Diskusjon:Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)/ordlista bokstav ø
Hopp til navigering
Hopp til søk
- ødematisk torde (òg) skrivast ødematøs.
- øks(e|a|ar)-. Bruk av fuge ymsar i sms., men oftast med.
- økse|blad vantar i ONF (Aasen), men Dansk-norsk ordbog (Aasen) hev øksar|blad.
- økse|skaft n1 stend utan fuge hjå Skard 1912, men med hjå Aasen.
- øksl n. I ordlista hev alle slike inkjekynsord samandregi avleiding, d.e. -sl og ikkje -sel. Eg er etter kvart komen i (sterk) tvil um desse lyt ha samandreging, d.e. at me lyt velja -sel.
- øksla seg v1 er no uppførd under uttydingi av øksla v1 (utan tjukk skrift), men torde i lag med andre førast upp for seg eller under g.ordet utan seg, men då i tjukk skrift.
- øl n1 kann hava hannkyn (hokyn hjå meg) når der er tala um eit glas, ei flaska osb. med øl.
- ølmoe ~ yl- hev uklår etymolog. Eg hev difor skrive det slik som det vert uttala, endå sume sér for seg at ordet kann knytast til gn. móða.
- ørn|auga (tyding "sers kvass synsevne" i GM) er den einaste sms. med ørn- som vantar fuge, anna enn ørn|unge. Det verkar til at ordi med fuge er ei nemning på noko som er på ørni. Det kann difor tenkjast at det er ein skilnad millom ørn|auga og ørne|auga (jf. NO), men dette vert for sert, og ein torde difor taka ut ørn|auga.
- ørne|veng m3 torde ha j-innskot i pl. (-jer). Merk elles "sideformi" vengja f2
- ørvaken a4 og ørvakt a2 (ør er adj.?) uttekne. Verkar som ordi vert samanblanda med årvaken.
- øyda f3 og øyde n2. Merk skilnaden i tydinig.
- øydnad m3 kann hava ei onnor tyding enn øyding f., endå det ikkje kjem godt fram i ymse ordbøker. Ord på -nad vert gjerne bruka um resultatet og noko tinglegt.
- øyre- ligg stundom, men sjeldan, fyre i formi øyrne-. Eg tenkjer difor ikkje å føra upp formi jamsides. Kann henda kann ein taka inn einstaka ord, t.d. øyrne|saur.
- øyre|flipp torde bytast ut med øyre|sni(p) eller noko anna.
- øyre|varmar torde ja sideform øyre|vermar.
- øyre|tæva f2. Sideform tæv n, men uvanleg?
- ykt f., sideform til øykt f., torde takast ut.