Frumnorderlendsk

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Frumnorderlendsk er namnet på det norderlendske målstiget frå år 200, då målet braut av frå nordvestgermansk (ei grein av frumgermansk), til um lag år 700, då eldre norrønt tok yver. Dette stìget er det eldste skriftlege vitnemålet um norderlendsk. Frå år 500 og fram til kring år 700 gjekk målet gjenom ei tid med store umbrøyte, yvergangstidi (synkopetidi) dei kallar, og um målet i yvergangstidi i heilo kann sjåast som eit heilskaplegt målstig, vert det kalla yngre frumnorderlendsk. Tidi frå 200 til 500 vert då eldre frumnorderlendsk eller ofte berre frumnorderlendsk.

Sume meiner at norderlendsk braut av frå nordvestgermansk endå seinare en år 200 og at den frumnorderlendske tidbolken difor byrjar seinare. Dette heng saman med at greinene i nokon mun peika i same leidi òg etter at dei skilde lag.

Målvald

Vitnemål

Runeinnskrifter

Gullhorn-innskrifti frå Gallehus i Slesvig (Sør-Jylland) frå 400-talet:
ek hlewagastiʀ holtijaʀ horna tawido

Kjølevik-innskrifti frå Strand i Ryfylke frå ikr. 500:
hadulaikaʀ ek hagustadaʀ hl(a)aiwido magu minino

Lånord

Formverk

Ljodverk

Stavingstyngd

Sjølvljodane

Sjølvljodane i tyngd staving
  lange stutte
fremre attare fremre attare
høg /iː/ /u:/ /i/ /u/
millomhøg /eː/ /oː/ /e/ /o/
låg /aː/ /a/
  • /o/ er ein seinare framvokster i frumnorderlendsk frå u (gjenom u) etter a-ljodbrigde. Jfr. tidleg fn. *hurna > fn. horna (Gallehus) > gn. horn.

Frumnorderlendsk hadde tri tviljodar:

  • /ai/ staina
  • /au/ laukaʀ
  • /eu/ (/iu/ fyre i eller o i stavingi etter)

Medljodane

Plosiv

  • p /p/
  • b /b/ og /β/
  • t /t/
  • d /d/ og /ð/
  • k /k/
  • g /ɡ/ og /ɣ/

Nasal

  • n /n/
  • m /m/

Likvid

  • l /l/
  • r /r/
  • ʀ /R/ el. /z/

Frikativ

  • f /f/
  • þ /θ/
  • s /s/
  • h /h/

Aproksimant

  • j /j/
  • w /w/

b, d, g hev allofonar; plosivar i framljod og afrikatar i inn- og utljod.

Bøygjingsverk

a-stomnar
  eintal mangtal
Nom. dagaʀ dagōʀ
Gen. dagas *dagō
Dat. dagē dagumʀ
Akk. daga *dagan(n)
Vok. *dag dagōʀ

Målbrigde i frumnorderlendsk

Jamvel etter frumnorderlendsk skilde lag med hine nordvestgermanske måli (d.e. dei vestgermanske måli) peika måli tidt i same leidi. Eitt døme på dette er at samgermansk tyngd *ē¹ vart nordvestgermansk *ā: germ. *mēkija- > frumn. akk. sg. mākija - jfr. norr. mækir 'sverd' og nn. mækja (blome). Yvergangen frå ā til æ i mækir kjem etter i-ljodbrigde. Jfr. finsk miekke og got. mēkeis /meːkiːs/. Jamfør òg gotisk mēna og norr. máni. Sjå nordvestgermansk for meir um dette. Ulikt dei vestgermanske måli, heldt norderlendsk på utyngd *ē (medan han vart *ā i vestgermansk).

Millom brigdi etter nordvestgermansk tid er desse:

  • Tidleg frumnorderlendsk ansuʀ («heiden gud») > norrønt áss (gotisk ans), jamfør gnorr. áss (ås, bjelke) og ansas i finsk
  • Norrønt gás og tysk Gans
  • Norrønt ást og gotisk ansts
  • Norrønt unna (segnord)
  • I utyngd stoda gjekk tviljodet *ai (/ɑi/) yver til *ē (/eː/) og *au (/ɑu/) yver til *ō (/ɔː/), som i vestgermansk:
  • Samgermansk *haitai > frumnorderlendsk *haitē
  • I rekonstruksjonar vert helst *ʀ skrive for (nordvest)germansk *z

Yvergangstidi

Sjå eigen teig: Yvergangstidi

Frå kring år 500 til 700 gjeng målet gjenom store og snøgge brigde. Sermerkt for denne tidbolken er ljodbrigdi og at utyngde stavingar vart umlaga eller fall heilt burt. Det er gjort framlegg um at orsaki til desse store umbrøyti er at tyngde stavingar vart so tunge i norderlendsk at dei utyngde lettare kunde falla burt eller brigdast. Dette kann òg vera orsaki til at frumgermanske fyrefeste som *bi- og *ga- vart tapte på vegen.