Brjoting

Frå Mållekken
Versjonen frå 19. februar 2026 kl. 19:28 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
🌱︎ Denne teigen er ei spira. Hjelp gjerne til med å vidka honom.

Brjoting er ein ljodyvergang der eit einskilt sjølvljod vert «brote» i tvo. Den eldste brjotingi hende i ljodtung e der ein ljodlett a eller u fylgde. Nyare brjoting hev hendt i y fylgt av visse medljod.

Frumnorderlendsk brjoting

Denne brjotingi hende seint i det frumnorderlendske målstiget og kom av at ein ljodtung e næma seg og vart tviljoda av ein fylgjande a eller u. Der ein ljodlett a fylgde, vart e-en til ia (ja), og der u fylgde kom same framvokster, men med u-ljodbrigde: ().

Den frumnorderlendske brjotingi hende ikkje likt alle stader. I austlùten av det norderlendske målvaldet vart e-en i sétte og stela broten, til skilnad frå vestlùten, soleis sjätte og stjäla i svensk, mot sétte og stela i norsk.

  • eja: *helpaną > hjalpa (hjelpa), *hertô > hjarta
  • e: *ferþuz > fjǫrðr, *meluks > mjǫlk

Sein gamalnorsk brjoting

I nokre målføre vart y broten til ju eller jo framfyre l, r + medljod. Allra best hev detta halde seg på Agder, men døme finst òg frå Viki på Austlandet, m.a. gjurding (juł̣ing) av gyrding.

  • yju: hyrding > hjurding, styrd > stjurd (Agder: sjur, sjeur’e)
  • yjo: skyrta > skjorta

Lesnad

  • Indrebø, Gustav (2001): Norsk målsoga Bergen: Norsk bokreidingslag. s. 54, 92, 135.