Heimsyn (1875)

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne boki er førd yver frå ei papirutgåva og kann hava lyte. Sjå Innlesne bøker for fleire av desse.


Heimsyn.


Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen
og Menneskja,


Tilmaatad fyre Ungdomen.



Kristiania.

Forlagt av det norske Samlaget.

I Kommission hjaa P. T. Mallings Boghandel.

1875.

Innehald.

Sida
I. Um Jordflata. 2.
II. Um Luft og Veder. 9.
III. Um Himmelklotarne. 14.
IV. Um Jordbolkarne 23.
V. Um Skapningen paa Jordi. 31.
a) Steinriket. 32.
b) Voksterriket. 37.
c) Dyreriket. 43.
VI. Um Menneskja. 53.
VII. Um Folkeskipnad (elder Lagskipnad i land og Rike). 62.
VIII. Um Tilstand i fyrre Tider. 73.
[Fornalderen] 75.
[Midalderen] 81.
[Nyalderen] 88.

Naar Folk fara ut og sjaa seg um paa ein Stad, som dei skula flytja til elder busetja seg paa, so segja me, at dei era ute og heimsjaa seg. Og med ei onnor Vending kann ein ogso kalla det ei Heimsyn elder Heimsjaaing, naar unge Folk vilja sjaa seg i Kring i den store Mannheimen, elder naar dei høyra og spyrja etter nokot meir en det, som dei sjaa paa Fødestaden. Det kunde vera godt aa vita myket um den Verdi, som me liva i, um Land og Rike, um Himmel og Jord, um Skapningen paa Jordi og um ymse Tilstand i dei framfarne Tider; men naar alt slikt skal vera avgreidt i alle Smaagreiner, so vil det verda so mangfeldt og vidgjengt, at det er Teint lært og snart avgløymt. Og so høver det so til fyre dei fleste Folk i den store Hopen, at dei hava so myki Annsemd med sitt daglege Vinneverk, at dei korkje faa Tid elder Tilgjenge til aa famna seg nokon munarleg Kunnskap; og daa maa dei nøgja seg med den vesle Rettleiding, som dei kunna faa um dei næste og naudsamaste Ting. Og soleides kann det henda, at ein stutt Umtale av dei vigtugaste Maalemne kann ogso verda til nokor Hjelp fyre ymse Folk, som dermed kunna faa ei Tilleiding til større Ettertanke elder i minsto ei Minning um nokot, som dei elles kunde gløyma.

I. Um Jordflata.

Det Stykket av Jordi, som me funna sjaa fraa Heimstaden, er berre som ein ørliten Flekk imot dei store Viddom, som liggja kringum oss. Naar me standa paa ein Stad, som er so tilliggjande, at me hava fri Umsyn til alle Sidor, so sjaa me berre nokre faae Miler ut i Rømdi og lika langt paa alle Leider, so den heile Umkverven viser seg som ei rund Skiva, og me sjølve standa i Midten. Men naar me so fara ut paa ei Langferd, so faa me sjaa, at Umkverven elder Augleitet skapar seg um, med di at det kjem upp ei ny Himmelsyning[1] paa Framsida, og derimot den gamle Syningi paa Baksida kverv undan, so at me snart koma inn i eit nytt Augleite og tapa det gamle av Synom. Soleides kunna ine fara i mange Dagar og sjaa mange nye Umkvervar berre i eit einaste Rike; men endaa faa me høyra, at der er mange andre Land, som era mange Gonger større.

Yverflata paa Jordi er anten Land elder Sjo. Landet er ujamt i Høgdi, og Sjobotnen likaeins; men Sjoen sjølv stig allstad lika høgt, og difyre kann ein ogso segja, at naar Grunnen stig upp yver Sjoflata, so er det Land, og naar han ligg under Sjoflata, so er det Sjo. Store Deilder av Landjordi liggja i ei heil og samanhangande Muga, og daa kalla me det eit Fastland; men ymse Smaadeilder liggja skilde fraa Fastlandet og kringfløytte i Sjoen, og slike kalla me Øyar elder Holmar. Med Sjoen er det nokot likt som med Landet, at han paa sume Stader kann rekka langt ut igjenom store Vidder, og daa kalla me det eit Hav; men paa andre Stader tøygjer han seg ut i mindre Greiner imillom ymse Land elder Øyar, og daa kalla me det ein Fjord elder eit Sund. Det salte Vatnet, som fyller Havet og Fjordarne, kalla me Sjo elder Sjovatn; eit annat Slag er Aavatnet elder det reine Vatnet, som samnar seg i ymse Dypter paa Landet og derifraa sig ut i Aaer elder Elvar imot Sjoen. Naar eit Land hallar so til, at Vatnet kann strøyma saman fraa store Vidder og famna seg i ei einaste Lægd, so kann Elvi sidstpaa verda so stor og djup som ein Fjord, so at ho er farande fyre Skip og Baatar langt inn ifraa Sjoen. Men stundom kann det og vera store Dypter i Vatsdraget, so at det verd som ein Fjord inne i landet ovanfyre Sjoflata, og daa kalla me det berre eit Vatn.

Naar ein fer Sjovegen sud-etter so langt som til Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovlege stor fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i landet og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet). Denne Sjoen er som eit Skilmerke fyre tri store Deilder av Fastlandet; dei Landi, som liggja nordanfyre, have fenget Namnet Europa; Landi paa Sudsida heita Afrika, og den store Landmuga austanfyre desse tvo Deilderna heiter Asia elder Austerland. Desse tri Stordeilderne verda ogso kallade Gamle-Heimen (elder den gamle Verdi), av di at Folket i desse Jorddeildom heve havt den eldste Minnesaga (elder Historia) og i lange Tider ikkje visst um nokot annat Fastland. Det store Havet, som er utanfyre Europa og Afrika, og som er kallat. Vesterhavet elder Atlantarhavet, var difyre lenge reknat som Endemerke paa Vestersida. Men sidan vardt det daa uppdagat, at der utanfyre Vesterhavet ligg eit Land, som er myket større en Europa og rekk lenger sud en Afrika. Detta Landet, som no er kallat Amerika, vardt daa den fjorde Jorddeildi. Og sidan kom det upp, at der sunnanfyre Asia var endaa eit stort Land; og detta Landet, som er kallat Australia, vardt daa den femte Jorddeildi.

Vestanfyre Amerika er eit Hav, som er større en dei andre og som er kallat Stillehavet. Naar ein stemner tvert yver detta Havet ifraa Nord-Amerika, so kjem ein til Austersida av Asia, so at ein daa er atter komen til Gamleheimen fraa ei onnor Sida. Dermed viser det seg, at Jordi er ein Klot elder Klump, so at ein kunde fara rundt i Kring paa alle Sidor, soframt det var allstad lika lett aa koma fram. I Aust og Vest kann ein halda same Stemna paa heile Vegen; stemner ein jamt i Vest, so kjem ein heimatter austantil, og stemner ein jamt i Aust, so kjem ein atter vestantil. I Nord og Sud kunde ein ogso koma rundt i Kring, naar der hadde voret framkjømt; men der er store Stengslor i Vegen, med di at den nørdste Kuven (ved Nordpolen) er tiltakt med 3sberg og Snjoberg, og den synnste Ruven (ved Sudpolen) lika eins. For paa baade desse Stadom er der so liten Varme, at Isen ikkje kann losna elder tidna.

Denne Fyresegni um den runde Jordkloten kann i Fyrstningi lyda nokot undarlege fyre oss, daa me alltid era vane til aa tenkja oss alle Vidder som ei einaste Flata. Det kjem av di, at me ikkje kunna sjaa nokot meir en eit litet Stykke av det heile. Kunde me sjaa ut yver eit heilt Hav paa ein Gong, so vilde me finna, at det er uppkuvat elder høgt i Midten og hallar jamt ned aat Sidom; og nokot dilikt vilde det vera, me saago ut yver eit stort Fastland; for alle Fjell vilde verda so smaae, at den heile Muga viste seg som ei Sletta med ein Kuv i Midten og ei Halling paa kvar Sida. Og uti den store Himmelrømdi maa Jordi visa seg som ein Ball elder rund Klump, lika slett paa alle Sidor og svipande fritt i Rømdi lika eins som Soli og Maanen. Den greidaste Framsyning av heile Kloten er ei rund Kula (ein Globus) med Skilmerke fyre Land og Sjo paa alle Sidor; elles kann ein ogso teikna Jordi flat, men daa lyt ein teikna fyrst den eine Sida og so den andre, so det vard tvo runde Skivor, som me sjaa paa Landkortom. Det er so til aa taka, som naar ein vil kløyva eit Eple midt i tvau og leggja baade Halvorna jamsides, so ein kann sjaa heile Utsida paa ein Gong.

Det kann og vera undarlegt aa høyra, at ei Sida av Jordi vender beint ifraa oss elder beint ned (som me vilde segja), og at der paa den Sida kann dera Folk, som venda Føterne beint imot oss. Men det Folket vil derimot synast, at det er me, som bu paa den nedste Sida og snu Føterne upp; for kvarsomhelst ein kjem paa Jordi, so tykkjest ein vera ovanpaa og have Land og Sjo inn under seg. Alle Stader vil Tyngdi søkja mot Grunnen, og den Grunnen er i sjølve Jordi; for ho heve ikkje nokot til aa standa paa. Det, som me kalla upp, er det same som ut ifraa Grunnen, og det, som me kalla ned, er det same som inn imot Grunnen; og soleides verd det kallat upp og ned kring um heile Jordi, men det gjeng ikke beint i same Lina paa den eine Staden som paa den andre.

Detta Laget, at Jordi dreg alle Ting aat seg, elder at alle Tyngder søkja mot Grunnen, er nokot, som me alle sjaa og kjenna. Alt, som er for tungt fyre Lufti, vil detta ned, og alt, som er for tungt fyre Vatnet, vil søkka aat Botnen. Alt det, som skal standa trygt, maa standa beint upp, og naar det skal rekka nokot høgt, so maa det hava fast Rot i Grunnen. Det, som ligg i ein Bakke elder paa ei Skaaflata, vil gjerna siga aat den laagaste Sida; der vil liti kraft til aa driva det ned, men stor Kraft til aa driva det upp; difyre er det alltid tyngre aa ganga mot Bakken en undan, og verre aa ganga paa ein hallande Is en paa ein, som er flat. Det same Tildraget er det og, som gjerer, at store Skridor av Jord elder Snjo kunna losna fraa ei Bergsida og sturta ned paa Flata. Men elles er denne Krafti lettaste aa merka i Vatnet, med di at det er so tunnt og rørlegt, at det kann jamna seg til ei Flata, kvarhelst som det kjem. Naar det fyrst heve samnat seg til ein liten Bekk, so leitar det alltid upp den laagaste Dypti og holar seg ei Grov elder Renna til aa laupa i. Raakar det paa sprotkut og steinutt Grunn, so kann det og renna inne i Jordi og sídan koma uppsprettande paa ein laagare Stad; daa vard det ei Kjelda elder Ila. Kjem Vatnet ned i ei stor Dypt og ikkje kann finna nokot laagare Avlaup, so fyller det heile Dypti, til det naar upp til den laagaste Avlaupsstaden; daa verd det ein Hyl elder eit Vatn, som me kalla det. Kjem Elvi fram paa ein bratt Bakke elder Berghamar, so støyter ho seg ned i ein skumande Foss; kjem ho derimot ut paa ei Flata, so sig ho stillt og seint fram; men endaa stadnar ho ikkje, fyre ho naar ned til Sjoflata.

Paa Landjordi vil Vatnet soleides alltid strøyma ned imot Sjoen; men i fjordom og i Havet er ogso ymse Strøymingar i andre Stemnor. Mest kunnig er den Rørsla, som me kalla Sjofallet, og som heve si visse Tib, so at det verd Flod og Fjøra tvo Gonger i Døgret, med di at Sjoen stig elder fløder i seks Timar upp imot Flodmaalet og sidan fell i seks Timar ned imot Fjøremaalet. Det høver so til, at den eine Flodi kjem, naar Maanen er i Sud (elder i Middagsstriket), og den andre, naar han er paa Nordsida, og difyre verd det soleides uttydt, at Maanen heve eit Tildrag, som verkar paa Havet, so at der verd i Strøyming imot Maanen paa den eine Sida og derimot ei Fraastrøyming paa den andre, til dess at der verd Jamvegt paa baade Sidor. Elles er det og sagt, at Tildraget imot Soli verkar nokot med. Sjofallet kann vera myket ulikt paa ymse Stader, av di at der er Tverbakkar i Grunnen, som møta Havstraumen elder driva honom til Sida. store Fjordar, som liggja langt ifraa Havet, er der ofta liti elder ingi Flod, og enbaa i vaart eiget Land er der paa Sudsida ymse Fjordar, der det er vandt aa sjaa nokon Skilnad paa Flod og Fjøra; men derimot hava me paa Vestersida eit stort Sjofall, umkring som fjore elder fem Alner i Høgdi. Denne Rørsla er Orsak til mange Straumar i Sjoen og viser seg mest paa slike Stader, der det er eit trongt Innlaup til ein stor Fjord, for der strøymer Sjoen so fort som ei Elv og gjeng ut elder inn, etter som Sjoen fell elder fløder.

Grunnen i Havet er ujamn liksom paa Landet; sumstad er det store Djup, og sumstad er det Skallar og Grynnor, som stiga nokot nær uppunder Sjoflata. Dei Vidderna paa Jordi, som era yverflødde med Vatn, era myket større en det, som er Land; og det er endaa utreknat, at Landet er berre ein Tridjung, men Sjoen derimot tvo Tridjungar av Jordflata; framfyre annat er det det store Sudhavet eller Stillehavet, som tek upp ein stor Part av all denne Viddi. Den største Mengdi av Sjo er paa sydre Sida; den største landmengdi er derimot paa den nørdre Halvparten av Jordi.

Kor Jordkloten er lagad innantil elder inn i Midten, er oss ukunnigt; men ein merkeleg Ting er det, at det paa ymse Stader er Teikn til store Rørslor inn i Jordi. Paa ymse Lider kann det koma ei Risting elder Skaking i Grunnen med ein dundrande Ljod; det er det Tilfelle, som dei kalla Jorddune elder Jordskjelv, og som paa nokre Stader kann hava slik Styrke, at baade Hus og heile Byar kunna brotna og rynja ned. Nokot likt med detta er eit annat Tilfelle, som kann ovra seg i ymse Berg elder Jordtoppar, som dei kalla Eldberg (elder Vulkaner); det gjeng so til, at der paa ymse Tider sprett upp ein Strøym af Eldmyrja og stundom ei sjodande og gloande Røra, som sig ut yver Berget og sidan storknar og brest isunder og verd liggjande som ei Steinurd kring um Opningi. Slike Eldberg er der paa Island og ded Midelhavet, men dei fleste af deim liggja paa Vestersida av Amerika og kring um det store Sudhavet. Paa nokre Staber er det ogso Merke til, at der eingong heve voret Eldberg, som sidan era utbrende og adsloknade, so at der berre stend atter ein rund Topp med ei Dott i Midten.

II. Um Luft og Veder.

Lika eins som Vatnet ringar seg kring um Jordi og fyller alle dei laagaste Dypter, soleides heve Jordi ogso eit annat Umlag av eit myket lettare og rørlegare To, som me i dagleg Tale kalla Vind elder stundom Luft, og som i ei vidare Umsyn kann heita Vindheimen elder Luftriket (Atmosfæra). Lufti er so tunn og gjenomsynleg, at me ikkje sjaa henne med Augom; derimot kunna me kjenna henne baade med Andebraatten og med berre Handi, naar me sveiva nokot sterkt med Armen; lika eins kann ein sanka Luft i Belgjer elder Blaasor og fylla og tøma deim, ettersom ein vil. Soleides kann ein suga Lufti ut or ei Røyr elder Pipa, og naar ein fet Enden av Røyri ned i Vatn elder Væta, so kann ein dermed draga Vatnet upp igjenom Røyri; for det vindtømde Romet vil hava si Fylling, soframt som der er nokot, som kann renna inn i Romet. Ein kann ogso gjera seg ei kunstig Sugerøyr elder Pumpa (som dei kalla det) til aa tøma Vatn or Farty og meir slikt. Der kann ein segja, at det er Lufti, som dreg Vatnet etter seg; og dermed viser det seg daa, at Lufti heve større Seigd og Styrke, en som ein skulde vona etter fyrste Svipen.

Den frie Lufti kjenna me best, naar ho er i Rørsla elder Strøyming, og det er det tilfellet, som me jamnaste kalla Vind. Ei slik Rørsla kann stundom koma av eit Varmeskifte i Lufti. Naar Landjordi er vel uppvarmad paa ein klaar Sumardag, vil der ut imot Kvelden koma ei kaldare Strøyming fraa Havet inn igjenom Fjordarne; det er den Blaastren, som me kalla Havgula elder Utrøna. Naar derimot Jordi er tillagd med Snjo elder Is og difyre er kaldare en Sjoen, so vil der strøyma ei kald Gust ifraa Dalsladom ut yver Fjordarne; denne Blaastren kalla me Dalsnoa elder Skjella. Det er ogso kunnigt, at Nordanvinden jamnaste er kald, og Sunnanvinden derimot er mild, av di at Sudsida er den varmaste; men elles kann det og vera nokot ustødt med Varmen; for det gjeld um, for langt det er, at Vinden heve gjenget beint i same Stemna. Um dei største Vindstraumarne er det upplyst, at dei ganga i store Ringar elder Kvervar, so at det, som her er Vestanvind, kann lenger i Aust vera Norbanvind, og lenger i Sud derifraa kann det vera Austanvind. Og det høver ogso ofta til, at der paa den eine Sida av landet er ein stor Storm, medan det paa den andre Sida er Stilla eller iminsto eit annat Vindslag.

Ymse Umskifte i Lufti koma av Eimar, som stiga upp fraa Jordi; for baade det store Havet og Lands Jordi vil jamlege giva fraa seg ei stor Mengd av Gova elder Vaatrøyk, som stig upp i Høgdi og fer svivande att og fram, etter som Vinddraget strøymer. Detta Uppstiget kann lenge vera so smaatt og tunnt, at me ikkje sjaa det; men sidstpaa verd det daa synlegt som eit Must i Høgdi, som me kalla Sky; stundom kann detta Muffet ogso leggja seg ned paa Jordi, og daa kalla me det Skodda elder Toka. Naar Skyerna hava sankat seg og siget i Hop, so at Væta er for tung til aa sviva i Lufti, so fell ho nedatter paa Jordi, og det kalla me Nedburd. I mildt Veder vil Væta kalla i runde Dropar, og daa er det Regn; men naar det er kaldt i Høgdi, so kunna Vatsperlorna vera samanfrosne i runde Korn, som me kalla Hagl, elder ogso frjosa dei saman i fine tunne Flokar, og daa heiter det Snjo. Elles kann det ogso koma ei Væta paa Jordi i klaart og turt Veber; det er den Væta, som me kalla Dogg og som kjem av ei Avkjøling i Lufti um Kvelden, naar Soli er nedgjengi. Og stundom kann Lufti verda so kald, at Doggi frys paa Marki; daa heiter det Hela elder Rim.

Desse Tilstand i Vedret kunna skifta seg i mange Slag, etter som Vind og Varme raader i Lufti; og sume av desse Umskiftom kunna vera vandslege nog til aa skyna. Eit av dei undarlegaste Tilfelle er det, som heiter Eldingar elder Ljon; det er ein Eldgneiste, som kvekkjest i Skyom og skyt seg ut med ei unemneleg Hast og med ein brakande Ljod, som me kalla Tora. At ei Regnsky skulde kveikja Eld, maatte synast utrulegt; men endaa sjaa me, at det kann ganga fyre seg. Der er ei Kraft i Skapningen, som her kann heita Ravkraft og som viser seg i ymse Ting soleides, at naar dei verda hardt strokne elder skurade, so kunna dei draga ymse lette Ting til seg elder støyta deim fraa seg, og dertil funna dei ogso skjota Gneistar med ein knettande elder smellande Ljod. Denne Krafti var fyrst uppdagad i eit Slags Steinkvaada elder Perlestein, som heiter Rav[2]; men seinare heve den same Krafti vordet funni i mange andre ting og nøytt og freistad paa mange Maatar, so det ville verda for langt aa tala um alt, som dertil høyrer. No verd det soleides utlagt, at der paa ymse Tider, og helst i Varme og Regnveder, er ei stor Mengd av Ravkraft i Lufti, og at detta verkar til ei Strøyming og Strjuking i Skyom, so at det stundom vil smella laust med slike Utbrot.

Notre Syner i Lufti koma berre av ei Avspegling elder Brøyting i Ljosstraalom; bertil høyrer Regnbogen, som viser seg fyre oss, naar me hava klaar Sol paa den eine Sida og ein tjukk Regn-eling paa den andre. Di større og breidare Elingen er, di vænare verd Regnbogen; og i beste Høvet sjaa me endaa tvo Bogar, den eine upp-yver den andre, og eit myrkt Skybelte imillom deim; men naar Elingen er nokot tunn og liten, so sjaa me berre ein Stubbe av Bogen; det er det, som dei kala Vederstuv elder Elhovud. Og slike Bogestubbar sjaa me ogso i ein Foss og i drivande Vatn, naar det kjem i den rette Høgdi, der som Vatsdroparne kunna avspegla Solstraalarne fyre oss. For den beine Lina fraa Soli og fraa vaar eigen Synstad raakar ikkje paa sjølve Regnbogen, men paa Midten i den runde Ringen, som benne Bogen vilde fylla, naar han ikkje vardt avbroten ned ved Jordi. Difyre er det so, at Regnbogen stend høgft, naar Soli er laagafte, men naar Soli er høgst, sjaa me ingen Boge.

