Milada Blekastad

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Milada Blekastad (1917–2003) var litteraturhistorikar, umsetjar, kulturarbeidar og statsstipendiat. Ho var fødd i Praha, men kom 16 år gamal til Noreg. Ho møtte norskdomsrørsla hjå Inge Krokann og vart sidan gift med målaren Hallvard Blekastad. Ho var lærar i tsjekkisk litteratur på Universitetet i Oslo i tretti år og tok i 1969 doktorgrad på ei utgreiding um den tsjekkiske tenkjaren Comenius som livde på 1600-talet. Ho fekk den tsjekkiske fortenestemedaljen og ein pris frå Charta 77 for det verdfulle arbeidet sitt.