hev namn etter garden ''Roe'' og het på gamalnorsk ''Róða''. Namnet er same ord som gamalnorsk ''róða'', roda, stong. Gardsnamnet vert no uttala ''ró’e'' med trong ''ó'', men heradsnamnet ''rå’e''. Uttalen med ''å'' er rang og grunnar seg på ein rang skrivemåte, som kom upp umkring 1500. I 1500-åri finn ein både gardsnamnet og heradsnamnet, som då var soknenamn, skrive ''Raade''. Men i gardsnamnet hev den upphavlege og rette uttalen halde seg. Ein må difor skriva både gardsnamnet og heradsnamnet ''Rode'' eller ''Roe''.


'''Jeløy''' er eit rangt namneskap, som tydeleg hev kome upp ved ei mistyding. Namnet lydde på gamalnorsk ''Jǫlund'' eller ''Jalund'' og finst skrive soleis til umkring 1400. I talemålet vilde det gamalnorske namnet ljodrett verta til ''Jøl-'' eller ''Jælon(n)'', seinare til ''Jæløn(n)'', ''Jælen(n)'' eller dilikt, og sidan namnet upphavleg er eit øynamn, hev dei meint at siste lekken var ordet ''øy''. Sist i 1500-åri finn ein soleis namnet på dansk skrive ''Jellenn'' og ''Jelløen''. Det siste er tydeleg ei umlaging av eit talemålsskap soom dei hev meint var samansett med ordet ''øy''. Likeins er det truleg med det noverande uttaleskapet ''jæløya''. Ein burde difor taka uppatt det gamle namnet ''Jolund''.
'''Jeløy''' er eit rangt namneskap, som tydeleg hev kome upp ved ei mistyding. Namnet lydde på gamalnorsk ''Jǫlund'' eller ''Jalund'' og finst skrive soleis til umkring 1400. I talemålet vilde det gamalnorske namnet ljodrett verta til ''Jøl-'' eller ''Jælon(n)'', seinare til ''Jæløn(n)'', ''Jælen(n)'' eller dilikt, og sidan namnet upphavleg er eit øynamn, hev dei meint at siste lekken var ordet ''øy''. Sist i 1500-åri finn ein soleis namnet på dansk skrive ''Jellenn'' og ''Jelløen''. Det siste er tydeleg ei umlaging av eit talemålsskap soom dei hev meint var samansett med ordet ''øy''. Likeins er det truleg med det noverande uttaleskapet ''jæløya''. Ein burde difor taka uppatt det gamle namnet ''Jolund''.
Line 25: Line 26:
==Akershus fylke:==
==Akershus fylke:==


'''Oppegård''' het på gamalnorsk ''Uppigarðr'', men vert no uttala ''ó'ppegåł̣''. Det noverande skriftskapet er soleis i samsvar med uttalen på staden. Men ''Uppigard'' vilde ha vore eit meir høvelegt ålmenn-norsk skriftskap.
'''Oppegård''' het på gamalnorsk ''Uppigarðr'', men vert no uttala ''ó’ppegåł̣''. Det noverande skriftskapet er soleis i samsvar med uttalen på staden. Men ''Uppigard'' vilde ha vore eit meir høvelegt ålmenn-norsk skriftskap.


'''Høland''' vert uttala ''hø´lann'', men het på gamalnorsk ''Høylander'', av ordet ''høy'' og eit serskild fleirtalsskap til ''land'' når det er nytta i stadnamn. Namnet tyder difor ''høyland'', graslende. Ein bør skriva ''Høyland'' i samsvar med den ålmenne norske uttalen av ordet ''høy'', serleg av di den noverande skrivemåten heller ikkje er i samsvar med bygdemålsuttalen. Heradi ''Nordre'' og ''Søndre Høland'' bør ein på norsk kalla ''Nord-Høyland'' og ''Sør-Høyland'' i samsvar med vanleg norsk skrivemåte og uttale elles.
'''Høland''' vert uttala ''hø´lann'', men het på gamalnorsk ''Høylander'', av ordet ''høy'' og eit serskild fleirtalsskap til ''land'' når det er nytta i stadnamn. Namnet tyder difor ''høyland'', graslende. Ein bør skriva ''Høyland'' i samsvar med den ålmenne norske uttalen av ordet ''høy'', serleg av di den noverande skrivemåten heller ikkje er i samsvar med bygdemålsuttalen. Heradi ''Nordre'' og ''Søndre Høland'' bør ein på norsk kalla ''Nord-Høyland'' og ''Sør-Høyland'' i samsvar med vanleg norsk skrivemåte og uttale elles.
Line 33: Line 34:
'''Fet''' het på gamalnorsk ''Fit'' og er same ord som ei ''fit'', våtlendt grasmark. Men namnet vert no uttala ''fett''; ein bør difor òg helst skriva ''Fett'' etter uttalen.
'''Fet''' het på gamalnorsk ''Fit'' og er same ord som ei ''fit'', våtlendt grasmark. Men namnet vert no uttala ''fett''; ein bør difor òg helst skriva ''Fett'' etter uttalen.


'''Skedsmo''' het på gamalnorsk ''Skeiðesmór'' og vert no uttala ''sje'smo''. Ein må då på nynorsk helst skriva ''Skeidsmo'' (uttala ''sjei'smo''), som svarar godt både til upphavet og den noverande uttalen på staden. Namnet er samansett med ordet ''skeid'', (kapp-)renn, og tyder ein mo der dei hev havt kapplaup, kappriding eller kappkøyring, eller som er høveleg til sovore.
'''Skedsmo''' het på gamalnorsk ''Skeiðesmór'' og vert no uttala ''sje’smo''. Ein må då på nynorsk helst skriva ''Skeidsmo'' (uttala ''sjei’smo''), som svarar godt både til upphavet og den noverande uttalen på staden. Namnet er samansett med ordet ''skeid'', (kapp-)renn, og tyder ein mo der dei hev havt kapplaup, kappriding eller kappkøyring, eller som er høveleg til sovore.


'''Lillestrøm''' vert no uttala ''li'llestrømmen'', so skriftskapet ''Lillestrøm'' er i samsvar med uttalen; men det er mykje uhøvelegt til landsjamne. Namnet burde på norsk vera skrive ''Litlestraum''.
'''Lillestrøm''' vert no uttala ''li’llestrømmen'', so skriftskapet ''Lillestrøm'' er i samsvar med uttalen; men det er mykje uhøvelegt til landsjamne. Namnet burde på norsk vera skrive ''Litlestraum''.


'''Gjerdrum''' het på gamalnorsk ''Gerðarin'' der fyrste lekken truleg er eit elvenamn ''Gerð'', og namnet vert no uttala ''jæ'ł̣ómm'' (ł̣=rd). Ein bør difors helst skriva ''Gjerdum''.
'''Gjerdrum''' het på gamalnorsk ''Gerðarin'' der fyrste lekken truleg er eit elvenamn ''Gerð'', og namnet vert no uttala ''jæ’ł̣ómm'' (ł̣=rd). Ein bør difors helst skriva ''Gjerdum''.


'''Ullensaker'' het på gamalnorsk ''Ullinshof'' eller ''Ullenshof''. Men frå fyrst i 1500-åri vert namnet på dansk skrive ''Ullensager'' og dilikt, truleg av di det gamle upphavlege namnet på den tid vart uttlaa ''ullensog'' eller dilikt. Det noverande namnet grunnar seg i so fall på ei mistyding og er heilt rangt. Ein bør taka uppatt det gamle og upphavlege namnet ''Ullinshov'', som er samansett av eit gamalt gudenamn ''Ullin'' og ordet (gude-)hov, og tyder ein stad der det hev stade eit hov for guden Ullin.
'''Ullensaker''' het på gamalnorsk ''Ullinshof'' eller ''Ullenshof''. Men frå fyrst i 1500-åri vert namnet på dansk skrive ''Ullensager'' og dilikt, truleg av di det gamle upphavlege namnet på den tid vart uttlaa ''ullensog'' eller dilikt. Det noverande namnet grunnar seg i so fall på ei mistyding og er heilt rangt. Ein bør taka uppatt det gamle og upphavlege namnet ''Ullinshov'', som er samansett av eit gamalt gudenamn ''Ullin'' og ordet (gude-)hov, og tyder ein stad der det hev stade eit hov for guden Ullin.


'''Feiring''' het på gamalnorsk ''Fegringar'', som er ei avleiding i fleirtal til myndordet (adjektivet) ''fager'', og namnet vert no i sjølve bygdi uttala ''fé'ring'', men i sume andre Mjøsbygder ''fæ'gringen''. Ein må difor anten skriva ''Fering'' etter uttalen i sjølve bygdi, eller helst ''Fegring'' etter upphav og tyding.
'''Feiring''' het på gamalnorsk ''Fegringar'', som er ei avleiding i fleirtal til myndordet (adjektivet) ''fager'', og namnet vert no i sjølve bygdi uttala ''fé’ring'', men i sume andre Mjøsbygder ''fæ’gringen''. Ein må difor anten skriva ''Fering'' etter uttalen i sjølve bygdi, eller helst ''Fegring'' etter upphav og tyding.


==Heidmark fylke:==
==Heidmark fylke:==


'''Romedal''' het på gamalnorsk ''Ruðmodalr'' og vert uttala ''ró'mdal''. Ein burde helst skriva ''Romdal'' etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er truleg eit gamalt elvenamn ''Ruðma''.
'''Romedal''' het på gamalnorsk ''Ruðmodalr'' og vert uttala ''ró’mdal''. Ein burde helst skriva ''Romdal'' etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er truleg eit gamalt elvenamn ''Ruðma''.


'''Hof''' het på gamalnorsk ''Hof'' og vert no liekeins som ''Hof'' i Vestfold rangt uttala ''håff'', av di dei til dagleg i bygdemålet på staden berre nyttar namnet samansett med ordet ''sokn'' og uttalar det ''hå´ffsokn'' med ''ff'' fyre s-en i siste samansetjingslekken. Skriftskapet ''Hof'' med ''f'' hev nog òg verka til å styrkja den range uttalen. Namnet er upphavleg gardsnamn både på Heidmark og i Vestfold, og som gardsnamn vert det på båe stadene utalla ''håv''. Ein må i nynorsk skriva både heradsnamnet og gardsnamnet ''Hov'' og uttala båe namni soleis som gardsnamni no vert uttala.
'''Hof''' het på gamalnorsk ''Hof'' og vert no liekeins som ''Hof'' i Vestfold rangt uttala ''håff'', av di dei til dagleg i bygdemålet på staden berre nyttar namnet samansett med ordet ''sokn'' og uttalar det ''hå´ffsokn'' med ''ff'' fyre s-en i siste samansetjingslekken. Skriftskapet ''Hof'' med ''f'' hev nog òg verka til å styrkja den range uttalen. Namnet er upphavleg gardsnamn både på Heidmark og i Vestfold, og som gardsnamn vert det på båe stadene utalla ''håv''. Ein må i nynorsk skriva både heradsnamnet og gardsnamnet ''Hov'' og uttala båe namni soleis som gardsnamni no vert uttala.
Line 51: Line 52:
==Uppland fylke:==
==Uppland fylke:==


'''Ringebu''' het på gamalnorsk ''Ringabú'' og vert no uttala ''ri'ngbú''. Namnet er samansett av ordet ''ring'' og inkjekynsordet ''bu''. Ein bør no skriva ''Ringbu'' etter uttalen.
'''Ringebu''' het på gamalnorsk ''Ringabú'' og vert no uttala ''ri’ngbú''. Namnet er samansett av ordet ''ring'' og inkjekynsordet ''bu''. Ein bør no skriva ''Ringbu'' etter uttalen.


'''Øyer''' het på gamalnorsk (i eigefall og sidefall) ''Øyja'' og vert no uttala ''øy'e'' i bygdemålet. Den etterhengde r-en som dei no dreg på i skrift, byrja å koma upp i dansketidi umkring 1500, men hev truleg aldri høyrt med til namnet eller vore nytta i norsk talemål. Ein bør difor  skriva ''Øye'' etter uttalen. Namnet er avleidt av ordet ''øy''.
'''Øyer''' het på gamalnorsk (i eigefall og sidefall) ''Øyja'' og vert no uttala ''øy’e'' i bygdemålet. Den etterhengde r-en som dei no dreg på i skrift, byrja å koma upp i dansketidi umkring 1500, men hev truleg aldri høyrt med til namnet eller vore nytta i norsk talemål. Ein bør difor  skriva ''Øye'' etter uttalen. Namnet er avleidt av ordet ''øy''.


'''Østre Gausdal''' må ein på norsk skriva ''Øystre Gausdal''.
'''Østre Gausdal''' må ein på norsk skriva ''Øystre Gausdal''.
Line 61: Line 62:
'''Toten''' het på gamalnorsk ''Þótn'', og ein burde på nynorsk òg skriva ''Totn'' utan ''e'', likeins som ein skriv ''botn'', ''vatn''. ''Østre Toten'' må ein på norsk skriva ''Øystre Totn''.
'''Toten''' het på gamalnorsk ''Þótn'', og ein burde på nynorsk òg skriva ''Totn'' utan ''e'', likeins som ein skriv ''botn'', ''vatn''. ''Østre Toten'' må ein på norsk skriva ''Øystre Totn''.