Elles er det ymse andre Tilfall i Lufti, som berre visa seg i Myrkret elder paa Nattartider. Dertil høyrer den braglande Ljosten, som er kallad Vederlyse elder Nordlyse og som helst viser seg paa Nordsida, so at Folk so ymist hava trutt, at det skulde hanga saman med Dragsteinskrafti; det er det Laget, som viser seg i Dragsteinen elder „Magneten“, at naar han er so uppstellt, at han kann sviva kringum ein Stake elder Stolpe, so vil han alltid draga seg mot Nordsida elder mot Polen. Men elles heve det voret so mange andre Gisningar um denne ljosken, at det er vandt aa vita, kvat som er det vissaste. – Eit annat Slag er det, som me kalla Stjernerap, av di at det fyner seg som ei fallande Stjerna; og nokot dilikt er ogso desse Eldkulorna, som me kalla Vederbrand elder Drake. Det verd so uttydt, at det er nokot, som kjem inn i Lufti utanifraa og som kveikjest og lyser paa sin Gang igjenom Lufti. Der er eit Slags Malmklumpar, som skal vera tilkomne av slike Eldkulor, som hava fallet til Jordi; men kvar den Malmen heve skapat seg til, er nokot uvisst aa vita.

Upp i Høgdi verd Lufti tunnare og tunnare, og paa dei høgste Fjellom paa Jordi skal der vera so tunn Luft, at det er knapt ein kann draga Ande. Etter alt, som er kunnigt, rekk ikkje Luftlaget meir en nokre faae Miler ut ifraa Jordi, og sidan er det berre den klaare Himmelrømdi utanfyre. Der maa det baa vera tomt og audt fyre den Lufti, som høyrer til livet paa Jordi; og dertil maa der ogso vera ein Kulde, som er større en alt, som Folk hava freistat.

III. Um Himmelklotarne.

Etter det, som fyrr er sagt, er Jordi sjølv ein svivande Klump elder Klot i den store Himmelrømdi; og av slike Klotar er der ogso fleire, som me alle sjaa med Augom, av di dei visa seg fyre oss som ljos elder lysande Ting. Dertil høyrer no fyrst „dei tvau store Ljosi“, som er Sol og Maane. Av desse er det Maanen, som er næst ved Jordi; det kunna me sjaa paa Skinet, med di at han verd myrk, naar han kjem paa den Sida, der Soli er, og kann fyrst faa sitt fulle Skin, naar han kjem paa den andre Sida av Jordi. Dermed viser det seg og, at han i seg sjølv er lika so myrk som Jordi, og at han berre lyser med eit Atterskin fraa den Sida, som vender mot Soli. Med Soljoset er derimot eit annat Lag: Soli stend alltid med fullt ljos, alltid lika bjart og brikjande, so at den Sida av Jordi, som vender imot henne, vil alltid faa sitt fulle Dagsljos, og um Lufti stundom er full av Skyer, so er ljoset endaa sterkt nog til aa trengja seg igjenom og gjera Dag paa Jordi.

Fyre Augnesyni viser det seg so, at Jordi stend fast i Midten av Himmelrømdi, og at Sol og Maane og Stjernor ganga rettføles i ein Ring elder Boge um Jordi. Difyre segja me og, at Soli gjeng upp og ned, og Maanen lika eins; for det fell oss so kvæmt og høvelegt, at me ikkje kunna segja det paa annan Maate. Det heve ogso voret lange Tider, daa alt Folk trudde, at alle Himmelklotar gingo rundt um Jordi; men i seinare Tider, daa Jordi vardt umsigld, og Himmelbularne vordo grannare ettersedde, viste det seg, at desse Tilhøvi maatte hava ei onnor Tyding. Og sidstpaa vardt det daa avgreidt so, at det er berre Maanen, som gjeng rundt um Jordi, men at Jordi sjølv gjeng rundt um Soli, og at der endaa er fleire Klotar, somganga[sic] i Kring um Soli, og at sume av deim ogso hava sine Maanar med seg.

Etter denne Tydingi heng det soleides saman, at Soli stend paa sin eigen Stad som ei onnor Stjerna, og at Jordi gjeng i ein avlang Ring um Soli, so at ho fullfører denne Umgangen paa eit Aar; og paa denne Vegen fylgjer Maanen med, so at han gjeng rundt um Jordi tolv Gonger og nokot paa den trettande, fyrr en Aaret er utlidet. Men med det same heve Jordi ogso ei onnor Rørsla, med di at ho snur seg rundt i Kring og fullfører denne Umsnuingi paa fjore og tjuge Timar, som me kalla eit Døger. Og desse Rørslorna ganga so jamt og stødt i den store Rømdi, at me ikkje kjenna nokot til deim; den eine Umgangen er so lik den andre, at me ikkje kunna sjaa nokon Skilnad paa deim.

Daa no Soli alltid er lika ljos, vil det alltid vera ein Halvpart elder ei Sida av Jordi, som heve Ljos og Dag, medan den andre sida stend i Skuggen og heve Natt. Og daa Jordkloten er skapad som ei Kula (som fyrr er sagt), so verd det alltid berre ei liti Flata, som vender beint imot Soli. I Midten av Dagsida verd det ein liten kuv, som heve Soli beint upp yver seg; utanfyre den Kuven verd det ein stor Ring, som hallar nokot burt ifraa Soli, og utarst i Dagsida hallar det so sterkt, at Soli stend tett ved Landbruni elder i laagaste Himmelsynet. Men daa no Jordi alltid held paa med ei Umsnuing, so vil denne Dagsida alltid flytja seg etter Soli fraa den eine Flata til den andre. Og deretter vil ogso Varmelaget retta seg; der som Soli stend høgst, verd Varmen størst; men ute paa Sidom verd han mindre, og i Skuggen elder paa Nattsida verd han alltid minst.

No er det aa merka, at detta Umsvivet gjeng alltid i same Stemna (fraa Vest mot Aust), og at der er tvo Flator elder Rundingar, som alltid halla nokot burt fraa Soli og aldri venda beint imot henne. Det er dei Rundingarne, som dei kalla Polar (Nordpolen og Sudpolen). Paa ei Kula, som snur seg rundt, er det alltid ein Prikk paa kvaar Sida, som ikkje snur seg; lika eins paa eit Nysta, som heng i ein Traad, so at alle Sidorna kunna sviva i Ringden øvste og den nedste Toppen kjem so midt i Ringen, at han ikkje kann sviva. So er det med Jordkloten og: dei tvo Polarne standa paa sin visse Stad, medan heile Umkverven snur seg kringum deim, og det heile Umsvivet gjeng so stødt og trygt, som um Jordi hadde ein Aas elder Nagle til aa snu seg paa; difyre verd det ogso talat um Jord-aasen (elder Axen), endaa der er ikkje annan Aas en berre det beine Striket i Himmelrømdi. Detta Striket stend ikkje beint i Tverlina fyre Soli, men alltid nokot hallande til den eine Sida; og denne Hallingi gjerer so myket, at Jordi fær ein Gong Sumar paa Nordsida og ein annan Gong paa Sudsida.

Ein Gong um Aaret hallar Nordpolen so langt ifraa Soli, at ho ikkje naar til aa skina paa den Landbolken, som er lengst i Nord; det er ved Jole-Tider, og daa hava me her paa Nordsida den lengste Natti; men dei, som bu paa Sudsida, hava lengste Dagen og høgste Sumaren. Tri Maanadar deretter heve Jordi gjenget ein Fjordung av sit lange Skeid kring um Soli; daa er ho komi i det Tilhøve, at Solljoset naar til Nordpolen og lika eins til Sudpolen, so at Dagen er lika lang som Natti kring um heile Jordi; difyre heiter det samdøger. Medan Jordi sidan gjeng den andre Fjorbungen av Umvegen sin, hallar Nordsida meir og meir aat Soli alt fram til Jonsvoko-Tider; daa er Nordpolen lengst inne paa Dagsida, og daa hava me lengste Dagen her; men paa Sudsida hava dei lengste Natti og høgste Vetteren. Dermed byrjar det andre Halvaaret, daa Jordi kjem bakleides paa andre Sida aat Soli; etter tri Maanadar er det samdøger paa nytt, og Nordsida hallar meir og meir fraa Soli, til dess ho kjem atter i det same Stødet, der ho var fyre eit Aar sidan. Daa heve Jordi fullført sin Umgang, og byrjar den same. Langferdi paa nytt og med same Gangen som fyrr.

Fraa vaar eigen Bustad viser alt detta seg for at Soli laagnar um Hausten til Midvetters Tid; daa stend ho so laagt, at det er litet ho kjem upp yver Himmelsynet; men so tek ho til aa stiga og gjeng høgre og høgre alt fram til Midsumars Bil; daa gjeng ho so vidt i Kring, at det er berre nokre faae Timar, som ho er burte. Sidan laagnar ho paa nytt, so lenge til ho kjem atter i Midvetters-Maatet. Men no vita me og, at der er stor Skilnad imillom Nord og Sud. Naar Folk fara berre so langt nord som til nørdste Enden av vaart eiget Land, faa dei alt sjaa ein annan Solargang: midt paa Vetteren sjaa dei berre ein liten Ljoske av Dagen, men ingi Sol; midt paa Sumaren sjaa dei Soli heile Døgret igjenom; der verd ingi Natt, for Soli gjeng aldri ned. Naar Folk fara langt i Sud, faa dei derimot sjaa, at Soli gjeng høgre en her, men brattare upp og ned. Ved Mid-Lina (Æquator) elder i Tverstriket midt paa Jordi gjeng Soli beint upp og midt yver Hovudet; og naar ein kjem nokot langt sud um lina, kann ein endaa faa sjaa Middagssoli paa Nordsida.

Med Umsvivet millom Aust og Vest er det nokot likt som med Vendingi millom Nord og Sud, med di at me berre sjaa ei Vending paa Himmelen, men ikkje paa Jordi; det er mest so, som naar me sigla langs med Landet med ein makleg Byr: me tykkja, at det er Landet, som sigler, og ikkje Baaten. Etter vaar Augnesyn kjem Soli upp paa Austersida og gjeng i ein Boge mot Sud og Vest, til dess at ho sig under elder „gjeng i Havet“, som me segja. Men no vita me, at det alltid er ein heil Sida elder Halva av Jordi, som vender mot Soli og heve Dag; og daa no Jordi alltid sveiver seg rangsøles i Kring, so maa denne Dagsida alltid flytja seg smaatt i Senn fraa Vest mot Aust. Naar no vaart Land kjem aust um Dagsida og inn i Skuggen, so hava me Natt, og sidan gjeng Landet aust igjenom Skuggen, til det møter Dagsida paa nytt; daa sjaa me fyrst ein liten ljoske paa Austersida, og sidan hava me Dag, til dess at Skuggen kjem atter austantil. Dermed kunna me ogso skyna, for det heve seg, at Klokkeslættet er so ulikt i Aust og Vest. Naar me fara nokre Miler mot Vest, so verd Klokka vaar for snar, og fara me mot Aust, so verd ho for sein; og di lenger Vegen er, di større er Skilnaden. Auster i Russland er det Middag tvo Timar fyrr en her; ute paa Island er det tvo Timar seinare, og vestanfyre Havet (so som i Ny-York) er Middagen seks Timar seinare en hjaa oss. Og so paa Lag maa det vera, naar Dagen skal koma rundt i Kring paa eit Døger.

Av alt detta kunna me merka, at Soli heve ein overslege stor Verknad paa Jordi. Men um sjølve Soli vita me litet meir, en at ho er mange tusund Gonger større en Jordi, og at ho er so langt burte, at der er tvo Klotar (elder Planetor), som standa imillom henne og Jordi, og endaa er desse Klotarne so langt ifraa oss, at dei visa seg berre som Stjernor paa Himmelen. Serdeiles merkverdig er den Varmen, som fylgjer med Ljoset fraa Soli; og difyre høyra me og so mange undarlege Gisningar um, for denne Varmen skal koma til. Snaraste vilja no Folk tru, at Soli berre varmar fraa seg som ein annan Eld, men detta kann ikkje vera den rette Tydingi; for dertil er Soli for langt burte og dernæst so sjaa me, at ho alltid varmar mest paa Laaglandet og minst i Høgdi, so at der endaa i varmaste Jordbolken kann vera Fjell med Is og Snjo paa Toppen. Det einaste visse er, at Ljoset fraa Soli hev ei serleg Kraft til aa vekkja Varme paa Jordi elder til aa varma det Luftlaget, som er næst ved Sjoflata. Denne Krafti er nokot vandsleg til aa skyna og tyda; men so er det og med mange andre av dei store Krafter i Skaparverket.

Maanen er oss myket nærre en alle andre Himmelklotar, og difyre synest han vera so stor, endaa han er berre liten imot andre Klotar. Maaneljoset er, som fyrr sagt, berre eit Atterskin; og derav kjem det, at det veks og minkar. Naar Maanen stend imillom Jordi og Soli, so vender han Baksida til oss og er myrk; men etter tvo-tri Dagar er han komen so langt auster um Soli, at me sjaa ein Trøm av den ljose Sida paa honom, og sidan verd denne Ljossida større fyre kvar Dag. Etter fjortan Dagar er han komen paa Baksida av Jordi, so at han vender heile si ljose Sida imot oss; det kalla me „full Maane“. Deretter gjeng han um paa vinstre Sida, og daa vender den ljose Maanesida meir og meir ifraa oss, til dess at ho kverv reint burt; og daa verd det „ny Maane“ atter. Denne Umgangen kjem nær inn paa tretti Dagar (eigenlege 29½ Dag), og deretter er Maanadstalet reknat; men daa det verd nokot meir en tolv Umgangar i eit Aar, so er nokre Maanadar reknade til tretti Dagar, og nokre til ein og tretti, so det kann høva saman med Aarsgangen. For eit Aar er det same som ein Umgang um Soli og heve alltid si visse Lengd, som er try hundrad og fem og seksti Dagar og feks Timar, so at fjordekvart Aar verd ein Dag lenger.

I den Timen, daa Nymaanen gjeng auster um Soli, hender det stundom, at han kjem so beint i Striket millom Sol og Jord, at han halvt elder heilt kann skyla Soli fyre os, med di at Jordi daa kjem inn i Skuggen av Maanen. Det er det Tilfelle, som dei kalla ei Formyrkning. Eit annat Tilfelle er det, at Jordi kann koma beint i Striket millom Sol og Maane, so at Skuggen av Jordi kjem inn paa Maanen; daa er det so aa saa til, som det var ei rund Skiva, som kom sigande inn yver Maanen; og det er ogso eit Merke paa, at Jordi er rund. Desse Formyrkningar hava fine visse Tider, so at kunnige Folk vita grant, kvat Dag og Time dei skula koma; og dei kunna endaa rekna det ut fyre mange Aar fram igjenom Tidi. Slik ein jamn og stødug Gang hava desse Klotarne paa sin avstakade Veg i den store Himmelrømdi.

Dei andre Klotarne, som me sjaa i Himmelromet, kalla me allesaman Stjernor; men det er upplyst, at nokre av deim era myrke Klotar, som berre lysa med eit Atterskin fraa Soli og ganga kringum Soli lika eins som Jordi. Dei era kallade „Planetor“, det er Flutningsstjernor, av di at dei flytja seg fraa den eine Himmelbolken til den andre. Tvo av deim standa imillom Soli og Jordi (som fyrr er nemnt); det er „Merkur" næst Soli og „Venus“ næst Jordi. Paa andre Sida av Jordi er fyrst „Mars“ og so ein Flokk av Smaaklotar, som era litet kunnige; deretter kjem der fjore store Klotar (Jupiter, Saturnus, Uranus og Neptunus), som kvar fyre seg heve eit litet Fylgje av Maanar kringum seg. Nokre av Planetom era so ljose, at ein ser deim godt med berre Augom, og tvo av deim (som er Venus og Jupiter) hava endaa so bjart eit Skin, at dei stundom visa seg som dei største av alle Stjernor. Naar me no tenkja oss, at Jordi sjølv i langt Fraastand maa visa seg som ei Stjerna, so funna me ogso tenkja, at vaar Jord er sjølv ei Planeta, som stend i tridje Staden fraa Soli, midt imillom Venus og Mars; og so faa me det ut, at heile denne Flokken er eit Solfylgje (Solsystem), med di at heile Radi svingar seg kring um Soli og fær sit Ljos fraa henne.

Utanfyre desse Flutningsstjernorna er der ogso nokre som dei kalla Kometor, det er Haarstjernor, av di at dei hava nokot med seg, som er likt til ein Hale elder Dusk; men desse Synerna era vandslege aa skyna, og det er uvisst, um det er nokot hardt elder heilt To i deim. Det kann ogso vera mange Aar, at ein ikkje ser deim.

Dei andre Stjernorna era jamt aa finna paa same Staden elder i same Bolken som fyrr; og difyre era dei kallade faste Stjernor (Fixstjernor). Dei era uteljande mange, som ein kann sjaa med Augom, og endaa fleire, som ein fer med Glas; men dei era lo udømelege langt burte, at ein fær ikkje sjaa nokot stort meir en ein lysande Prikk, som det skulde vera ei Sol i eit umælelegt Fraastand. Og difyre hava Folk ogso tenkt, at det maa vera Soler, som standa lika so langt ifraa kvarandre som fraa vaar eigen Synstad, og at det er moglegt, at dei hava fine Fylgje-Klotar elder Planetor kring um seg likasom vaar eigi Sol. Vistnog er detta nokot, som me ikkje kunna vita til Fulnad; men er det so, som det synest vera, so maa baade vaar Jord med all sin Storleike og endaa vaar Sol med alt sitt Fylgje vera berre ein liten Deil av det store Skaparverket. Og bermed kunna me daa faa eit Hugbod um, for litet det er, som me vita, og for liti all Magt paa Jordi er imot den Magti, som styrer det store Verket i den umælelege Himmelrømdi. Men med det same maa me ogso minnast, at Skaparen er lika so stor i det smaae som i det store og heve Tilsyn med det smaae sovel som med det store. „Han kjenner kvar Saal i sitt Rike“, som det heiter i Salmen; og um no hans Rike er større en alt, som me kunna skyna, so faa me endaa tru, at han er allstad lika nær og alltid lika vakande.

IV. Um Jordbolkarne

Etter det, som no er umrødt, er det liti Raad fyre oss til aa vita nokot stort um alt det, som er utanfyre Jordi; og difyre faa me daa nøgja oss med aa skoda paa den Kloten, som me ganga paa. Men so er der og so myket til aa sjaa og skoda paa sjølve Jordi, at me hava riklege nog fyre ein lang Alder. Det er store Vidder paa Jordflata, som hava voret lenge ukjende, og der er endag ymse Land, som Folk vita litet um. Det kann paa mange Stader vera so myket Ulende og uføre og so mange Faarar i Vegen, at der knapt er farande fyre Folk; og daa er det faae, som vilja vaaga seg paa Ferdi berre fyre kunnskaps Skuld, soframt som der iftje er nokon annan Vinning til aa trøyta seg etter. Paa fume Stader er Solvarmen so stor, at det er mest utolande utan fyre deim, som era barnfødde i landet; paa andre Stader er kulden for stor, so som under Nordpolen og endaa meir under Sudpolen, med di at store Vidder er so tillagde med is, at ein ikkje rett kann vita, kvat Grunn som er innunder.

Til Merke fyre dei ymse Bolkar elder Deilder paa Jordi bruka Folk aa nemna deim etter visse avmælte Strik og Linor, som ein kann teikna paa eit Landkort elder helst paa ein rund Klot (Globus). Dei Striki, som ganga nord og sud fraa den eine Polen til den andre, heita Lengdarstrik og verda reknade etter Lengdi mot Aust elder Vest fraa eit visst Middagsstrik (Meridian). Eit annat Slag er Tverstriki, som ganga i Aust elder Vest i ein Ring um Jordi og verda reknade etter Breiddi fraa Midlina og til Polen; dei era kallade Breiddarstrik og era ulike paa Lengdi, med di at alle Ringar minka fraa Midlina og ut imot Polen, so at det sidstpaa verd berre ein liten rund Kringel um Polstaden. Den største Ringen er den, som gjeng midt yver Kloten og er allstad lika langt ifraa Nordpolen som fraa Sudpolen; det er det Striket, som Sjomennerne kalla Lina elder Midlina (Æquator), og det gjeng tvert yver Afrika og Sud-Amerika. Ein fslik Ring er reknad til 360 Gradar (elder Mælingstig), og daa no ein Grad paa Midlina er 10 norske Miler (likt 15 tydske elder geografiske Miler), so verd heile Lina 3600 norske (elder 5400 tydske) Miler, og det er daa Lengdi paa den Heile Umferdi kring um Jordi. Hermed fylgjer daa ogso, at ein halv Ring er 180 Gradar, og ein Fjorbungs Ring er 90 Gradar; og soleides verd det nitti Gradar (elder 900 Miler) fraa Midlina til Polen.

Etter det, som fyrr er sagt um Solgangen og um Tilsnuingi paa Jordi (S. 17 [Her]), gjeng Soli det eine Halvaaret nord um Midlina, og det andre Halvaaret sud um henne. Paa Nordsida kjem Soli so langt, at ho er yver det Striket, som er 23 Gradar fraa Midlina; det heiter det nørdre Vendingsstriket (elder ogso Krabbestriket, etter eit visst Stjernemerke paa Himmelen). Paa Sudsida er det lika eins, at Soli kjem so langt som yver 23 Gradar, og der er daa det fydre Vendingsstriket (som er kallat Steinbukt-striket). Imillom desse Solvendingsstrikom er det soleides ein Teig elder Bolk, som gjeng rundt i Kring fraa Aust til Vest og er 46 (elder 47) Gradar i Breiddi fraa Sud til Nord; og i denne Bolken er det allstad ei viss Aarstid, baa Soli gjeng beint yver Hovudet elder midt igjenom Toppmaatet (Zenith). Dermed fylgjer daa ogso, at der alltid er stor Varme, og difyre er det kallat det varme Jordbeltet.

