Skilnad mellom versjonar av «Germansk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
(legg til noko um nordvestgermansk)
Line 1: Line 1:
'''Frumgermansk''' er målet som er upphavet til alle dei [[germansk]]e måli. Ein trur frumgermansk vart tala frå 500 f.Kr. til [[frumnorderlendsk]] tok yver (i Norderlandi) frå umkring 200 e.Kr. Frumgermansk voks fram frå [[frumindoeuropeisk]].
'''Frumgermansk''' er målet som er upphavet til alle dei [[germansk]]e måli. Ein trur frumgermansk vart tala frå 500 f.Kr. til [[frumnorderlendsk]] tok yver (i Norderlandi) frå umkring 200 e.Kr. Frumgermansk voks fram frå [[frumindoeuropeisk]].
== Soga ==
=== Frå frumindoeuropeisk til frumgermansk ===
=== Målet greinar seg ===
Frå det frumgermanske målet voks fram tri greiner: nordgermansk (norderlendsk), austgermansk (gotisk) og vestgermansk. Kor det hende er det fleire syn på:
# Greinene skilde seg likt ifrå einannan.
# Målet klauv seg fyrst i ei vestgermansk og ei norderlendsk-gotisk grein, som so klauv seg i norderlendsk og gotisk.
# Austgermansk skilde lag fyrst frå nordvestgermansk, som seinare vart norderlendsk og vestgermansk.
Med tidi hev nordvestgermansken vunni fram og stend no sterkast millom målgranskarar. Det er òg ein slik vokster denne teigen tek fyre seg.
==== Gotisk ====
''Sjå [[gotisk]].''
==== Nordvestgermansk ====
Den nordvestgermanske målgreini heldt trulegt berre saman ei liti stund etter at ho vart skild frå austgermansk, men lenge nog til at fleire sermerke voks fram. Samhaldet heldt òg fram etter at dette målet hadde byrja å kljuva seg i norderlendsk og vestgermansk, ved at nyvinningar spreidde seg millom dei tvo greinene. Brigdi nemnde i denne bolken kann koma frå både fyrr og etter dette. Sannsynlege nordvestgermanske brigde er:<ref name="ringe_taylor">Don Ringe og Ann Taylor, ''The Development of Old English'', ISBN 978-0-19-920784-8, s. 10–37</ref>
* I stavingar med full tyngd vart frumgermansk *''ē'' til nordvestgermansk *''ā'', soleis nvgerm. *''wāpną'' < fgerm. *''wēpną'' (jf. gotisk ''wēpn'')
* I utljod vart *''ō'' hoven til *''ū'', soleis nvgerm. *''landū'' < fgerm. *''landō''
* I utljod vart lange, høge sjølvljod i utyngd stoda so stytt:
:* *''ī'' vart *''i'', soleis nvgerm. *''wili'' < *fgerm. *''wilī'' (norr. ''vil'')
:* *''ū'' vart *''u'', soleis nvgerm. *''landu'' < *''landū'' (jf. yver) < fgerm. *''landō'' (norr. ''lǫnd'' < frumnorderlendsk *''lǫndu'' < *''landu'')
* Etter at *''ō'' i utljod vart *''ū'', fall *''w'' millom eit medljod og utyngt u-ljod, soleis nvgerm. *''badu'' < fgerm. *''badwō'' (norr. ''bǫð'', «bad, strid»), men nvgerm. *''badwōz'' = fgerm. *''badwōz'' (norr. ''bǫðvar'')
Ei rad tidlegare brigde er meir uvisse:
* Utyngd *''a'' fall saman med *''u'' rett fyre *''m'', soleis nvgerm. *''dagumaz'' < fgerm. *''dagamaz'' (norr. ''dǫgum''), jf. gotisk ''dagam''
:* Einskilde døme finst òg i gotisk. Kann henda byrja dette medan gotisk enno hadde samband med nordvestgermanarane, men vann berre å gjera *''-am-'' til *''-um-'' i serlegt utyngde stodor.
* Utyngd *''er'' fall saman med *''ar''.
:* Det er uvisst um dette hende alt i frumgermansk eller um det hende fyrst i tidleg nordvestgermansk.
* Hevjing og fremjing av *''a'' til *''i'' i innljod i utyngde stavingar rett fyre *''n'', soleis tidleg runemål ''minino'' < fgerm. *''mīnanǭ''
:* Andre brigde og målvokster gjer det ikkje lett å segja noko um detaljane. Kann òg vera noko frumgermanskt helder en nordvestgermanskt.
Jamført med gotisk, misste nordvestgermansk meir av det frumgermanske formverket. Millom anna kvarv totalet (halde i gotisk), bjodeformi i 3. menne (døyande òg i gotisk) og mest all lidande segnstoda (''passiv'') (eitt undantak er segnordet ''heita''). I mangtal fall tølefall og sidefall saman anten i sein frumgermansk eller i nordvestgermansk (hende òg i gotisk). Burtsét ifrå einskilde døme i tidlegt runemål, er alle sterke i-stomn- og u-stomn-lagord yverførde til a-stomn-klassa i nordvestgermansk.
== Kjeldor ==
<references />

