Skilnad mellom versjonar av «Vikedagane»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Laugardag hjå Aasen)
(Lagde til færøyske former (som liknar på dei norske))
Line 18: Line 18:
''Ty'' kjem av [[frumgermansk]] *''teiwaz'', [[frumindoeuropeisk]] *''deywós'' ‘gud’, frå *''dyew-'' ‘himel’.
''Ty'' kjem av [[frumgermansk]] *''teiwaz'', [[frumindoeuropeisk]] *''deywós'' ‘gud’, frå *''dyew-'' ‘himel’.


På islendsk vert dagen kalla ''þriðjudagur'' ‘tridjedag’.
På islendsk vert dagen kalla ''þriðjudagur'' ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla ''týsdagur''.


=Onsdag=
=Onsdag=
Line 27: Line 27:
''Oden'' kjem av [[frumgermansk]] *''Wōdanaz'' av *''wōdaz'', [[frumindoeuropeisk]] *''weh₂t-'' ‘rasande’, jf. nn. ''od''.
''Oden'' kjem av [[frumgermansk]] *''Wōdanaz'' av *''wōdaz'', [[frumindoeuropeisk]] *''weh₂t-'' ‘rasande’, jf. nn. ''od''.


På islendsk vert dagen kalla ''miðvikudagur' ‘midvikedag’.
På islendsk vert dagen kalla ''miðvikudagur' ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla ''mikudagur'' utan Suðuroy-målføret, der han er ''ónsdagur''.


==Mikedag==
==Mikedag==
Eit anna namn på ''onsdag'' er ''mikedag''. Det er ei kortform av ''midvikedag'' som kjem av [[gamalnorsk]] ''miðvikudagr''.
Eit anna namn på ''onsdag'' er ''mikedag''. Det er ei kortform av ''midvikedag'' som kjem av [[gamalnorsk]] ''miðvikudagr''.
Dette er same kortformi som ein nyttar på færøysk utan Suðuroy.


=Torsdag=
=Torsdag=
Line 39: Line 41:
''Tor'' kjem av [[frumgermansk]] *''þunraz'' ‘tora’, frå [[frumindoeuropeisk]] *''(s)tenh₂-''.
''Tor'' kjem av [[frumgermansk]] *''þunraz'' ‘tora’, frå [[frumindoeuropeisk]] *''(s)tenh₂-''.


På islendsk vert dagen kalla ''fimmtudagur'' ‘femtedag’.
På islendsk vert dagen kalla ''fimmtudagur'' ‘femtedag’, og på færøysk vert han kalla ''hósdagur'' (h < þ) utan Suðuroy-målføret som nyttar ''tórsdagur''.


=Fredag=
=Fredag=
Line 50: Line 52:
''Frøya'' kjem av [[frumgermansk]] *''frawjō'' ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som ''fyre''.
''Frøya'' kjem av [[frumgermansk]] *''frawjō'' ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som ''fyre''.


På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’.
På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla ''fríggjadagur''. ''fríggja-'' er ein naturleg framvokster av ''frjá-'' på færøysk og kjem ikkje frå *''friggjardagr''-formi.


=Laurdag=
=Laurdag=

Versjonen frå 21. februar 2021 kl. 17:54

Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.

Sundag

Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Sōlis som au tyder ‘dagen åt soli’.

Måndag

Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Lūnae som au tyder ‘dagen åt månen’.

Tysdag

Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen åt Ty’

Tilsvarande latinske namn er diēs Mārtis som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.

Ty kjem av frumgermansk *teiwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’.

På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla týsdagur.

Onsdag

Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen åt Oden’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Mercuriī som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.

Oden kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘rasande’, jf. nn. od.

På islendsk vert dagen kalla miðvikudagur' ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla mikudagur utan Suðuroy-målføret, der han er ónsdagur.

Mikedag

Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei kortform av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr.

Dette er same kortformi som ein nyttar på færøysk utan Suðuroy.

Torsdag

Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen åt Tor’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Iovis som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.

Tor kjem av frumgermansk *þunraz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.

På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’, og på færøysk vert han kalla hósdagur (h < þ) utan Suðuroy-målføret som nyttar tórsdagur.

Fredag

Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi <frædag> som grunnlag for uttala i målføri.

Det latinske fyredømet er diēs Veneris ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.

Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.

Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.

På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla fríggjadagur. fríggja- er ein naturleg framvokster av frjá- på færøysk og kjem ikkje frå *friggjardagr-formi.

Laurdag

Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag.

Tilsvarande latinske namn er diēs Saturnī og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk.

Hjå Aasen heiter denne dagen laugardag.