Linne inkjekynsord

Frå Mållekken
Versjonen frå 5. november 2021 kl. 21:23 av Lumi (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Linne inkjekynsord er dei inkjekynsordi som hev -a i eintal ubunden, og som fær -o i fleirtal. Det mest typiske dømet her er eit auga, augat, augo, augo. Tidleg vart t-en i bunden eintal teki ut or landsmål. Utanum dette, er det au nokre målmenner som Aasen og Hægstad, som foreslo å hava -or(ne) i fleirtal.

Sidefalsendingane vert auga i eintal og augom i fleirtal.

Frå fyrr, er desse ordi dei med an-stomn i urgermansk. Denne klassa på norrønt inkluderer blant annat, i tillegg til lista nedanfor, ordi lunga og leika.

I statsnynorsk, er det verdt å notere at berre auga, hjarta og øyra kann hava linn bøygjing, og tidlegare i den offisielle normi hev nyra, nysta og okla havt moglegheit for linn bøygjing.

Lista yver dei linne inkjekynsordi:

  • auga
  • eista
  • hjarta
  • hyrna
  • noda
  • nyra
  • nysta
  • okla
  • øyra