'''Jevnaker''' het på gamalnorsk ''Jafnaker'' og vert no uttala ''jæ'mnåker''. Ein må på norsk skriva ''Jamnåker''. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) ''jamn'' og ordet (ein) ''åker''.
'''Jevnaker''' het på gamalnorsk ''Jafnaker'' og vert no uttala ''jæ’mnåker''. Ein må på norsk skriva ''Jamnåker''. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) ''jamn'' og ordet (ein) ''åker''.


'''Søndre Land''' og '''Nordre Land''' må på norsk heita ''Søre'' (eller ''Syndre'') ''Land'' og ''Nørdre Land''.
'''Søndre Land''' og '''Nordre Land''' må på norsk heita ''Søre'' (eller ''Syndre'') ''Land'' og ''Nørdre Land''.
Line 67: Line 68:
==Buskerud fylke:==
==Buskerud fylke:==


'''Norderhov''' het på gamalnorsk ''Njarðarhof'' og tyder hovet åt guden Njord (gamalnorsk ''Njǫrð'', eigefall ''Njarðar''), av di der ein gong hev stade eit hov for Njord. I bygdemålet vert namnet uttala ''nø'ł̣rú''. Skriftskapet ''Norderhov'' vantar grunnlag både i talemålet og i gamalnorsk, og er villeidande attpå. Ein må anten skriva ''Nørderhov'' i samsvar med uttalen eller ''Njardarhov'' etter upphav og tyding.
'''Norderhov''' het på gamalnorsk ''Njarðarhof'' og tyder hovet åt guden Njord (gamalnorsk ''Njǫrð'', eigefall ''Njarðar''), av di der ein gong hev stade eit hov for Njord. I bygdemålet vert namnet uttala ''nø’ł̣rú''. Skriftskapet ''Norderhov'' vantar grunnlag både i talemålet og i gamalnorsk, og er villeidande attpå. Ein må anten skriva ''Nørderhov'' i samsvar med uttalen eller ''Njardarhov'' etter upphav og tyding.


'''Flå''' vert uttala ''flø'' og kjem truleg av eit gamalnorsk ''Fløð(r)'', same ord som ''fløð(r)'', flod, yverfløyming. Ein må difor skriva ''Flø''. Det er òg serksilt grunn til det av di det finst eit herad i Sør-Trøndelag som rett vert skrive ''Flå''.
'''Flå''' vert uttala ''flø'' og kjem truleg av eit gamalnorsk ''Fløð(r)'', same ord som ''fløð(r)'', flod, yverfløyming. Ein må difor skriva ''Flø''. Det er òg serksilt grunn til det av di det finst eit herad i Sør-Trøndelag som rett vert skrive ''Flå''.
Line 77: Line 78:
'''Hof''' må ein på norsk skriva Hov. Sjå ''Hof'' under Heidmark fylke.
'''Hof''' må ein på norsk skriva Hov. Sjå ''Hof'' under Heidmark fylke.


'''Sem''' het på gamalnorsk ''Sæmr'' av eldre ''*Sæheimr'', og vert no uttala ''sæmm'. Ein må difor skriva ''Sæm''. Namnet er samansett av gamalnorsk ''sær'', sjø og ''heimr'', heim.
'''Sem''' het på gamalnorsk ''Sæmr'' av eldre ''*Sæheimr'', og vert no uttala ''sæmm''. Ein må difor skriva ''Sæm''. Namnet er samansett av gamalnorsk ''sær'', sjø og ''heimr'', heim.


'''Brunlanes''' er eit nytt namn etter den gamle stormansgarden ''Brunla'' i Tanum sokn. På gamalnorsk het bygdi ''Nesjar'', som er eit serskilt fleritalsskap nytta i stadnamn til ordet (eit) ''nes''. Seinare i millomalderen nyttar dei namnet i eintal ''Neset'', og på staden vert det enno uttala ''næ´se''. Ein burde taka uppatt det gamle namnet ''Nesjar''. ''Neset'' vilde òg i og for seg vera eit godt norsk namn; men det er so mange stader i landet som heiter soleis at  det ikkje er høvelegt av den grunn.
'''Brunlanes''' er eit nytt namn etter den gamle stormansgarden ''Brunla'' i Tanum sokn. På gamalnorsk het bygdi ''Nesjar'', som er eit serskilt fleritalsskap nytta i stadnamn til ordet (eit) ''nes''. Seinare i millomalderen nyttar dei namnet i eintal ''Neset'', og på staden vert det enno uttala ''næ´se''. Ein burde taka uppatt det gamle namnet ''Nesjar''. ''Neset'' vilde òg i og for seg vera eit godt norsk namn; men det er so mange stader i landet som heiter soleis at  det ikkje er høvelegt av den grunn.


'''Hedrum''' het på gamalnorsk ''Heiðarheimr'' der fyrste lekken er eigefall til gamalnorsk ''heiðr'', heid, og siste ordet ''heim''. Namnet vert no uttala ''hé'rómm''. Ein burde helst skriva ''Herum'' etter uttalen eller òg ''Heidrum'' etter upphavet.
'''Hedrum''' het på gamalnorsk ''Heiðarheimr'' der fyrste lekken er eigefall til gamalnorsk ''heiðr'', heid, og siste ordet ''heim''. Namnet vert no uttala ''hé’rómm''. Ein burde helst skriva ''Herum'' etter uttalen eller òg ''Heidrum'' etter upphavet.


==Telemark fylke:==
==Telemark fylke:==
Line 97: Line 98:
'''Vegårshei''' hev namn etter vatnet ''Vegår'' (eller ''Vegårsfjord''), gamalnorsk ''Viger'', som kann henda tyder den innvigde, heilage sjøen. Siste lekken i namnet er gamalnorsk ''heiðr'', heid, som deo no vanleg skriv ''hei''. Men ein burde skriva ''heid'' både i stadnamn og elles og difor ''Vegårsheid''. - På same måte burde det vera ''lid'' i namn av gamalnorsk ''líð''.
'''Vegårshei''' hev namn etter vatnet ''Vegår'' (eller ''Vegårsfjord''), gamalnorsk ''Viger'', som kann henda tyder den innvigde, heilage sjøen. Siste lekken i namnet er gamalnorsk ''heiðr'', heid, som deo no vanleg skriv ''hei''. Men ein burde skriva ''heid'' både i stadnamn og elles og difor ''Vegårsheid''. - På same måte burde det vera ''lid'' i namn av gamalnorsk ''líð''.


'''Søndeled'' vert no uttala ''sø'nnlé'' eller ''sø'nnli'' og het på gamalnorsk ''Sundaleið'', som er samansett av eigefall fleirtal til ordet ''sund'' og gamalnorsk ''leið'', leid. Ein bør skriva ''Sundleid'' etter upphav og tyding.
'''Søndeled''' vert no uttala ''sø’nnlé'' eller ''sø’nnli'' og het på gamalnorsk ''Sundaleið'', som er samansett av eigefall fleirtal til ordet ''sund'' og gamalnorsk ''leið'', leid. Ein bør skriva ''Sundleid'' etter upphav og tyding.


'''Østre Moland''' må ein på norsk skriva ''Øystre Moland''. ''Moland'' het på gamalnorsk ''Móðgoland'' og er truleg samansett med eit elvenamn ''Móðga'', som tykkjest vera ei avleiding til ''modug'' eller ''modig''.
'''Østre Moland''' må ein på norsk skriva ''Øystre Moland''. ''Moland'' het på gamalnorsk ''Móðgoland'' og er truleg samansett med eit elvenamn ''Móðga'', som tykkjest vera ei avleiding til ''modug'' eller ''modig''.


'''Tromøy''' het på gamalnorsk ''Þruma'' og vert no uttala ''tró'mme''. Ein bør skriva ''Trume'' eller ''Truma''. Namnet hev ingenting med ordet ''øy'' å gjera. ''Tromøy'' er ei umlaging av det eldre danske skriftskapet ''Tromø'', og det er ei vanleg dansk rengjing av norske stadnamn med ''e'' i utljod. Jf. t. d. ''Florø'' for ''Flora''.
'''Tromøy''' het på gamalnorsk ''Þruma'' og vert no uttala ''tró’mme''. Ein bør skriva ''Trume'' eller ''Truma''. Namnet hev ingenting med ordet ''øy'' å gjera. ''Tromøy'' er ei umlaging av det eldre danske skriftskapet ''Tromø'', og det er ei vanleg dansk rengjing av norske stadnamn med ''e'' i utljod. Jf. t. d. ''Florø'' for ''Flora''.


'''Hisøy''' het på gamalnorsk ''Hís'' og vert i bygdemålet enno uttala ''hís''. Ein må difor skriva ''His''. Namneskapet ''Hisøy'' hev kome upp på same vis som ''Tromøy''.
'''Hisøy''' het på gamalnorsk ''Hís'' og vert i bygdemålet enno uttala ''hís''. Ein må difor skriva ''His''. Namneskapet ''Hisøy'' hev kome upp på same vis som ''Tromøy''.


'''Øyestad'' het på gamalnorsk ''Øyjarsstaðer'' og vert no uttala ''øy´sta''. Ein bør skriva ''Øystad'' utan den daude e-en. Fyrste lekken i namnet er truleg mannsnamnet ''Øyjarr''.
'''Øyestad''' het på gamalnorsk ''Øyjarsstaðer'' og vert no uttala ''øy´sta''. Ein bør skriva ''Øystad'' utan den daude e-en. Fyrste lekken i namnet er truleg mannsnamnet ''Øyjarr''.


'''Høvåg''' vert no uttala ''hø'vår'' og het på gamalnorsk ''Høyvágar'', av ordet ''høy'' og fleirtal til (ein) ''våg'', vatn, vik. Ein bør skriva ''Høyvågar''. Skriftskapet ''Høvåg'' er både uhøvelegt og rangt - uhøvelegt av di fyrste lekken minner um dansk ''hø'', og ikkje um norsk ''høy'', og rangt av di siste lekken både etter uttale og upphav er fleirtal, ikkje eintal.
'''Høvåg''' vert no uttala ''hø’vår'' og het på gamalnorsk ''Høyvágar'', av ordet ''høy'' og fleirtal til (ein) ''våg'', vatn, vik. Ein bør skriva ''Høyvågar''. Skriftskapet ''Høvåg'' er både uhøvelegt og rangt - uhøvelegt av di fyrste lekken minner um dansk ''hø'', og ikkje um norsk ''høy'', og rangt av di siste lekken både etter uttale og upphav er fleirtal, ikkje eintal.


'''Bygland''' er samansett med kornnamnet ''bygg'' og vert alle stader i landet uttala ''by'ggland''. Ein må difor sjølvsagt skriva ''Byggland'' på norsk.
'''Bygland''' er samansett med kornnamnet ''bygg'' og vert alle stader i landet uttala ''by’ggland''. Ein må difor sjølvsagt skriva ''Byggland'' på norsk.


==Vest-Agder fylke:==
==Vest-Agder fylke:==


Namnet '''Vennesla''' er kjent frå sist i 1500-åri og vert då og framyver i 11600-åri jamt skrive ''Vendesla'' eller dilikt med ''nd''. Det er uvisst kva nemnet tyder; men det er heilt visst at det upphavleg hev havt ljodsambandet ''nd'', ikkje ''nn''. Ein bør difor skriva ''Vendesla'' i samsvar med vanleg skrivemåte elles. På staden segjer dei no ''væ'nnesla'' likeins som dei t. d. segjer ''lann'' i staden for ''land''.
Namnet '''Vennesla''' er kjent frå sist i 1500-åri og vert då og framyver i 1600-åri jamt skrive ''Vendesla'' eller dilikt med ''nd''. Det er uvisst kva nemnet tyder; men det er heilt visst at det upphavleg hev havt ljodsambandet ''nd'', ikkje ''nn''. Ein bør difor skriva ''Vendesla'' i samsvar med vanleg skrivemåte elles. På staden segjer dei no ''væ’nnesla'' likeins som dei t. d. segjer ''lann'' i staden for ''land''.


'''Laudal''' vert no uttala ''lau'dal'', men het på gamalnorsk ''Lauga(r)dalr'', som er samansett med elvenamn ''Laug'', same ord som gamalnorsk og nynorsk ''laug'', bad, vatn. Ein bør skriva ''Laugdal'', av di ein vanleg skriv ''g''-en elles i slike høve, um han so hev falle burt i uttalen i mange norske målføre.
'''Laudal''' vert no uttala ''lau’dal'', men het på gamalnorsk ''Lauga(r)dalr'', som er samansett med elvenamn ''Laug'', same ord som gamalnorsk og nynorsk ''laug'', bad, vatn. Ein bør skriva ''Laugdal'', av di ein vanleg skriv ''g''-en elles i slike høve, um han so hev falle burt i uttalen i mange norske målføre.


'''Konsmo''' vert uttala ''kå'nnsmo'', men er samandrege av gamalnorsk ''Konungsmór'' og samansett med gamalnorsk ''konungr'', konge. Ein bør difor skriva ''Kongsmo''.
'''Konsmo''' vert uttala ''kå’nnsmo'', men er samandrege av gamalnorsk ''Konungsmór'' og samansett med gamalnorsk ''konungr'', konge. Ein bør difor skriva ''Kongsmo''.


