Handbok i HTML

Frå Mållekken
Versjonen frå 6. juli 2007 kl. 20:39 av SAM (Ordskifte | tilskot) (Peikar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Innleiding

Den lettaste måten å læra seg HTML på, er gjenom døme. Her er eit einfelt døme på HTML-uppmerkjing:

<html>
<head>
<title>Dette er ei ny sida</title>
</head>
<body>
<h1>Dette er ei stor yverskrift</h1>
<p>Dette er ein bolk med både <b>feit</b> og <i>kursiv</i> skrift</p>
</body>
</html>

<html>, <body>, <i> osb., kallar me med eit samlenamn ein merkjing.

Fyrste merkjing er <html>, som merkjer byrjingi på HTML-dokumentet. Siste merkjing er </html>, som merkjer enden på HTML-dokumentet.

Umrådet millom <head> og </head> synest ikkje i netlesaren, men inneheld annan informasjon.

Millom <title> og </title> stend namnet på sida.

Umrådet millom <body> og </body> synest i netlesaren.

<h1> merkjer at teksti er ei yverskrift. Ein kann òg laga underyverskrifter med <h2>, <h3> osb. Mrk.: Ein nyttar ikkje desse til å brigda storleiken på yverskrifti. For HTML-uppmerkjingi skal merkja skipnaden, og ikkje utsjånaden.

<p> merkjer at teksti er ein bolk, <b> at teksti er feit, og <i> at teksti er kursiv.

Mrk.: Ein må hugsa å setja på ende-merkjing. T.d. vil <b> utan </b> gjera all teksti etter feit.

Verkty for HTML-uppmerkjing

Peikarar

Ein peikar eller ein lekk viser til ein annan stad ved påtrykk.

Grunnformatet sér slik ut:

<a href="adressa">Peikartekst</a>

Viser til onnor sida:

<a href="onnorsida.html">Onnor sida</a>

Viser til annan netstad:

<a href="http://www.annannetstad.no/">Annan netstad</a>

Mrk.: Skal sida visast i eit nytt netlesarvindauga, må du leggja til tilegget _blank:

<a href="http://www.annannetstad.no/" target="_blank">Annan netstad i nytt vindauga</a>


Korleis visa til ein serskild stad på ei sida, anten på same sida eller på ei onnor sida

Viser til serskild stad på same sida:

<a href="#serskildstad">Sjå tekst på onnor stad</a>

Denne staden må merkjast, slik at netlesaren veit kvar han skal:

<a name="serskildstad">Dette er teksti på annan stad</a>

Viser til serskild stad på onnor sida:

<a href="onnorsida.html#onnorstad">Sjå tekst på onnor sida</a>

Laga peikar til epost med brevemnet "Eg hev lært meg HTML!":

<a href="mailto:nokon@einstad.no?subject=Eg%20hev%20lært%20meg%20HTM!">
Send epost</a>

Bilæte

Listor

Tavlor