Torleiv Hannaas

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Torleiv Hannaas (1874–1929). Målgranskar. Bondeson frå Hornnes i Setesdal. Lærarskuleeksamen Kristiansand 1895. Artium 1899. Cand. mag. 1905. Studiar i Reykjavik og Heidelberg. Lærarsysla ymse stader. Adjunkt Stord lærarskule 1905, yverlærar 1913. Var på universitetet i Kjøpenhamn 1908 og granska norrøn målkunna, bokheim og norderlendske folkeminne. I 1914 fekk han 3-årigt stipend til målgransking for Bergens Museum, og vart i 1918 professor i norsk målgransking der. Hannaas gav ut ei rad bøker, faglege utgreidingar og skrifter. Millom desse er Maallære og ordtøke fraa Vest-Agder fraa fyrste helvti av 1600-talet, 1911, same året Ordsamling fraa Robyggjelaget fraa slutten av 1600-talet og i 1927 Sogur fraa Sætesdal. Fekk prenta Christen Jenssøns Norske Dictionarium 1916, og Professor Knud Leems Norske Maalsamlinger fraa 1740-åri 1923. Av gamalnorske bokverk gav han ut Soga um volsungane og Soga um Ravnkjell Frøysgode. Han skreiv 50-årssoga um Vestmannalaget i 1918, og han grunnlagde Norsk Aarbok som er vorte kalla det høgnorske flaggskipet, og styrde dei 10 fyrste årgangane. Grunntankane hans for årboki og norsk målodling les me i «Høgnorsk eller flatnorsk» i årboki 1922, uppattprenta i andre rekkja av årboki i 2006. Formann i Vestlandske Mållag 1919–1926 og i Noregs Mållag 1926–1929. Var med og skipa Norskt Måldyrkingslag i 1928.


Kjeldor