Nordanfyre Varmebeltet er det nørdre halvvarme (elder tempererade) Jordbeltet, og det strekkjer seg igjenom 43 Gradar fraa Vendestriket (23½) til Pol-Ringen (66½), som er det nørdste Striket, som Solskinet naar til paa Midvetters Tid. Nordanfyre detta Striket er det kalde Jordbelte kringum Nordpolen; der er det eit Bil utan Sol, og eit annat Bil med Sol igjenom heile Samdøgret. - Sunnanfyre Varmebeltet er det lika eins, med di at Sudsida ogso heve fitt halvvarme og sitt kalde Jordbelte med same Storleike som paa Nordsida; og soleides verd det heile fem Jordbelte imillom Sudpolen og Nordpolen.

No er det aa merka, som fyrr er sagt, at det er berre som ein Tridjepart av Jordflata, som er turt Land, og at den største Landmuga ligg paa nørdre Sida av Jordi. Dertil kjem no ogso, at landet er myket ulikt med Tilhøvet til Buland elder Bustader fyre Folk, og at ymse Vidder (so som i dei kalde Jordbolkom) ikkje kunna vera nokot buande Land. Snaraste skulde ein daa tru, at den varme Jordbolken maatte vera den rikaste og høvelegaste til Bustad, og i Vissa er det nog so, at der er den største Rikdom av Vokster og Liv og den største Pryda paa Jordi av alle Slag; men so er der ogso ymse Meinleikar med, so som av skadsame Dyr, elder av Udæme i Lufti, og av ein kvæveleg Varme. Paa nokre Stader er det store øydemarker, som era ubyggjande fyre Vatsløysa, med di at Grunnen er so uppturkad, at der bid ikkje annat en fjukande Sanden. Difyre høyra me og, at det er ikkje just dei varmaste Landi, som er dei folkerikaste, men at derimot den halvvarme Bolken er best fullsett med Folk; og det nørdre halvvarme Jordbelte heve alltid voret liksom Heimstaden fyre dei største Folkeslagi. Den sydre halvvarme Bolken heve berre liti Folkemengd, av di at der er langt meir Sjo en Land.

Og lika eins som det allstad verd kaldare Vederlag, di lenger ein kjem fraa Midlina til Polen, so verd det ogso allstad kaldare, di lenger upp ein kjem ifraa Sjoflata, so det endaa i eit mildt Land kann vera ymse Bolkar, som era ubyggjande fyre Kulde og Voksterløysa. Me kunna sjaa det paa vore eigne Fjell, at naar det ber nokot høgt, so minkar Skogvokstren og Grasvokstren, so at det sidstpaa verd berre Snaudberg, og naar der daa er store Dypter paa Fjellet, so kann Snjo og Is verda liggjande i store Brebar, som ikkje tøya upp, um det er aldri so varm Sumar. Men elles kann det og vera myket Land, som heve baade høveleg Høgd og høvelegt Varmelag, men endaa er nokot ulagat til Buland, av di det anten er for myket brattlendt og bergutt elder for myket myrlendt og vaatsamt. Det høvelegaste Land til Bustad er eit Laaglende, som er nokot jamt elder flatt, men daa ikkje flatare, en at Vatnet kann hava godt Avsig. Og so er det og eit godt Lunnende fyre eit Land, at det heve mange Fjordar og Vikar elder lange Elvar og Vatsdrag, som era farande med Baat og annan Farkoft. Difyre sjaa me og, at Strenderna langs med Fjordom og Elvom jamnaste era nokot tettbygde, soframt som dei ikkje era for myket bratte. Um alle dei einskilde Land paa Jordi med deira ferlege Skap og-Lag vilde det her verda for langt aa tala; men so faa me daa leggja nokre Drd til um dei store Jorddeilderna, som fyrr era nemnde (S. 3 [Her]).

Europa er den minste av dei tri store Jorddeildom, som me hava kallat Gamleheimen; men det er myket folkerikt og fyre det meste vellagat til Buland. Det ligg i det nørdre halvvarme Jordbeltet; men paa Nordsida rekk det ogso inn i Kuldebeltet. I Auster er det landfast med Asia; men elles heve det Hav paa alle Sider: Ishavet i Nord, Vesterhavet (elder Atlantarhavet) i Vest og Midelhavet i Sud. Serskilde Greiner av Vesterhavet er Nordsjoen, som skil Engelland og Skotland fraa Fastlandet, og dernæst Øystersjoen, som gjeng Langt inn imillom dei nørdste Landi. Langs med Vesterhavet ligg: Norig og Sverike nordanfyre Øystersjoen, og dernæst Danmark og ei Hyrna av Tydskland; dernæst er Holland og Flamland (elder Belgia) paa Fastlandet, og Øyarne Britland (elder Engelland med Skotland) og Irland utanfyre Nordfjoen; og sunnanfyre Flamland er Frankrike, Spania og Portugal. Langs med Midelhavet er fyrst Sudsida av Spania og Frankrike og dernæst Italia, Grækarland, Tyrkriket og ei Hyrna av Russland. Lenger inn fraa Sjoen er Ungarland, Austerrike, Tydskland og Sveits (Schweiz) og ymse andre Land, som era lagde inn under andre Rike; derimillom er det gamle Polsland (elder Polen), som no er reknat nokot til Russland og nokot til Tydskland. Det største Riket er Russland, som rekk alt fraa Midelhavet til Ishavet og endaa heve ein stor Part av Asia med seg.

Dei synnste Landi era gode Buland med lang Sumar og ein rik Vokster; dei nørdre Landi hava lenger Vetter og mindre Varme; men endaa hava dei en god Skogvokster og Grasvokster. Til dei nørdste Landi høyrer vaart Land Norig; det er so langt fraa Midlina paa Jordi, at nørdste Enden av det rekk langt inn i Kuldebeltet og ser ingi Sol ved Midvetters Tider. Men med alt detta heve baa vaart Land eit mildare Vederlag en andre Land, som liggja so langt nordarlege; for dei Landsbolkarne, som liggja beint austanfyre (sosom Nordparten av Russland og Asia), hava ein Kulde, som er langt større og lenger varande. Det mildaste Luftlaget er ved Havet paa Vesterfida, og det skal hava si Orsak i ein Havstraum, som gjeng ifraa Varmebeltet nord med Amerika og derifraa yver til Nordvest-Kanten av Europa.

Asia er den største av alle Jorddeildom og fem Gonger so stort som Europa. Det ligg jamsides med Europa i den halvvarme Jordbolken og nokot inn i Kuldebeltet, men paa Subsida rekk det myket lenger, so at det naar langt inn i Varmebeltet. Paa Vestersida naar det til Midelhavet, og der er dei gamle vidgjetne Landi: Litle-Asia, Syria og Judeland. Paa Sudsida er Arabia, Persia og India med nokre store Byar, som liggja midt i Varmebeltet. Paa Austersida er det store folkerike Kina og øylandet Japan. Paa nørdste Sida er det store Sibiria, som no høyrer til Russland. Lenger inn ifraa Sjoen er ymse store Landvidder, som era kallade Mongolland, Turkestan elder Tatarland og fleire. Med si store Vidaatta heve Asia alle Slags Landskapnad fraa det laagaste Flatland til det høgste Bergland og dei høgste Fiell paa Jordi; lika eins heve det alle Slags Varmelag fraa den sterkaste Solbakster (som i Arabia og India) til det hardaste Frost (som i Sibiria).

Asia kann med god Rett heita den store Folkeheimen; for det heve eit Folketal, som er reknat til 500 Millionar, og det er umkring som Halvparten av Folketalet paa heile Jordi. Det er ogso trulegt, at Menneskja heve havt sin fyrste Heimstad der og sidan dreivt seg ut derifraa til dei andre Jorddeilderna.

Afrika er den synnste Parten av Gamleheimen og ligg fyre det neste i det varme Jordbeltet, men det rekk ogso inn i det halvvarme Beltet paa Nordsida og lika eins paa Sudsida. Det kann soleides framfyre alle andre Jordbolkar heita eit Varmeland, og paa ymse Stader er Jordi endaa reint uppturkad av Varme og Vatsløysa, so som i den store Sandmoen Sahara, som er frammot 500 Miler lang. Paa mange Stader er Landet ogso ukjømt og vandslegt aa fara i; og difyre er det myket av Innlandet, som er litet kunnigt. Langs med Sjoen er myket Folk og mange Smaarike; men det er faae av deim, som hava nokor Velmagt.

Afrika er mest aa kalla som ei Øy elder eit Land fyre seg sjølv, med di det heve Hav paa alle Sidor so nær som ei liti Flata, der det heng saman med Asia. Denne Flata er det namnkjende Suez-Eidet, som er berre 10 Miler breidt og møter Midelhavet paa Nordsida og Raudehavet paa Sudsida. Detta Eidet er no i dei sidste Aar gjenomgravet, so at der no er eit Farvatn elder ein Sundveg (Kanal) fyre dei Skipom, som fara til India og andre Land paa Austerleidi. Næst ved detta Eidet ligg det gamle Ægypten, som alltid heve voret eit vidgjetet Land.

Amerika ligg serskilt fyre seg sjølv imillom Vesterhavet og Stillehavet. Det heve ei stor Lengd i Nord og Sud, so at det rekk alt til Ishavet paa Nordsida og langt inn i den halvvarme Bolken paa Sudsida. Det er ogso nokot breidt baade i Nord og Sud, men i Midbolken er det so mjaatt og smalt, at det paa ein Stad, som heiter Panama-Eidet, er berre nokre faae Miler fraa det eine Havet til det andre. Dermed deiler Landet seg i tvo store Halvdeilder: Nord-Amerika og Sud-Amerika. Dei største Riki era „dei sambundne Statarne“ i Nord amerika og Keisardømet Brasilia i Sudamerika.

I nørdste Enden bøygjer Landet myket mot Vest, so at der er berre eit Sund (Behrings-Strætet) imillom Amerika og Asia. Nordanfyre Fastlandet er der nokre Øyar og Landsfagar, som høyra til Ishavslandi; dertil høyrer ogso Grønland, somn ligg langt imot Aust. Imillom Fastlandet og Ishavslandi er der store Sund; men dei era iktje farande fyre Is og Frost.

Australia, som er den femte Jorddeildi, ligg i Sudhavet sunnanfyre Asia, nokot i det sydre halvvarme Jordbelte og nokot i sjølve Varmebeltet. Hovudlandet er eit stort Land, som er kalla Ny-Holland, og alt det andre er Øyar, som liggja vidt og breidt i Kring i Subhavet. Innlandet i Nyholland er litet kjent, av di at det er nokot ukjømt og mødesamt aa fara igjenom.

I dei fyrre Tider var det ingi Sjoferd til slike fjerrliggjande Land som Amerika og Australia, og difyre var desse Jorddeilderna ukjende fyre Folket i Gamleheimen. Daa dei spanske Sjomennerne i Aaret 1492 hadde funnet Øyarne austanfyre Amerika, trudde Folk, at desse Øyarne høyrde til India, og difyre vardt det Landet kallat Vest-India. Men etter den Tid var det mange, som foro vidare i Kring paa Havet, og daa vordo Øyarne i Sudhavet ogso uppdagade. Og baade i Amerika og Australia var der Folk fyrr, daa Sjomennerne fraa Europa komo der. Kor detta Folket hadde fomet der, er vandt aa vita; men ventelege maa beira Forfeder eingong i Forntidi hava komet fraa Asia.

V. Um Skapningen paa Jordi.

Dei mange Slag elder Kynder av skapade Ting paa Jordi skilja seg i tri store Deilder elder sokallade Rike, som er Steinriket, Voksterriket og Dyreriket. I den fyrste Deildi er slike Skapkynder, som korkje hava Vokster elder Liv elder nokot Slags Innreide og difyre kunna heita reidelause elder uvoksterlege[3] Skapningar. I andre Deildi er slike Kynder, som hava Innreide til aa draga Safter i seg og tilverka Safterna, so at dei kunna velja og halda sin Vokster i kvar sin eigen Skapnad og Storleike. I tridie Deildi er ogso Skapningar, som veksa og fodra seg, men som dertil og hava Innreide til fullkomet Liv med Rørsla og Nørsla etter sin eigen Vilje. Dei tvo sidste Deilderna hava det Laget saman, at Einingarne (elder dei einlege Skapningar) koma til fraa eit litet Upphav og vekja til ein viss Alder og fidan kunna øksla seg sjølve med nytt Elde av sitt eiget Slag, so at wEtti stend uppe, um Einingen[4] fell ifraa. I fyrste Deildi er ikkje nokre slike Skifte, som kunna vekkja so stor Forvitna; men lika fullt er no denne Deildi som eit Grunnlag fyre dei andre, og difyre synest det vera høvelegt her som annanstad aa nemna fyrst det, som eldft er, elder rettare: det som fyrst laut vera, fyrr en det andre kunde vera.

a) Steinriket.

Til Steinriket høyrer allskyns Jordflag og Grjot og Malmar; difyre er det stundom ogso kallat Malmriket. Det skil seg i mange ulike Slag, og sume av deim era nokot sjeldsynte, medan andre derimot finnast i so stor Mengd, at dei fylla heile store Vidder paa Jordi. Nokre Slag liggja samnade i store Floer elder Veltor, og nokre liggja sundrade i smaae elder store Klumpar og ofta i smaa Korn, som kunna vera innsprengde i Klumpar av andre Slag.

Det hardaste og traustaste Telet i Jordflata er det, som me i dagleg Tale kalla Berg (Stein). Det ligg utbreidt i Jordi i ovlege store Mugor, og det beiler jeg ogso i mange Slag, som kunnuge Folk hava fine visse Merke paa; men desse Merki era vande aa skyna fyre andre en deim, som era dertil upplærde, av di at fleire ymislege Grjot elder Steinslag kunna liggja samanmengde i same Berget, so at snart det eine og snart det andre Slaget gjerer Yvermengdi. Nokot likt er det og med dei mjukare Steinslag og Jordkynder, som liggja ovanpaa Grunnberget elder imillom Berghøgdom; dei kunna og vera samanmengde paa ymse Maatar, so det er vandt aa skilja deim fraa kvarandre. Den grannaste Skilnad kann vera gjord med Sundring og Samanstrjuking elder Smelting, naar ein dermed kann faa utrøynt, kvat som er det rette To elder Grunn-tel i alle Steinslag; men dertil treng ein mange serlege Reidskapar, so at det aldri kann verda nokon aalmenneleg Kunnskap.

Det vanlegaste harde Bergslaget kalla me jamnaste Graaberg elder Kamp, og stundom Blaaberg elder Raudberg (Raudegrjot), naar det heve ein annan Svip i Liten. Ymse Bergslag, som lata seg kløyva elder hogga og stjera, era kallade Helleberg, Flisberg (elder Skalberg) og Esja og Telgjestein (Blautegijot). Elles er Steinslaget oftaste nemnt etter dei Ting, som Folk hava brukat det til, sosom: Kverneberg, Slipesteingrjot, Bryneberg, Heineberg, Tavlestein og Takstein. I Bøker, som høyra til Bergkunnskapen, finna me derimot mange andre og mest berre framande Namn paa Steinkyndi, so som Granit, Gneis, Skifer, Sandstein, Kisel og fleire slike; men desse Nemningarne retta seg berre etter Grunntelet i Steinen, og dermed fylgjer daa, at det same Namnet kann gjelda um fleire ulike Ting. Soleides høyra me, at baade Kverneberg og Bryneberg og Telgjestein er reknat til „Skifer“, og at baade Kvitestein (Quarz) og Tinna (Flint) og Dvergsmide (Krystall) er altsaman reknat til „Kisel“.

Av dei mange ymislege Tel og To, som liggja innsprengde i Berg elder Jord, er der nokre, som era finare og seigare en andre Slag, so at dei lata seg støypa elder forma i ymise Skap og soleides, verda brukade til Smidefang. Dertil høyrer dei tunge Malmar (elder Metall), som er Jarn, Kopar, Tin, Bly, Sylv og Gull og mange fleire, som era mindre kjende, so som Nikkel, Zink, Platin og nokre andre. Til slike Malmar rekna dei ogso Kviksylv, som merkjer seg ut fraa dei andre med di, at det held seg rennande elder sigande som ei Væta. Nokre Malmer lata seg mengja elder samstøypa med ymse andre Slag, og paa den Maaten kann ein laga blandade Malmar, so som Massing og Tambak (av Kopar og Zink), Klokkemalm og Brunkopar elder „Bronze“ (av Kopar og Tin), og Nysylv (av Kopar med Nikkel og Zink). Med ferleg Tilverkning kann ein ogso gjera Jarn til Staal og til Blekkplator. Til Manns Bruk er Jarnet den gagnlegaste av alle. Malmar.

Nokre fine Steinslag merkja seg ut med ein serleg Lit og Glans og verda difyre ofta umtalade som Prydesteinar i ymse Kunstverk; det er slike som Demant, Rubin, Smaragd og fleire, som era nokot sjeldfengde og standa høgt i Pris. ei fin Steinkynd, som kløyver seg i tunne glitrande Skivor, og som me kalla Kraakesylv, er mangstad aa finna, men er ikkje vidare havd til nokot Bruk. Av dei mange mjukare Steinslag kunna me nemna Kalkslaget; dertil høyrer Kalk (elder Limstein) og Gips og Krit, og dertil rekna dei ogso Marmor, som er myket brukat til ymse Kunstverk. Nokre Steinslag lata seg brenna og verda reknade til Kol-kyndi; det er slike som Brennestein (elder Svaavel) og Rav og Steinkol; og til denna Kyndi rekna dei ogso Demanten, som elles er det hardaste av alle Steinslag. Nokre andre lata seg bræda elder tida upp til Væta, og dei verda reknade til Saltkyndi; det er slike som Salt, Salpeter, Alun og Svertestein (Vitriol).

Det Steinslaget, som er vidaste aa finna, høyrer no elles til same Telet som det faste Bergslaget; og i Blanding med Steinen er der ymse Kynder av lausare og mjukare Tel, som liggja utjamnade i store Floer paa Jordi; det er slike som Aur, Sand, Leir, Torv og Mold. Av desse Jordkyndom er det Moldjordi, som er vidaste utbreidd og som dertil ogso heve det største Verdet fyre Grasvokstren og Skogvokstren. Ein kan endaa segja, at liksom Jordi tenar til Fodring fyre Vokstren, so tenar Vokstren ogso til Fodring fyre Jordi, med di at alt Avfall av visnad og uppmorknad Vokster vil smaatt um Senn skapa seg um til Mold og mengja seg med den underliggjande Jordtorva.

Bergkunnuge Folk gjera Skilnad paa eldre og yngre Lag i Jordbotnen, so at dei deila Grunnen i try store Lag, som er Grunnberg og Fletberg[5] og Tridjelag[6], og dernæst lata dei det lause Jordslaget fylgja som eit Tillag ovanpaa. Desse Lagi skilja seg stundom i fleire Floer, og paa sume Stader kann det vera mange Floer fraa Grunnen og upp til Jordtorva; paa andre Stader kann Grunnberget ganga heilt upp i Jordflata og endaa stiga i Høgdi som store Fjell. Paa sume Stader kann eit Bergslag vera fullt av Smaafloer elder Millomfloer av eit annat Grjot, som me kunna sjaa i ymse Bergbrot, som hava heile Rader av slike Millomfloer, so at dei visa seg mest som Gaarar i Tre elder som Render i ein Vev. Ofta høver det og so til, at desse Gaararne halla up og ned, so det er mest aa sjaa til, som um Berget hadde eingong voret blautt og bøygt seg upp og ned, som Baaror paa ein Sjo, og so sidan storknat i Hop og hardnat til. Og der er ogso fleire Likinde til, at det eingong heve voret store Umskjeplingar i Jordi, fyrren ho fekk sitt fullkomne Skap; men kor det elles heve gjenget til, er vandt aa vita. Derimot er der ymse Umskifte i det øvste Jordlaget, som er lettare aa skyna, so som at Jord og Stein heve siget lenger ned ifraa Bergom, at Vatnet heve gravet seg djupare Rennor, og at Øyrarne elder Grandarne i Elvosom hava lagt seg lenger ut og vokset til av Sand og Gyrma, som Elvarne føra med seg. Slike Tiljamningar paa Jordi kunna ganga fyre seg endaa; men dei ganga so seint og smaatt, at me ikkje merka nokot stort til deim.

b) Voksterriket.

I den veksande Skapningen sjaa me ein heilt annan Skipnad en i Steinriket, med di at dei ymise Slag elder Kynder ikkje liggja samanmengde i ujamne Hopar, men derimot standa frie og serskilde kvar med sin sereigne Skapnad. Dei hava Innreide til aa draga Safter av Grunnen, som dei standa paa, og til aa laga elder tilverka desse Safterna paa kvar sin eigen Maate. Dei renna up av eit litet Fræ og veksa til eit vist Maal, og sidan bera dei sjølve Fræ til nye Vokstrar av same Slag. Men i denne Framvokstren er det elles myken Skilnad; for sume av deim standa berre ein Sumar til Ende, med di dei renna up um Vaaren og visna burt um Hausten, so at det verd ein ny Uppvokster fyre kvart Aar; andre derimot velja seint upp og verda standande i mange Aar, so at dei berre faa ein liten Tilvokster fyre kvar Sumar og derimot standa i Kvild um Vetteren. Nokre av deim faa til kvar Sumar ein Tilvokster med Lauv, men sleppa det av seg um Hausten og standa sidan snaude, til at Vaaren kjem atter.