'''Bakke''' vert uttala ''bakka'' og er anten fleirtal eller sidefall eintal til ordet (ein) ''bakke''. Ein må difor skriva ''Bakka''.
'''Bakke''' vert uttala ''bakka'' og er anten fleirtal eller sidefall eintal til ordet (ein) ''bakke''. Ein må difor skriva ''Bakka''.
Line 123: Line 124:
==Rogaland fylke:==
==Rogaland fylke:==


'''Bjerkreim''' vert uttala ''bjæ'rkrei'' og ''bjar'krei'' og het på gamalnorsk ''Bjarkreimr'', som kjem av eldre ''Bjarkarheimr'' og er samansett av gamalnorsk ''bjǫrk'' (eigefall ''bjarkar) og ''heimr''. Ein bør difor skriva ''Bjarkreim'' liksom i gamalnorsk; det er lika mykje i samsvar med den noverande uttalen som skriftskapet ''Bjerkreim''.
'''Bjerkreim''' vert uttala ''bjæ’rkrei'' og ''bjar’krei'' og het på gamalnorsk ''Bjarkreimr'', som kjem av eldre ''Bjarkarheimr'' og er samansett av gamalnorsk ''bjǫrk'' (eigefall ''bjarkar) og ''heimr''. Ein bør difor skriva ''Bjarkreim'' liksom i gamalnorsk; det er lika mykje i samsvar med den noverande uttalen som skriftskapet ''Bjerkreim''.


'''Eigersund''' uttalar dei ''ei'gersonn'' i målføret på staden, men ''Eikersund'' eller dilikt lenger uppe i landet. Namnet kjem av gamalnorsk ''Eikundarsund'' etter ''Eikund'', det gamalnorske namnet på den øyi som dei no på staden kallar ''Eigerøy''. Fyrste stavingi er ordet ''eik'', og ''Eikund'' tyder retteleg ein stad der det er mykje eik. Ein bør difor helst skriva ''Eikersund'' og ''Eikerøy''.
'''Eigersund''' uttalar dei ''ei’gersonn'' i målføret på staden, men ''Eikersund'' eller dilikt lenger uppe i landet. Namnet kjem av gamalnorsk ''Eikundarsund'' etter ''Eikund'', det gamalnorske namnet på den øyi som dei no på staden kallar ''Eigerøy''. Fyrste stavingi er ordet ''eik'', og ''Eikund'' tyder retteleg ein stad der det er mykje eik. Ein bør difor helst skriva ''Eikersund'' og ''Eikerøy''.


'''Vikedal''' het på gamalnorsk ''Víkadalr'' og vert enno uttala ''ví'kadal''. Ein må difor skriva ''Vikadal''. Fyrste lekken i namnet er eigefall fleirtal til ordet (ei) ''vik''.
'''Vikedal''' het på gamalnorsk ''Víkadalr'' og vert enno uttala ''ví’kadal''. Ein må difor skriva ''Vikadal''. Fyrste lekken i namnet er eigefall fleirtal til ordet (ei) ''vik''.


'''Sjernarøy''' vert no uttala ''sjý'ddnarøyadne'' som svarar til skriftskapet ''Sjørnarøyane'', og soleis bør ein skriva namnet, eller helst i eintal ''Sjørnarøy''. På gamalnorsk het det ''Sjǫrn'', frå sist i 1300-åri òg skrive ''Sjarnarøy'', der fyrste lekken er eigefall til det usamansette namnet ''Sjǫrn''.
'''Sjernarøy''' vert no uttala ''sjý’ddnarøyadne'' som svarar til skriftskapet ''Sjørnarøyane'', og soleis bør ein skriva namnet, eller helst i eintal ''Sjørnarøy''. På gamalnorsk het det ''Sjǫrn'', frå sist i 1300-åri òg skrive ''Sjarnarøy'', der fyrste lekken er eigefall til det usamansette namnet ''Sjǫrn''.


'''Skudenes''' uttalar dei ''sku'ddnes'' i målføret på staden; men lenger nord segjer dei ''sk'utnes''. Namnet kjem av gamalnorsk ''Skútones'', og er samansett med ordet ''skuta'', framskoten bergknatt. Etter upphav og vanleg norsk uttale er det rettast å skriva ''Skutenes''. Skriftskapet ''Skudenes'' byggjer heller ikkje på bygdemålsuttalen på staden, men på dansk skrivesed.
'''Skudenes''' uttalar dei ''sku’ddnes'' i målføret på staden; men lenger nord segjer dei ''sk’utnes''. Namnet kjem av gamalnorsk ''Skútones'', og er samansett med ordet ''skuta'', framskoten bergknatt. Etter upphav og vanleg norsk uttale er det rettast å skriva ''Skutenes''. Skriftskapet ''Skudenes'' byggjer heller ikkje på bygdemålsuttalen på staden, men på dansk skrivesed.


'''Utsira''' het på gamalnorsk ''Síre'' (eigefall av ''Sira'') og vert no kalla ''si'ra''. Ein må difor skriva ''Sira''. Namnet er upphavleg øynamn.
'''Utsira''' het på gamalnorsk ''Síre'' (eigefall av ''Sira'') og vert no kalla ''si’ra''. Ein må difor skriva ''Sira''. Namnet er upphavleg øynamn.


'''Tysvær''' vert uttala ''ty'ssvør'' og het på gamalnorsk ''Teitsfjǫrð'', truleg av eit gamalt mannsnamn ''Teitr'' og gamalnorsk ''fjǫrðr'', fjord. Ein bør skriva ''Tysvør'' med ''ø'' etter uttalen. Det er rettare etter upphavet òg.
'''Tysvær''' vert uttala ''ty’ssvør'' og het på gamalnorsk ''Teitsfjǫrð'', truleg av eit gamalt mannsnamn ''Teitr'' og gamalnorsk ''fjǫrðr'', fjord. Ein bør skriva ''Tysvør'' med ''ø'' etter uttalen. Det er rettare etter upphavet òg.


'''Vats''' vert uttala ''vass''. Heradet hev namn etter garden ''Vatne'', og namnet er framkome or samansetjingi ''Vass-sokn'' av eldre ''Vatns sokn''. Ein burde difor skriva ''Vass'' eller helst taka uppatt det gamle og rettaste namnet ''Va(tn)ssokn''.
'''Vats''' vert uttala ''vass''. Heradet hev namn etter garden ''Vatne'', og namnet er framkome or samansetjingi ''Vass-sokn'' av eldre ''Vatns sokn''. Ein burde difor skriva ''Vass'' eller helst taka uppatt det gamle og rettaste namnet ''Va(tn)ssokn''.
Line 141: Line 142:
==Hordaland fylke:==
==Hordaland fylke:==


'''Fjelberg''' vert no uttala ''fjæ'llber'' og het på gamalnorsk ''Fjǫlbyrja'', som tyder ein stad der det er rikeleg bør, til gamalnorsk ''fjǫl-'', mykje, og ''byrr'', bør. Det er rangt å skriva ''g'' i detta namnet.
'''Fjelberg''' vert no uttala ''fjæ’llber'' og het på gamalnorsk ''Fjǫlbyrja'', som tyder ein stad der det er rikeleg bør, til gamalnorsk ''fjǫl-'', mykje, og ''byrr'', bør. Det er rangt å skriva ''g'' i detta namnet.


'''Bruvik''' het på gamalnorsk ''Brúnvik'' og vert no uttala ''brøk''. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) ''brun'' og ordet (ei) ''vik''. Ein må skriva ''Brunvik'' etter upphav og tyding eller ''Brøk'' etter uttalen.
'''Bruvik''' het på gamalnorsk ''Brúnvik'' og vert no uttala ''brøk''. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) ''brun'' og ordet (ei) ''vik''. Ein må skriva ''Brunvik'' etter upphav og tyding eller ''Brøk'' etter uttalen.


'''Hjelme''' vert uttala ''jæ'lmo'' og kjem av gamalnorsk ''hjalmr'', hjelm. EIn må skriva ''Hjelmo'' eller ''Hjelma''.
'''Hjelme''' vert uttala ''jæ’lmo'' og kjem av gamalnorsk ''hjalmr'', hjelm. EIn må skriva ''Hjelmo'' eller ''Hjelma''.


'''Evanger''' het på gamalnorsk ''Ævanger'' og vert no uttala ''æ'vónga''. Ein bør skriva ''Ævanger'' i nynorsk likeins som i gamalnorsk. Fyrste lekken i namnet heng saman med gamalnorsk ''æja'', beita, og namnet tyder difor beitevangane, truleg av di dei hev beitt hestar der. Den gamle klyvvegen frå Voss gjekk um Ævanger.
'''Evanger''' het på gamalnorsk ''Ævanger'' og vert no uttala ''æ’vónga''. Ein bør skriva ''Ævanger'' i nynorsk likeins som i gamalnorsk. Fyrste lekken i namnet heng saman med gamalnorsk ''æja'', beita, og namnet tyder difor beitevangane, truleg av di dei hev beitt hestar der. Den gamle klyvvegen frå Voss gjekk um Ævanger.


==Sogn og Fjordane fylke:==
==Sogn og Fjordane fylke:==


'''Førde''' kjem av gamalnorsk ''í Firðe'', frå fyrst i 1300-åri òg skrive ''í Fyrde'', som er sidefall (dativ) til gamalnorsk ''Fjǫrðr'' og same ord som ''fjǫrðr'', fjord. Ein bør difor skriva ''Fyrde''. Namnet vert no uttala ''fø're'' eller ''fy're'' med open ỳ som vanleg fyre ''r'' (i dei ytre bygdene i Sunnfjord òg med ein trongare y).
'''Førde''' kjem av gamalnorsk ''í Firðe'', frå fyrst i 1300-åri òg skrive ''í Fyrde'', som er sidefall (dativ) til gamalnorsk ''Fjǫrðr'' og same ord som ''fjǫrðr'', fjord. Ein bør difor skriva ''Fyrde''. Namnet vert no uttala ''fø’re'' eller ''fy’re'' med open ỳ som vanleg fyre ''r'' (i dei ytre bygdene i Sunnfjord òg med ein trongare y).


'''Selje''' het på gamalnorsk ''Selja'' og vert enno uttala ''sæ'lja''. Ein Må difor sjølvsagt skriva ''Selja''.
'''Selje''' het på gamalnorsk ''Selja'' og vert enno uttala ''sæ’lja''. Ein Må difor sjølvsagt skriva ''Selja''.


'''Eid''' er berre skriftnamn. Bygdi het på gamalnorsk upphavleg ''Øyger'' og seinare ''Øygesfjǫrðr'', og i bygdemålet umkring kallast ho no ''ei'ssfjoden'', som er ei umlaging av gamalnorsk ''Øygesfjǫrðr'', truleg med påverknad frå namnet på hovudbygdi i heradet: Eidet eller Nordfjordeid. ''Øyger'' er upphavleg fjordnamn. Jf. ''EId'' og ''Eide'' i Møre fylke.
'''Eid''' er berre skriftnamn. Bygdi het på gamalnorsk upphavleg ''Øyger'' og seinare ''Øygesfjǫrðr'', og i bygdemålet umkring kallast ho no ''ei’ssfjoden'', som er ei umlaging av gamalnorsk ''Øygesfjǫrðr'', truleg med påverknad frå namnet på hovudbygdi i heradet: Eidet eller Nordfjordeid. ''Øyger'' er upphavleg fjordnamn. Jf. ''EId'' og ''Eide'' i Møre fylke.


'''Hornindal''' het på gamalnorsk ''Hornynja(r)dalr'' og vert no uttala ''ho'nndalinn'' med ''j''-fengne ''n''-ar. Ein bør skriva ''Hornyndal'' etter upphavet eller helst ''Horndal'' etter bygdeuttalen. Fyrste lekken i namnet er eit gamalt gardsnamn ''Hornynjar'', av ordet (eit) ''horn'' og so eit fleirtalsavbrigde til eit gamalt ord ''vin'' (fleirtal ''vinjar''), eng.
'''Hornindal''' het på gamalnorsk ''Hornynja(r)dalr'' og vert no uttala ''ho’nndalinn'' med ''j''-fengne ''n''-ar. Ein bør skriva ''Hornyndal'' etter upphavet eller helst ''Horndal'' etter bygdeuttalen. Fyrste lekken i namnet er eit gamalt gardsnamn ''Hornynjar'', av ordet (eit) ''horn'' og so eit fleirtalsavbrigde til eit gamalt ord ''vin'' (fleirtal ''vinjar''), eng.


'''Breim''' vert uttala ''breimn'' og het på gamalnorsk ''Breiðefne'', av gamalnorsk ''breiðr'', breid og ''efne'', emne. Ein bør skriva ''Breimn'' etter uttalen, som òg svarar til upphavet.
'''Breim''' vert uttala ''breimn'' og het på gamalnorsk ''Breiðefne'', av gamalnorsk ''breiðr'', breid og ''efne'', emne. Ein bør skriva ''Breimn'' etter uttalen, som òg svarar til upphavet.
Line 164: Line 165:
==Møre fylke:==
==Møre fylke:==


'''Syvde''' uttalar dei no på staden ''sy'vdinn'' med ''j''-fengen ''nn'' likeins som dei segjer ''va'nylvinn'' med ''j''-fengen ''nn'' for ''Vannylven''. Dei tvo namni het på gamalnorsk ''Vanifler'' og ''Sybðer'', og er båe tvo fjordnamn upphavleg. Ein burde difor skriva ''Syvden'' likeins som ''Vanylven''. Den ulike skrivemåten no kjem av at dei fyrr på dansk skreiv ''Vannelven'', men ''Søvde''.
'''Syvde''' uttalar dei no på staden ''sy’vdinn'' med ''j''-fengen ''nn'' likeins som dei segjer ''va’nylvinn'' med ''j''-fengen ''nn'' for ''Vannylven''. Dei tvo namni het på gamalnorsk ''Vanifler'' og ''Sybðer'', og er båe tvo fjordnamn upphavleg. Ein burde difor skriva ''Syvden'' likeins som ''Vanylven''. Den ulike skrivemåten no kjem av at dei fyrr på dansk skreiv ''Vannelven'', men ''Søvde''.


