Typeform

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Ei typeform er ein skrivemåte av eit ord eller ein ordlekk som fylgjer dei underliggjande skilljodi i dei ulike målføri under eitt. Ein slik skrivemåte fær oftast mykje sams med ein sogeleg skrivemåte, med di dei underliggjande skilljodi nettupp hev røter i forne målljod. I tilfellet nynorsk finn me att desse underliggjande skilljodi i millomnorsk og gamalnorsk.

Skrivemåten i høgnorsk fylgjer typeform-tanken framsett av Ivar Aasen. Grunntankane er:

  • Sams skrivemåte av ljod med nært sams upphav, t.d. vit for [ʋɪːtʰ] / [ʋetʰ], underliggjande //vɪˑt//.
  • Samanhang millom skrivemåten av ordrøter, soleis kaldkaldt, hughugsa.