Dei langstøduge Vokstrarne hava ein traust og heils vaffen Stuv, som veks nokot smaatt fyre kvart Aar, med di at Toppen fær eit litet Tilsfot i Høgdi, og Stuven legg paa seg ei Flo med Save, som sidan hardnar og skapar seg til Vid, so at det verd ein ny Ring elder Gaare under Borken fyre kvar Vaar, som ein kann sjaa i Hogget paa Fura og ymse andre Treslag. Dei înarvaline Voksterslagi hava derimot ein mjuk Stylk, som stundom endaa er innhol og myket tunn, men som lika fullt kann bera kraftige Frukter, som me til eit Merke kunna sjaa paa dei Grasslagi, som me kalla Korn. For baade dei smaae og dei store Voksterkynder era fulle med fine Røyrer elder Aadrar, som føra Saft ifraa Jordi elder fráa Luft og Væta, og som løypa denne Safti ut igjenom heile Vokstren. So lenge som detta Saftlaupet heve sin fulle Gang, so stend Vokstren heil og frisk; men naar det eingong stadnar anten av Alder elder annat Avbrot, so visnar Vokstren og morknar burt som annat Avfall. I denne Tilgangen med Uppvokster og Nedfall er der nokot likt med Livet i Dyreriket, og difyre verd det stundom ogso talat um eit Voksterliv; men det synest no ikkje aa vera høvelegt helder, for me kalla det ikkje nokot Liv, naar der forkje er Rørsla elder Vit elder Vilje med det.

Paa nokre Voksterslag fell Toppen og Stuven burt um Hausten, men Roti stend frisk og ffyt nye Renningar um Vaaren. nokre Slag ere so , viljuges til aa velja, at naar ein heve eit Stykke av Roti elder endaa berre ein Kvist til aa setja i Jordi, so kjem ber ein ny Vokster av det. Men elles er det dei fleste Slagi, som øksla seg berre med Fræ elder Frukt, som jamnaste veks ut av Toppen eller Greinom, enten som Bær elder Neter elder Smaakorn, stundom med ein liten Duft av Dun elder med ein liten Veng elder Skjaa kring um seg. Som Fyrebod elder Merke fyre Fræet kjem der fyrst ein Tils vokster, som me kalla Blom og som ofta heve ein bjart og prydelig lit og dertil ogso ei merkjeleg Innreiding. Paa nokre Voksterslag (som Selja) kann den eine Stuven hava bjartare Blomar med ei fin Mjølduft, som snart folnar og fell av; men den andre Stuven heve døffare Blomar, som verda standande og skapa seg um til Fræ; daa kann ein segja, at den eine Stuven er Han (elder Faderstuv), og den andre er Ho (elder Moderstuv). Paa andre Slag (som Bjørk, Hasl og Storrgras) er der ein Rumar elder Knupp med berre Hanblom (Mjøltraabar) og ein annan med berre Ho:blom (Frævisar) paa same Stuven; men paa dei fleste Voksterslagi er der Han og Ho i same Blomen, so at Frævisarne standa i Midten, og Mjøltraadarne standa utan i kring. Det verd so uttydt, at den fine Dufti i Mjøltraadom er det fyrste Emne til eit nytt Fræ, og at Frævisarne hava ei løynleg Kraft til aa draga denne Dufti aat jeg og dermed fræva seg sjølve.

Etter dei ymse Tilhøve med Blomen og Blømingi heve Voksterriket voret av deilt i visse Hopar elder Rader til ei lettare Yversyn. Den vidkjende svenske Kunnskapsmannen Linnæus (elder Linné) deilte Voksterfynderna i 24 Hopar etter Blomsfapet, og daa der er nokre Voksterflag, som ikkje hava nokon synleg Blom, so sette han desse i den sidste Hopen og gav deim eit Namn, som tyder Tøynmakade elder løynleg blømande. (Rryptogame). Siden heve Voksterriket voret vidare gjenomsfodat, og andre Urtekjennarar hava gjort nye Uppnemningar, so at dei dertil toko Merke av baade Blomen og Fræet og sjølve Groren elder Uppsprettingi. Etter desse nyare Uppsetningar er Voksterriket avdeilt i tri store Deilder og kvar Deild i mange Smaadeilder. Dei tri Hovuds deilderna era: 1) Tvisprettingar, som renna upp av Fræet med tvau Fræblad (elder Hjarteblad) og som ofta hava Greiner paa Stylfen og oftaste 5 (elder 10) Straalar i Blomen, men stundom 4 (elder 8); dernæst er: 2) Einsprettingar, som hava berre eitt Fræblad, ingi Greiner, og vanlege 3 (elder 6) Straalar i Blomen; dernæst er: 3) Løynsprettingar, som forkje hava tydelegt Fræblad elder tydeleg Blom. Den fyrste Hopen er ogso kallad Femtalsvokster, den andre er Tritalsvokster, den tridje er den blomlause Hopen.

Til den fyrste Hovuddeildi høyrer meste Parten av dei største og sjaalegaste Voksterslag, og dei deila seg ogso i mange Smaahopar; men her faa me berre nemna nokre faae av deim, som era lettaste aa kjenna. Dertil høyra: 1) Tre, – a) med Barnaaler: Fura, Gran, Eine, Barlind; — b) med Lauv og Kumar og Vengjefræ elder Neter: Bjørk, Ore, Vider, Pil, Selja, Osp; Alm, Ask, Løn, Lind; Eik, Bok, Hasl; c) med Lauv og Bærfrukt: Apall, Kirsebærtre, Hegg, Raun, Asall, Hagtorn, Hyll, Krossvid, Brakall, Beinvid, Klunger, Stikelsbær, Movid (Ribs), Vidvendel. 2) Kjørrvokster: Bring, Kolbær, Pors, Rape, Blokkebær, Blaabær, Tytebær, Mjølbær, Lyng, Krekling. 3) Urter, sfilde i mange Audeilder, slike som a) Skaalblomar: Skinsoleia, Ballblom, Kvitsymra, Blaaveis, Hovsoleia, Nykljeblom; b) Krageblomar: Gullboste, Svæva, Dylla, Balderbraa, Hestefivel, Leirfivel, Tistel, Kviteblad, Borre; c) Hjulblomar: Sløkja, Kvann, Hundsløkja, Karvi, Jordnot; d) Lepeblomar: Revbjølla, Engjarkall, Daae, Mynta, Dauvnetla; e) Krossblomar: Kaalrot, Næpa, Aakerkaal, Mustar (Senap); f) Skolmegras: Erter, Bauna, Graserter, Tiritunga, Smæra (Kløver), Kvitekodi. Av andre Hopar kunna me endaa leggja til: Blaahatt, Vendelrot, Klokkeblom, Sjaustjæra, Smella, Bergfru, Mjølke, Mjødurt; Høymola, Sura, Meldestokk, Humle, Netla, Lækjeblad.

Til den andre Hovuddeildi, som me fallabe Einsprettingar, høyra dei namnkjende Palme-tre, som veffa i den varme Jordbolken, men ikkje nokot av vaare eigne Treslag. Dei heimlege Voffterslagi, som høyra hertil, era: 1) nokre Urter, som: Marihand, Maristo, Mæfja (elder. Sverdlilja), Lauk, Rams, Skyrpa (Konval) og Romegras; 2) Sevgras: Myrser, Frysla, Batssev, Myrfivel, Storr, Vatsstorr; 3) Gras: Engjargras (Dagrap), Kvein, Bunt, Smelebunt, Røyrgras, Kjevlegras, Faks, Malrug, Kvika, Stjak (Svimling), Flog. havre. Til denne Grashopen høyra oglo Kornslagi: Havre, Bygg, Rug og Kveite, som era aalment kjende fyre den kostlege Fødekraft, som dei hava i Fræet, og som difyre ogso verda aarlege utsaadde og innlodade til. Matvara. Ymse andre Graskynder, som veffa i rifleg, Mengd' utyder Markerna, hava den Dygdi, at dei tena til Fodring fyre ymse Dyrslag, som era ferlege skapade til aa liva av Graspofftren.

Til den tridje Hovuddeildi rekna me nokre Voksterslag, som spretta og øksla seg paa ein løynlegare Maate, utan nokon tydeleg Blom, og som jamnast ogso skilja seg ut fraa dei andre med ein ferleg Skapnad. Nokre av. deim era endaa væne og sjaalege som andre Urter; andre derimot hava fortje Graslit elder Grønska i seg. Dei stilja seg i fleire Avdeilder, soleides: 1) Telgslag: Snelda (elder Kjerringrokk), Skjefte, Kraakefot, Jamne, Bjørnekamb, Telg, Burkne og Einstape. 2) Moseslag: Myrmose, Kvitmose, Tuvemose og fleire slike. 3) Lavslag: Granlav, Bjørkelav, Matmose, Reinsmose, Alvnæver, Steinblik og Korke. 4) Tangslag (Sjovokster): Steinsleipa, Martaum, Tare, Søl, Tang (Boletang). 5) Soppar: Bladsopp, Busopp, Knyska, Mjølauke, Mygla. Til Sopp og Mygla høyra elles ymse Slag, som visa seg berre som eit Hy elder Musk og era so grannlagde, at ein ikkje fer deim til Fullnad med berre Augom.

Men naar me soleibes hava nemnt nokre Slag av kvar Hop, so er alt dette berre ein liten Part av det store Voksterriket; for dei einskilde Kynderna era ovlege mange, og ei stor Mengd av deim er framand fyre vaart Land. Og so er det her som andre Stader, at dei smaae elder smæste Voksterslagi era litet tilgaadde og litet kjende, so at me ikkje hava nokre heimlege Namn paa deim. Men i Skapningen kann det smaae vera life so merkjelegt som det store, og til Prov derpaa vilja me berre nemna den undringsverdige Skirleike og Grannleike, som jamnaste viser seg i Blad og Blom og i dei minste Straa, med di at all Innreide er so fin og ørsmaa, at ein ser ikfje alle Smaadeilderna, utan ein heve Kikarglas til Hjelp, so ein dermed kann faa deim til aa hildra og skrøyva seg upp, so dei verda synlege fyre Augom. Og tilsidst vilja me ogso nemna den store Rikdomen av Frukt og Fræ, som viser seg paa so mange Urter og endaa paa ymse Treslag, med di at Aarsfræet kann vera so riklege tillagat, at um alt skulde koma til Uppvokster, so vilde der verda ein stor Skog av eit einaste Tre. Vistnog sjaa me, at største Parten gjeng til Spilles, anten av di at det ikkje kjem i Jordi, elder og at det ikkje fær Rom til aa veksa i; men um det no ikkje verd just det, som det er skapat til, so kjem det endaa til ymist Bruk i Skapningen, so som til Føda fyre Fugl og annat livende. For den eine Deildi i Skapningen heng saman med den andre; Vokstren fodrar seg av Jordtorva elder Steinriket, og livslapningen fodrar seg so halvveges av Voksterriket.

c) Dyreriket.

I den livande Skapningen er der nokot likt som i Voksterriket: der er mange ymislege Slag elder Kynder med kvar sin Skapnad og Dertil ogso ei Sjølvfodring og ein Aldersmun med Uppvokster og Nedfall, som fyrr er umtalat; men so kjem her og nokot nytt og stort ataat, og det er livet med all den Innreide, som dertil høyrer. Denne Livreiden er nokot av det mest forvitnelege, som me sjaa kring um oss i det store Skaparverket. Det er eit undarlege mangfeldt Gangverk av samlagade Smaadeilder, som gjera kvar fi Tenesta til same Fyremaal; innantil er det sjølvverkande Reidskapar, som ikkje trenga til nokon Vilje, og utantil er det Limer, som Skapningen sjølv kann røra og føra etter sin eigen Vilje, og som era so vel samlagade med Viljen, at dei gjera sitt Verk i same Augneblinken, som Viljen segjer til.

Taka me oss eit Dyr til Merke av dei Slag, som me kjenna best, so er det fyre det fyrste ein Bul (elder Kropp) med Beingrind innantil og med ein mjukare Umbunad av Kjøt og Hud; men so vita me og, at der inne i Bulen er ei Umstrøyming av Blod, som heve sin Midstad i Hjartat og som elles greinar seg ut i smaa og store Aadrar i heile Bulen; og dertil vita me og, at der næst ved Hjartat er ein Belg, som dreg Luft igjenom Strupen elder som fører Vinden inn og ut i ei æveleg Rørsla, so at det alltid kjem ny Luft inn i Bringa. Dernæst er Bulen tilbudd med Innreide til Sjølvfodring, og det er ikkje berre Munn og Mage, men ogso ein grannare og løynlegare Innbunad til aa draga Kraft av Fodret og leida Krafti ut i Blodet og Limerne. Dernæst heve Bulen sine Reidskapar til Sjølvflutning og Rørsla, det er Føter elder Vengjor elder andre Utlimer, etter som Dyret skal ferbast paa Landet elder i Vatnet. So er der ein overslege grannlagad Innreide til Syn og Høyrsla og Kjenfla, so at Dyret kann hava Gaaning og Vitende um alt det, som det treng til aa vita. Og dermed fylgjer daa og ein Givnad til aa vita fine livskrav, so som aa finna seg høveleg Heimstad og søkja fi rette Føda og elles vakta og verja seg fyre all den Faare, som til kann koma.

Elles er det no myken Skilnad baade i Bul og Limer imillom dei ymise Livslapningar. Sume era berre lagade til aa ganga paa Landjordi, fume til aa fljuga i Lufti og sume til aa fviva i Vatnet. nokre Slag kunna baade ganga og fljuga, og nokre funna fljuga og symja lika godt; men so er der andre Slag, som ikkje kunna liva utan i Vatnet. Og lika som der er Skilnad paa limer og Utreiding, so er der og Skilnad paa Hug elder Vilje; og alltid sjaa me, at Viljen høver til Utreidingi, so at det, som Dyret heve beste Reidskapen til, det heve det ogso største Hugen til. Eit Dyr, som kann kliva, vil halda seg til Skogen; ein Fugl, som kann symja, vil halda seg til Vatnet; eit Dyr, som er skapat til Grasfodring, vil halda seg til Grasmarki og ikkje traatta etter annat Foder. Og alltid er der no nokot tillagat til Fodring aat kvart Dyrslag, so lenge som det fær liva fritt og halda seg der, som beste Bergningi er aa finna.

Etter den vanlegaste Skipnad i Dyreriket er det so lagat, at kvar Kynd heve tvau Kynskap, som er Han-slag og Ho-slag, og at kvart Dyr, som skal øksla seg elder faa Avkjøme, maa hava ein Make med seg. Hoslaget er det, som yngjer elder føder, og jamnaste ogso det, som fostrar Ungarne, til dess dei berga seg sjølve. I nokre Dyrslag er Fostret myket veikt og hjelpelaust, daa det kjem til Verdi; i andre Slag kjem det fram utan Liv, med dei det ligg løynt i eit Egg og ikkje eingong heve minste Teikn til, kvat Skapnad det skal faa. Men naar Avkjømet soleides treng Hjelp til si Framkoma, heve Moderi ogso ein serleg Givnad til aa hjelpa det fram. Ei Moder av Spendyr-Slaget vil vita, at ho heve Mjølk i Spenom, og at ho skal hjelpa Ungen til aa søkja Spenarne og suga. Ei Fuglemoder byggjer seg fyrst eit Reid, og naar Eggi era vorpne, so vermer og bræder ho deim, til at Ungarne koma or, og sidan hentar ho Mat aat Ungom, til dess dei era fløygde og kunna mata seg sjølve. Stundom er det no so, at Maken til Moderi er med og hjelper til; men elles er det vel det jamnaste, at Moderi er aaleine um Uppfostringi.

Etter den ymislege Skapnad og Bunad deiler Livskapningen seg i mange Deilder elder Hopar; men til aa taka alt paa snøggaste Maaten kunna me berre nemna seks Hovuddeilder, som era: Spendyr, Fuglar, Snauddyr (elder Krjupdyr), Fiskar, Liddyr og Blautdyr. Dei fjore fyrste Deilderna hava Ryg elder Beingrind innantil; dei tvo sidste hava berre Segar elder Strengjer i Staden fyre Bein og elles mange ulike Skap, so at dei skilja seg i mange fleire Avdeilder; men største Mengdi av deim er berre smaae Dyr, og sume Slagi era endaa namnlause og litet kjende. Den gildaste Tilbunad til Flutning og Rørsla hava Fuglarne, og ymse Fugleslag kunna endaa gjera visse aarlege Langferder, so at dei trøyta Sumaren i den eine Jordbolken og Vetteren i den andre. Spendyr og Fuglar hava varmt Blod og jamnaste ein god Mun av Varme i Bulen; Snauddyr og Fiskar hava ogso Blod men utan nokon eigenleg Varme.

Den fyrste Deildi er fallab Spendyr elder Sugdyr, av di at Moderdyret heve Spenar, som dei nyborne Ungarne kunna suga. Dei fleste Slag hava tvau Par Ganglimer elder Føter, og dei fleste hava ogso ein tett Haarvokster paa Hudi. Etter Skapnaden paa Utlimom kunna me snøggaste skilja deim i fem Avdeilder:

— 1) Klodyr, det er slike som: Katt, Gaupa, Jard, Røysekatt, Mord, Oter, Svintoks (elder Grævling), Bjørn, ulv, Hund Rev og Melrakke; Rotta, Mus, Vond, Lemende, jkorn, Bjor (elder Bøver), Hare, Bustyvel, Musskjer, og dertil ogso Flogmus elder Stjaa: vengja, som heve ei Skinna imillom Fotom til aa fljuga med.

— 2) Hovdyr er berre faae Slag; dertil høyrer Hesten (og Uselet) med einfelde elder heile Hovar og (i andre Land) Elefanten, Elvhesten og Einhyrningen (elder Nashornet) med stilde Smaahovar; og hertil refna dei ogso Svinet, som elles er likt Klauvdyrom i Fotestapet.

— 3) Klauvdyr (elder Jortardyr) er slike som: Elg, Hjort, Rein, Geit, Saud og Naut (elder Ku); dei hava jamnaste Horn paa Skolten og flilja seg fraa dei andre Dyrslag med ein serleg Magestapnad, som er slik, at dei kunna „jorta“ elder gulka Foderet upp or Magen og tyggja det upp atter.

— 4) Sveivdyr er slike som Kobbe (elder Sel) og Hav-erkn og Rossmaal; det er Sjodyr, som hava Sumlabbar elder Sveivar, men som elles era like Klodyrom.

— 5) Sporddyr er flike som Kval og Vagn (elder Staurhyrning) og Nisa; dei hava full Fiskeskapnad med snaud Hud og eit Par Sveivar, men elles ingi Føter, so at det er Sporden, som dei røra seg mest med; men i Beingrind og Innreide era dei mest like Spendyrom.

I andre Jordbolkar er det elles mange fleire Slag, som ikkje era uppnemnde her; derimillom er ymse Klauvdyr, som Kamela og Steingeit, og mange Klodyr, som Løva og Tiger (med Kattarskap), og dertil Pungdyr og Beltedyr og ymse andre. Eit serskilt Slag er Aporna, som era mest like Menneskja, men hava alle Utlimerne skapade som Hender og difyre era best lagade til aa kliva i Skogom.

Mange av Klodyrom merkja seg ut med Mod og Styrke og ein rik Reidskap til aa berga seg med; men daa dei alltid vilja hava Kjøt til Fodring og difyre gjera myket Draap og Skade paa andre Dyr, verda dei jamlege kallade Udyr elder Rædyr og myket etterjagade. Hovdyr og Klauvdyr liva derimot mest av Gras, og av desse Dyrom er det nokre Slag, som Menneskja alt ifraa dei eldste Tider heve tamt og fostrat og haldet som ein serskild Eigedom.

Den andre Deildi av Dyreriket er Fuglarne, som ogso hava tvau Par Utlimer likasom Spendyri, men det fremste Paret er Vengjor. Dei hava Fjøder i Staden fyre Haar og øksla seg med Egg, som turva Bræding elder Verming, fyrr en Ungarne koma fram. Dei stilja seg i fleire Avdeilder, som me her skulo nemna paa det snøggaste. 1) Ræfuglar, som era dei sterkaste og djervaste; det er slike som Falk, Hauk, Ørn (elder Are), Fiskegjod, Bergul, Kattula. 2) Skogfuglar er slike som: Ramn, Kraaka, Skjor, Skrikja, Gauk, Spetta; Stare, Trast, Lerka, Steintit, Svola, Erla, Meis, Gulskur, Sporv og fleire. 3) Hønsfuglar er flike som: Hane (Kalkun, Paafugl og fl.); Tidur, Orre, Jarpe, Rjupa, Duva. 4) Vadfuglar (Strandfugl) er slike som Heidlo, Vipa, Tjeld, Trana, Hegre, Spue, Stelk (elder Graatjeld), Strandtita, Rugda, Humregauf, Myrsnipa, Aakerriksa. 5) Sumfuglar (Sjofugl) med serleg Skapnad i Fotom (Sumfot elder Sveiv); det er slike som Terna, Maase, Kive; Svana, Gaas, And, Æd, Havsula, Skarv, Imbre, Lom, Langve, Teiste, Lunde, Alka og fleire.

Nokre Fugleslag, som Gjæser og fleire, flytja fraa oss um Hausten til eit varmare Land, men um Vaaren koma dei atter og fostra Ungarne sine i dei nørdste Landsbolkom.

