Skilnad mellom versjonar av «Vikedagane»
sInkje endringssamandrag |
(→Fredag) |
||
Line 58: | Line 58: | ||
Namnet ''fredag'' kjem av [[gamalnorsk]] ''frjádagr'' og hev soleîs rettare [[typeform]]i ‹frædag› som grunnlag for [[uttala]] i [[målføri]]. | Namnet ''fredag'' kjem av [[gamalnorsk]] ''frjádagr'' og hev soleîs rettare [[typeform]]i ‹frædag› som grunnlag for [[uttala]] i [[målføri]]. | ||
Det latinske fyredømet er ''diēs Veneris'' ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen ''freyjudagr'' au. Formi ''frjádagr'' i staden for ''*friggjardagr'' må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk ''Frîatac'' utan norderlendsk [[skjerping]]. | Det latinske fyredømet er ''diēs Veneris'' ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen ''freyjudagr'' au. Formi ''frjádagr'' i staden for ''*friggjardagr'' må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk ''Frîatac'' utan norderlendsk [[skjerping]]. | ||
''Frigg'' kjem av [[frumgermansk]] ''*frijjō'', [[frumindoeuropeisk]] ''*prihjā'' ‘elska kona’, skyldt m.a. ''frilla''. | ''Frigg'' kjem av [[frumgermansk]] ''*frijjō'', [[frumindoeuropeisk]] ''*prihjā'' ‘elska kona’, skyldt m.a. ''frilla''. | ||
Line 64: | Line 64: | ||
''Frøya'' kjem av [[frumgermansk]] ''*frawjō'' ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som ''fyre''. | ''Frøya'' kjem av [[frumgermansk]] ''*frawjō'' ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som ''fyre''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla ''fríggjadagur''. ''Fríggja-'' er naturleg framvokster av ''frjá-'' og kjem ikkje frå ''*friggjardagr''-formi. | I seinare gamalnorsk ([[millomnorsk]]) hét dagen au ''fræigjadagr''. Gamalsvensk hadde ''frēadagher''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla ''fríggjadagur''. ''Fríggja-'' er naturleg framvokster av ''frjá-'' og kjem ikkje frå ''*friggjardagr''-formi. Elvdalsk hev ''frjådag''. | |||
=Laurdag= | =Laurdag= |
Versjonen frå 19. mars 2022 kl. 18:56
Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.
Sundag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Sundag |
Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Sōlis som au tyder ‘dagen åt soli’.
På islendsk og færøysk vert dagen kalla sunnudagur.
Måndag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Maandag |
Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Lūnae som au tyder ‘dagen åt månen’.
På islendsk og færøysk vert dagen kalla mánadagur.
Tysdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Tysdag |
Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen åt Ty’
Tilsvarande latinske namn er diēs Mārtis som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.
Ty kjem av frumgermansk *teiwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’. Av *deywós kjem au gr. Zeũs og lat. Jūpiter (< *Diu-pater).
På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla týsdagur.
Onsdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Onsdag |
Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen åt Oden’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Mercuriī som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.
Oden kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘vera od’, jf. nn. od.
På islendsk vert dagen kalla miðvikudagur ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla mikudagur, so nær som i Suðuroy-målet, der det er ónsdagur.
Mikedag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Mekedag |
Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei samandraging av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr.
Detta er same samandregne formi ein nyttar på færøysk (utan Suðuroy).
Torsdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Torsdag |
Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen åt Tor’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Iovis som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.
Tor kjem av frumgermansk *þun(a)raz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.
På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’, på færøysk vert han kalla hósdagur (h < þ), og i Suðuroy-målet er det tórsdagur.
Fredag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Fredag |
Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi ‹frædag› som grunnlag for uttala i målføri.
Det latinske fyredømet er diēs Veneris ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.
Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.
Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.
I seinare gamalnorsk (millomnorsk) hét dagen au fræigjadagr. Gamalsvensk hadde frēadagher.
På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla fríggjadagur. Fríggja- er naturleg framvokster av frjá- og kjem ikkje frå *friggjardagr-formi. Elvdalsk hev frjådag.
Laurdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Laugardag |
Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag.
Tilsvarande latinske namn er diēs Saturnī og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk.
På islendsk vert dagen kalla laugardagur og på færøysk vert han kalla leygardagur. Hjå Aasen heiter dagen laugardag. Målførelege former er m.a. laugurdag i Vinje, laug(e)dag på Raudland, lògu- / løgudag på Tinn, elles lau-, lu(r)- (/lʉːɽa/), lor- og lø(r)- (/løːɽa/) sume stader.