Versjonen frå 12. juli 2019 kl. 21:16

Frumgermansk er målet som er upphavet til alle dei germanske måli. Ein trur frumgermansk vart tala frå 500 f.Kr. til frumnorderlendsk tok yver (i Norderlandi) frå umkring 200 e.Kr. Frumgermansk voks fram frå frumindoeuropeisk.

Soga

Frå frumindoeuropeisk til frumgermansk

Målet greinar seg

Frå det frumgermanske målet voks fram tri greiner: nordgermansk (norderlendsk), austgermansk (gotisk) og vestgermansk. Kor det hende er det fleire syn på:

  1. Greinene skilde seg likt ifrå einannan.
  2. Målet klauv seg fyrst i ei vestgermansk og ei norderlendsk-gotisk grein, som so klauv seg i norderlendsk og gotisk.
  3. Austgermansk skilde lag fyrst frå nordvestgermansk, som seinare vart norderlendsk og vestgermansk.

Med tidi hev nordvestgermansken vunni fram og stend no sterkast millom målgranskarar. Det er òg ein slik vokster denne teigen tek fyre seg.

Gotisk

Sjå gotisk.

Nordvestgermansk

Den nordvestgermanske målgreini heldt trulegt berre saman ei liti stund etter at ho vart skild frå austgermansk, men lenge nog til at fleire sermerke voks fram. Samhaldet heldt òg fram etter at dette målet hadde byrja å kljuva seg i norderlendsk og vestgermansk, ved at nyvinningar spreidde seg millom dei tvo greinene. Brigdi nemnde i denne bolken kann koma frå både fyrr og etter dette. Sannsynlege nordvestgermanske brigde er:[1]

  • I stavingar med full tyngd vart frumgermansk *ē til nordvestgermansk *ā, soleis nvgerm. *wāpną < fgerm. *wēpną (jf. gotisk wēpn)
  • I utljod vart *ō hoven til *ū, soleis nvgerm. *landū < fgerm. *landō
  • I utljod vart lange, høge sjølvljod i utyngd stoda so stytt:
  • *ī vart *i, soleis nvgerm. *wili < *fgerm. *wilī (norr. vil)
  • *ū vart *u, soleis nvgerm. *landu < *landū (jf. yver) < fgerm. *landō (norr. lǫnd < frumnorderlendsk *lǫndu < *landu)
  • Etter at *ō i utljod vart *ū, fall *w millom eit medljod og utyngt u-ljod, soleis nvgerm. *badu < fgerm. *badwō (norr. bǫð, «bad, strid»), men nvgerm. *badwōz = fgerm. *badwōz (norr. bǫðvar)

Ei rad tidlegare brigde er meir uvisse:

  • Utyngd *a fall saman med *u rett fyre *m, soleis nvgerm. *dagumaz < fgerm. *dagamaz (norr. dǫgum), jf. gotisk dagam
  • Einskilde døme finst òg i gotisk. Kann henda byrja dette medan gotisk enno hadde samband med nordvestgermanarane, men vann berre å gjera *-am- til *-um- i serlegt utyngde stodor.
  • Utyngd *er fall saman med *ar.
  • Det er uvisst um dette hende alt i frumgermansk eller um det hende fyrst i tidleg nordvestgermansk.
  • Hevjing og fremjing av *a til *i i innljod i utyngde stavingar rett fyre *n, soleis tidleg runemål minino < fgerm. *mīnanǭ
  • Andre brigde og målvokster gjer det ikkje lett å segja noko um detaljane. Kann òg vera noko frumgermanskt helder en nordvestgermanskt.

Jamført med gotisk, misste nordvestgermansk meir av det frumgermanske formverket. Millom anna kvarv totalet (halde i gotisk), bjodeformi i 3. menne (døyande òg i gotisk) og mest all lidande segnstoda (passiv) (eitt undantak er segnordet heita). I mangtal fall tølefall og sidefall saman anten i sein frumgermansk eller i nordvestgermansk (hende òg i gotisk). Burtsét ifrå einskilde døme i tidlegt runemål, er alle sterke i-stomn- og u-stomn-lagord yverførde til a-stomn-klassa i nordvestgermansk.

Kjeldor

  1. Don Ringe og Ann Taylor, The Development of Old English, ISBN 978-0-19-920784-8, s. 10–37