'''Roald''' vert uttala ''ró'øll'' og kjem av gamalnorsk ''Róǫld''. Ein må difor skriva ''Roold'' eller ''Roøld''.
'''Roald''' vert uttala ''ró’øll'' og kjem av gamalnorsk ''Róǫld''. Ein må difor skriva ''Roold'' eller ''Roøld''.


'''Eid''' kallast vanleg ''ei`ssbygda''. Ein bør skriva ''Eidsbygd''. Heradet hev namn etter garden ''Eide'' i bygdi.
'''Eid''' kallast vanleg ''ei`ssbygda''. Ein bør skriva ''Eidsbygd''. Heradet hev namn etter garden ''Eide'' i bygdi.
Line 172: Line 173:
'''Hen''' vert uttala ''hænn'' og kjem truleg av gamalnorsk ''Hæn'', eldre *''Hå-vin''. Ein må difor skriva ''Hæn'' eller ''Hænn'' etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er vonleg anten gamalnorsk ''hår'', høg, eller ordet (ei) ''hå'', etterslått; siste lekken er ordet ''vin'', eng.
'''Hen''' vert uttala ''hænn'' og kjem truleg av gamalnorsk ''Hæn'', eldre *''Hå-vin''. Ein må difor skriva ''Hæn'' eller ''Hænn'' etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er vonleg anten gamalnorsk ''hår'', høg, eller ordet (ei) ''hå'', etterslått; siste lekken er ordet ''vin'', eng.


'''Bolsøy''' vert uttala ''bø'lsøyna'' og het på gamalnorsk ''Bylingsøy'' til eit eldre usamansett øynamn ''Bylingr'', som truleg er eit sideskap til gamalnorsk ''bolungr'', ukse. Ein må difor skriva ''Bølsøy'' med ''ø'', ikkje ''o''., eller òg taka uppatt det gamle namneskapet ''Bylingsøy''.
'''Bolsøy''' vert uttala ''bø’lsøyna'' og het på gamalnorsk ''Bylingsøy'' til eit eldre usamansett øynamn ''Bylingr'', som truleg er eit sideskap til gamalnorsk ''bolungr'', ukse. Ein må difor skriva ''Bølsøy'' med ''ø'', ikkje ''o''., eller òg taka uppatt det gamle namneskapet ''Bylingsøy''.


'''Fræna''' vert no uttala ''fræn'inn'' med ''j''-fengen ''nn'' og isidefall (dativ) ''fræn'å''. Namnet er upphavleg fjordnamn, gamalnorsk ''Frenjafjord'' (1448), til eit eldre usamansett fjordnamn ''Frene''. Ein må då skriva ''Frenen'' i samsvar med uttalen'
'''Fræna''' vert no uttala ''fræn’inn'' med ''j''-fengen ''nn'' og isidefall (dativ) ''fræn’å''. Namnet er upphavleg fjordnamn, gamalnorsk ''Frenjafjord'' (1448), til eit eldre usamansett fjordnamn ''Frene''. Ein må då skriva ''Frenen'' i samsvar med uttalen.


'''Eide''' vert uttala ''ei'', og er same ord som (eit) ''eid''. Ein må difor skriva ''Eid''.
'''Eide''' vert uttala ''ei'', og er same ord som (eit) ''eid''. Ein må difor skriva ''Eid''.
   
   
'''Øre''' vert no utalla ''ør<nowiki>'</nowiki>'' og het på gamalnorsk ''Øyrar'', som er fleirtal til gamalnorsk ''øyrr'', øyr. Ein bør skriva ''Ør'' etter uttalen eller òg taka upp att det gamle namneskapet ''Øyrar''.
'''Øre''' vert no utalla ''ør’'' og het på gamalnorsk ''Øyrar'', som er fleirtal til gamalnorsk ''øyrr'', øyr. Ein bør skriva ''Ør'' etter uttalen eller òg taka upp att det gamle namneskapet ''Øyrar''.


'''Ålvundeid''' kjem av gamalnorsk ''Olfundareið'' og burde divor vera skrive ''Olvundeid'' med ''o''. Fyrste lekken i ''Olfundareið'' er eut gamalt elvenamn ''Olfund'', som atter er ei avleiding til gamalnorsk ''alfr'', grus, sand og tyder ein stad der det er mykje grus.
'''Ålvundeid''' kjem av gamalnorsk ''Olfundareið'' og burde divor vera skrive ''Olvundeid'' med ''o''. Fyrste lekken i ''Olfundareið'' er eut gamalt elvenamn ''Olfund'', som atter er ei avleiding til gamalnorsk ''alfr'', grus, sand og tyder ein stad der det er mykje grus.


'''Åsskard''' skriv dei fyrr på dansk ''Aasgaard'', og rettingi til ''Åsskard'' er tvillaust rang, av di namnet no vert uttala ''å'skaren'', i sidefall (dativ) ''å'skara''. Fyrste gong me finn detta namnet i skrift er i 1357 og det vert då og seinare i millomalderen skrive i ''Askard(e)'' eller dilikt med ''k''. Men ''k''-en er her ei herding av ''g'' etter ''s''. Bygdeuttalen no syner at siste lekken i namnet er hankyn. Ein må difor skriva ''Åsgard''.
'''Åsskard''' skriv dei fyrr på dansk ''Aasgaard'', og rettingi til ''Åsskard'' er tvillaust rang, av di namnet no vert uttala ''å’skaren'', i sidefall (dativ) ''å’skara''. Fyrste gong me finn detta namnet i skrift er i 1357 og det vert då og seinare i millomalderen skrive i ''Askard(e)'' eller dilikt med ''k''. Men ''k''-en er her ei herding av ''g'' etter ''s''. Bygdeuttalen no syner at siste lekken i namnet er hankyn. Ein må difor skriva ''Åsgard''.


'''Rindal''' vert uttala ''ri'nndalen'' med ''j''-fengen ''nn'' og kjem av gamalnorsk ''Rindodalr'' til eit gamalt elvenamn ''Rinda''. Etter uttale og upphav bør ein skriva ''Rinddal'
'''Rindal''' vert uttala ''ri’nndalen'' med ''j''-fengen ''nn'' og kjem av gamalnorsk ''Rindodalr'' til eit gamalt elvenamn ''Rinda''. Etter uttale og upphav bør ein skriva ''Rinddal''.


'''Brattvær''' vert uttala ''bra'ttvære'', sidefall (dativ) ''bra'ttværa'', og det er samansett av ordet ''bratt'' og gamalnorsk ''ver'', fiskever, som vanleg, men rangt vert skrive ''vær''. Ein bør skriva ''Brattver''.
'''Brattvær''' vert uttala ''bra’ttvære'', sidefall (dativ) ''bra’ttværa'', og det er samansett av ordet ''bratt'' og gamalnorsk ''ver'', fiskever, som vanleg, men rangt vert skrive ''vær''. Ein bør skriva ''Brattver''.




==Sør-Trøndelag fylke:==
==Sør-Trøndelag fylke:==


'''Stoksund''' vert uttala ''stå'kksonn'' og er samansett av ordi (ein) ''stokk'' og (eit) ''sund''. Ein bør difor sjølvsagt skriva ''Stokksund''.
'''Stoksund''' vert uttala ''stå’kksonn'' og er samansett av ordi (ein) ''stokk'' og (eit) ''sund''. Ein bør difor sjølvsagt skriva ''Stokksund''.


'''Kvenvær''' het på gamalnorsk ''Kvennaver'' og vert no uttala ''kvæ'nnværeææ med ''j''-fengen ''nn''. Namnet er samansett av gamalnorsk ''kvenna'', eigefall fleirtal til ordet (ei) ''kona'', , og gamalnorsk ''ver'', (fiske)ver. Ein må difor skriva ''Kvennver''.
'''Kvenvær''' het på gamalnorsk ''Kvennaver'' og vert no uttala ''kvæ’nnvære'' med ''j''-fengen ''nn''. Namnet er samansett av gamalnorsk ''kvenna'', eigefall fleirtal til ordet (ei) ''kona'', , og gamalnorsk ''ver'', (fiske)ver. Ein må difor skriva ''Kvennver''.


'''Vinje''' vert uttala ''vinnan', i sidefallet (dativ) ''vinno'' med ''j''-fengen ''nn''. Namnet er no bunde fleirtal til ordet ''vin'', eng. Upphavleg hev det vore nytta i ubunde eintal og heiter på gamalnorsk ''Vin'', men frå fyrst i 1400-åri òg i fleirtal ''Vinjar''. Ein bør no skriva ''Vinjan'' eller helst ubunde ''Vinjar'' til skilnad frå heradsnamnet ''Vinje'' i telemark.
'''Vinje''' vert uttala ''vinnan'', i sidefallet (dativ) ''vinno'' med ''j''-fengen ''nn''. Namnet er no bunde fleirtal til ordet ''vin'', eng. Upphavleg hev det vore nytta i ubunde eintal og heiter på gamalnorsk ''Vin'', men frå fyrst i 1400-åri òg i fleirtal ''Vinjar''. Ein bør no skriva ''Vinjan'' eller helst ubunde ''Vinjar'' til skilnad frå heradsnamnet ''Vinje'' i telemark.


'''Opdal''' het på gamalnorsk ''Uppdalr'' og vert no uttala ''ó'ppdal''. Ein må difor skriva ''Uppdal'' på norsk; det er rettare både etter upphav og uttale en ''Opdal'', og meir i samsvar med ålment norsk talemål.
'''Opdal''' het på gamalnorsk ''Uppdalr'' og vert no uttala ''ó’ppdal''. Ein må difor skriva ''Uppdal'' på norsk; det er rettare både etter upphav og uttale en ''Opdal'', og meir i samsvar med ålment norsk talemål.


'''Brekken''' er bunde fall til (ei) ''brekka''. Ein må sjølvsagt skriva ''Brekka'' på norsk.
'''Brekken''' er bunde fall til (ei) ''brekka''. Ein må sjølvsagt skriva ''Brekka'' på norsk.
Line 203: Line 204:
'''Ålen''' het på gamalnorsk ''Ál'' og vert no i bygdemålet uttala ''å´la'', i sidefall (dativ) ''å´len''. Uttalen no syner at ordet er hokyn. Ein må difor skriva ''Åla''.
'''Ålen''' het på gamalnorsk ''Ál'' og vert no i bygdemålet uttala ''å´la'', i sidefall (dativ) ''å´len''. Uttalen no syner at ordet er hokyn. Ein må difor skriva ''Åla''.


Namnet '''Holtålen''' er kjent frå 1345 og vert då skrive ''i Holtdale''. Seinare er ikkje namnet nemnt fyrr etter 1400 og vert då og seinare skrive ''Holtålen'' eller dilikt som no. Men det vert uttala ''ha'ljtdałen''. Denna uttalen og skriftskapet frå 1345 syner at siste lekken er ordet ''dal''. Kva fyrste lekken tyder er uvisst; men det er vonleg ordet (eit) ''holt''. Ein bør skriva ''Haltdal'' etter bygdeuttalen. Skriftskapet ''Holtålen'' hev truleg kome upp ved påverknad frå skriftnamnet på grannebygdi ''Ålen'', men hev snaudt vore nytta i målføret på staden nokon gong.
Namnet '''Holtålen''' er kjent frå 1345 og vert då skrive ''i Holtdale''. Seinare er ikkje namnet nemnt fyrr etter 1400 og vert då og seinare skrive ''Holtålen'' eller dilikt som no. Men det vert uttala ''ha’ljtdałen''. Denna uttalen og skriftskapet frå 1345 syner at siste lekken er ordet ''dal''. Kva fyrste lekken tyder er uvisst; men det er vonleg ordet (eit) ''holt''. Ein bør skriva ''Haltdal'' etter bygdeuttalen. Skriftskapet ''Holtålen'' hev truleg kome upp ved påverknad frå skriftnamnet på grannebygdi ''Ålen'', men hev snaudt vore nytta i målføret på staden nokon gong.


'''Soknedal''' vert uttala ''só'kndæłen'' og het på gamalnorsk ''Soknadalr'', truleg av eldre ''Soknardalr''. Fyrste lekken er elvenamnet ''Sokna'', som er bunde fall til det gamle upphavlege elvenamnet ''Sokn''. Ein bør skriva ''Sokndal'' etter bygdeuttalen.
'''Soknedal''' vert uttala ''só’kndæłen'' og het på gamalnorsk ''Soknadalr'', truleg av eldre ''Soknardalr''. Fyrste lekken er elvenamnet ''Sokna'', som er bunde fall til det gamle upphavlege elvenamnet ''Sokn''. Ein bør skriva ''Sokndal'' etter bygdeuttalen.