Til den tridje Deildi, som er kallad Snauddyr elder Krjupdyr (Reptilier), rekna me nokre frjupande elder laagføtte Dyr utan Haarvokster og utan Varme, fume med fjore Føter og sume fotlause. Dertil høyrer: 1) Skjelpadda, som heve heilt Skal kringum Bulen og held seg mest i den varme Jordbolken. 2) Ødlor elder Fjorføtlor, som hjaa oss era smaae meinlause Dyr, men i Sudlandom ymse store og faarlege Slag, som Krokodilen og fleire. 3) Froskar og Paddor, som hava den Eigenskapen, at Ungarne era fotlause og faa ei Umskapning, fyrr en dei veksa upp. 4) Ormar, som era utan Føter. Dei skilja seg i fleire Slag, og sume av deim era faarlege, med di at dei skvetta Eiter or seg, naar dei naa til aa bita.

Den fjorde Deildi av Livskapningen er Fiskarne, som berre liva i Vatnet og ikkje kunna berga seg paa Landet; dei hava ingi Utlimer utan berre Uggar og Spord; og paa Hudi hava dei jamnaste ein tunn Tekkja av ørsmaa Skalplator, som me kalla Reist (elder Ras). I Staden fyre Lunga og Aandedraatt hava dei Tokner, som dei draga Vatn igjennem. Dei øksla seg med smaa Egg, som me kalla Rogn. Dyrekjennararne deila deim i fleire Avdeilder, og av desse vilja me berre nemna dei tri største. Det er 1) Beinfiskar med stinne Uggar; dertil høyrer: Aaborre, Rjot, Auger (elder Raudfisk), Styrja, Stokkaal (elder Makreel), Steinbit, Breidkjeft, Blaagume, Berggylta. — 2) Beinfisk med linne Uggar; det er slike som: Gjedda, Laks, Aurride, Røyver, Lodda, Horr, Sik, Sild, Brisling; Torsk, Seid, Lyr, Kviting, Hysa, Longa, Brosma, Kveita, Flundra, Aal og Tangnaal. 3) Brjostfiskar med mjuke Bein og anten slimutt elder korputt Hud utan Reist; dertil høyrer: Haastyrja, Haagylling, Haa, Haabrand, Haakjerring, Brugda, Skata og fleire.

Nokre Sjodyr (som Kval og Nisa) hava Fiskeskapnad utantil, men elles den same Innreide som Spendyri; og difyre verda dei ikkje medreknade til Fiskeslaget.

Den femte Deildi er kallad Liddyr, av di at Bulen er liksom avdeilt i tvo elder tri Lekkjer med Lider elder Skoror imillom, so at det er aa sjaa til, som um dei hadde voret skøytte saman. Som fyrr sagt, hava dei ingi Beingrind innantil; derimot hava mange av deim eit Skal utanpaa. Til Utlimer hava dei Føter og Veidehorn, og mange hava ogso Vengjor og kunna fljuga so lett som ein Fugl. Elles hava dei ymisleg Skapnad og skilja seg i ovlege mange Slag; men dei fleste av deim era berre smaae Dyr og difyre litet tilgaadde. Den fyrste og største Avdeildi kann heita Skordyr (Insekt); dei hava tvo Ringskoror, som deila Bulen i tri Lekkjer: ein Framlekk (Hovud), ein Midlekk (Brjost) og ein Baklekk, som jamnaste er lengre en dei andre. Dertil hava dei seks Føter, tvau Veidehorn og oftaste eitt elder tvau Par Vengjor. Til denne Avdeildi høyra slike som: Skurk (elder Skarptroll), Smellar, Tordivel, Gullsmid, Sirissa, Engspretta, Styng (Øyrestyng), Fivrelde, Maur, Kvefs, Humla, Myhanke, My, Fluga, Klegg, Brims, Veggjelus, Loppa og mange fleire. Ei onnor Avdeild er Krabbedyri (elder Rækjorna) med ein stor Framlekk, som er baade Hovud og Brjost, og med liten Baklekk; dei hava tie Føter og stundom fleire, eitt elder tvau Par Veidehorn og Skal yver heile Bulen. Det er mest berre Sjodyr, som Hummar, Krabbe, Rækja, Marflo og fleire. - Ei tridje Avdeild kann heita Runddyr elder Flaattar; det er nokre, som hava liten Framlekk og stor Baklekk og jamnaste aatte Føter. Dertil høyrer Kongurvaava (elder Vevfjerring) og Flaatt og nokre Slag, som me kalla Mott elder Mit.

Med Skordyrom er det ein merkjeleg Tilgang, at dei fleste av deim faa ein Umskapnad, fyrr en dei koma til sitt fulle Skap. Mange av dei smaae krjupande Dyr, som me kalla Makk elder Aama, er ikkje annat en Ungar, som ikkje endaa have fenget sin rette Tilbunad; og den sidste Skapnaden kann stundom vera myket ulik den fyrste, sosom naar Molduksen verd til Tordivel, Kjølmakken til Smellar, Kaalmakken til Fivrelde, Kjøtmakken til Fluga, og det, som me kalla Vere, verd ein Brims elder Klegg. Denne Umskapnaden gjeng fyre seg nokot løynlegt i ei Gøymsla elder Innsveiping; og difyre er det stundom so, at me vita Namn paa Ungen, men ikkje paa det fullkomne Dyret, so som med Grasmakk, Skogmakk, Veggjesmid og fleire Slag. Det er ikkje liten Skilnad paa den uhamlege krjupande Aama og det prydelege fljugande Fivreldet; og detta Hamskiftet er ogso eit av dei mange Undringsverk i den store Skapningen.

Den sidste Deildi av Dyreriket hava me kallat Blautdyr; men paa desse er der so mange ymislege Skap, at det er vandt aa segja nokot Merke paa heile Hopen. Mange av deim hava ein serleg, undarleg Skapnad, og sume hava og so liti Rørsla, at det er knapt, ein kann sjaa nokot Liv i deim elder skyna, kor dei nøra seg. Nokre av deim hava Makkesfapnad og forkje Hovud elder Limer; det er slike som Jordmakk, Sandmakk, Igle og ymse andre, som stundom verda reknade til Liddyrom. nokre andre er slimutte Dyr med Hovud og Veidehorn, det er slike som me kalla Sniglar, men so er det mange av Snigleslaget, som hava eit skruvringat Skal elder Hus paa seg, og deim kalla me Kuvungar elder Fjørekungar. Andre Slag er berre som ein blaut Klump i eit hardt Skal, mest liksom ein Daase; det kalla me Skjel (Kraakeskjel, Dyreskjel, Ostra og fleire). Andre era skapade som ein rund Klump i eit Skal med Tindar paa; det er Ígulkjer elder Kraakebollar. So er der eit Slag, som ein korputt Klump med stutte Straalar elder Greiner kringum; det er Krosstroll (elder Krossfisk). Eit annat Slag er som eit Hovud med lange Greiner paa; det er Spruta (Akkar elder Haldar). So er der Grordyr, som veksa saman i Duskar elder Greiner liksom ein Grasvokster; og til sidst er der nokot Livende, som kann heita Røytedyr og som er so smaatt, at ein ser det fyrst med Glas og ikkje med berre Augom. Det er mest i rotnande Væta og Gyrma, at slike Smaadyr verda uppdagade.

Det vil synast oss undarlegt, at der umfram all den rike Livskapningen, som me sjaa med Augom, kann endaa vera so myket Liv, som me ikkje sjaa; men der er daa og so mangt annat i Dyreriket, som me ikkje rett kunna skyna elder tyda. Det er, til Exempel, ein merkjeleg Ting, at der skal vera Snikjedyr[7], som kunna liva i Kjøtet elder Innvolen paa livande Dyr og dermed gjera deim Mein og Plaaga. Det er ogso merkjelegt, at mange væne Skapningar hava so stutt Liv, at det er knapt so myket, at dei naa fram til sine fülle Vokster, fyrr en dei døya elder verda drepne. Og ikkje minst undarlegt er. det, at der skal vera so myken Ufred i Skapningen, at det eine Slaget liver av det andre, at det eine er best lagat til aa tyna og drepa, og det andre berre til aa vakta seg og røma undan. Der er endaa myket, som me sjølve maa vakta oss fyre, og me kunna tidt koma til aa undrast paa, kvi det skal vera so lagat. Me høyra so myken Tale um „nyttige“ og „skadelege“ Dyr, og me era alltid so tilhugade til aa tru, at alt det, som er oss til Uhugnad, skal vera nokot vondt, som ikkje skulde vera til. Men me skulde alltid minna oss um, at me slett ikkje vita, kvat alt er skapat til. Der er ymse Dyr, som gjera oss Meinsemd, so me era nøydde til aa verja oss og rydja deim av Vegen; men der er ogso mange som me fanga og drepa til vaart eiget Bruk, so at me ofta sjølve gjera lika so myket Livtjon som dei verste Rædyr. Og det vilde vera alt for faaviist aa tenkja, at der ikkje skulde vera nokot annat til, en det som me sjølve kunde bruka. Det er daa so, som det heiter i Bibelen, at det høver ikkje fyre Skapningen aa spyrja Skaparen, kvat han gjerer; det er likt, som naar Krukka skulde spyrja Krukkemakaren, kvi han gjorde henne so[8]. Me kunna vel vera visse paa, at det altsaman heve sitt Fyremaal og si Tilsetning, um me endaa ikkje skyna det; og det er ein Ting, som me alltid kunna røyna, at di større Kunnskap me faa um Skapningen, di større Samhøve finna me i det heile, og di fleire Merke sjaa me paa den uransakelege Visdomen, som heve sett heile det store Verket i Gang. Dermed kunna me daa lata oss nøgja, og so skulde me elles vera glade ved, at Skaparen heve gjevet oss Vit og Skyn til aa hugnast ved all den Rikdom og Storleife og Vænleike, som viser seg fyre oss i det store Skaparverket.

VI. Um Menneskja.

I Samanheng med ei Umsyn i den livande Skapningen paa Jordi koma me sidstpaa til aa hugsa paa vaar eigi Ætt: paa Mannen elder Menneskja. (Etter gamalt Bruk taka me stundom baade desse Ordi i same Tyding). I Likams Skapnad er Mannen innreidd som eit Dyr; og difyre er det ogso ymse Kunnskapsmenner, som rekna honom saman med Spendyrom og setja honom næst ved Aporna, av di at det er det Slaget, som svipar mest paa Mannskapnaden. Ved fyrste Augsyni er det no ein Eigenskap ved Mannen, at han gjeng med Bulen beint uppreist, elder „stend paa den eine Enden“, som me segja, og i det Laget er han mest lik Fuglom; men i andre Maatar heve han den same Innreiden som Spendyri, og difyre er det og so, at det er desse Dyri, som me skyna best, og det er ogso dei, som skyna oss best, so at endaa sume av deim kunna venja seg til aa lyda oss og halda seg til vaar Heimstad. I ymse Høve kunna Dyri berga seg lettare en Mannen; dei hava sterkare Hud med full Haarvokster; dei hava gløgg Syn og Høyrsla, og mange av deim era riklege utreidte med Styrke og med gode Verjor, medan Mannen berre heve Henderna til aa hjelpa seg med. Men so heve han daa den Fyremunen, at Henderna hans era so vel lagade, at han dermed kann gjera seg Verjor etter si eigi Torv og laga deim so, som han best likar. Og dertil heve han daa og fenget mange større Gaavor, som visa seg best i Uppvokstren og i Samlivet med annat Folk, som me sidan skulo nemna.

Med sjølve Livet og den likamlege Framvokstren er det nokot lika eins i Mann-ætti som i den andre Livskapningen, at det einskilde Livende kjem til Verdi med ei Fødsla og veks og sterknar i fyrste Bilet, men derimot veiknar og dovnar av imot Enden. Mann-ætti skil seg i tvau Kyn, som er Mann og Kvinna, og jamnaste er det so tilskipat, at der i den store Hopen er mest lika mange af kvart Slag. I beste Aldren heve baade Mann og Kvinna ein medskapad hug til aa liva saman med ein Make, og den rette Samlivnaden er daa, at kvar skal hava sin Make fyre Livstid; for der vil spyrjast um eit godt Samhelde og Tolmøde til aa fostra det tilveksande Avkjømet. Det nyfødde Fostret er alltid so veikt og hjelpelaust, at det aldri kunda liva utan Røkt og Varetekt; og sidan gjeng det og so seint med Uppvokstren, at det verd mange Aar, fyrr en Ungmennet kjem til sin fulle Førleike. Ein fullkomen Mannsalder kann vera reknad umkring som til 80 Aar; men det er ein stor Hop, som ikkje naar so langt fram, av di der er so mange Tilfelle med Sjukdomar og uheppor, som gjera Livet stuttare. Og um Mannen endaa naar fram til ein skapleg Alder, so er det daa ikkje so mange Aar, at han er i sitt fullkomne Stand; for den fyrste Fjordeparten av Alderen er jamnaste berre ein Uppvokster og ei Tilbuning til det fullkomne Livet. Men naar me hugsa paa alt det, som Mannen kann læra, so maa me segja, at det er godt, at han heve so mange Læredagar.

Til Upphald fyre Livet heve Mannen den same Torvi som andre Livskapningar, at han alltid maa hava nokot til Føda elder Mat; og dermed heve han daa den Yvermunen framfyre Dyret, at han kann reida og mengja sitt Matfang, so det verd langt betre, en som Emnet var. Tilfanget til si Føda tek han helst av Voksterriket, so som korn og andre Frukter; men dertil nøyter han ogso myket av Dyreriket, som Fisk og kjøt og Mjølk; og i denne Vegen er det (som fyrr sagt) Klauvdyri, som han heve gjort seg det meste Gagn av. Og attaat den daglege Føda tarv han ogso Husvære og Klædnad; men i denne Greini er det stor Skilnad, etter som Bustaden er liggjande til. I den varmaste Jordbolken kunna Folk hjelpa seg myket utan Klæde, og ikkje turva dei nokot stort til Husvære helder, daa dei lett kunna laga seg eit Tjeld av Huder elder Haarduk elder Palmelauv og dilike Ting. I dei kaldare Jordbolkom vil Folket derimot turva baade dugleg Klædnad og tette Hus til Livd fyre Væta og Vetterkulden. Og dermed fylgjer daa og, at det verd so myket større Umsut og Umak fyre Upphaldet.

I si Busetning heve Menneskja sedvanlege skipat seg so, at det vardt ein Bustad paa kvart Rom, som var stort nog til aa giva Føda fyre ein Huslyd elder fyre ei einskild Ætt, og at det ikkje vardt større Fraalengd fraa andre Bustader, en at Grannarne kunde finnast nokot jamnan. Dermed heve det daa paa kvar Stad vordet ei Bygd elder Grend med Folk, som kjenna kvarandre og hava ymist Samkvæme seg imillom. I eit slikt Samlag verd det jamt ei Blanding av ungt og gamalt Folk, og Laget vil alltid faa ymse Umskifte, av di at nokre falla fraa elder døya, og andre koma til ved Fødsla og Uppvokster, so at Laget veks paa den eine Sida og minkar paa den andre. I eit Hundrad Aar kann det verda tvo, tri elder endaa fleire Busetningar av ungt Folk paa same Bustaden; og difyre hava kunnuge Folk reknat tri Ættlekkjer elder Older[9] paa eit Hundrad Aar, so at det verd nokot yver tretti Aar paa kvar Old elder Ættlekk; det er so til aa taka, at naar det lid ut um tretti Aar, so vil mange af deim, som vaaro fødde i dei fyrste Aarom, vera komne so langt, at dei sjølve hava Born, so at der alt er Emne til ein ny Folkesetnad.

Som fyrr er sagt, heve Mannen fenget ymse Gaavor og Krafter, som fyrst koma til Framvokster i Samlivet med annat Folk. Han er ikkje berre upplagd til aa tenkja og døma um dei Ting, som han kjenner til, men ogso til aa tyda sin Hug og Tanke fyre annat Folk. Og dertil heve han fenget ei serleg Gaava, med di at Munn og Tunga er so vel skapad til aa skifta ljod, at han alt i Barndomen kann læra aa tala; han kann nemna den Ting, som han tenkjer paa, med visse Drd elder Namn, so at andre maa tenkja paa den same Ting, so snart som dei høyra Namnet; han kann segja, kvat han heve seet og høyrt, og alt kvat han elles vil; og med nofor øving og Upplæring kann denne Fraasegni kalla so lett, at Talen gjeng lika so fort som Tanken. Dei, som bu i same Grendom, vilja alltid skyna dei same Ordi, og soleides verd det daa eit Tungemaal med Ord i Tusundtal, som ein alltid kann taka i Bruk og setja saman, etter som ein treng til. Detta er ei overslege stor Gaava; og ein kann endaa segja, at det er Grunnlaget til Mannsens største Fyremuner i Skapningen. For Tungemaalet hjelper baade til aa giva Tanken den rette Skipnad og Greidskap, og det hjelper og til aa føra Tanken alt vidare og vidare fraa Stig til Stig, fraa det kjende til det ukjende, fraa det synlege til det usynlege. Ein endaa større Vinning verd det, naar ein kann teikna Maalet med Skrift, so ein kann baade sjaa og høyra det fyre jeg; men detta høyrer no ikkje til Mannsens fyrste Torv; det er fyrst i eit Samlag med større Vitsemd og kunnskap, at det skriftlege Maalet kjem til Bruk.

Naar altsaman gjeng sin skaplege Gang, vil den nyfødde Menneskja vekja upp hjaa sine Foreldre i eit litet Samlag av Skyldfolk og Grannar; og det fyrste, som Menneskja lærer, er daa det Tungemaal, som Grendi talar, og den Sed og Tru, som wetti er uppfostrad med. Menneskja heve ein medfødd Hug til aa taka etter og gjera som andre hava gjort; og i den lange Uppvokstren lagar ho seg meir etter Sed og Vis en etter sitt eiget Vit; for Vitet kjem lika so seint som Vokstren og stundom helder seinare. I den Vegen er der stor Skilnad imillom Folk og annat Livende. Det frie Dyret treng ikkje til annan Lærdom en aa fylgja sin eigen Medgivnad; dermed verd det unge kvikinde lika fullkomet som det gamle; men so verd det helder ikkje nokot meir. Menneskja derimot vil turva lang Upplæring baade til ymis Embætting og Vinneskap og lika eins til aa temja seg til eit skaplegt Samliv med annat Folk. Etter sin eigen Medgivnad er Menneskja upplagd til baade godt og vondt, og i ymse Ungmenne kann den vonde Hugen vera sterkare en den gode, so der jamnan vil vera Torv til Tugt og Age. Difyre er det ei stor Heppa aa vera uppfostrad i ei Grend, som elskar gode Seder og alltid vaktar jeg, at der ikkje skal verda nokot Atterfall til Villskap og Vyrdløysa.

Den største Fyremun, som Menneskja heve i Skapningen, er soleides den, at ho med Hjelp av Tungemaalet kann erva den Kunnskap og Røynsla, som Forfederne hava havt, og at ho med sin eigen Tilgaaning kann vinna seg eit Skyn paa den heile synlege Skapningen og endaa ein Tanke um dei usynlege Ting. Med sin medfødde Givnad til aa gledjast av alt, som er fagert, kann ho alt finna rikleg Fagnad berre av si Umsyn i sjølve Skaparverket; og med den Lærdom, som ho erver etter sine Fyremenner, kann ho ogso hava ei Vitring um Skaparen og dermed og ei Rettleiding til aa styra sin eigen Hug og vakta seg fyre slike Tiltak, som draga Uhugnad etter seg. Og daa det timelege Livet er stutt og umskiftelegt og jamnan fullt av Faare, so vil Menneskja sidstpaa hava største Hugnaden av si Tru paa Guds Tilsyn og av si Von um ei Uppreisning til et nytt Liv etter Dauden.

Med Trui paa Guddomen og Guds Tilskipnad heve det elles voret myken Skilnad imillom dei ymse Folkeslag. Um det Folket, som i dei gamle Tider hadde den reinaste Tru, er det fortalt i Bibelen, at dei ofta kom paa Avveg og blandade seg med Heidningom, som helder dyrkade Avgudar en den usynlege Gud. Og endaa i vaar Tid er det myken Heidningskap utyver Jordi. Den kristelege Trui heve berre som ein Tridjepart av det heile Folketalet med seg; men so er det daa den Lærdomen, som er vidaste utbreidd, av di at dei kristne Folkeslagi hava breidt seg mest ut yver Jordi. Av andre Truer vilja me nemna den gamle judiske, som Judefolket endaa held seg til, og dernæst den mahomedanske, som heve eit stort Folketal med seg i Asia og Afrika. Ei onnor Tru, som er kallad Buddha-Læra, skal hava eit endaa større Folketal i den øystre Luten av Asia.

I lange Tider og endaa so langt, som me vita nokot visst um, heve Menneskja voret utbreidd yver alle dei store Jordbolkarne. Det heile Folketalet paa Jordi er reknat etter Gisning til frammot 1000 Millionar; og derav heve Asia vel som Halvparten, elder 500 Mill., dernæst heve Europa 250, Afrika 120, Amerika 50 og Australia 2 elder 3 Millionar. Etter ymse Merke i Skapnad og Hamlit avdeildar den heile Folkemengdi seg i try store Ættarslag; det er 1) den ljosleitte elder kvite Ætti, som er kallad den kaukasiske, 2) den gulbrune Ætti, som er kallad den mongolske, og 3) den svarte elder myrkleitte Ætti, som er kallad den æthiopiske elder Neger-Slaget. Sume rekna endaa tvo Ætter til, som er den amerikanske og den malayiske; men den fyrste av deim skal berre vera ei Grein av den mongolske Ætti, og den andre skal vera ei Grein av den kaukasiske. Elles er no Skilnaden ikkje so stor i sjølve Likamsskapet som i Hamliten og Aasyni, og denne Ættarsvipen kann vel koma seg myket av Landslaget og Livemaaten fraa gamle Tider. Ein større Skilnad viser seg derimot i Tungemaalom, som era so mange, at ein mest kann segja, at kvar Landsbolk, som er so stor som vaart Land, heve eit Maal fyre seg sjølv. Men dermed faa me daa merka, at mange Maal kunna vera nokot skylde til kvarandre, so at dei hopa seg saman i nokre store Maalrekkjor med visse Greiner og Avdeilder. Den Rektja, som vaart Maal høyrer til, gjeng i ei lang Lina igjenom Asia og Europa alt ifraa India og til Vesterhavet. Ho deiler seg paa denne Viddi i mange Maal, som vistnog skilja seg myket fraa kvarandre, men som lika fullt visa myken Skyldskap i sin Innbunad og Tilskapnad[10].

