Sunnmøre (Gilde Sunnmørs grend)

Frå Mållekken
Versjonen frå 4. februar 2021 kl. 11:56 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Oppretta sida med «''Sunnmør'' av Anders Hovden <poem> Gilde Sunnmørs grend med fjell og nut og tind og med hav som syng og susar, høgfjelldvelde lyfter seg i viljen din, djupt i hugen hav…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmør av Anders Hovden

Gilde Sunnmørs grend med fjell og nut og tind
og med hav som syng og susar,
høgfjelldvelde lyfter seg i viljen din,
djupt i hugen havet brusar.
Lange, djerve striden din gav råd og røynd;
endå gjekk du tidt med hjartegråt i løynd,
dulde helst din gråt
og var kvikk og kåt,
hugnad ber du heim til husar.

Herrens milde åsyn venleg lyse fred
over Sunnmørs folk og grender!
Sol og rik velsigning over deg me bed,
heim til deg vårt hjarte vender.

Djerve, trugne far, som gav oss viljestål,
milder mår som lerde oss vårt fagre mål,
dine born i kor,
fagnar far og mot,
fagnar fjord og fjell og strender!