Samlæte

Frå Mållekken
(Umleidd frå Sandhi)
Hopp til navigering Hopp til søk

Samlæte eller sandhi (eit umgrip frå sanskrit) heiter det når tvo eller fleire ljod (helst medljod) som fylgjer etter einannan, innan eitt ord eller ordemillom, vert brigde til eitt ljod etter faste mynster. I norsk gjeld dette serleg for ljodsamband med slagljodi [ɾ] og [ɽ] i austnorsk, som skipar ulike attbjugeljod.

[ɾ] + [n][ɳ]
[ɾ] + [t][ʈ]
[ɾ] + [d][ɖ] ([ɽ] i sume tilfelle)
[ɾ] + [s][ʃ]
[ɾ] + [l][ɭ]

Same samlæti gjeld med [ɽ] i staden for [ɾ]. I sumt austnorsk hev [ɽ] elles tvo sermerkte samlæte.

[ɽ] + [ɾ][ɻ]
[ɽ] + [s][ʂ]

Ved ljodburtfall i medljodgruppor med tri eller fleire medljod kann au desse samlæti ovra seg: myrkt /mʏrk-t/ > [mʏʈ], /varm-t/ > [ʋɑɳʈ]. Slikt ljodburtfall er i større mun målføredæmt.

Eit serlegt tilfelle av slikt samlæte sér me ved utrekster (og mogeleg burtfall) av det veike sjølvljodet [ə] som upphavleg stend millom tvo samlæteføre medljod:

skulen /²skʉːɽen/ *[²skʉːɽən] > [²skʉːəɳ], [²skʉː.ɳ] eller [²skʉːʉɳ].

Indre samlæte

Indre samlæte er når ljod frå tvo lekker av same ord glid i hop.

[bɑːɾ] + [nɒːɽ][²bɑːɳɒˑɽ] ‘barnål’
[¹ʏʷːʋəɾ] + [tʰɑːk][²ʏʷːʋəʈɑˑk] ‘yvertak’
[ʋɒːɾ] + [dɑːɡ][²ʋɒːɖɑˑɡ] ‘vårdag’
[mɒːɽ] + [lɑːɡ][²mɒːɭɑˑɡ] ‘mållag’
[bɑːɾ] + [skʰʷuːɡ][²bɑːˌʃkuˑɡ] ‘barskog’
[ɡʷʊːɽ] + [sʷutːʰ][²ɡʷʊːˌʃʷutʰˑ], [²ɡʷʊːˌʂʷutʰˑ] ‘gulsott’

Ytre samlæte

Ytre samlæte er når ljodi som glid i hop er frå ulike ord.

[mʷuːɾ] + [diː][¹mʷuː ˌɖiˑ] ‘mor di’