Brjoting
| 🌱︎ Denne teigen er ei spira. Hjelp gjerne til med å vidka honom. |
Brjoting er ein ljodyvergang der eit einskilt sjølvljod vert «brote» i tvo. Den eldste brjotingi hende i ljodtung e der ein ljodlett a eller u fylgde. Nyare brjoting hev hendt i y fylgt av visse medljod.
Frumnorderlendsk brjoting
Denne brjotingi hende seint i det frumnorderlendske målstiget og kom av at ein ljodtung e næma seg og vart tviljoda av ein fylgjande a eller u. Der ein ljodlett a fylgde, vart e-en til ia (ja), og der u fylgde kom same framvokster, men med u-ljodbrigde: iǫ (jǫ).
Den frumnorderlendske brjotingi hende ikkje likt alle stader. I austlùten av det norderlendske målvaldet vart e-en i sétte og stela brotne, til skilnad frå vestlùten, soleis sjette
- e → ja: *helpaną > hjalpa (hjelpa), *hertô > hjarta
- e → jǫ: *ferþuz > fjǫrðr, *meluks > mjǫlk
Sein gamalnorsk brjoting
I nokre målføre vart y broten til ju eller jo framfyre l, r + medljod. Allra best hev detta halde seg på Agder, men døme finst òg frå Viki på Austlandet, m.a. gjurding (juł̣ing) av gyrding.
- y → ju: hyrding > hjurding, styrd > stjurd (Agder: sjur, sjeur’e)
- y → jo: skyrta > skjorta
Lesnad
- Indrebø, Gustav (2001): Norsk målsoga Bergen: Norsk bokreidingslag. s. 54, 92, 135.