Diskusjon:Innføring i høgnorsk

Frå Mållekken
Versjonen frå 18. desember 2010 kl. 08:40 av SAM (Ordskifte | tilskot) (→‎-nn)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg er samd i det med henne og honom, men ein torde skriva at henne og honom oftare vert nytta i høgnorsk (til liks med målføri). Ein kann òg nemna at ein i høgnorsk kann nytta a-mål, men det kann me laga ein bolk til sist um. -SAM 17. juli 2007 kl. 01:52 (CEST)

Ja, slike ting, dryftingar av bruksmåte og avbrigde, høver best sist i ei innføring. TH 17. juli 2007 kl. 12:52 (CEST)

-nn

Kvi hev ein tvo n-ar i kann medan han og den hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for han? CS 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)

Det heiter kunna : kann : kunde (norrønt kunni) : (hev) kunne, mao. er nn ein lekk av roti, medan den siste n-en i norrønt hann er kasusending, d.e. kanr > kann (med nr > nn - jf. nom. sg. m. *grœnR > grœnn 'grøn'. SAM 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)