Handbok i HTML

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Innleiding

Lettaste måten å læra seg HTML på, er gjenom døme. Her er eit einfelt døme på HTML-uppmerkjing:

<!DOCTYPE html>
<html>
    <head>
        <title>Dette er ei ny sida</title>
    </head>
    <body>
        <h1>Dette er ei stor yverskrift</h1>
        <p>Dette er ein bolk med både <b>feit</b> og <i>kursiv</i> skrift</p>
    </body>
</html>

<html>, <body>, <i> osb., kallar me med eit samlenamn ei merkjing.

Fyrste merkjing er <html>, som merkjer byrjingi på HTML-dokumentet. Siste merkjing er </html>, som merkjer enden på HTML-dokumentet.

Umrådet millom <head> og </head> tér ikkje i netlesaren, men inneheld andre upplysingar.

Millom <title> og </title> stend namnet på sida.

Umrådet millom <body> og </body> tér i netlesaren.

<h1> merkjer at teksti er ei yverskrift. Ein kann òg laga underyverskrifter med <h2>, <h3> osb. Merk: Ein nyttar ikkje desse til å brigda storleiken på yverskrifti. For HTML-uppmerkjingi skal merkja skipnaden og ikkje utsjånaden.

<p> merkjer at teksti er ein bolk, <b> at teksti er feit, og <i> at teksti er kursiv.

Merk: Ein må hugsa å setja på ende-merkjing. T.d. gjer <b> utan </b> all teksti etter feit.

Verkty for HTML-uppmerkjing

Peikarar

Ein peikar eller ein lekk (lenk) viser til ein annan stad ved påtrykk.

Grunnformatet sér slik ut:

<a href="adressa">Peikartekst</a>

Viser til onnor sida:

<a href="onnorsida.html">Onnor sida</a>

Viser til annan netstad:

<a href="http://www.annannetstad.no/">Annan netstad</a>

Mrk.: Skal sida visast i eit nytt netlesarvindauga, lyt du leggja til tillegget _blank:

<a href="http://www.annannetstad.no/" target="_blank">Annan netstad i nytt vindauga</a>


Korleis visa til ein serskild stad på ei sida, anten på same sida eller på ei onnor sida

Viser til serskild stad på same sida:

<a href="#serskildstad">Sjå tekst på annan stad</a>

Denne staden må merkjast, slik at netlesaren veit kvart han skal:

<a name="serskildstad">Dette er teksti på annan stad</a>

Viser til serskild stad på onnor sida:

<a href="onnorsida.html#onnorsida">Sjå tekst på onnor sida</a>

Laga peikar til epost med brevemnet "Eg hev lært meg HTML!":

<a href="mailto:nokon@einstad.no?subject=Eg%20hev%20lært%20meg%20HTM!">
Send epost</a>

Bilæte

Grunnformatet sér slik ut:

<img src="eitkvart.png" alt="Eitkvart">

Merk: Ikkje alle netlesarar kann visa bilæte eller visa alle bilætformat. Tillegget alt viser alternativ tekst til bilætet.


Ein peikar treng ikkje tekst, det kann òg vera eit bilæte:

<a href="einstad.html"><img src="eitkvart.png"></a>

Korleis ein brigder storleiken på bilætet i høgd og breidd:

<img src="eitkvart.png" alt="Eitkvart" width="48" height="48">

Stadsetjing av bilæte i høve til tekst:

Bilæte <img src="eitkvart.png" align="bottom"> på botnen i høve til teksti

Bilæte <img src ="eitkvart.png" align="middle"> på midten i høve til teksti

Bilæte <img src="eitkvart.png" align="top"> på toppen i høve til teksti


Stadsetjing av bilæte i høve til tekstbolken:

<p><img src ="eitkvart.png" align ="left"> 
Nokor tekst i ein tekstbolk med bilætet til vinstre.</p>

<p><img src ="eitkvart.png" align ="right"> 
Nokor tekst i ein tekstbolk med bilætet til høgre.</p>

Listor

Punktlista

<ul>
    <li>Innehald</li>
    <li>Innehald</li>
</ul>

Tallista

<ol>
    <li>Innehald</li>
    <li>Innehald</li>
</ol>

Tavlor