==Nord-Trøndelag fylke:==
==Nord-Trøndelag fylke:==


'''Ytterøy''' vert uttala ''ý'ttrøya'' og het på gamalnorsk ''Øyen ytre'' og seinare ''Ytreøy'', d. e. den ytre øyi i motsetnad til ''Øyen iðre'' (av innre), og seinare ''In(d)reøy'', d. e. den indre øyi, som no kallast ''i'nnerøya'' med ''j''-fengen ''nn'' i målføret, men rangt vert skrivi ''Inderøy''. Ein må skriva ''Ytrøy'' og ''Indrøy'' eller ''Innerøy''. Skriftskapi ''Ytterøy'' og ''Inderøy'' høyrer ingen stad heima i norsk mål.
'''Ytterøy''' vert uttala ''ý’ttrøya'' og het på gamalnorsk ''Øyen ytre'' og seinare ''Ytreøy'', d. e. den ytre øyi i motsetnad til ''Øyen iðre'' (av innre), og seinare ''In(d)reøy'', d. e. den indre øyi, som no kallast ''i’nnerøya'' med ''j''-fengen ''nn'' i målføret, men rangt vert skrivi ''Inderøy''. Ein må skriva ''Ytrøy'' og ''Indrøy'' eller ''Innerøy''. Skriftskapi ''Ytterøy'' og ''Inderøy'' høyrer ingen stad heima i norsk mål.


'''Verran''' het på gamalnorsk ''Vere'' og vert no uttala ''vå'rrån'', sidefall ''vå'rråm'', som er bunde fleirtal til det gamalnorske namnet. Ein bør helst skriva ''Vårrån'' heilt etter uttalen. Namnet er upphavleg fjordnamn.
'''Verran''' het på gamalnorsk ''Vere'' og vert no uttala ''vå’rrån'', sidefall ''vå’rråm'', som er bunde fleirtal til det gamalnorske namnet. Ein bør helst skriva ''Vårrån'' heilt etter uttalen. Namnet er upphavleg fjordnamn.


'''Inderøy''' sjå under ''Ytterøy'' ovanfor.
'''Inderøy''' sjå under ''Ytterøy'' ovanfor.
Line 218: Line 219:
'''Snåsa''' het på gamalnorsk ''Snǫs'' (eigefall ''Snasar'') og vert no uttala ''sna´sa'', sidefall (dativ) ''sna´sen''. Namnet er same ord som gamalnorsk ''snǫs'' bergnos, framskoten berghamar. Yvergangen frå gamalnorsk ''Snǫs'' til nynorsk ''Snaasa'' er som t. d. i gamalnorsk ''hǫnd'' til nynorsk ''hand(a)''. Ein må difor skriva ''Snos'' liksom i gamalnorsk eller ''Snasa'' etter bygdeuttalen.
'''Snåsa''' het på gamalnorsk ''Snǫs'' (eigefall ''Snasar'') og vert no uttala ''sna´sa'', sidefall (dativ) ''sna´sen''. Namnet er same ord som gamalnorsk ''snǫs'' bergnos, framskoten berghamar. Yvergangen frå gamalnorsk ''Snǫs'' til nynorsk ''Snaasa'' er som t. d. i gamalnorsk ''hǫnd'' til nynorsk ''hand(a)''. Ein må difor skriva ''Snos'' liksom i gamalnorsk eller ''Snasa'' etter bygdeuttalen.


'''Høylandet''' vert uttala ''hå'llånnå'', sidefall (dativ) ''hå'llånn'', med ''j''-fengen ''nn'', og het på gamalnorsk ''Høylander'', der fyrste lekken er ordet (eit) ''høy'' og siste lekken eit fleirtalskap nytta i stadnamn til ordet (eit) ''land''. EIn må difor skriva ''Høyland'' eller helst ''Høylonda'' i samsvar med uttalen. Heradsnamnet ''Høllonda'' i Sør-Trøndelag fylke er same namnet og hev same uphav; det skriv ein no etter uttalen (''hø'llånnå'', sidefall ''hø'llåndå'' med ''j''-fengne ''n''-ar).
'''Høylandet''' vert uttala ''hå’llånnå'', sidefall (dativ) ''hå’llånn'', med ''j''-fengen ''nn'', og het på gamalnorsk ''Høylander'', der fyrste lekken er ordet (eit) ''høy'' og siste lekken eit fleirtalskap nytta i stadnamn til ordet (eit) ''land''. EIn må difor skriva ''Høyland'' eller helst ''Høylonda'' i samsvar med uttalen. Heradsnamnet ''Høllonda'' i Sør-Trøndelag fylke er same namnet og hev same uphav; det skriv ein no etter uttalen (''hø’llånnå'', sidefall ''hø’llåndå'' med ''j''-fengne ''n''-ar).


'''Otterøy''' vert uttala ''å'trøy'' og kjem av gamalnorsk ''Otrøy'', der fyrste lekken er dyrenamnet ''oter''. Ein må difor skriva ''Otrøy''.
'''Otterøy''' vert uttala ''å’trøy'' og kjem av gamalnorsk ''Otrøy'', der fyrste lekken er dyrenamnet ''oter''. Ein må difor skriva ''Otrøy''.


'''Foldereid''' kallast på staden ''få'lla'', sidefall (dativ) ''få'llen, og het på gamalnorsk ''Fold'', som upphavleg er fjordnamn med tydingi sletta. ''Foldereid'' er i bygdemålet berre eit gardsnamn, uttala ''fa'llré'' med ''j''-fengen ''ll''. På gamalnorsk het garden ''Foldareið'', som er samansett av eigefall til fjordnamnet ''Fold'', og ''eið'', (eit) eid. Ein bør difor kalla heradet ''Folda'' slik som det heiter i bygdemålet i samsvar med gamalnorsk, og gardern ''Foldereid''.
'''Foldereid''' kallast på staden ''få’lla'', sidefall (dativ) ''få’llen, og het på gamalnorsk ''Fold'', som upphavleg er fjordnamn med tydingi sletta. ''Foldereid'' er i bygdemålet berre eit gardsnamn, uttala ''fa’llré'' med ''j''-fengen ''ll''. På gamalnorsk het garden ''Foldareið'', som er samansett av eigefall til fjordnamnet ''Fold'', og ''eið'', (eit) eid. Ein bør difor kalla heradet ''Folda'' slik som det heiter i bygdemålet i samsvar med gamalnorsk, og gardern ''Foldereid''.


==Nordland fylke:==
==Nordland fylke:==
Line 228: Line 229:
'''Bindal''' het på gamalnorsk ''Birnodalr'' og vert no uttala ''binndałen'' med ''j''fengen ''nn''. Fyrste lekken i namnet er ordet ''birna'', hobjørn. Ein må skriva ''Binndal'' med tvo ''n''-ar.
'''Bindal''' het på gamalnorsk ''Birnodalr'' og vert no uttala ''binndałen'' med ''j''fengen ''nn''. Fyrste lekken i namnet er ordet ''birna'', hobjørn. Ein må skriva ''Binndal'' med tvo ''n''-ar.


'''Evenes''' vert uttala ''ø'vnes'' og kjem kann henda av gamalnorsk ''Øyvindarnes'', til mannsnamnet ''Øyvind''. Ein bør skriva ''Øvnes'' etter bygdeuttalen.
'''Evenes''' vert uttala ''ø’vnes'' og kjem kann henda av gamalnorsk ''Øyvindarnes'', til mannsnamnet ''Øyvind''. Ein bør skriva ''Øvnes'' etter bygdeuttalen.


'''Borge''' vert no uttala ''bårg'', men het på gamalnorsk ''Borgar'', som er fleirtal til (ei) ''borg'',. Ein bør skriva ''Borg'' etter bygdeuttalen eller ''Borgar'' etter upphavet.
'''Borge''' vert no uttala ''bårg'', men het på gamalnorsk ''Borgar'', som er fleirtal til (ei) ''borg'',. Ein bør skriva ''Borg'' etter bygdeuttalen eller ''Borgar'' etter upphavet.
Line 234: Line 235:
'''Buksnes''' vert no uttala ''bókksnes'' og het på gamalnorsk ''Boknes''. Ein må skriva ''Boksnes'' med ''o''.
'''Buksnes''' vert no uttala ''bókksnes'' og het på gamalnorsk ''Boknes''. Ein må skriva ''Boksnes'' med ''o''.


'''Værøy''' vert uttala ''væ'røya''' og het på gamalnorsk ''Veðrøy''. Fyrste lekken i namnet er gamalnorsk ''veðr'', (eit) ver. Ein bør skriva ''Verøy'' i samsvar med vanleg norsk skrivemåte.
'''Værøy''' vert uttala ''væ’røya'' og het på gamalnorsk ''Veðrøy''. Fyrste lekken i namnet er gamalnorsk ''veðr'', (eit) ver. Ein bør skriva ''Verøy'' i samsvar med vanleg norsk skrivemåte.


'''Hadsel''' vert uttala ''ha´ssel'' og het på gamalnorsk '' Hǫfðasegl'', av ''hǫfðe'', hovde, rundvoren haug eller nut, og ordet (eit) ''segl''. Ein bør skriva ''Hassel'' etter bygdeuttalen.
'''Hadsel''' vert uttala ''ha´ssel'' og het på gamalnorsk '' Hǫfðasegl'', av ''hǫfðe'', hovde, rundvoren haug eller nut, og ordet (eit) ''segl''. Ein bør skriva ''Hassel'' etter bygdeuttalen.


''Langesnes''' het på gamalnorsk ''Langanes'', men vert no uttala ''la'ngnés''. Ein bør skriva ''Langnes'' etter bygdeuttalen.
'''Langesnes''' het på gamalnorsk ''Langanes'', men vert no uttala ''la’ngnés''. Ein bør skriva ''Langnes'' etter bygdeuttalen.


'''Dverberg''' vert no uttala ''tvæ'rberg''. Namnet er kjent frå fyrst i 1500-åri og vert då og seinare vanleg skrive ''Dverberg'' eller dilikt, men i 1661 ein gong ''Tverberg''. Fyrste lekken i namnet er vonleg ordet (ein) ''dverg'' som i bygdemåli òg kann heita ''tverg''. Men ein bør no skriva ''Tverberg'' etter uttalen.
'''Dverberg''' vert no uttala ''tvæ’rberg''. Namnet er kjent frå fyrst i 1500-åri og vert då og seinare vanleg skrive ''Dverberg'' eller dilikt, men i 1661 ein gong ''Tverberg''. Fyrste lekken i namnet er vonleg ordet (ein) ''dverg'' som i bygdemåli òg kann heita ''tverg''. Men ein bør no skriva ''Tverberg'' etter uttalen.


==Trums fylke:==
==Trums fylke:==


'''Trondenes''' vert uttala ''tró'nés'' og het på gamalnorsk ''Þróndarnes''. Fyrste lekken er truleg gamalnorsk ''þróndr'' (eigefall ''þróndar''), galte. Ein bør no skriva ''Trondnes'' i samsvar med uttalen.
'''Trondenes''' vert uttala ''tró’nés'' og het på gamalnorsk ''Þróndarnes''. Fyrste lekken er truleg gamalnorsk ''þróndr'' (eigefall ''þróndar''), galte. Ein bør no skriva ''Trondnes'' i samsvar med uttalen.


'''Ibestad''' het på gamalnorsk ''Ivarsstaðer'' og vert no uttala ''i'ppsta''. Fyrste lekken er mannsnamnet ''Ivar''. Ein må skriva ''Ipstad'' etter bygsdeuttalen eller ''Ivarsstad'' etter upphav og tyding.
'''Ibestad''' het på gamalnorsk ''Ivarsstaðer'' og vert no uttala ''i’ppsta''. Fyrste lekken er mannsnamnet ''Ivar''. Ein må skriva ''Ipstad'' etter bygsdeuttalen eller ''Ivarsstad'' etter upphav og tyding.


'''Lenvik''' vert uttala ''læ'nnvika'' med ''j''-fengen ''nn'' og het på gamalnorsk ''Lengjovík''. Fyrste lekken er eit elvenamn ''Lengja'' til lang. Ein bør skriva ''Lengjevik''. Skriftskapet ''Lenvik'' høver ikkje til bygdeuttalen med ''j''-fengen ''nn''.
'''Lenvik''' vert uttala ''læ’nnvika'' med ''j''-fengen ''nn'' og het på gamalnorsk ''Lengjovík''. Fyrste lekken er eit elvenamn ''Lengja'' til lang. Ein bør skriva ''Lengjevik''. Skriftskapet ''Lenvik'' høver ikkje til bygdeuttalen med ''j''-fengen ''nn''.


'''Tromsøysund''' er ei umlaging av ''tromsøsund'', som dei fyrr skreiv på dansk. Fyrste lekken er bynamnet ''Trums'', som upphavleg hev vore namn på øyi der byen ligg og i dansk skrift er umlaga til ''Tromsø'' um byen og ''Tromsøen'' um øyi. Ein må difor skriva ''Trumsesund'' på norsk. Tydingi i namnet ''Trums'' er uviss; men namnet heng truleg saman med ordet straum. Øyi hev då vonleg namn etter straumen i sundet millom ''Trums'' og ''Kvaløy''.
'''Tromsøysund''' er ei umlaging av ''tromsøsund'', som dei fyrr skreiv på dansk. Fyrste lekken er bynamnet ''Trums'', som upphavleg hev vore namn på øyi der byen ligg og i dansk skrift er umlaga til ''Tromsø'' um byen og ''Tromsøen'' um øyi. Ein må difor skriva ''Trumsesund'' på norsk. Tydingi i namnet ''Trums'' er uviss; men namnet heng truleg saman med ordet straum. Øyi hev då vonleg namn etter straumen i sundet millom ''Trums'' og ''Kvaløy''.


