Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Innføring i høgnorsk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 12: Line 12:
::Dessutan: kvar kjem d-en i ''kunde'' frå, um upphavet ikkje er norrønt? [[Brukar:CS|CS]] 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)
::Dessutan: kvar kjem d-en i ''kunde'' frå, um upphavet ikkje er norrønt? [[Brukar:CS|CS]] 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)


:::Uttala for ''grøn'' bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ''ø'', må vera dansk (kvifor stutt ''ø'' i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). ''grøn'' fylgjer soleîs t.d. ''brun'' /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. ''brúnn''), ''ful'' /fu:l/ (norr. ''fúll'') osb. Uttala av  ''lek'' (norr. ''lekr'') derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at ''n''-en i ''han'' i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten ''-n'', berre etter ''-nn''.  Stavnaden ''hann'' torde vera like greid som ''han'', men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -''nn'' < -''nR'' og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra
:::Uttala for ''grøn'' bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ''ø'', må vera dansk (kvifor stutt ''ø'' i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). ''grøn'' fylgjer soleîs t.d. ''brun'' /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. ''brúnn''), ''ful'' /fu:l/ (norr. ''fúll'') osb. Uttala av  ''lek'' (norr. ''lekr'') derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at ''n''-en i ''han'' i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten ''-n'', berre etter ''-nn''.  Stavnaden ''hann'' torde vera like greid som ''han'', men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -''nn'' < -''nR'' og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra. Retting: ''van'' (norr. ''vanr'') må vita!


:::Yvergangen ''nr'' (eller rettare ''nR'') > ''nn'' kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -''nR''.
:::Yvergangen ''nr'' (eller rettare ''nR'') > ''nn'' kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -''nR''.


:::''d''-en i ''kunde'' er analogisk etter ''sende'', ''dømde'' osb. [[Brukar:SAM|SAM]] 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)
:::''d''-en i ''kunde'' er analogisk etter ''sende'', ''dømde'' osb. [[Brukar:SAM|SAM]] 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)

Versjonen frå 19. desember 2010 kl. 00:28

Eg er samd i det med henne og honom, men ein torde skriva at henne og honom oftare vert nytta i høgnorsk (til liks med målføri). Ein kann òg nemna at ein i høgnorsk kann nytta a-mål, men det kann me laga ein bolk til sist um. -SAM 17. juli 2007 kl. 01:52 (CEST)

Ja, slike ting, dryftingar av bruksmåte og avbrigde, høver best sist i ei innføring. TH 17. juli 2007 kl. 12:52 (CEST)

-nn

Kvi hev ein tvo n-ar i kann medan han og den hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for han? CS 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)

Det heiter kunna : kann : kunde (norrønt kunni) : (hev) kunne, mao. er nn ein lekk av roti, medan den siste n-en i norrønt hann er kasusending, d.e. kanr > kann (med nr > nn - jf. nom. sg. m. *grœnR > grœnn 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva grønn og vænn ~ venn lyt me skriva hann SAM 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)
Kva vert uttala for ord som grøn, då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane nr > nn?
Dessutan: kvar kjem d-en i kunde frå, um upphavet ikkje er norrønt? CS 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)
Uttala for grøn bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ø, må vera dansk (kvifor stutt ø i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). grøn fylgjer soleîs t.d. brun /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. brúnn), ful /fu:l/ (norr. fúll) osb. Uttala av lek (norr. lekr) derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at n-en i han i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten -n, berre etter -nn. Stavnaden hann torde vera like greid som han, men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -nn < -nR og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra. Retting: van (norr. vanr) må vita!
Yvergangen nr (eller rettare nR) > nn kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -nR.
d-en i kunde er analogisk etter sende, dømde osb. SAM 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)