Bokstav

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Bokstav

Ein bokstav er ei av grunneiningane i alfabetet som me nyttar til å skrive ord. Me knyter gjerne dei einskilde bokstavane til serlege ljod, eller rettare skilljod, men på grunn av målvokster og ymisleiken i målet gjeld ikkje denne bygnaden stødt for tilhøvet millom bokstavar og ljod på norsk, slik at me ofte nyttar tvo eller stundom fleire bokstavar til å gjeva att eitt ljod, og éin bokstav tidt kann berast fram som snart eitt ljod, snart eit anna.

Bokstavstrik

Til mange sjølvljod, rettare sagt bokstavane e, i, y, o og u, kann me setja eit strik yver til å syna um sjølvljodet er ope eller trongt. Trongt sjølvljod hev lutande strik ⟨´⟩ og ope sjølvljod hev attkeikt strik ⟨`⟩. Me set på ein hatt ⟨^⟩ til å syna burtfall av d etter sjølvljodet.

Desse avbrigdi vert ikkje rekna for eigne bokstavar.

Ordsoga

Bokstav kjem frå gamalnorsk bókstafr og er eit umsetjingslån frå gamalengelsk bōcstæf. Eit anna ord er stav, millom anna nytta i runeskrifti. Stav er òg det loddbeine striket i runi, jf. «stavlause» runer frå Helsingland og Medelpad.

Bokstavsoga

Dei latinske bokstavane kom til Noreg frå England og skauv med kvart burt den gamle runeskrifti. Engelsk nytta ⟨k⟩ fyre fremre sjølvljod og ⟨c⟩ fyre bakre (kiss og cat), og soleis vart det òg på gamalnorsk – t.d. ⟨cona⟩ og ⟨slicar⟩, men ⟨kirkia⟩ og ⟨kær⟩.

Sjå au