Med all denne Skilnaden kann den heile Folkeoldi endaa vera komi fraa ei einaste Ætt; og etter den heilage Skrifti var det berre eit Par Folk, som vardt Fyrsteforeldre til den store Mannætti. Detta Paret maa hava livt i ein av dei milde Landsbolkom i Asia, og derifraa hava daa Etterna sidan dreivt seg ut yver Jordi, etter som Mengdi voks til. Det er trulegt, at ymse Par elder Smaalag hava ved eit Tilfelle komet langt burt ifraa annat Folk og dermed byrjat paa ein ny Livemaate i eit framandt Land; og soleides kunde daa ymse Ættarmerke festa seg paa deira Ættingar og gjera deim audkjende i Samkoma med andre Ætter. Dermed kunde ein daa ogso tyda seg den store Skilnaden i Tungemaalom. Det fyrste Maalet heve ventelege voret nokot armodslegt og havt berre eit litet Tilfang av Ord, so at det liksom kom reint burt imillom den store Mengdi, som sidan som upp, daa Folkehopen vardt større. Og daa Folket i det eine Landet ikkje visste nokot stort um Folk i andre Land, so kann ein ikkje undrast paa, at der maatte verda myken Skilnad i Tru og Seder, i Bunad og Livemaate, og tilmed nokot i sjølve Hugstemna elder Tankelaget.

Millom dei mange Folkeslag utyver Jordi er sume fjølmennte og megtuge, og sume faamennte og litet vinnande. Um nokre Ætter heiter det, at dei veikna og minka av; og um sume av deim heve det og voret sagt, at dei hava so litet Vit, at dei ikkje era fullføre til nokon Trivnad elder Framgang. Men me faa no ikkje tru alt, som me høyra um slike Ting; for slike Smaafolk hava no jamnan den Uheppa, at dei verda vanvyrde av dei storlaatne Framandfolk, som ferdast imillom deim og som alltid vilja tru, at deira eigen Husbunad er den einaste sømelege, og at alt annat er berre Vyrdløysa og Villmannskap. Vistnog er der vel ymse Folkeslag, som liva i myken Villskap med ymis Utru og Used; men so høyra me ogso Merke paa, at dei sokallade Villmenner paa ymse Stader kunna hava mange store Dygder og derimillom ein stor Vyrdnad fyre Rett og Sanning etter den Lærdom, som dei eingong hava fenget. Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til at vanvyrda deim, um dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.

VII. Um Folkeskipnad (elder Lagskipnad i land og Rike).

Etter kvart som Folketalet heve vofset til, hava smaa og store Folkehopar breidt seg ut yver alle dei Land, som vaaro nokot laglege til Livbergning og Upphald fyre Folk. Og daa det alltid er for at „Føda kostar Møda“, so laut Menneskja allstad venja jeg til ymist Verk og Arbeid til aa vinna si Føda med. Den næmaste Fødevegen var aa nøyta Frukt elder Fræ av Matvokstren paa Jordi og dernæst aa saa og haustvinna og reida Jordi til aa bera matført Avgrøde. Ein annan Fødeveg var aa veida Fisk elder Fugl og andre Dyr, og lika eins aa ala ymse Budyr, som Kyr og Sauder og fleire Slag. I nokre faae tunnbygde Land er det endaa heile Folkeslag, som liva mest av Veideskap; i andre Land er det Folkeslag, som liva mest av Feavle og som helst bu i Tjeld elder lause Buder, so at dei lett kunna flytja med Fenaden sin fraa det eine Graslendet til det andre; dei era fallade Flutningsfolk elder Hyrdefolk (Nomader). Men den fredsamaste Fødeveg er daa Jordbruket, med di det fester Folket til ein viss Heimstad og eit visst Grendarlag og dermed fører til ein tryggare Skipnad i Samlaget.

Jamnaste hava no Folkehoparne viljat busetja seg so, at dei kunde baade hava Jordbruk og nokor Feavling jamsides ved; og denne Lagningi er daa og den beste, so lenge som Folket ikkje bur tettare saman, en at kvar ett elder Huslyd kann hava eit Jordstykke, som er stort nog, til at Lyden kann vinna si Føda av det. Elles vil det no tidt ganga so, at der famnar seg so myket Folk paa eit litet Rom, at det ikkje er nokor Raad til, at alle kunna faa nokon Part av Jordi; men paa slike Stader verd det jamnaste ymse Verk og Embættingar av annat Slag, so at mange dermed kunna vinna si Føda utan nokot Jordbruk. Dei busitjande Folk vilja alltid turva ymis Reidskap og Husbunad, som dei ikkje sjølve funna verka til, og so kunna daa andre Folk verka fyre deim og dermed faa seg ei Motgaava anten i Matvaror elder andre Ting, som høyra til Livs Upphelde. So er det ogso ymse Verk, som krevja serleg Kunst og Tame, so at ein gjerer deim best, naar ein fær driva stødt paa det same Handverket og ikkje hefter seg med andre Ting. Slike Handverk kunna daa ogso „føda sin Mann“ (som me segja); og dermed verd det daa ei Umdeilding elder Utbyting av Arbeidet, med di at kvar Hand fær sitt visse Verk, og kvar Mann fær nøyta den Kunst, som han best heve lært, so han baade kann tena dei andre og tena seg sjølv med det same.

Med Busetningi og Jordskiftet heve det gjenget ymislege til, med di at Folket fyrst og fremst laut retta seg etter Landslaget og dernæst etter ymse andre Tilhøve. I bergutte og ujamne Landsbolkar vardt det oftaste berre einskilde Bustader elder Gardar med kvar sitt Jordstykke til. I dei store Flatlandi vardt det Landsbyar elder Torp med store Hopemarker kringum seg. Paa nokre Staber, som laago midt i Ferdesvegom og hadde stort Tillaup fraa ymse Sidor, heve det sidst paa samnat seg so myket Folk, at det vardt heile Byar med mange Huseigarar utan nokot Jordbruk, men elles med mange Vinnevegar med Handverk og Vareførsla og Kaupmannskap og dilike Ting. Denne Samanflutningi heve no jamnaste havt si Uppkoma derav, at folk turfte hava ymse Marknadsstader til aa møtast paa, naar dei skulde kaupa nokot langveges fraa elder byta Varor med Folk or framande Bygder. Og difyre hava slike Møtestader stundom skapat seg midt inne i Landet, der det var store Vatsdrag og Dalføre, som møttest i ein Os elder eit Aamot; men oftaste hava dei daa komet upp paa Sjosida, der det var ein Fjord elder Vaag med god Hamn fyre sjofarande Folk og med store Bygder i Umkverven.

Ei Umflutning av ymse Varor fraa den eine Bustaden til den andre heve alltid voret ei aalmenneleg Torv, med di at ingi Bygd kunde vera so fullbergad med alle Tarvende, at der aldri vardt Spurnad um nokor Tilførsla utanfraa. Den eine Bustaden kunde hava god Raad paa Budraatt og Suvl elder paa Fisk og annan Veideskap, men derimot hava stor Skort paa Korn elder Treverk og Timber, som Folk i eit annat Bygdarlag kunde hava god Raad paa. I slike Tilhøve maatte det laga seg so, at den eine laut fara til den andre og faa dei Ting, som han trengde til, og giva nokot jamgodt i Staden. Fyre det fyrste kunde dei byta den eine Vara med den andre etter eit visst Maal elder Tal; men med lengre Samkvæme vardt det Torv til, at Folk maatte hava ein viss Takster (elder Regel) til aa rekna etter, so dei kunde vita nokot grannare, for myket kvar Ting skulde kosta; og helst vilde Folk hava ein viss Bytemidel, som kunde gjelda lika godt fyre alle Varor. Dertil hava dei daa funnet den Utvegen, at dei toko visse Vegter av Sylv elder Gull til Utmæling fyre Verdet paa Varom; og slike Vegter (om Pund elder Mork) hava sidan vordet tilskapade i smaa Plator med Tal og Merke paa; det er den Ting, som me kalla Mynt elder Pengar. Deretter kann ein lettaste rekna Prisen paa alle dei Eignarmuner, som ein anten skal skifta elder avhenda; og dernæst hava Pengarne den Fyremunen framfyre annat Gods, at ein alltid kann faa Varor fyre deim, og at ein dermed lettaste kann forskylda andre Folk fyre den Hjelp og Tenesta, som ein ymist kann trenga til.

Med alt slikt Samkvæme, som Folk maa hava til innbyrdes Beining og Rettleiding, vil det Folket, som bur i ei Grend fyre seg sjølv, med Tidi verda samanbundet til eit serskilt lag elder Samnøyte, so at det endaa kjem til aa hava ymse Ting til Sameiga som eit Aalmennings Gods. So er det, til Exempel, naar der skal ganga ein Landsveg igjenom Bygdi, so kann den Grunnen, som er teken til Landsveg, ikkje lenger vera nokon einskild Manns Eigedom; men alle maa eiga honom i Hop. Naar nokre Grender liggja so nær saman, at dei kunna hava ein Tingstad elder ei Kyrkja fyre seg sjølv, so verd det eit Samnøyte, som me kalla eit Tinglag elder ei Sokn. Naar fleire Sokner hanga nokot saman, so verd det eit større Samnøyte, som me helst vilja kalla med det gamle Namnet: eit Fylke. og naar dei ferskilde Fylke i eit Land era soleides samlagade, at dei alle kunna hava same landsrett og same Regjering, so verd det eit endaa større Samnøyte, som me kalla eit Rike. Daa kann ein kalla det so, at alle Grender i Landet era samanbundne til eit einsfilt Grendarlag, og at kvar Huslyd er berre ei liti Grein av ein einaste stor lyd, som ein kann kalla Landslyden.

No er det den fyrste Torv i eit flikt Samnøyte, at der maa vera trygt og fredsamt fyre alle ærlege Folk, so at ingen heve lov til aa gjera andre nokon Skade. Der maa vera ein Landsrett med Tugt og Refsing fyre alle deim, som gjera Illverk paa annan Manns liv elder Gods og Velferd. Alle maa hava jamgod Rett til aa ganga frie og ukrenkte, so framt som dei ikkje sjølve gjera nokon Ufred; og lika eins maa ein og kvar hava sin Eigedom i Fred og sjølv faa raada yver all den Midel, som han heve fenget paa ærleg Maate, og som etter hans Fraafall skal ganga i Arv til hans Born elder Ættingar. Dertilmed maa ein og kvar hava Rett til aa hava si Æra uskadd, so at ingen heve lov til aa ljuga paa honom og dermed avla honom Skam og Vanvyrdnad, som han ikkje heve forskyldt. Alt detta er nokot, som alle vituge og fredsame Folk vilja vera samtykte um; og difyre vil og eit skaplegt Samnøyte laga seg so, at det alltid heve ein Tilskipnad til Tugt og Age fyre deim, som gjera Uskil, og til Verja fyre alle deim, som liva fredsamt og driva sitt Verk paa ærleg Maate.

Naar det soleides alltid er Torv til, at der skal vera log og Rett i Landet, so er det ogso tarvlegt, at der skal vera Embættesfolk til aa halda Landsretten i Hævd og til aa greida Sakerne i alle dei Kivsmaal og Tvidrætte, som ymist koma upp imillom Landsens Folk; og dermed fylgjer daa og, at desse Embættesfolk maa hava Magt til aa driva Retten fram og tvinga deim, som imot vilja standa. Men der lyt ogso vera nokot annat, som kann driva Menneskja til aa temja seg sjølv og vyrda lika myket um annan Manns Rett som um sin eigen; der maa vera ein godviljug Vyrdnad fyre Rett og Sanning, og ein ærleg Hug til aa gjera sin Skyldnad, anten det so vila kalla lett elder tungt. Det er ikkje nog aa berre vakta seg fyre all den Uskil, som Landsretten kann døma og refsa; der skulde ogso vera ein Otte fyre ein Domar, som ser i Løyndom, og som viser fraa seg alle deim, som leggja Vinn paa Urett: Og difyre vil det krevjast, at Folk fraa Barndomen faa Kunnskap um Guds Ord og Guds vilje, og at der alltid maa vera Lærarar, som kunna rettleida Folket og jamlege minna det um denne kunnskapen. Og best er det, naar kvar Fader og Moder vil hjelpa Læraren og sjølv vera Lærar i sitt eiget Hus fyre den tilveksande Ungdomen.

Di betre Landsretten er vyrd og hævdad, og di betre Samhelde der er imillom alle Deilder av Riket, di tryggare kann Riket standa, og di sterkare vil det vera til aa verja seg mot Urett fraa andre Sidor. Mest vil det gjelda um eit godt Samhelde, naar Riket kjem i Strid med eit annat Rike, og eit framandt Folk vil herja i Landet. Det er syrgjelegt ad vita, at Verdi, med all sitt Skrøyt av Framstig og Uppstig, skal endaa ikkje vera komi so langt, at alle Kivsmaal imidlom Rikjom kunde vera avgjorde med Lempa utan nokot Herverk og Mannspille. Men det er no det gamle Mein ved Mannætti, at der jamt einkvarstad er Folk, som hava Hug til Ufred, og at megtuge Folk vilja alltid visa si Magt og aldri tola nokon Motburd av sine Grannar. Og so kann det ymist henda, at eit fredsamt Folk verd innfløkt i ein Strid imillom andre Rike, so at det mot sin Vilje maa fylgja med og hjelpa den eine Parten imot den andre. Og sidan det daa alltid er ein Faare aa standa verjelaus, so vil Riket vera nøydt til aa fosta seg Vaapen og Herbunad og Upplæring i Hermannskunst fyre paarøynande Tilfelle. Det er ikkje nokon hyggjeleg Tilbunad; men naar det endelege skal so vera, so er det best aa taka det som ein annan Leik; og so lenge som det gjeld um aa verja sitt Fødeland, so er det daa alltid ei Æra aa vera med og hjelpa til, at Landslyden i minsto kann vinna Vyrdnad hjaa andre Folk.

Etter alt detta verd det mange Aalmennings-Saker, som binda Landsfolket saman til eit Bulag elder Sameigarlag. Ei Sokn elder Grend fær ymse Sameigor, som Kyrkja, Skule, Tinghus og dilikt; og det heile Riket fær mange større Sameigner, som Aalmennings-Marker, Landsvegar, Festningar, Herskip og Husbygningar av mange Slag. Og hertil kjem daa all den andre Fyreskipnad til Hævding av log og Rett, til Framhjelp fyre Lærdoms-Verket, til Lette fyre Umferd og Samferd i Landet, til Umsyn med Aalmennings-Godset og til mangt annat, som dermed fylgjer. I alle desse Greiner maa der vera Raadsfolk elder Umbodsmenner, som hava kvar si Tenesta med Styring og Tilsyn og Rekneskap, so at alt maa ganga sin rette Gang. Fyrst og fremst lyt Riket hava ei Regjering elder Yverstyring, som kann hava Umsyn yver det heile; og dernæst maa dei ymise Deilder av Riket hava sine Raadsmenner, som standa i Samband med Regjeringi og hava kvar sitt visse Verk til aa fullføra. Regjeringi kjem dermed i same Umstand som ein Husbonde elder Fyrestander, som skal styra eit stort Bruk og leiga mange Tenarar og bjoda deim so store Aarspengar, at dei kunna vera viljuge til aa taka Tenesta hjaa honom. Denne Tenesta verd soleides ein Fødeveg fyre mange Landsmenner, og det er endaa ein Fødeveg, som er myket ettersøkt, av di at slike Embætte alltid giva ei aarviss Inntekt, medan andre Livsstand derimot era nokot utrygge, med di at Vinningen er alltid uviss og stundom kann verda alt for liten.

Desse Ting og mange andre, som høyra med til ei skapleg Innreiding i eit Rike, vilja alltid krevja visse Tilkostingar og utgifter, som alle Landsmenner maa finna seg i og leggja sin Part til. Slike Utreidslor kunna lagast paa ymis Maate; det kann vera Skattar, som verda paalagde med ei viss Utlikning etter kvar Manns Midlar; det kann ogso vera Tollar, som era lagde paa ymis Kaupmannskap og Vareførsla, men som i Verkningi jamna seg til ei aalmenneleg Utgift, med di at Tollen gjerer Varorne dyrare fyre deim, som kaupa. Daa no slike Utreidslor verda kravde etter eit Paabod, som ein lyt fylgja og lyda, anten ein vil elder ei, so vil det ofta verda etterspurt, um det var nokor Naudtorv til aa leggja so store Tyngslor paa Folket, elder um ikkje Landet kunde standa lika godt med mindre Tilkostnad. Men det er aa merka, at det, som Folket legg ut, er nokot, som ein kann rekna; men det, som det fær atter fyre fitt utlegg, er nokot, som ein ikkje kann rekna ut i Pengar. Ei god Landsstyring vil alltid trenga til store Midlar til Trygd og Hævding fyre Landsens Velferd, som fyrr er umtalat, og til ymis Umbot, som kann vera til Æra fyre Landet. Og difyre sjaa me og, at der er nokot so nær den same Tilskipnad i alle Rike.

Til Avgjerd av slike Tiltak og Tilkostingar, som era alle Mann vedkomande, funde det fynast som rettaste, at alle Mann skulde vera med og samraadast um Sakerna; men detta kann ikkje godt ganga fyre seg, utan berre i eit litet Samnøyte, som ein By elder eit Tinglag. I eit større Samnøyte (som eit Fylke elder Rike) fær det helder ganga paa den Maaten, at nokre Menner av kvar Landsbolk verda valde av Aalmugen til aa samna seg til eit Landsmøte elder Ting, so at dei der kunna samraadast um dei Maalemni, som trenga til Avgjerd. I slike Tingmøte er det daa dei fleste Røyster, som gjera Utfallet; det er so til aa skyna, at naar eit Fyreslag elder Tilraad er framsett fyre Tinget, og dei fleste Tingmenner (elder ogso alle) samtykkja i Tilraadet, so er det dermed vedteket og stadfest; men er det fleire, som segja imot, en som samtykkja, so er Tilraadet fallet. Med denne Avgjerings-maaten er det no vistnog so, at det stundom kann vera mange, som mislika det Tilraadet, som er framsett, men endaa faa finna seg i, at det fær Framgang, av di at dei era for faae til aa fella det ned; og detta kann ofta vera meinslegt nog; men der er ikkje nokon annan Utveg, som kann høva betre fyre eit fritt Folk; og so er der daa alltid ei Von til, at naar dei fleste faa raada, so vil ikkje Folket faa større Tyngslor paa seg, en som det kann orka aa bera.

Med den høgste Magti i Riket er det nokot ymislege tilskipat hjaa dei mange sersfilde Folkeslag. I dei fleste Rike er det gamall Skipnad, at landet heve ein Herre elder Hovding med ein viss Fyrerett fram fyre alle Landsmenner, og at Herredømet gjeng i Arv i Ætti hans som eit annat Ervegods. Ein slik Hovding er jamnaste kallad Konung (Kong); i nokre store Rike er han kallad Keisar, og i ymse smaa Rike heiter han Hertug elder Fyrste. Men daa Styreverket i eit Rike alltid vil krevja so myki Umsut og Rettleiding, at ingen Mann kann vinnast yver det utan Hjelp, so lyt Hovdingen alltid hava nokre Raadsmenner med seg til aa halda Verket i Gang, og dermed verd det daa eit Riksraad elder ei Regjering, som fyrr er omtalat. I sume Rike heve Hovdingen den høgste Magti i alle Saker, so han kann bjoda og forbjoda som han sjølv vil; daa heiter det eit ubundet Einvelde. I andre Rike er der ein tiljamnad Riksskipnad[11], so at nokre Landssaker (som Logsetning og Skattekrav) verda avgjorde i ei Samning av Tingmenner, sam era valde av Landsens Folk til Møting og Samraad paa visse tilsette Tider; daa er det eit avmaatat elder bundet Einvelde, som er so tilskipat, at Hovdingen og Riksraadet skal styra i Samraad med Riks-Tinget.

I ymse andre Rike er det so tilskipat, at der ikkje skal vera nokon Erve-Hovding elder Konung, men berre ein Formann (Fyrestandar, Præsident), som er dertil utvald fyre nokre Aar og som ogso kann velja seg eit Riksraad, men elles alltid maa styra i Samraad med eit Riks-Ting, som er valt av sjølve Folket. Eit slikt Valmanns-Rike er jamnaste kallat ein Fristat (elder Republik); og daa Magti her er jamnare og vidare utskift, so skulde ein og venta, at der maatte vera ein større Fridom og mindre Faare fyre nokot Ovrike elder Meinvelde. Men der er jamlege den Uheppa med, at der lett kann verda Sundring og Tvidrætte anten um Formanns-Valet elder Styringi; og naar daa den eine Hopen vil bruka Magt elder Meinraad imot den andre, so kann der snart verda so stor Ugreida, at Folket vil langt helder hava ein Einvaldsherre til aa hævda Landsfreden og Landsretten. Og difyre er det og so mange av dei gildaste Folkeslag, som finna seg best nøgde med eit linnt og lempelegt Kongedøme.