'''Karlsøy''' vert uttala ''ka'llsøya''. Namnet er kjent frå 1567 og vert då fyrst i 1600-åri på dansk skrive ''Kalsø'', og ''Carsløen'' i riksjordeboki frå 1723. Ein må skriva ''Kallsøy'' etter bygdeuttalen.
'''Karlsøy''' vert uttala ''ka’llsøya''. Namnet er kjent frå 1567 og vert då fyrst i 1600-åri på dansk skrive ''Kalsø'', og ''Carsløen'' i riksjordeboki frå 1723. Ein må skriva ''Kallsøy'' etter bygdeuttalen.




==Finnmark fylke:==
==Finnmark fylke:==


Namnet '''Talvik''' er kjent frå umkring 1600 og vert då på dansk skrive ''Tellevigen'' og ''Talvigen'' eller dilikt, og ''Talleviken'' i 1723. Uttala no er ''ta'llvik''. Fyrste lekken hev tydeleg skift millom gamalnorsk ''Þelle'' (inkjekyn), stad der det veks toll, fura, og ''Þǫll'' (eigefall ''Þallar''), toll, fura. Ein må skriva ''Tallvik'' med ''ll'' i samsvar med uttala og upphav.
Namnet '''Talvik''' er kjent frå umkring 1600 og vert då på dansk skrive ''Tellevigen'' og ''Talvigen'' eller dilikt, og ''Talleviken'' i 1723. Uttala no er ''ta’llvik''. Fyrste lekken hev tydeleg skift millom gamalnorsk ''Þelle'' (inkjekyn), stad der det veks toll, fura, og ''Þǫll'' (eigefall ''Þallar''), toll, fura. Ein må skriva ''Tallvik'' med ''ll'' i samsvar med uttala og upphav.


'''Berlevåg''' het upphavleg ''Perlevåg'', av di dei hev funne perleskjel i ein elvos der. Namnet er kjent frå sist i 1600-åri og vert då og umkring 1700 skrive ''Berlevåg'' eller dilikt, men ''Perlevåg'' i 1744. Uttalen med ''b'' i framljod hev truleg kome upp ved påverknad frå finsk, der namnet heiter ''Bǣrral-vākke'', d. e. Perlevåg. Ein bør helst skriva ''Perlevåg''.
'''Berlevåg''' het upphavleg ''Perlevåg'', av di dei hev funne perleskjel i ein elvos der. Namnet er kjent frå sist i 1600-åri og vert då og umkring 1700 skrive ''Berlevåg'' eller dilikt, men ''Perlevåg'' i 1744. Uttalen med ''b'' i framljod hev truleg kome upp ved påverknad frå finsk, der namnet heiter ''Bǣrral-vākke'', d. e. Perlevåg. Ein bør helst skriva ''Perlevåg''.


'''Vardø landsokn''' hev namn etter den byen som no på dansk kallast ''Vardø''; bynamnet er frå fyrst av øynamn, og øyi het upphavleg på gamalnorsk ''Vargøy'', som er samansett med ordet ''varg'', ulv. Men sist i millomalderen vert detta namnet umskift mwed ''Vordøy'', på dansk skrive ''Va(a)rdø'' eller dilikt, som svarar til gamalnorsk ''Vǫrð(o)øy'' av ''varða'', varde. Dei hadde då bygt eit varvirke (festningsverk) der. I målføret vert namnet no uttala ''vårøya''. Det vilde difor høva godt å taka uppatt det upphavlege namnet ''Vargøy'' på øyi og heradet; men lata byen hava det upphavlege namnet og skriva det ''Vordøy'' i samsvar med uttala, upphav og tyding.
'''Vardø landsokn''' hev namn etter den byen som no på dansk kallast ''Vardø''; bynamnet er frå fyrst av øynamn, og øyi het upphavleg på gamalnorsk ''Vargøy'', som er samansett med ordet ''varg'', ulv. Men sist i millomalderen vert detta namnet umskift med ''Vordøy'', på dansk skrive ''Va(a)rdø'' eller dilikt, som svarar til gamalnorsk ''Vǫrð(o)øy'' av ''varða'', varde. Dei hadde då bygt eit varvirke (festningsverk) der. I målføret vert namnet no uttala ''vårøya''. Det vilde difor høva godt å taka uppatt det upphavlege namnet ''Vargøy'' på øyi og heradet; men lata byen hava det upphavlege namnet og skriva det ''Vordøy'' i samsvar med uttala, upphav og tyding.


[[Eivind Vágslid]]
[[Eivind Vágslid]]
[[Kategori:Innlesne teigar]]

Siste versjonen frå 18. mars 2022 kl. 13:16

Denne teigen er førd yver frå ei papirutgåva og kann hava lyte. Sjå Innlesne bøker for fleire av desse.

Teig frå Norsk Årbok 1934 av Eivind Vágslid

I.

Dei fleste heradsnamni vert no skrivne på norsk gjerd anten i samsvar med vanleg norsk skrivesed eller norsk uttale. Men det finst enno mange heradsnamn som vert skrivne på ein unorsk eller uhøveleg måte. Dessa skal her i det fylgjande verta uppnemnde serskilt for kvert fylke. (I uttale-merkjingane tyder teiknet ’ tvostavings og ´ einstavings ljodfall).

Austfold fylke:

Askim het upphavleg Askheim, gamalnorsk Askheimr, og vert no i målføret på staden uttala a’sjømm. Ein bør difor skriva Askheim eller Askjøm. Sokni Askim het i gamal tid Eid, og prestegarden i Askim segjest i bygdi ha heitt Koltorp. I detta og dilike høve der ein hev eller hev havt serskilt namn på hovudsokni og prestegarden, bør ein nytta dei, so ein slepp hava same namn på prestegarden, hovudsokni, pretegjeldet og (eller) heradet, soleis som det tidt er no, av di hovudsokni i eit prestegjeld ofta hev namn etter prestegarden og prestegjeldet atter etter hovudsokni.

Spydeberg het på gamalnorsk Spjótaberg og vert no uttala spe’bær. Ein må på norsk skrive Speberg etter uttalen, eller taka uppatt det gamle namneskapet Spjotaberg. Namnet er samansett med ordet spjot.

Skiptvet vert i gamalnorsk frå umkring 1300 skrive Skygþeit og frå sist i 1300-åri dessutan Skipþeit. Men Skygþeit er tydeleg det mest upphavlege, og namnet vert no uttala sjæ’tve. Ein bør då skriva Skjetve etter uttalen, eller helst Skjetveit, av di namnet truleg ikkje hev nokon ting med skip å gjera.

Degernes het på gamalnorsk Digranes, d. e. det store neset til ordet diger, stor, og namnet vert no uttala de’nes. Ein bør skriva Denes etter uttalen eller Digernes etter upphav og tyding. Skriftskapet Degernes er ei heimløysa som ikkje hev grunnlag i nynorsk uttale eller vanleg skrivemåte, og heller ikkje i gamalnorsk.

Rødenes kjem truleg av gamalnorsk Rauðanes, det raude neset, og vert no uttala rø’nes. Namnet skulde difor vera skrive Rødnes, men sokni Rødenes het i gamalnorsk tid Aursmǫrk etter Aurr, det gamle namnet på Rødenessjøen, og dessa gamle namni burde ein taka uppatt og skriva dei på nynorsk Aursmark og Aur. Jf. Aremark og Øymark. Namnet Aur er same ordet som aur, grusjord.

Hvaler burde ein skriva Valer etter uttalen. Namnet het Hvaler på gamalnorsk òg, og ordet er fleirtal til gamalnorsk hvalr, kval. Men ljodsambandet hv finst ikkje lenger i nynorsk; det vert no uttala kv, gv eller berre v, t. d. i gamalnorsk hvítr, som no vert uttala kvit ( det er det vanlegaste), gvit og vit.

Råde hev namn etter garden Roe og het på gamalnorsk Róða. Namnet er same ord som gamalnorsk róða, roda, stong. Gardsnamnet vert no uttala ró’e med trong ó, men heradsnamnet rå’e. Uttalen med å er rang og grunnar seg på ein rang skrivemåte, som kom upp umkring 1500. I 1500-åri finn ein både gardsnamnet og heradsnamnet, som då var soknenamn, skrive Raade. Men i gardsnamnet hev den upphavlege og rette uttalen halde seg. Ein må difor skriva både gardsnamnet og heradsnamnet Rode eller Roe.

Jeløy er eit rangt namneskap, som tydeleg hev kome upp ved ei mistyding. Namnet lydde på gamalnorsk Jǫlund eller Jalund og finst skrive soleis til umkring 1400. I talemålet vilde det gamalnorske namnet ljodrett verta til Jøl- eller Jælon(n), seinare til Jæløn(n), Jælen(n) eller dilikt, og sidan namnet upphavleg er eit øynamn, hev dei meint at siste lekken var ordet øy. Sist i 1500-åri finn ein soleis namnet på dansk skrive Jellenn og Jelløen. Det siste er tydeleg ei umlaging av eit talemålsskap soom dei hev meint var samansett med ordet øy. Likeins er det truleg med det noverande uttaleskapet jæløya. Ein burde difor taka uppatt det gamle namnet Jolund.

Akershus fylke:

Oppegård het på gamalnorsk Uppigarðr, men vert no uttala ó’ppegåł̣. Det noverande skriftskapet er soleis i samsvar med uttalen på staden. Men Uppigard vilde ha vore eit meir høvelegt ålmenn-norsk skriftskap.

Høland vert uttala hø´lann, men het på gamalnorsk Høylander, av ordet høy og eit serskild fleirtalsskap til land når det er nytta i stadnamn. Namnet tyder difor høyland, graslende. Ein bør skriva Høyland i samsvar med den ålmenne norske uttalen av ordet høy, serleg av di den noverande skrivemåten heller ikkje er i samsvar med bygdemålsuttalen. Heradi Nordre og Søndre Høland bør ein på norsk kalla Nord-Høyland og Sør-Høyland i samsvar med vanleg norsk skrivemåte og uttale elles.

Setskogen kjem truleg av gamalnorsk Seiðskógar og vert no uttala se´skauen. Ein må difor skriva Seskogen utan t.

Fet het på gamalnorsk Fit og er same ord som ei fit, våtlendt grasmark. Men namnet vert no uttala fett; ein bør difor òg helst skriva Fett etter uttalen.

Skedsmo het på gamalnorsk Skeiðesmór og vert no uttala sje’smo. Ein må då på nynorsk helst skriva Skeidsmo (uttala sjei’smo), som svarar godt både til upphavet og den noverande uttalen på staden. Namnet er samansett med ordet skeid, (kapp-)renn, og tyder ein mo der dei hev havt kapplaup, kappriding eller kappkøyring, eller som er høveleg til sovore.

Lillestrøm vert no uttala li’llestrømmen, so skriftskapet Lillestrøm er i samsvar med uttalen; men det er mykje uhøvelegt til landsjamne. Namnet burde på norsk vera skrive Litlestraum.

Gjerdrum het på gamalnorsk Gerðarin der fyrste lekken truleg er eit elvenamn Gerð, og namnet vert no uttala jæ’ł̣ómm (ł̣=rd). Ein bør difors helst skriva Gjerdum.

Ullensaker het på gamalnorsk Ullinshof eller Ullenshof. Men frå fyrst i 1500-åri vert namnet på dansk skrive Ullensager og dilikt, truleg av di det gamle upphavlege namnet på den tid vart uttlaa ullensog eller dilikt. Det noverande namnet grunnar seg i so fall på ei mistyding og er heilt rangt. Ein bør taka uppatt det gamle og upphavlege namnet Ullinshov, som er samansett av eit gamalt gudenamn Ullin og ordet (gude-)hov, og tyder ein stad der det hev stade eit hov for guden Ullin.

Feiring het på gamalnorsk Fegringar, som er ei avleiding i fleirtal til myndordet (adjektivet) fager, og namnet vert no i sjølve bygdi uttala fé’ring, men i sume andre Mjøsbygder fæ’gringen. Ein må difor anten skriva Fering etter uttalen i sjølve bygdi, eller helst Fegring etter upphav og tyding.

Heidmark fylke:

Romedal het på gamalnorsk Ruðmodalr og vert uttala ró’mdal. Ein burde helst skriva Romdal etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er truleg eit gamalt elvenamn Ruðma.

Hof het på gamalnorsk Hof og vert no liekeins som Hof i Vestfold rangt uttala håff, av di dei til dagleg i bygdemålet på staden berre nyttar namnet samansett med ordet sokn og uttalar det hå´ffsokn med ff fyre s-en i siste samansetjingslekken. Skriftskapet Hof med f hev nog òg verka til å styrkja den range uttalen. Namnet er upphavleg gardsnamn både på Heidmark og i Vestfold, og som gardsnamn vert det på båe stadene utalla håv. Ein må i nynorsk skriva både heradsnamnet og gardsnamnet Hov og uttala båe namni soleis som gardsnamni no vert uttala.

Uppland fylke:

Ringebu het på gamalnorsk Ringabú og vert no uttala ri’ngbú. Namnet er samansett av ordet ring og inkjekynsordet bu. Ein bør no skriva Ringbu etter uttalen.

