Sunnmøre (Gilde Sunnmørs grend)

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmøre av Anders Hovden

Gilde Sunnmørs grend med fjell og nut og tind
og med hav som syng og susar,
høgfjelldvelde lyfter seg i viljen din,
djupt i hugen have brusar.
Lange, djerve striden din gav raad og røynd;
endaa gjekk du tidt med hjartegraat i løynd,
dulde helst din graat
og var kvikk og kaat,
hugnad bar du heim til husar.

Herrens milde aasyn venleg lyse fred
yver Sunnmørs folk og grender!
Sol og rik velsigning over deg me bed,
heim til deg vaart hjarta vender.

Djerve, trugne far, som gav oss viljestaal,
milde mor som lærde oss vaart fagre maal,
dine born i kor,
fagnar far og mor,
fagnar fjord og fjell og strender!

Sjå òg