I Storleike og Folketal er dei einskilde Riki myket ulike, og mange av deim era myket større, en eit maatelegt Rike skulde vera. Det heve ikke alltid gjenget so fagert til, at Folket i eit Land kunde slaa seg saman og velja seg Hovding og Regjering etter sin eigen Hug; helder heve det ofta voret so, at ein djerv og megtug Hovding heve lagt Landet under seg med Hermagt, og ofta heve det endaa voret ein framand Hovding, som heve trengt seg inn i Landet og gjort fine eigne Fylgjesveinar til Herrar yver Landsfolket. Dermed heve det daa vordet ei Samanhoping av Folkeslag, som ikkje hadde nokon Skyldskap med kvarandre; og slike Samanstøypningar hava so ymist gjort ei Umbrøyting i Tungemaal og Landsbunad, med di at dei undergjevne Folk hava voret udjerve og etterlaatne og skapat seg til etter fine framande Herrar baade i Maal og Bunad, so at dei dermed skulde vinna seg større Vyrdnad og Gjævleike. Derimot er der andre Folk, som hava gjætt sine Ættarminne med Truskap og haldet so fast paa deim, at deira framande Herrar sidstpaa hava lært av deim og lagat seg etter deim. Slikt er nokot, som er Vyrdnad verdt; for den Arveluten av Maal og Minne, som vituge og skynsame Forfeder hava leivt etter seg, er ein alt for stor Ting til aa kasta burt elder byta fraa seg fyre eit Skin av Herredom og Storleike. Og den rette Stormannskapen kann godt lata seg semja med alle Tungemaal og med alle meinlause Landsseder.

VIII. Um Tilstand i fyrre Tider.

I Fylgje med denne Umsyni yver Folkeskipnaden skulde me ogso hava ei Umsyn yver Folkeminni fraa dei framfarne Tider; men detta er eit Maalemne, som baade er ofsa stort og dertil ogso myket ujamt og glepputt, med di at der heve voret lange Tider og mange Folkeslag, som me ikkje vita nokot stort um. Det var fyrst i dei seinaste Tider, at der vardt nokor aalmenneleg Minneskrift (Historia), og di lenger ein kjem attertil i Tiderna, di mindre og myrkare er Minneskrifti. Det var lenge, fyrr en Skrivekunsten kom upp, og det var faae Folk, som funno paa aa skriva upp sine Minne, og so vita me og, at naar Minnesegnerna ganga lenge i Arv og ikkje verda uppskrivne, so kunna dei lett verda samanvasade med Misminne elder og so forvende med Dikt og Skrøyting, at ein aldri kann vita kvat Sanningi er. Men med alt detta er daa den skrivne Minnesegni so stor og rik, at det berre gjeld um aa velja ut dei største og vigtugaste Merkestykke. Naar ein skal taka alt paa snøggaste Maaten, so verd det berre nokre faae Ord um dei største Rike og dei frægaste Folkeslag; men endaa kann det vel alltid vera til Hjelp fyre deim, som ikkje hava Tilleiding til større Kunnskap.

Det er gamall Trunad, at dei fyrste Menneskjor hava livt umkring som 4000 Aar fyre Kristendomen; men daa der ikkje kann vera nokot visst Aarstal til aa byrja med, so er det no sedvanlegt hjaa dei kristne Folk aa rekna Aari baade framtil og attertil fraa Kristi Fødeaar; det var umkring som tretti Aar etter at Keisar Augustus hadde vordet Herre yoer det romerske Riket. Den fyregangande Tidi verd dermed reknad bakleides fraa detta Aaret, so at Aarstalet verd mindre etter som Tidi skrid fram; til Exempel: Alexander vardt Konung 336 og døydde 323 f. Kr. (ɔ: fyre Krist). Desse fyrste Aartusundi verda kallade Fornalderen elder den gamle Æva, og hertil vilja mange ogso rekna dei næstfylgjande 500 Aar. Dei næste tusund Aar (fraa 500 til 1500) era kallade Midalderen, og den seinare Tidi er kallad den nye Aldren (elder Ny-Æva).

[Fornalderen]

Som fyrr er sagt, er det Asia, som skal vera fyrste Heimstaden fyre Mannætti og i sydre Bolken af Asia var ogso dei fyrste Riki, som me høyra nokot um. Der var det gamle Assyria med Byen Ninive og dernæst Babylonia med den store Staden Babylon, som er so ofta nemnd i Bibelen. Lenger i Aust var store Rike i India og Kina; men deira gamle Skipnad er oss litet kunnug. Lenger i Vest imot Midelhavet budde tvau Folkeslag, som vel vaaro smaa i Magt og Manntal, men som endaa hava leivt eit stort Minne etter jeg. Det eine av deim var Fønik-Folket (Phønicierne), som gjorde seg vidkunnugt med sine Sjoferder i Aust og Vest og med ymse store Uppfinningar. Det andre var Jude-Folket, som merkte seg ut fraa Heidningom med si reinare Tru um Guddomen og dei andelege Ting, so at deira lærdom sidan vardt ei Tilbuning fyre Kristendomen.

I dei andre Jordbolkom er det dei Landi, som liggja næst ved Asia, som hava den eldste Minnesegni. Afrika var det Ægypten, som var mest kunnugt og som myket tidlege var eit stort Rike med eit Herrestand, som var langt framkomet i Kunst og Viting. I Europa var det Grækarland inst ved Midelhavet, som fyrst fekk nokor merkjeleg Minneskrift. Det skilde seg i mange smaae Rike, som stundom laago i Strid med kvarandre, men stundom og kunde slaa seg saman til ymse store Tiltøkje. Millom mangt annat er der store Segner um ein Strid, som Grækarne førde mot Staden Troja i Litle-Asia (den trojanske Striden); men desse Segnerna era nokot villsvivande og stydja seg myket til eit gamalt Dikt av ein Skald, som heitte Homeros. Elles vordo Grækarne myket namnkunnuge av di, at dei breidde seg vidt ut yver andre Land og stomnade Nybygder elder Byar i Aust og Vest, i Litle Asia og i Stalia. Og mest vidkunnuge vordo dei fyre deira store Vitsemd og Kunst; for dermed vaaro dei alt i gamle Tider komne til slik ein Meisterskap, at dei sidan hava stadet som ei Mynster og Fyresyning fyre andre Folk.

Dei gamle Rifi i Asia hadde tidt og ofta Strid med sine Grannar og stundom ogso med stridsame Hovdinger i sjølve Riket. Det babyloniske Riket og ymse fleire kom sidstpaa inn under det store persiske Riket, som byrjade med Kong Cyrus (560 f. Kr.) og som sidan i tvau hundrad Aar var det megtugaste av alle. Det persiske Herredømet tøygde seg lika til Midelhavet; men dei græske Nybygderne i Litle-Asia gjorde Motstand og fingo Hjelp fraa Grækarland. Dermed kveiktest det daa ein stor Strid imillom Grækarland og Persia; men Grækarne varde seg traatt og herdugt imot den store Yvermagti. Den persiske Kongen Xerxes (Ahasverus) skal hava ført ein Stridsher paa tvo Millionar imot Grækarland, men endaa laut han venda heimatter med Skam og Skade. (480 f. Kr.). Og Utgangen paa Striden vardt den, at Persarne laut bjoda Fred og lata Grækarne i Litle-Asia vera frie.

Etter den Tid stodo dei græske Smaariki trygt; men dei skadde seg sjølv med innbyrdes Strid, med di at sume av deim, som Athene og Sparta, jamnan traadde etter Herredømet yver dei andre. Ein av deira Granne-Kongar, Filippos av Makedonia, vardt ogso inndregen i denne Striden, og den Mannen visste aa styra det so, at han sjølv vardt Herre yver heile Grækarland. (338 f. Kr.). Hans Son var den namnkunnuge Alexander den store, som tog Riket etter honom. Han tok upp atter den gamle Striden med Persia og førde Stridsheren sin inn i Asia; der vann han try store Slag imot Kong Darius, og dermed gjorde han Ende paa det persiske Riket og tok under seg alle dei Land, som dertil høyrde. Sidan vann han endaa fleire Land; men just som han var i sin beste Uppgang, døydde han braadlege i Babylon (323 f. Kr.), daa han var berre 32 Aar gamall. Daa vardt der Strid, um kven som skulde erva det store Riket, og sidstpaa skilde det seg i try Rike: Grækarland og Syria og Ægypten.

Vestanfyre Grækarland var ikkje endaa nokot stort Rike; men so var der daa eit, som lagade seg til nokot stort. I Midbolken av Italia var ein By, som heitte Rom og hadde eit litet Rike kringum seg. Detta Riket hadde fyrst havt Kongar, men sidan var det umskipat til eit Valmannsrike med eit Riksraad (Senat) og med tvo Borgmeisterar (Konsuler), som vordo valde til kvart Aar. Romarne komo ofta i Strid med sine Grannar, men dei hadde jamnan Vinningen, so at dei smaatt um Senn vordo Herrar yver heile Italia, og sidan toko dei til aa tøygja seg vidare. Ein av deira sterkaste Motstandarar var den rike Staden Karthago, som laag sunnanfyre Sjoen, men som hadde vunnet myket Land paa Øyom under Stalia. Det kom til Strid imillom Rom og Karthago, og Romarne vunno. (241 f. Kr.). Det vardt ein ny Strid, og daa hadde Karthagarne ein Herførar Hannibal, som gjekk inn i Italia med sin Stridsher og lagde under seg Landet baade i Nord og Sud; men endaa vende Striden jeg so, at Romarne vunno. (201).

Karthago-Folket leid sidan slik Trykk og Tyngsla, at det endaa tredje Gongen reiste seg til Motstand; men daa vardt Karthago lagt reint i Øyde. (146).

I desse Bilom hadde Romarne ogso Strid paa andre Sidor, som i Spania og Grækarland og Litle-Asia; og det er snøggaste aa segja, at dei jamnan gingo av med Vinningen, so dei nokot um Senn fingo Herredømet yver dei fleste Land kringum Midelhavet. Og attaat all denne Striden med framande Folkeslag hadde dei ogso myken innbyrdes Strid, so at det stundom hende, at den eine Halvparten av Riket laut strida mot den andre. I slike Tilfelle kunde det og henda, at den eine Herføraren vardt Herre yver heile Riket. So var det med Sulla (elder Sylla), som eingong var Einvaldsherre i tvau Aar († 78). Nokot likt var det med Julius Cæsar[12], som elles var ein av dei mildaste og manntydaste Hovdingar, som Minnesfrifti nemner; han var Herre yver Riket i tvau Aar, og daa vardt han drepen i eit Raadsmøte i Rom (44 f. Kr.). Og sidstpaa var det ein Erving etter Cæsar med Namnet Octavianus, som fekk Yvermagti (31 f. Kr.) og sidan var Herre yver Riket i 44 Aar. († 14 e. Kr.). Han vardt kallab Augustus og er reknad som den fyrste Keisar; for etter den Tid vardt Riket eit Einvaldsrike i Staden fyre eit Valmarksvelde. Det romerske Riket var no so stort, at det naadde i Vest yver Spania, Gallia og Britland, og i Aust yver Grækarland, Litle-Asia, Syria og Ægypten; difyre er det ogso sagt, at Keisar Augustus kunde bjoda yver „heile Verdi.“ (Lue. 2, 1).

Den næste Keisaren etter Augustus var Tiberius, († 37). I hans Dagar var det, at Frelsaren fullførde si Sending paa Jordi, og at hans Læresveinar grunnlagde dei fyrste kristne Samstemnor elder Soknarlag. Den nye lærdomen vardt hædd og hatad baade av Judar og Heidningar, so det i lang Tid frametter var mange, som laut lida Pinslor og Daude fyre si Tru; men lika fullt breidde Lærdomen jeg alt vidare ut med si eigi Magt, og etter lange Tyngslor og Trengslor hadde dei kristne Samningarne vordet. so mange, at Herrarne i Riket funno det rettaste aa lata deim vera i Fred.

Av dei romerske Keisarar hava nokre vordet mest namnkjende fyre Illska og Ulivnad, som Nero († 68), Domitianus († 96) og Commodus († 192); andre hava derimot fenget eit godt Ettermæle, som Trajanus († 117) Antoninus Pius († 161), Alexander Severus († 235) og fleire. Det vardt annsamt aa styra det store Riket, med di at der jamnan vardt Ufred av framande Folkeslag paa ymse Sidor. Ein Reisar, som heitte Diocletian († 284), tok seg difyre ein Med-keisar til Hjelp, og seinare var det fleire, som gjorde det same; men so vardt der Strid imillom desse Hovdingom innbyrdes, til dess at ein av deim, som heitte Konstantin, vann yver alle dei andre og vardt Einvaldsherre. (Aar 324). Denne Keisaren er namnkunnug av di, at han samtyktest med det kristne Folket og sidstpaa fjølv tok ved Kristendomen. († 337). Detta var eit stort Umskifte fyre det kristne Folket, som so lenge fyrr hadde lidet Skjemd og Elting, med Draap og Pinslor fyre si Tru, men som no so braadlege kom til Magt og Vyrdnad i Riket.

Konstantin hadde flutt sitt Kongssæte fraa Italia til Grækarland; og ein av hans Ettermenner, som heitte Theodosius († 395), skifte det store Riket millom sine tvo Søner, so at den eine fekk det vestlege Riket med Rom til Hovudstad, og den andre fekk det øystre (elder græfiske) Riket med Hovudstaden Byzantium, som no vardt kallad Konstantinopel. Men endaa var kvart Rike so vidlendt, at det vardt vandslegt aa møta dei store Folkeskararne, som søkte inn paa Landet. Alt fyrr hadde ymse germanske og mest gothiske Folkeslag trengt seg inn i landet nordantil; men no var det ogso eit nytt og ukunnugt Folkeslag, kallat Hunnar (elder Hunar), som kom innstrøymande fraa Asia og som sette slik Uro i dei andre Folkehoparne, at det vardt ei ideleg Strøyming og Flutning mod Vest og mot Sud, so at denne Æva er kallad den store Folkeflutningi. Med Hunnarne vardt det daa ikkje nokon lang Strid; dei komo rynjande vest yver Landet lika til Gallia; men der tapte dei eit stort Slag (Aar 451), og sidan drogo dei seg tilbaka, og daa deira Konung Attila var daaen, slitnade Riket deira i sunder. Men dei andre Folkehoparne trengde seg alltid fram paa Sudsida. Det grækiske Keisardømet stod seg nokorleid imot denne Trengsla; men det romerske Riket vardt reint yverstiget, so at sidstpaa ein tydsk Hovding, Odoaker, tok inn Rom, sette Keisaren av og kallade jeg sjølv Konung av Italia. (476). Etter honom kom ein gothist Konung Thjodrik (elder Theodorik), som var ein gild og vyrdeleg Hovding; men hans ættingar miste sit Magt, og sidan var Italia i lange Tider som ein Trætteteig imillom framande Herrar, som ymist flogost um Landet og toko snart det eine Stykket og snart det andre.

[Midalderen]

Enden paa det romerske Riket er reknad som eit stort Tideskifte, so at den fylgjande Æva er kallad Midalderen, til Skilnad fraa den fyrre som er reknad til Fornalderen. Vesterbolken av Europa byrjade no aa skipa seg til i nye Rike og mest med Hovdingar av dei germanske elder tydske Etter (Gothar, Frankar, Saksar og fleire), som i Folkeflutnings-Tidom hadde strøymt ut yver Landet. I Spania vardt eit nytt Rike tilskipat av gothiske Hovdingar. I Gallia vardt eit Rike med frankiske Hovdingar, og etter deim vardt Landet sidan kallat Frankrike. Britania vardt ei stor Innflutning av Salsar elder Anglar (Angel-Saksar), so at Landet etter deim vardt kalla Engelland (Anglia). Sjølve Tydskland var endaa skilt i ymse Smaarike; men ei stor Deild av Landet hekk saman med det nye frankiske (elder franske) Riket, som no ei Tid frametter var det megtugaste Rike paa Vesterleidi.

I desse nye Rikjom vann Kristendomen Inngang nokot um Senn, og dermed vardt daa ogso nokor Umbot i Folkeseden, og nokot større Kunnskap kom til, med di at Prestar og Landshovdingar tamde seg til med Skrift og Lesnad, so som Grækarne og Romarne fyrr hadde gjort. Kyrkje-Retten vardt tilskipad etter den Sedvane, som var tilkomen i Rom, og Bispen i Rom var halden som Hovudsmann fyre heile Kyrkjelaget og kallad Pave elder Papa (d. e. Fader). Desse Pavarne fingo dermed stor Magt og Vyrdnad, og sume av deim, som Gregor den store († 604), verkade ogso myket godt til Framhjelp fyre kunnskapen og til Utbreiding av Kristendom imillom Heidningom. Men medan Kristendomen soleides gjekk jamt fram i Vesterrikjom, fekk han derimot ein stor Atterstøyt paa Austerfida. I Mekka i Arabia var ein Mann med Namnet Mahomed, som tok seg til aa læra Folket ei ny Tru, og daa han hadde fenget eit Fylgje med seg, tok han Landet under seg med Vald og Vaapenmagt og nøydde Folket til aa taka ved den nye Lærdomen. († 632). Hans Ettermenner i Herredømet vaaro djerve og stridsame, so dei foro med Hermagt yver Landet i Aust og Vest og trugade Folket til aa taka Mahomeds Tru, I Asia grunnade dei eit stort Rike med Hovudstaden Bagdad, som vardt Sæte fyre deira Konung elder „Kalif“. I Afrika toko dei heile Nordsida langs med Midelhavet; derifraa trengde dei seg inn i Spania og stomnade der det mauriske Riket, som sidan stod lenge uppe. Sidstpaa vilde dei og leggja Frankrike under seg; men den frankiske Hovdingen Karl Martell samnade ein sterk Stridsher imot deim og slog deim i eit stort Slag (Par 732), so dei sidan ikkje torde vaaga nokot meir paa den Sida.

Ein Son til Karl Martell vardt sidan Konung i Frankrike, og hans Son var den vidkunnuge Karl den store († 814). Han hadde myken Strid, men var jamnan heppen, so han sidstpaa lagde under seg heile Saksland og Sud-Tydskland med Halvparten av Italia og eit Stykke av Spania, Dertil er han og myket namnfræg fyre si Umsut fyre log og Rett og lika eins fyre Kristendom og Kunnskap. Etter hans Daude losnade det store Riket i sunder, og hans Sonarsøner skifte det i try Rike, som var Frankrike og Tydskland og Italia. (843). Tittelen av „romersk Keisar“, som Karl den store hadde fenget, gjekk sidan i Arv til Kongarne i Tydskland.

I desse Bilom hadde dei nørdste Smaariki skipat seg til i try serskilde Rike: Danmark, Sverike og Norig, og den fyrste Konung yver heile Norig var Harald Haarfagre († 933). Ymse Smaahovdingar, som tykte, at det vardt trongt fyre deim i Norderrikjom, hadde teket seg til aa fara i Kring som Vikingar med Herjing og Plundring i andre Land, so at dei vordo ei stor Skræmsla fyre Folket. Ein av desse Hovdingom vann so stor Magt i Frankrike, at han tok under seg eit stort Fylke, som sidan var kallat Normandie og vardt myket namnkunnugt. Elles var det Engelland, som leid mest av slike Vikingsferder. Detta Riket hadde no skipat seg nokorleid vel til og hadde ymse gilde Kongar, som Alfred den store († 901) og Athelstan elder Adelstein († 940); men Landet fekk alltid ufred av framande Gjester, og sidstpaa som ogso dei danske Kongarne til, og Knut hin rike lagde heile Landet under seg. Dei danske Herrarne fingo daa ikkje nokot langt Velde; men etter deim som William, Hertugen av Normandiet, og tok inn Riket og gjorde fine franske Fylgjesveinar til Herrar yver dei engelske Fylke. (Aar 1066).

Ut imot Enden av det ellevte Aarhundrad byrjade dei store Herferderna, som era kallade Krossferder. Det hadde lenge voret sedvanlegt, at kristne Ferdarmenner foro til Judeland og vitjade Jerusalem og andre heilage Stader. Desse Ferderna vordo no nokot kranglege, daa Arabarne etter Mahomed hadde stomnat sitt store Rike i Asia og dermed ogso lagt Judeland under seg; men so gjekk det no tollege endaa ei Tid, til dess at der kom ei ny Hovding-Ætt (Tyrkarne), som hatade alle dei kristne Ferdarmenner og gjorde deim alt større og større Forfang. Desse Tidenderna vakte daa myken Harm Vesterlandet, so der vardt ein stor Tilbunad til aa strida fyre det heilage Landet og taka det atter fraa dei ukristne Valdhavarom. Heile store Folkesfarar drogo aust igjenom Landi til benne Striden; men ei stor Mengd av deim gavst upp og fekk sin Bane paa den lange Vegen. Ein sterk Her av duglege Stridsmenner, med Hertugen Gottfrid, (av Bouillon) til Formann, vann daa endelege so myket, at dei toko Jerusalem og sette kristne Hovdingar yver Landet (Aar 1099), men det nye Riket fekk ingen Fred, og ikkje varde det lenge helder, fyrr dei ukristne fingo Yvertaket. Seinare gjekk det fleire store Krossferder vestanifraa; men alt, som vardt vunnet, gjekk atter tapt, og det heile vardt berre til ei stor Spilling av Liv og Mannskraft.

I det kristne Kyrkjelaget hadde der nyst fyrr vordet eit Tviskifte, med di at Bisparne i det græske Riket skilde seg av fraa Paven i Rom og toko Bispen i Konstantinopel til Formann (1054). Dermed miste daa Pavarne nokot av sitt Herredøme; men so vaaro dei og so myket herdugare til aa auka si Magt yver dei vestlege Riki. Mest kjende fyre denne Trøytingi etter Magt og Velde era Pavarne Gregor VII († 1085) og Innocentius III († 1216). Etter deira Fyreskipnad skulde Pavarne ikkje berre raada yver kyrkja og Prestestandet, men dei kunde ogso taka seg løyve til aa tugta sjølve Kongarne og setja deim av fraa Embættet, naar dei gjorde nokot Motstand.