Øyer het på gamalnorsk (i eigefall og sidefall) Øyja og vert no uttala øy’e i bygdemålet. Den etterhengde r-en som dei no dreg på i skrift, byrja å koma upp i dansketidi umkring 1500, men hev truleg aldri høyrt med til namnet eller vore nytta i norsk talemål. Ein bør difor skriva Øye etter uttalen. Namnet er avleidt av ordet øy.

Østre Gausdal må ein på norsk skriva Øystre Gausdal.

Snertingdalen het på gamalnorsk Snartheimdalr og hev namn etter garde Snartum, gamalnorsk Snarteimr av eldre Snartheimr. I sjølve bygdi segjer dei no berre Dalen; men i bygdene umkring kallast dalen Biridalen. Namnet Snertingdalen hev soleis ikkje grunnlag anten i gamalnorsk eller i nynorsk mål. Det grunnar seg på eit dansk skriftskap Snertingdal, som ko, upp i 1500-åri, men som snaudt nokon gong hev svara til talemålet. Ein bør difor taka eit anna namn og då anten nytta det nynorske namnet Biridal eller òg taka uppatt det gamle Snartheimsdal. Fyrste lekken i namnet er truleg ordet snart, brand, brend trelurk.

Toten het på gamalnorsk Þótn, og ein burde på nynorsk òg skriva Totn utan e, likeins som ein skriv botn, vatn. Østre Toten må ein på norsk skriva Øystre Totn.

Jevnaker het på gamalnorsk Jafnaker og vert no uttala jæ’mnåker. Ein må på norsk skriva Jamnåker. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) jamn og ordet (ein) åker.

Søndre Land og Nordre Land må på norsk heita Søre (eller Syndre) Land og Nørdre Land.

Buskerud fylke:

Norderhov het på gamalnorsk Njarðarhof og tyder hovet åt guden Njord (gamalnorsk Njǫrð, eigefall Njarðar), av di der ein gong hev stade eit hov for Njord. I bygdemålet vert namnet uttala nø’ł̣rú. Skriftskapet Norderhov vantar grunnlag både i talemålet og i gamalnorsk, og er villeidande attpå. Ein må anten skriva Nørderhov i samsvar med uttalen eller Njardarhov etter upphav og tyding.

Flå vert uttala flø og kjem truleg av eit gamalnorsk Fløð(r), same ord som fløð(r), flod, yverfløyming. Ein må difor skriva Flø. Det er òg serksilt grunn til det av di det finst eit herad i Sør-Trøndelag som rett vert skrive Flå.

Vestfold fylke:

Strømm het på gamalnorsk Straumr (straum) og vert no uttala strø´mmen. Detta namnet burde ein skriva Straum eller Straumen. Det noverande skriftskapet er reint uhøvelegt og ikkje i samsvar med skrivemåten anten i norsk eller norskdansk riksmål.

Hof må ein på norsk skriva Hov. Sjå Hof under Heidmark fylke.

Sem het på gamalnorsk Sæmr av eldre *Sæheimr, og vert no uttala sæmm. Ein må difor skriva Sæm. Namnet er samansett av gamalnorsk sær, sjø og heimr, heim.

Brunlanes er eit nytt namn etter den gamle stormansgarden Brunla i Tanum sokn. På gamalnorsk het bygdi Nesjar, som er eit serskilt fleritalsskap nytta i stadnamn til ordet (eit) nes. Seinare i millomalderen nyttar dei namnet i eintal Neset, og på staden vert det enno uttala næ´se. Ein burde taka uppatt det gamle namnet Nesjar. Neset vilde òg i og for seg vera eit godt norsk namn; men det er so mange stader i landet som heiter soleis at det ikkje er høvelegt av den grunn.

Hedrum het på gamalnorsk Heiðarheimr der fyrste lekken er eigefall til gamalnorsk heiðr, heid, og siste ordet heim. Namnet vert no uttala hé’rómm. Ein burde helst skriva Herum etter uttalen eller òg Heidrum etter upphavet.

Telemark fylke:

Skåtøy er upphavleg gardsnamn og het på gamalnorsk Skotøy. Fyrste lekken er ordet (eit) skot um ein berghamar eller dilikt som skyt (sting) seg fram. Ein må difor skriva Skotøy.

Hovin het på gamalnorsk Hofvina(r) bygð og vert enno uttala håvennbýgd. Ein bør difor skriva Hovinbygd. Bygdi hev namn etter ein gamal burtkomen gard, Hovin, av gamalnorsk hof, gudehov og eit gamalt ord vin, eng.

Seljord het upphavleg på gamalnorsk Seljogerðe, d. e. seljegjerdet, og vert skrive soleis eller dilikt i 1300-åri. Seinare i millomalderen kallast bygdi Seljogjorde eller avstytt Seljogjord, der gjorde er ei umlaging av gerðe. Til sist hev so namnet vorte avstytt til Selgjord, og soleis bør ein skriva det, ikkje utan g.

Rauland het på gamalnorsk Rauðaland og er anten samansett med myndordet (adjektivet) raud eller ordet (ein) raude (myrmalm), som er laga av raud. Ein må difor skriva Raudland med d.

Aust-Agder fylke:

Vegårshei hev namn etter vatnet Vegår (eller Vegårsfjord), gamalnorsk Viger, som kann henda tyder den innvigde, heilage sjøen. Siste lekken i namnet er gamalnorsk heiðr, heid, som deo no vanleg skriv hei. Men ein burde skriva heid både i stadnamn og elles og difor Vegårsheid. - På same måte burde det vera lid i namn av gamalnorsk líð.

Søndeled vert no uttala sø’nnlé eller sø’nnli og het på gamalnorsk Sundaleið, som er samansett av eigefall fleirtal til ordet sund og gamalnorsk leið, leid. Ein bør skriva Sundleid etter upphav og tyding.

Østre Moland må ein på norsk skriva Øystre Moland. Moland het på gamalnorsk Móðgoland og er truleg samansett med eit elvenamn Móðga, som tykkjest vera ei avleiding til modug eller modig.

Tromøy het på gamalnorsk Þruma og vert no uttala tró’mme. Ein bør skriva Trume eller Truma. Namnet hev ingenting med ordet øy å gjera. Tromøy er ei umlaging av det eldre danske skriftskapet Tromø, og det er ei vanleg dansk rengjing av norske stadnamn med e i utljod. Jf. t. d. Florø for Flora.

Hisøy het på gamalnorsk Hís og vert i bygdemålet enno uttala hís. Ein må difor skriva His. Namneskapet Hisøy hev kome upp på same vis som Tromøy.

Øyestad het på gamalnorsk Øyjarsstaðer og vert no uttala øy´sta. Ein bør skriva Øystad utan den daude e-en. Fyrste lekken i namnet er truleg mannsnamnet Øyjarr.

Høvåg vert no uttala hø’vår og het på gamalnorsk Høyvágar, av ordet høy og fleirtal til (ein) våg, vatn, vik. Ein bør skriva Høyvågar. Skriftskapet Høvåg er både uhøvelegt og rangt - uhøvelegt av di fyrste lekken minner um dansk , og ikkje um norsk høy, og rangt av di siste lekken både etter uttale og upphav er fleirtal, ikkje eintal.

Bygland er samansett med kornnamnet bygg og vert alle stader i landet uttala by’ggland. Ein må difor sjølvsagt skriva Byggland på norsk.

Vest-Agder fylke:

Namnet Vennesla er kjent frå sist i 1500-åri og vert då og framyver i 1600-åri jamt skrive Vendesla eller dilikt med nd. Det er uvisst kva nemnet tyder; men det er heilt visst at det upphavleg hev havt ljodsambandet nd, ikkje nn. Ein bør difor skriva Vendesla i samsvar med vanleg skrivemåte elles. På staden segjer dei no væ’nnesla likeins som dei t. d. segjer lann i staden for land.

Laudal vert no uttala lau’dal, men het på gamalnorsk Lauga(r)dalr, som er samansett med elvenamn Laug, same ord som gamalnorsk og nynorsk laug, bad, vatn. Ein bør skriva Laugdal, av di ein vanleg skriv g-en elles i slike høve, um han so hev falle burt i uttalen i mange norske målføre.

Konsmo vert uttala kå’nnsmo, men er samandrege av gamalnorsk Konungsmór og samansett med gamalnorsk konungr, konge. Ein bør difor skriva Kongsmo.

Bakke vert uttala bakka og er anten fleirtal eller sidefall eintal til ordet (ein) bakke. Ein må difor skriva Bakka.

Rogaland fylke:

Bjerkreim vert uttala bjæ’rkrei og bjar’krei og het på gamalnorsk Bjarkreimr, som kjem av eldre Bjarkarheimr og er samansett av gamalnorsk bjǫrk (eigefall bjarkar) og heimr. Ein bør difor skriva Bjarkreim liksom i gamalnorsk; det er lika mykje i samsvar med den noverande uttalen som skriftskapet Bjerkreim.

Eigersund uttalar dei ei’gersonn i målføret på staden, men Eikersund eller dilikt lenger uppe i landet. Namnet kjem av gamalnorsk Eikundarsund etter Eikund, det gamalnorske namnet på den øyi som dei no på staden kallar Eigerøy. Fyrste stavingi er ordet eik, og Eikund tyder retteleg ein stad der det er mykje eik. Ein bør difor helst skriva Eikersund og Eikerøy.

Vikedal het på gamalnorsk Víkadalr og vert enno uttala ví’kadal. Ein må difor skriva Vikadal. Fyrste lekken i namnet er eigefall fleirtal til ordet (ei) vik.

Sjernarøy vert no uttala sjý’ddnarøyadne som svarar til skriftskapet Sjørnarøyane, og soleis bør ein skriva namnet, eller helst i eintal Sjørnarøy. På gamalnorsk het det Sjǫrn, frå sist i 1300-åri òg skrive Sjarnarøy, der fyrste lekken er eigefall til det usamansette namnet Sjǫrn.

Skudenes uttalar dei sku’ddnes i målføret på staden; men lenger nord segjer dei sk’utnes. Namnet kjem av gamalnorsk Skútones, og er samansett med ordet skuta, framskoten bergknatt. Etter upphav og vanleg norsk uttale er det rettast å skriva Skutenes. Skriftskapet Skudenes byggjer heller ikkje på bygdemålsuttalen på staden, men på dansk skrivesed.

Utsira het på gamalnorsk Síre (eigefall av Sira) og vert no kalla si’ra. Ein må difor skriva Sira. Namnet er upphavleg øynamn.

Tysvær vert uttala ty’ssvør og het på gamalnorsk Teitsfjǫrð, truleg av eit gamalt mannsnamn Teitr og gamalnorsk fjǫrðr, fjord. Ein bør skriva Tysvør med ø etter uttalen. Det er rettare etter upphavet òg.

Vats vert uttala vass. Heradet hev namn etter garden Vatne, og namnet er framkome or samansetjingi Vass-sokn av eldre Vatns sokn. Ein burde difor skriva Vass eller helst taka uppatt det gamle og rettaste namnet Va(tn)ssokn.

Hordaland fylke:

Fjelberg vert no uttala fjæ’llber og het på gamalnorsk Fjǫlbyrja, som tyder ein stad der det er rikeleg bør, til gamalnorsk fjǫl-, mykje, og byrr, bør. Det er rangt å skriva g i detta namnet.

Bruvik het på gamalnorsk Brúnvik og vert no uttala brøk. Namnet er samansett av myndordet (adjektivet) brun og ordet (ei) vik. Ein må skriva Brunvik etter upphav og tyding eller Brøk etter uttalen.

Hjelme vert uttala jæ’lmo og kjem av gamalnorsk hjalmr, hjelm. EIn må skriva Hjelmo eller Hjelma.

Evanger het på gamalnorsk Ævanger og vert no uttala æ’vónga. Ein bør skriva Ævanger i nynorsk likeins som i gamalnorsk. Fyrste lekken i namnet heng saman med gamalnorsk æja, beita, og namnet tyder difor beitevangane, truleg av di dei hev beitt hestar der. Den gamle klyvvegen frå Voss gjekk um Ævanger.

Sogn og Fjordane fylke:

Førde kjem av gamalnorsk í Firðe, frå fyrst i 1300-åri òg skrive í Fyrde, som er sidefall (dativ) til gamalnorsk Fjǫrðr og same ord som fjǫrðr, fjord. Ein bør difor skriva Fyrde. Namnet vert no uttala fø’re eller fy’re med open ỳ som vanleg fyre r (i dei ytre bygdene i Sunnfjord òg med ein trongare y).

Selje het på gamalnorsk Selja og vert enno uttala sæ’lja. Ein Må difor sjølvsagt skriva Selja.

Eid er berre skriftnamn. Bygdi het på gamalnorsk upphavleg Øyger og seinare Øygesfjǫrðr, og i bygdemålet umkring kallast ho no ei’ssfjoden, som er ei umlaging av gamalnorsk Øygesfjǫrðr, truleg med påverknad frå namnet på hovudbygdi i heradet: Eidet eller Nordfjordeid. Øyger er upphavleg fjordnamn. Jf. EId og Eide i Møre fylke.

Hornindal het på gamalnorsk Hornynja(r)dalr og vert no uttala ho’nndalinn med j-fengne n-ar. Ein bør skriva Hornyndal etter upphavet eller helst Horndal etter bygdeuttalen. Fyrste lekken i namnet er eit gamalt gardsnamn Hornynjar, av ordet (eit) horn og so eit fleirtalsavbrigde til eit gamalt ord vin (fleirtal vinjar), eng.

