Vikedagane

Frå Mållekken
(Umleidd frå Laurdag)
Gå til: navigering, søk

Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.

Sundag

Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Sōlis som au tyder ‘dagen åt soli’.

På islendsk og færøysk vert dagen kalla sunnudagur.

Måndag

Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Lūnae som au tyder ‘dagen åt månen’.

På islendsk og færøysk vert dagen kalla mánadagur.

Tysdag

Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen åt Ty’

Tilsvarande latinske namn er diēs Mārtis som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.

Ty kjem av frumgermansk *teiwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’.

På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla týsdagur.

Onsdag

Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen åt Oden’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Mercuriī som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.

Oden kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘rasande’, jf. nn. od.

På islendsk vert dagen kalla miðvikudagur ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla mikudagur, so nær som i Suðuroy-målet, der det er ónsdagur.

Mikedag

Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei samandraging av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr.

Detta er same samandregne formi ein nyttar på færøysk (utan Suðuroy).

Torsdag

Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen åt Tor’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Iovis som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.

Tor kjem av frumgermansk *þunraz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.

På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’, på færøysk vert han kalla hósdagur (h < þ), og i Suðuroy-målet er det tórsdagur.

Fredag

Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi <frædag> som grunnlag for uttala i målføri.

Det latinske fyredømet er diēs Veneris ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.

Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.

Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.

På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla fríggjadagur. Fríggja- er naturleg framvokster av frjá- og kjem ikkje frå *friggjardagr-formi.

Laurdag

Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag.

Tilsvarande latinske namn er diēs Saturnī og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk.

På islendsk vert dagen kalla laugardagur og på færøysk vert han kalla leygardagur.

Hjå Aasen heiter denne dagen laugardag.