Med Kunnskap og Boklærdom var det i lang Tid myket smaatt i dei fleste Land; men so er det daa likt til, at dei store Krossferderna til Austerlandet hava havt ymse gode Fylgjor i Vesterlandet og vakt ein friskare Hug til bokleg Kunst. Umkring som paa Tolvhundrad-Talet viser der seg alt eit munarlegt Uppstig i Vesterbolken, so som i Frankrike og paa fleire andre Stader, og mange gilde Bøker og Diktarverk era i desse Tidom tilkomne. Ogso i vaart eiget Land var der gjort ymse gode Tiltak i boklegt Verk, og Sogomennerne paa Island hava endaa merkt seg ut framfyre andre med sine meisterlege Skrifter.

Etter all den Folkeflutning, som fyrr hadde voret, kom det endaa i det trettande Aarhundradet ein ny Folkestraum fraa Asia inn yver Midbolken av Europa. Det var Mongolarne, som fyrst hadde sleget under seg eit stort Rike i Asia og sidan komo herjande inn yver Russland og fram mot Tydskland, men daa umsider stadnade og drogo seg tilbaka. (1241). Russland vardt sidan lenge standande under det mongolske Herredøme og kom dermed i stor Vanmagt.

Elles var det fleire Rike, som i lange Tider veiknade og vanstipade seg sjølve med innbyrdes Ufred og mest med Strid um Retten til Herredømet. Det gjekk ofta so til, at naar ein Konung døydde, var det tvo elder tri Ervingar, som vilde taka Riket etter honom, og som hadde kvar sin Folkehop med seg, so det berre galdt um kven som kunde trøyta lengst ut med Striden.

I dei fleste Rike var det og so, at sjølve Folket hadde liten elder ingen Aatgang til Riksstyringi, med di at der alt som vidaste hadde skapat seg ein Adel elder eit Herrestand, som vilde hava Magti fyre seg sjølv. Men so hende det daa og paa nokre Stader, og mest i Tydskland og Italia, at ymse Byar elder Smaafylke fingo skipa seg til som eit litet Rike fyre seg sjølv. I Berglandet Sveits vardt det endaa eit Sambands-Rike av nokre Fylke, som slogo seg saman til Sjølvverja (Aar 1308) og vaaro heppne nog til aa verja sitt Sjølvvelde mot dei framande Herrar, som vilde leggja landet under seg.

Kongarne av Engelland hadde lenge havt eit Stykke av Frankrike (Normandiet) som eit Ervegods, og seinare vilde dei og hava Herredømet yver heile Riket. Derav reiste der seg daa ein lang Strid (1340), og ei Stund frametter var det likt til, at heile Frankrike skulde koma under Engelland. Men sidan venda daa Lukka seg so, at Franskmennerne vunno atter det, som dei hadde tapt; og den, som gjorde mest til denne Vinningen, var ei Bondegjenta, den namnkunnuge Jomfru av Orleans, som tok paa seg aa føra Stridsheren imot Fienden, daa so mange andre hadde mist Modet. Üheppelege nog vardt ho fangad av Fienden og baalbrend som ei Trollkjerring (1431); men daa hadde hennar Landsmenner alt fenget so godt Framtak, at dei sidan jamt gingo av med Sigren.

Det græske Keisarriket hadde i lange Tider havt myken Ufred baade innantil og utantil; og sidstpaa fekk det daa og ein Granne, som var det for sterk; det var Tyrkarne, som ved Aaret 1330 hadde lagt under seg Litle-Asia og fidan trengde seg inn i Europa og toko Staden Adrianopel, der dei sette seg so fast fyre, at all Freistnad til aa driva deim bakleides var faafengd. Sidstpaa toko dei sjølve Hovudstaden Konstantinopel (1453), og dermed var det græske Keisardømet fallet.

Dei nørdste Riki hadde i desse Tider liti Magt. Den danske Drottningi Margreta fekk Norig og Sverike til aa binda seg saman med Danmark (Aar 1397); men detta Sambandet vardt berre til Vanheppa. Sverike skilde seg fraa og valde seg fyrst ein Fyrestandar og seinare ein Konung; Norig derimot vardt i lange Tider hangande fast med Danmark.

I det femtande Aarhundrad var det uppfunnet aa bruka Fyrvaapen elder Skotvaapen med Krut, og detta Bruket førde sidan til ein ny Tilstipnad i Herstriden og Herbunaden. Ei onnor Uppkoma, som vardt til stor Hjelp fyre den aalmennelege Kunnskapen, var det, at Prentekunsten umkring som ved Aaret 1440 vardt uppfunnen i Tydskland og snart deretter vardt innførd i dei umliggjande Landi.

Ein annan Tilburd, som drog store Fylgjor etter seg, var det, at Amerika no fyrst vardt kunnugt fyre Folket i Gamle-Heimen. Vistnog var Landet funnet fyrr; det er sagt, at Folk fraa Kina hadde visst um det eit Tusund Aar tidlegare; og nokre Hundrad Aar seinare hadde Folk fraa Island og Grønland ogso funnet Amerika; men det vardt ikkje so, at det kom deim til nokot Gagn, og ikkje vardt det vidare kunnugt helder. Det var fyrst i Aaret 1492, at ein Mann, som heitte Kolombo, siglde ut fraa Spania - med try Skip og stemnde vest yver Havet i den Voni, at han der skulde koma til India fraa Austersida. Det Landet, som han daa fann, vardt og sidan kallat Vest-India, men elles var det berre nokre Øyar austanfyre Amerika. Nokre faae Aar seinare vardt den rette Vegen til India ogso funnen, daa ein Sjomann fraa Portugal siglde sud um Enden av Afrika og derfraa i Aust yver det indiske Havet. Med desse Sjoferdom hadde daa Folket fenget ei ny Utsyn yver Verdi, og dermed fylgde daa ei stor Forvitna til aa fara i Kring paa Havet i Aust og Vest og leita etter nye Land, so lenge til at heile Jordi var umsigld og alle Sjovegar uppdagade.

[Nyalderen]

Detta Bilet kringum Aaret 1500 er difyre reknat som eit stort Tideskifte, so at dei fylgjande Tider til Skilnad fraa Midaldren era kallade Ny-Aldren elder den nye Æva.

Det nyfundne Landet Amerika var ikke nokot audt elder ubygt Land; tvertimot var der buande Folk baade i Nord og Sud, og i Midbolken var der endaa megtuge Rike, som Mexiko og det gullrike Peru-Landet, og der var eit djervt og duglegt Folk, som var vidt komet i ymis kunst og Hagleike. Europa-Mennerne hadde ingen Rett til aa tafa nokot Land fraa deim elder gjera deim nokot Forfang: men til üheppa støytte dei ikkje stort um nokon Rett; dei vilde hava Landet og vyrde litet um Folket; for dei hadde Krut og Kulor, som dei innfødde ikkje kjende nokot til. Dei innfødde Hovdingarne laago ymist i Strid med kvarandre, og detta visste dei framande Gjesterne aa nøyta so, at dei snart sjølve vordo Herrar i Landet og kunde fara med Folket, som dei vilde. Spaniorarne toko dei gildaste Landi i Midbolken; Portugalsmennerne toko myket av Sud-Amerika; Franskmenner og Engelsmenner toko store Stykke av Nord-Amerika. Og paa same Tider foro Portugisar og Engelsmenner ogso paa Austerleidi og lagde under seg ymse Nylende i Sudhavet og det indiske Havet.

Den megtugaste Hovdingen paa denne Tid var Karl V, som var Keisar i Tydskland (1519 til 1556), og som dertil og ved Erverett hadde vordet Konung av Spania og Herre yver Holland med eit stort Stykke av Italia. Til hans Rike i Spania kom no ogso det nye landet i Amerika, so det var sagt, at „Soli gjekk ikkje ned i hans Rike“. Men hadde han stor Magt, so hadde han og myket til aa strida med. Um Herredømet i Italia fekk han ein lang Strid med Kongen av Frankrike (Frants I), og um Styringi i Tydskland fekk han Strid med sine Underhovdingar. I sine seinare Aar var han myket sjukleg, og difyre avleet han Keisarriket til Broder sin (Ferdinand I) og det spanske Riket til Son sin (Filip II). Tvau Aar seinare døydde han (1558).

Keisar Karl hadde ikkje berre havt Strid um Land og Rike, men han vardt og uroad av eit Kivsmaal um Tru og Kyrkjesed. Pavarne i Rom hadde lenge havt eit Velde, som var til Tyngsla fyre Folket og til Skræmsla fyre sjølve Kongarne. Bibelen var litet kjend, og Lærdomen var forvend og umvavd med mange nye Paabod; og dermed fylgde daa streng Refsing fyre alle, som mistoko seg elder gløymde nokot av desse Paabodom. Detta Meinveldet hadde paa ymse Stader vakt myket Misnøgje. Alt i det tolvte Aarhundradet var der i Frankrike ein Flokk (Valdensarne), som traadde etter ein reinare Lærdom og som difyre vardt hardlege trugad og forfylgd. Seinare var der i Engelland ein lærd Mann, John Viclif († 1387), som talade imot Paven og raadde Folk til aa fylgja Bibelen. Nokot slikt lærde ogso Johan Hus i Bøhmen, og derfyre vardt han baalbrend paa eit Kyrkjemøte (dar 1415). Men sidstpaa kom der daa ein Mann, som hadde større Heppa med seg; det var Martin Luther, Lærar ved Høgskulen i Wittenberg, (i Tydskland). Han vitnade djervt og fyndugt mot alle Forvendingar i Kyrkje-Læra og sette sjølv upp ei Fyreskrift til ein betre Lærdom og Kyrkjesed. Han fekk godt Medhelde, og ymse Hovdingar hjelpte honom, so hans Fiendar ikkje fekk Magt yver honom. Fyrren han døydde (1546) hadde han daa ogso den Hugnad, at hans Lærdomsbot alt var innførd i Nord-Tydskland og Holland og dertil ogso i Danmark, Norig og Sverike.

I det frie Landet Sveits vardt ogso ei Lærdomsbot innførd (av Zvingli og Calvin); men lærdomen var ikkje heilt upp den same, som Luther hadde sett upp, og difyre vardt detta Kyrkjelaget kallat det „reformerade“ til Skilnad fraa det „lutherske“. I Frankrike fekk den „reformerade“ Lærdomen myken Inngang, men kom ikkje til nokot Herredøme. I Engelland hadde Kongen, Henrik VIII, komet i Usemja med Paven og difyre skilt seg fraa den romerske Kyrkja og innført ein ny Kyrkjesed. Dotter hans, Maria, som sidan fekk Riket, vilde derimot reisa den gamle Kyrfjeseden uppatter; men etter henne kom Systeri, Drottning Elisabeth, og i hennar lange og lukkelege Regjering (1558 til 1603) kom lærdomsboti til fullt Herredøme.

I Frankrike vardt det ein stor Strid um Lærdomsskiftet. Dei, som stridde fyre den umbøtte (elder reformerade) Lærdomen, hadde mindre Magt og leid store Tap, og eingong vardt alle deira gildaste Menner lokkade saman med Voner til Fred og Vinskap, men sidan sviklege yverfaline og drepne i Tusundtal. (Bartholomæus-Natti 1572). Men med alt detta vaaro dei endaa mangmennte nog til Motstand; og daa Henrik IV vardt Konung (1593), fingo dei daa umsider sin Løyve tilaa halda fin eigen Kyrkjesed.

Tydskland vardt det alt større og større Tvidrætte millom det gamle og det nye Kyrkjelaget; og sidstpaa kom det endaa til ein rasande Herstrid, som varde i 30 Aar og difyre er kallad Trettiaars-Striden. (1618 til 1648). Nordtydskarne, som stridde fyre Lærdomsboti, kunde i Fyrstningi ikkje standa seg imot Keisaren; men fingo sidan stor Framgang, daa den namnfræge svenske Kongen, Gustav Adolf, kom deim til Hjelp. Han fall i eit Slag (1632); men hans Fylgjesmenner sigrade, og daa Keisaren sidan ogso fekt Strid med Frankrike, laut han umsider bjoda Fred og lata Lærdomsboti hava sin Gang.

Engelland hadde i desse Tider fenget stor Magt paa Sjoen og vunnet seg mange Hamnestader og Nylende baade i Amerika og paa Austerleidi. Nokot lift var det og med Holland, som under Keisar Karl v var sambundet med Spania, men sidan sette seg upp mot det spanske Meinveldet (1579) og fekk Hjelp dertil av Engelland. I den lange Striden mot Spania og Portugal vann Holland mange rike Nybygder i India og Austerhavet.

Engelland hadde ymist fyrr leget i Strid med Skotland, som i lange Tider var eit Kongerike fyre seg sjølv; men daa Drottning Elisabeth døydde (1603), var det den skotske Kongen Jakob (elder James), som var næste Ervingen etter henne, og dermed kom daa Engelland og Skotland under same Kongen. Engelland hadde i nokre hundrad Aar havt eit Riks-Ting (Parlament), som skulde raada saman med Kongen um Landsens Saker; men det hende so ymist, at Kongarne fylgde sin eigen Vilje og ikkje lydde etter Rikstinget. So gjorde ogso Karl I, Son til Kong Jakob; men so vardt der ein Fiendskap, som steig so høgt, at Kongen og Tinget førde Herstrid mot kvarandre, og Kong Karl vardt fangad og dømd til Daude og halshoggen (1649). Sidan var Engelland i nokre Aar kongelaust, og Herføraren Cromwell styrde Riket med stor Klokskap men myket strengt og einraadugt, so at Folket leiddest av „Fristaten“; og daa Cromwell var dagen, toko dei Kongssonen, Karl II, til Konung (1660). Etter honom fylgde Broderen Jakob II; men hans Regjering vardt so illa likad, at han sidstpaa vardt avsett, og Maagen hans, William III, vardt teken til Konung (1689). Men daa vardt der og gjort ei ny Grunnlog med greide Skilvangar fyre Kongemagti, so at Engelland dermed fekk ein friare og tryggare Skipnad en dei fleste andre Rike.

I Frankrike var i desse Bilom ein Konung, Ludvig XIV, som jamnan traadde etter Yvermagt paa alle Sidor og dermed vakte myken Ufred. Paa sine gamle Dagar førde han ein stor Strid um Kongedømet i Spania; det er kallat den spanske Ervestriden (1701 til 1714). Der hadde han baade Tydskland og fleire Magter imot seg og leid mange store Tap; men paa Enden fekk han daa sin Vilje fram, so at Sonarson hans, Filip V, fekk hava det spanske Kongedømet.

I same Tidom var det og ein stor Strid i dei nørdste Rikjom. Sverike hadde med Gustav Adolf og etter hans Tid fenget stor Magt og vunnet ymse Landstykke innanfyre Øystersjoen. Dei næste Riki tykte detta vera ottesamt; og Kongarne av Danmark og Polsland og Russland bundo seg jaman mot den unge Kongen Karl XII. Kong Karl var so god Stridsmann, at han vann paa deim alle i Hop og var nokre faae Aar i stor Uppgang; men seinare vende det seg so, at hans Fiendar fingo Yvertaket. Det Riket, som gjekk sterkaste ut av Striden, var Russland, som i detta Bilet hadde fenget ein odlege djerv og dugleg Hovding, Zar Peter den store († 1725).

I Nørdre-Luten av Tydskland var der uppkomet eit nytt Rike, som traadde sterkt etter større Magt og Landvinning. Det var Prussland elder „Preußen“, som eingong var eit Hertugdøme under Polsland, men sidan vardt sambundet med Brandenburg og fleire Landstykke. Det hadde fenget Namn av Kongerike (1701) og kom til stor Magt og Uppgang under Kong Fredrik II elder den store (1740 til 1786).

Det polske Riket kom derimot i Nedfall. Detta Riket hadde i nokor Tid voret eit Kongedøme med den Fyreskipnad, at Landsens Adelsfulde velja den nye Kongen, naar den gamle var fraafallen. Men detta Kongevalet førde ofta til innbyrdes Strid, og sidstpaa gjekk det so, at Grannarne, Russland, Prussland og Austerrike, drogo seg inn i denne Striden og toko kvar sitt Stykke av Landet (1772). Dei polske Hovdingarne reiste seg sidan til Motstand; men dei tapte mot Yvermagti, og daa toko Grannarne det Stykket, som atter var, og bytte det imillom seg. (1795).

Engelsmennerne hadde, som fyrr er umtalat, teket eit stort Landstykke i Amerika, og myket Folk hadde flutt ut og busett seg der. Dei hadde skipat seg i ymse Fylke elder Smaarike med kvar sitt. Riksting og ikkje trengt til nokor Hjelp fraa Heimlandet. Daa no den engelske Regjeringi kravde Skatt av deim, so vilde dei ingen Skatt giva, og trettan Fylke slogo seg saman og sagde seg frie fraa Engellands Herredøme (1776). Dei fingo Medhald av Frankrike og Spania, so at Engelland fekk Ufred paa alle Sidor. Og Enden paa Striden vardt daa den, at dei trettan Fylki fingo sin Fridom og vordo standande som eit Sambandsrike, som vardt kallat Unionsstatarne elder dei sambundne Statarne i Nord-Amerika. (Аar 1783).

Det Landet, som no eit Bil frametter vakte den største Tilspurnad, var Frankrike. Det franske Folket hadde lenge boret store Tyngslor og var myket misnøgt med si Landsstyring og sitt Herrestand; og i Aaret 1789 kom det umsider til ei stor Umstøyting[13]. Kong Ludvig XVI laut kalla saman eit Riksting, og detta Tinget fravde store Avtak i Kongemagti og sette upp ei ny Grunnlog, som Kongen laut samtykkja. (1791). Git nytt Ting var endaa stridare mot Kongen og Herrestandet. Mange Stormenner hadde rømt ut or Landet og eggjat dei andre Kongarne til aa hjelpa Kong Ludvig; og daa det sidan spurdest, at ein tydsk Stridsher var paa Vegen til Frankrike, so vardt Kong Ludvig skuldad fyre Samraad med Fienden, og difyre vardt han fangad og dømd og drepen. (1793). Riket vardt kalla Fristat, og Kongsmennerne vordo fangade og drepne i Tusundtal. Dessa Tidenderna vakte Illhug og Fælske baade i Tydskland og fleire Rike, og store Stridherar vaaro avsende mot Frankrike til aa hielpa Kongsmennerne, men dei tapte i Striden og fingo Ufreden inn i sitt eiget Land. Dei franske Hermennerne gingo so fast fram, at dei snart vordo Herrar yver ymse store Landstykke, som fyrr hadde leget under Tydskland og Austerrike, men som no vordo umskipade til Fristatar i fast Samband med Frankrike.

Det vardt elles ikkje rett lenge, fyrr en det franske Folkeriket vardt som eit Einvaldsrike paa nytt lag. Av dei mange gilde Herførarar, som tamde seg upp i denne Striden, var der ein, som hadde merkt seg ut framfyre dei andre og vunnet mange store Sigrar; det var Napoleon Bonaparte. Han hadde sidstpaa fenget sostor Magt og Vyrdnad, at han vardt Formann fyre Riket (1799), og nokot seinare vardt han endaa utropad til Keisar (1804). Det nye Keisarriket fekk ufred paa alle Sidor; men Napoleon hadde si gamle Lukka endaa eit Bil, so han vann alt større og større Yvermagt. Men sidstpaa var han daa uheppen og leid store Tap paa ei Herferd til Russland (1812); og dermed fingo hans Fiendar Yvertaket og søkte inn i hans eiget Land. Han vardt avsett og utviist or Landet (1814); men endaa som han atter og samnade ein ny Stridsher imot Fienden; daa tapte han eit stort Slag (ved Waterloo, 1815) og so vardt han avsett paa nytt og utførd som Fange til ein engelsk Hamnestad paa Øyi Sant-Helena under Afrika. Seks Aar seinare døydde han.

Daa Napoleon var sigrad, hadde dei Magterna, som stridde mot honom, fenget slikt Yvervelde, at dei kunde skifta Land og Folk imillom seg, som dei vilde; og dermed vardt det daa myken Umskipnad i Tydskland og Italia og ymse andre Land. Millom annat, som daa vardt avgjort, var ogso det, at Norig skulde vera skilt fraa Danmark og lagt under Sverike; men seinare vardt det daa so tilskipat, at Norig skulde faa standa som serskilt Rike i Samband med Sverike (1814).

[Merknader]

  1. Horizont.
  2. Det græske Namnet paa Rav er „Elektron“, og deretter er denne Krafti kallad „Elektricitet“. Det er eit Namn, som me ikkje kunna bruka.
  3. uorganiske.
  4. Individet
  5. Etter det tydske Flözgebirge. Flöß er ei Flata elder Flo; eigenlege det same som vaart gamle „Flet“.
  6. Kallat dei „tertiære“ Lag.
  7. Innvolsmakkar.
  8. Rom. 9, 20. Es. 45, 9.
  9. Generationer.
  10. Av dei store Maalættom vilja me berre nemna dei tvo, som ganga yver Vesterparten av Europa; det er den romanske og den germanske. Til den romanske høyrer: Italisk, Spansk, Portugisisk og Fransk. Den germanske heve tri hovudgreiner: 1) Tydsk (serskilt kallad Høgtydsk); 2) Saksisk elder Nordtydsk, avskilt i Nedertydsk, Hollandsk og Engelsk; 3) Norderlandsk (Nordisk), avskilt i Islandsk, Norsk, Svensk og Dansk.
  11. Konstitution.
  12. Namnet er eigenlege Caesar elder Kaisar, og derav er Tittelen Reisar“ uppkomen.
  13. Revolution.