Diskusjon:Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)/ordlista bokstav ø

Frå Mållekken
Versjonen frå 12. november 2020 kl. 21:11 av SAM (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
  • ødematisk torde (òg) skrivast ødematøs.
  • øks(e|a|ar)-. Bruk av fuge ymsar i sms., men oftast med.
  • økse|blad vantar i ONF (Aasen), men Dansk-norsk ordbog (Aasen) hev øksar|blad.
  • økse|skaft n1 stend utan fuge hjå Skard 1912, men med hjå Aasen.
  • øksl n. I ordlista hev alle slike inkjekynsord samandregi avleiding, d.e. -sl og ikkje -sel. Eg er etter kvart komen i (sterk) tvil um desse lyt ha samandreging, d.e. at me lyt velja -sel.
  • øksla seg v1 er no uppførd under uttydingi av øksla v1 (utan tjukk skrift), men torde i lag med andre førast upp for seg eller under g.ordet utan seg, men då i tjukk skrift.
  • øl n1 kann hava hannkyn (hokyn hjå meg) når der er tala um eit glas, ei flaska osb. med øl.
  • ølmoe ~ yl- hev uklår etymolog. Eg hev difor skrive det slik som det vert uttala, endå sume sér for seg at ordet kann knytast til gn. móða.
  • ørn|auga (tyding "sers kvass synsevne" i GM) er den einaste sms. med ørn- som vantar fuge, anna enn ørn|unge. Det verkar til at ordi med fuge er ei nemning på noko som er ørni. Det kann difor tenkjast at det er ein skilnad millom ørn|auga og ørne|auga (jf. NO), men dette vert for sert, og ein torde difor taka ut ørn|auga.
  • ørne|veng m3 torde ha j-innskot i pl. (-jer). Merk elles "sideformi" vengja f2
  • ørvaken a4 og ørvakt a2 (ør er adj.?) uttekne. Verkar som ordi vert samanblanda med årvaken.
  • øyda f3 og øyde n2. Merk skilnaden i tydinig.
  • øydnad m3 kann hava ei onnor tyding enn øyding f., endå det ikkje kjem godt fram i ymse ordbøker. Ord på -nad vert gjerne bruka um resultatet og noko tinglegt.
  • øyre- ligg stundom, men sjeldan, fyre i formi øyrne-. Eg tenkjer difor ikkje å føra upp formi jamsides. Kann henda kann ein taka inn einstaka ord, t.d. øyrne|saur.
  • øyre|flipp torde bytast ut med øyre|sni(p) eller noko anna.
  • øyre|varmar torde ja sideform øyre|vermar.
  • øyre|tæva f2. Sideform tæv n, men uvanleg?
  • ykt f., sideform til øykt f., torde takast ut.