Skilnad mellom versjonar av «Lagord»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
s (→‎Linn bøygjing: Aasen skreiv rangt um linn bøygj. i mt i NG. Sidefallsformi VAR -um, ikke -u som i hine falli)
(→‎Linn bøygjing: set inn att mt. -om (jf. fyrre brigde), sidan norr. no hadde -um og fleire av dømi hans Aasen på -om vel kunna vera både ubundi og bundi form)
Line 50: Line 50:
|+ Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
|+ Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
|-
|-
| colspan=3 style="background:#f2f2f2" | eintal || colspan=3 style="background:#f2f2f2" | mangtal
| rowspan=2 style="background:#f2f2f2" | || colspan=3 style="background:#f2f2f2" | eintal || colspan=3 style="background:#f2f2f2" | mangtal
|-
|-
| style="background:#f2f2f2" | hannkyn || style="background:#f2f2f2" | hokyn || style="background:#f2f2f2" | inkjekyn || style="background:#f2f2f2" | hannkyn || style="background:#f2f2f2" | hokyn || style="background:#f2f2f2" | inkjekyn
| style="background:#f2f2f2" | hannkyn || style="background:#f2f2f2" | hokyn || style="background:#f2f2f2" | inkjekyn || style="background:#f2f2f2" | hannkyn || style="background:#f2f2f2" | hokyn || style="background:#f2f2f2" | inkjekyn
|-
|-
| ''gode'' || rowspan=2 colspan=2 | ''goda'' || ''gode'' || ''goda'' (-e) || ''gode''
| style="background:#f2f2f2" | [[nemnefall|N]] [[underfall|U]] [[eigefall|E]] || rowspan=2 | ''gode'' || rowspan=2 colspan=2 | ''goda'' || ''gode'' || ''goda'' (-e) || ''gode''
|-
| style="background:#f2f2f2" | [[sidefall|S]] || colspan=3 | ''godom''  
|}
|}



Versjonen frå 13. februar 2019 kl. 02:59

Lagord eller eigenskapsord, adjektiv er ei klassa av ord som segjer kva lag (tilstand) noko er i, eller kva eigenskap det hev.

Lagordi vert bøygde på tvo viser:

  • i samsvar med namnordi dei stend til: i kyn, tal og kjenne, d.e. bundi/ubundi (linn/sterk) form, og serhøves i grammatiske fall
  • i samanlikning av i kor stor mun laget/eigenskapen gjeld: i grunnmun, høgaremun og høgstemun

Samsvarsbøygjing

Sterk bøygjing

Den sterke lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i ubundi form: God mat, ei leiki kjetta.

Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N goder god godt gode goda gode
U godan
E gods godra gods godra
S godom godre godo godom
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn alle kyn
god godt gode
leiken leiki leike leikne

Som god gjeng flest alle lagord, døme: blodug, gul, heilag, mjuk, modig, norsk, raud, stor, storleg, vond.

Som leiken gjeng lagord med etterlekken -en: gjeven, mogen, uvyrden, vaksen.
Uttala: k og g fær vanleg linn uttala fyre -en, -i, -e: leiken [2leiçen], leiki [2leiçi].
Avbrigde: For hokyn -i kann ein au skriva -a. Etter midlandsnormalen er bøygjingsformene -in, -i, -i, -ne.

Formene i bøygjefall og andre serlege former vert helst nytta i målførelìta eller alderdomlegt mål, skaldskap, og ikkje minst i faste ordlag: ei gomol kona, på langan veg, med godo, i heilo, å nyo, allra best, longo.

Linn bøygjing

Den linne lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i bundi form: Den gode maten, leikne kjetta mi. Sume målføre skil millom kyni, slik at det t.d. heiter den gode maten, men den leikna kjetta, og det var òg slik Ivar Aasen sette det upp i Norsk Grammatik (sjå yversynet til høgre). Einskilde målføre (t.d. i Nordhordland) skil òg millom kyni i mangtal, etter mynster frå den sterke bøygjingi, so at det heiter dei gjæve gutane, men dei gjæva gjentone. Aasen sette det upp slik i Det Norske Folkesprogs Grammatik (1948), men i Norsk Grammatik (1864) gjekk han yver til same form i alle kyni (på -e), kann henda sidan norrønt òg hadde det (på -u, med -um i sidefall). Utpå 1900-talet vart kynsbøygde former sjeldsynte i skrift og -e gjenomførd, slik òg -ane, -one og -ene vart for eldre -arne, -orna, -erna/-erne.

Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N U E gode goda gode goda (-e) gode
S godom
eintal & mangtal
alle kyn
gode
leikne

Munbøygjing