Odyssevskvædet

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk


Denne boki er førd yver frå ei papirutgåva og kann hava lyte. Sjå Innlesne bøker for fleire av desse.

Homer

Odyssevskvædet

Paa norskt

ved

Arne Garborg


Andre upplag


Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar

Kristiania
Forlagt av Aschough & Co. (W. Nygaard)
1919

OR FYREORDET TIL FYRSTE UPPLAG

(hausten 1918).

Homeros, gamel meisterskalden, er ein av grunnsteinarne under den europæiske kulturen; og folki, dei minste som dei største, hev daa òg fenge verki hans, Ilioskvædet og Odyssevskvædet, yverføde kvart til sitt heimemaal.

Tanken um ei norsk Homer-umsetjing maatte daa vakne hjaa oss med, i vaar nasjonale nyreisngstid. Det var telemarkingen Aasmund Vinje, som fyrst drøymde um aa setja tanken i verk; men me veit, korleis me stelte oss med honom. Sidan areidde saalungen J. E. Nielsen med aa fornorske den store Hellenaren. Det var Ilioskvædet, han heldt paa med; og ein av songarne i det kvædet fekk han ut: «Akillevs og Patroklos» (D. n. Samlaget 1907). Men lenger kom han ikkje; vanskarne var mange for arbeid av det slaget i dei dagar.

Overlærar S. Schjøtt, ein annan av deim som var med i det norske areibdet fraa den fyrste tidi, og som skỳna, at det ikkje burde draga altfor lenge ut med aa faa Homer paa norskt, tok etterkvart til aa undrast paa, um underskrìvne skulde vera brukande til medhjelpar i umsetjingsarbeidet. Og me kom til lags um aa gjera ein freistnad med eit samarbeid her; han, den klassiske filologen, fekk nytte nokre av sine kvilestunder fraa anna arbeid til aa gaa igjenom grunnteksten til eit Homervek med meg, og so fekk eg sidan sjaa, um eg kunde koma nokon veg med fornorskingi.

Det vart Odyssevskvædet, Schjøtt valde, av di det baade er mest literært gjenomforma og dertil gjev meir aalmenn livsskildring enn Ilioskvædet, som fyrst og fremst er hèrlivs-skildring.

Dette hadde so visst ikkje eg noko imot. Men eg ynskjer Odyssevskvædet so mange lesarar, at ei fornorsking av Ilioskvæsdet maa kunne fylgje etter um ikkje for lenge. — —

Med vyrdsam takk maa eg her nemne den hjelpi, Staten gav dette fyrste norske Homerverket ved ei bevilgning, som hev sètt forlaget i stand til aa halde «Odyssevskvædet» i handelen for rimeleg pris. Utan den hjelpi hadde boki vorte altfor dyr for altfor mange, ettersom vilkaari no er.

Rettleiding um eit og anna, som norske lesarar kann vilja vìta um gamalgræske tilstand, truer o. a., naar han les Odyssevskvædet, finn ein under «Upplysningar».

*

ANDRE UPPLAG

vart det alt tidleg spursmaal etter. Og her kjem det, gjenomsétt paa nytt, men i all hovudask som fyrste.

Dei namngjetne teikningarne til Odyssevskvædet av den engelske bilæthoggaren John Flaxman hev forleggjaren denne gongen kunna faa med. Men illustrasjoner kostar, og som vilkaari no for tidi var kunde det bli rimelegt aa kløyve utgaava i tvo: ei billegare skule-utgaave utan bilæte og ei noko dyrare bilætutgaave.

Og den framgangsmaaten vart i røyndi den einaste, daa det viste seg, at Homer denne gongen ikkje vilde faa riksstudnad. No fær me daa tru, at han greier seg sjølv, og det um det vert «dyrtid» paa sjølve den billege utgaava.

1. 5. 19.
A. G.

Fyrste songen

Sjå: Odyssevskvædet fyrste songen

Ellevte songen

Sjå: Odyssevskvædet ellevte songen