Logi åt Rask og Grimm

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Logi åt Rask og Grimm eller det germanske ljodskridet viser korleis frum-indo-europeiske plosivar skifte i frumgermansk.


1. IE klanglaus plosiv vert klanglaus frikativ.

2. IE klangfør plosiv vert klanglaus.

3. IE klangfør aspirera plosiv vert uaspirera.

Klanglaus plosiv fyre s vart ikkje frikativ.

Døme

Skifte Norsk Frumgermansk Nærskylt ord på latin eller gresk
p → f fot *fôt pēs
t → þ tridje, þriði tertius
k → h hund hunda- canis
*kʷ → hw kva (hw → kv), hvat *hwat quod
b → p hamp, *hanpr *hanap- κάννᾰβῐς (kánnabis)
d → t tio *tehun decem
g → k kald kalda- gelū
*gʷ → kw kvik *kwikwa- vivus
*bʰ → b bror *brôþer- φρατήρ (phrātēr)
*dʰ → d dur, dyrr *dur- θύρα (thýra)
*gʰ → g gås *gans- χήν (khēn)
*gʷʰ → gw varm θερμός (thermós)

Sjå òg