Breim vert uttala breimn og het på gamalnorsk Breiðefne, av gamalnorsk breiðr, breid og efne, emne. Ein bør skriva Breimn etter uttalen, som òg svarar til upphavet.


Møre fylke:

Syvde uttalar dei no på staden sy’vdinn med j-fengen nn likeins som dei segjer va’nylvinn med j-fengen nn for Vannylven. Dei tvo namni het på gamalnorsk Vanifler og Sybðer, og er båe tvo fjordnamn upphavleg. Ein burde difor skriva Syvden likeins som Vanylven. Den ulike skrivemåten no kjem av at dei fyrr på dansk skreiv Vannelven, men Søvde.

Roald vert uttala ró’øll og kjem av gamalnorsk Róǫld. Ein må difor skriva Roold eller Roøld.

Eid kallast vanleg ei`ssbygda. Ein bør skriva Eidsbygd. Heradet hev namn etter garden Eide i bygdi.

Hen vert uttala hænn og kjem truleg av gamalnorsk Hæn, eldre *Hå-vin. Ein må difor skriva Hæn eller Hænn etter uttalen. Fyrste lekken i namnet er vonleg anten gamalnorsk hår, høg, eller ordet (ei) , etterslått; siste lekken er ordet vin, eng.

Bolsøy vert uttala bø’lsøyna og het på gamalnorsk Bylingsøy til eit eldre usamansett øynamn Bylingr, som truleg er eit sideskap til gamalnorsk bolungr, ukse. Ein må difor skriva Bølsøy med ø, ikkje o., eller òg taka uppatt det gamle namneskapet Bylingsøy.

Fræna vert no uttala fræn’inn med j-fengen nn og isidefall (dativ) fræn’å. Namnet er upphavleg fjordnamn, gamalnorsk Frenjafjord (1448), til eit eldre usamansett fjordnamn Frene. Ein må då skriva Frenen i samsvar med uttalen.

Eide vert uttala ei, og er same ord som (eit) eid. Ein må difor skriva Eid.

Øre vert no utalla ør’ og het på gamalnorsk Øyrar, som er fleirtal til gamalnorsk øyrr, øyr. Ein bør skriva Ør etter uttalen eller òg taka upp att det gamle namneskapet Øyrar.

Ålvundeid kjem av gamalnorsk Olfundareið og burde divor vera skrive Olvundeid med o. Fyrste lekken i Olfundareið er eut gamalt elvenamn Olfund, som atter er ei avleiding til gamalnorsk alfr, grus, sand og tyder ein stad der det er mykje grus.

Åsskard skriv dei fyrr på dansk Aasgaard, og rettingi til Åsskard er tvillaust rang, av di namnet no vert uttala å’skaren, i sidefall (dativ) å’skara. Fyrste gong me finn detta namnet i skrift er i 1357 og det vert då og seinare i millomalderen skrive i Askard(e) eller dilikt med k. Men k-en er her ei herding av g etter s. Bygdeuttalen no syner at siste lekken i namnet er hankyn. Ein må difor skriva Åsgard.

Rindal vert uttala ri’nndalen med j-fengen nn og kjem av gamalnorsk Rindodalr til eit gamalt elvenamn Rinda. Etter uttale og upphav bør ein skriva Rinddal.

Brattvær vert uttala bra’ttvære, sidefall (dativ) bra’ttværa, og det er samansett av ordet bratt og gamalnorsk ver, fiskever, som vanleg, men rangt vert skrive vær. Ein bør skriva Brattver.


Sør-Trøndelag fylke:

Stoksund vert uttala stå’kksonn og er samansett av ordi (ein) stokk og (eit) sund. Ein bør difor sjølvsagt skriva Stokksund.

Kvenvær het på gamalnorsk Kvennaver og vert no uttala kvæ’nnvære med j-fengen nn. Namnet er samansett av gamalnorsk kvenna, eigefall fleirtal til ordet (ei) kona, , og gamalnorsk ver, (fiske)ver. Ein må difor skriva Kvennver.

Vinje vert uttala vinnan, i sidefallet (dativ) vinno med j-fengen nn. Namnet er no bunde fleirtal til ordet vin, eng. Upphavleg hev det vore nytta i ubunde eintal og heiter på gamalnorsk Vin, men frå fyrst i 1400-åri òg i fleirtal Vinjar. Ein bør no skriva Vinjan eller helst ubunde Vinjar til skilnad frå heradsnamnet Vinje i telemark.

Opdal het på gamalnorsk Uppdalr og vert no uttala ó’ppdal. Ein må difor skriva Uppdal på norsk; det er rettare både etter upphav og uttale en Opdal, og meir i samsvar med ålment norsk talemål.

Brekken er bunde fall til (ei) brekka. Ein må sjølvsagt skriva Brekka på norsk.

Ålen het på gamalnorsk Ál og vert no i bygdemålet uttala å´la, i sidefall (dativ) å´len. Uttalen no syner at ordet er hokyn. Ein må difor skriva Åla.

Namnet Holtålen er kjent frå 1345 og vert då skrive i Holtdale. Seinare er ikkje namnet nemnt fyrr etter 1400 og vert då og seinare skrive Holtålen eller dilikt som no. Men det vert uttala ha’ljtdałen. Denna uttalen og skriftskapet frå 1345 syner at siste lekken er ordet dal. Kva fyrste lekken tyder er uvisst; men det er vonleg ordet (eit) holt. Ein bør skriva Haltdal etter bygdeuttalen. Skriftskapet Holtålen hev truleg kome upp ved påverknad frå skriftnamnet på grannebygdi Ålen, men hev snaudt vore nytta i målføret på staden nokon gong.

Soknedal vert uttala só’kndæłen og het på gamalnorsk Soknadalr, truleg av eldre Soknardalr. Fyrste lekken er elvenamnet Sokna, som er bunde fall til det gamle upphavlege elvenamnet Sokn. Ein bør skriva Sokndal etter bygdeuttalen.


Nord-Trøndelag fylke:

Ytterøy vert uttala ý’ttrøya og het på gamalnorsk Øyen ytre og seinare Ytreøy, d. e. den ytre øyi i motsetnad til Øyen iðre (av innre), og seinare In(d)reøy, d. e. den indre øyi, som no kallast i’nnerøya med j-fengen nn i målføret, men rangt vert skrivi Inderøy. Ein må skriva Ytrøy og Indrøy eller Innerøy. Skriftskapi Ytterøy og Inderøy høyrer ingen stad heima i norsk mål.

Verran het på gamalnorsk Vere og vert no uttala vå’rrån, sidefall vå’rråm, som er bunde fleirtal til det gamalnorske namnet. Ein bør helst skriva Vårrån heilt etter uttalen. Namnet er upphavleg fjordnamn.

Inderøy sjå under Ytterøy ovanfor.

Snåsa het på gamalnorsk Snǫs (eigefall Snasar) og vert no uttala sna´sa, sidefall (dativ) sna´sen. Namnet er same ord som gamalnorsk snǫs bergnos, framskoten berghamar. Yvergangen frå gamalnorsk Snǫs til nynorsk Snaasa er som t. d. i gamalnorsk hǫnd til nynorsk hand(a). Ein må difor skriva Snos liksom i gamalnorsk eller Snasa etter bygdeuttalen.

Høylandet vert uttala hå’llånnå, sidefall (dativ) hå’llånn, med j-fengen nn, og het på gamalnorsk Høylander, der fyrste lekken er ordet (eit) høy og siste lekken eit fleirtalskap nytta i stadnamn til ordet (eit) land. EIn må difor skriva Høyland eller helst Høylonda i samsvar med uttalen. Heradsnamnet Høllonda i Sør-Trøndelag fylke er same namnet og hev same uphav; det skriv ein no etter uttalen (hø’llånnå, sidefall hø’llåndå med j-fengne n-ar).

Otterøy vert uttala å’trøy og kjem av gamalnorsk Otrøy, der fyrste lekken er dyrenamnet oter. Ein må difor skriva Otrøy.

Foldereid kallast på staden få’lla, sidefall (dativ) få’llen, og het på gamalnorsk Fold, som upphavleg er fjordnamn med tydingi sletta. Foldereid er i bygdemålet berre eit gardsnamn, uttala fa’llré med j-fengen ll. På gamalnorsk het garden Foldareið, som er samansett av eigefall til fjordnamnet Fold, og eið, (eit) eid. Ein bør difor kalla heradet Folda slik som det heiter i bygdemålet i samsvar med gamalnorsk, og gardern Foldereid.

Nordland fylke:

Bindal het på gamalnorsk Birnodalr og vert no uttala binndałen med jfengen nn. Fyrste lekken i namnet er ordet birna, hobjørn. Ein må skriva Binndal med tvo n-ar.

Evenes vert uttala ø’vnes og kjem kann henda av gamalnorsk Øyvindarnes, til mannsnamnet Øyvind. Ein bør skriva Øvnes etter bygdeuttalen.

Borge vert no uttala bårg, men het på gamalnorsk Borgar, som er fleirtal til (ei) borg,. Ein bør skriva Borg etter bygdeuttalen eller Borgar etter upphavet.

Buksnes vert no uttala bókksnes og het på gamalnorsk Boknes. Ein må skriva Boksnes med o.

Værøy vert uttala væ’røya og het på gamalnorsk Veðrøy. Fyrste lekken i namnet er gamalnorsk veðr, (eit) ver. Ein bør skriva Verøy i samsvar med vanleg norsk skrivemåte.

Hadsel vert uttala ha´ssel og het på gamalnorsk Hǫfðasegl, av hǫfðe, hovde, rundvoren haug eller nut, og ordet (eit) segl. Ein bør skriva Hassel etter bygdeuttalen.

Langesnes het på gamalnorsk Langanes, men vert no uttala la’ngnés. Ein bør skriva Langnes etter bygdeuttalen.

Dverberg vert no uttala tvæ’rberg. Namnet er kjent frå fyrst i 1500-åri og vert då og seinare vanleg skrive Dverberg eller dilikt, men i 1661 ein gong Tverberg. Fyrste lekken i namnet er vonleg ordet (ein) dverg som i bygdemåli òg kann heita tverg. Men ein bør no skriva Tverberg etter uttalen.

Trums fylke:

Trondenes vert uttala tró’nés og het på gamalnorsk Þróndarnes. Fyrste lekken er truleg gamalnorsk þróndr (eigefall þróndar), galte. Ein bør no skriva Trondnes i samsvar med uttalen.

Ibestad het på gamalnorsk Ivarsstaðer og vert no uttala i’ppsta. Fyrste lekken er mannsnamnet Ivar. Ein må skriva Ipstad etter bygsdeuttalen eller Ivarsstad etter upphav og tyding.

Lenvik vert uttala læ’nnvika med j-fengen nn og het på gamalnorsk Lengjovík. Fyrste lekken er eit elvenamn Lengja til lang. Ein bør skriva Lengjevik. Skriftskapet Lenvik høver ikkje til bygdeuttalen med j-fengen nn.

Tromsøysund er ei umlaging av tromsøsund, som dei fyrr skreiv på dansk. Fyrste lekken er bynamnet Trums, som upphavleg hev vore namn på øyi der byen ligg og i dansk skrift er umlaga til Tromsø um byen og Tromsøen um øyi. Ein må difor skriva Trumsesund på norsk. Tydingi i namnet Trums er uviss; men namnet heng truleg saman med ordet straum. Øyi hev då vonleg namn etter straumen i sundet millom Trums og Kvaløy.

Karlsøy vert uttala ka’llsøya. Namnet er kjent frå 1567 og vert då fyrst i 1600-åri på dansk skrive Kalsø, og Carsløen i riksjordeboki frå 1723. Ein må skriva Kallsøy etter bygdeuttalen.


Finnmark fylke:

Namnet Talvik er kjent frå umkring 1600 og vert då på dansk skrive Tellevigen og Talvigen eller dilikt, og Talleviken i 1723. Uttala no er ta’llvik. Fyrste lekken hev tydeleg skift millom gamalnorsk Þelle (inkjekyn), stad der det veks toll, fura, og Þǫll (eigefall Þallar), toll, fura. Ein må skriva Tallvik med ll i samsvar med uttala og upphav.

Berlevåg het upphavleg Perlevåg, av di dei hev funne perleskjel i ein elvos der. Namnet er kjent frå sist i 1600-åri og vert då og umkring 1700 skrive Berlevåg eller dilikt, men Perlevåg i 1744. Uttalen med b i framljod hev truleg kome upp ved påverknad frå finsk, der namnet heiter Bǣrral-vākke, d. e. Perlevåg. Ein bør helst skriva Perlevåg.

Vardø landsokn hev namn etter den byen som no på dansk kallast Vardø; bynamnet er frå fyrst av øynamn, og øyi het upphavleg på gamalnorsk Vargøy, som er samansett med ordet varg, ulv. Men sist i millomalderen vert detta namnet umskift med Vordøy, på dansk skrive Va(a)rdø eller dilikt, som svarar til gamalnorsk Vǫrð(o)øy av varða, varde. Dei hadde då bygt eit varvirke (festningsverk) der. I målføret vert namnet no uttala vårøya. Det vilde difor høva godt å taka uppatt det upphavlege namnet Vargøy på øyi og heradet; men lata byen hava det upphavlege namnet og skriva det Vordøy i samsvar med uttala, upphav og tyding.

Eivind Vágslid