Fagre Sunnmør

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Fagre Sunnmør av Bernt M. Haugen

Når soli sig i havet og gyller blåe sky
og lerka slær sin trille so vent i høge lid.
Då sviv min tanke heimatt mot Sunnmørs fagre grend
og mange vene minne so bjart i hugen stend.

Eg tykkjer sjå dei dalar og fjell i bløming stå,
med friske grøne lider og vene blomar små.
Og fuglesongen tonar frå vene bjørkelid-
han kjem lik barnelatter so hjarteleg og fri

Og inn langs fagre fjordar norrøna gustar fint,
ho kjem frå ville havet og svalar lett og linnt,
ho susar gjennom skogen i blomar og strå.
Det er eit syn så fagert, for den som det fær sjå.

Og inn langs bratte strender- klagar fossedur,
av di han slær seg kvitsprengd yv bratte berg og ur.
Ja, hugtung er den klagesong, men endå er han ven.
Det er som linne harpeklang, som orgeltonar rein.

Ja, Sunnmør, fagre Sunnmør, eg tykkjer at det syng,
med friske heimhugstonar som linnt for øyro kling.
Ja, Sunnmør, fagre Sunnmør, eg gløymer ikkje deg
kvar eg i verdi vankar, min hug til deg seg dreg.

Sjå òg