Diskusjon:Sterke gjerningsord

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Valfridom

Korleids skal ein tyda valfridomen her? Um t.d. valfridomen millom fær/får og fenge/fått fekk råda heilt ut, skulde ein tru dei sterke formene datt ut or skriftmålet sidan dei hev lite feste i målføri i dag um ein sér deim under eitt. Sameleids med mangt eit anna ord. CS 15:54, 9 February 2011 (CET)

Eg er sant å segja ikkje viss. Det finst heller ikkje nokor offisiell høgnorsk rettskriving; folk hev berre samla seg um ei meir eller mindre sams norm. Eg sér ikkje mange høgnorskfolk skriva får og fått i dag (går og står er vanlegare), medan bryta for brjota er noko vanlegare. Eg veit heller ikkje kor vanlege desse er eller hev vore i målføri, men sume kann bøygjast lint (med same tyding) - t.d. svelgja for svelga. Denne lista er heller ikkje ein freistnad på å fastsetja korleis gjerningsordi skal bøygjast i høgnorsk, men meir ei lista som viser kva gjerningsord som hev havt eller hev sterk bøygning (ikkje alle er upphavleg sterke heller). -SAM 16:12, 9 February 2011 (CET)