Linne inkjekynsord

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Linne inkjekynsord er dei inkjekynsordi som hev -a i ubunde eintal, og som fær -o i fleirtal. Det mest typiske dømet her er eit auga, augat, augo, augo. Tidleg vart t-en i bunde eintal teken ut or landsmål i rettskrivingi. Utanum detta, er det au nokre målmenner som Aasen og Hægstad, som fyreslo å hava -or(ne) i fleirtal.

Sidefalsendingane vert auga i eintal og augom i fleirtal.

Frå fyrr, er desse ordi dei med an-stomn i frumgermansk. Denne klassa på norrønt inkluderer millom annat, i tillegg til lista nedanfor, ordi lunga og leika. Dei, og mange tidlege linne inkjekynsord, vart hokynsord etter kvart med reformene. I statsnynorsk, er det verdt å notere at berre auga, hjarta og øyra kann hava linn bøygjing, og tidlegare i den offisielle normi hev nyra, nysta og okla havt høve for linn bøygjing.

Lista yver dei linne inkjekynsordi:

  • auga
  • eista
  • hjarta
  • hyrna
  • noda
  • nyra
  • nysta
  • okla
  • øyra