Skilnad mellom versjonar av «Helgelandsmål»
sInkje endringssamandrag |
s (Eiliv flytte sida Helgelandsmåli til Helgelandsmål: Ubundi form) |
||
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 2: | Line 2: | ||
== Sudhelgelendsk == | == Sudhelgelendsk == | ||
Dei sudhelgelendske målføri (oftast kalla '' | Dei sudhelgelendske målføri (oftast kalla ''brunnøymål'') må reknast som yvergangsmål til trøndsk. Dei hev sterke austlege innslag, som [[jamvekt]] (men ikkje like gjenomført som i trøndsk), [[tonegang|lågtone]], mange ljodlette i-ar (t.d. ''hålmi'' for ''holme''), [[varaord]] som ''dem'' for nynorsk ''dei'', [[fall|underfallsformer]] som ''bakka'', ''haga'' og ''maga'', og [[kløyvd nemneform]]. Dessutan er det på Sud-Helgeland at sidefall hev halde seg sterkast, både i eintal og mangtal. | ||
== Midhelgelendsk == | == Midhelgelendsk == | ||
Målføri på Mid-Helgeland (oftast kalla ''vefsnmål'') er å rekna som vestnorske. Dei hev høgtone, -e der sudhelgelendsk hev -i (t.d. | Målføri på Mid-Helgeland (oftast kalla ''vefsnmål'') er å rekna som vestnorske. Dei hev høgtone, -e der sudhelgelendsk hev -i (t.d. ''holme''), varaord som ''dei'' eller ''di'', linne [[namnord]]sformer som byggjer på nemnefall (t.d. ''bakke'', ''mage'' og ''hage''), og ingi spor etter jamvekt. Målføri er òg kjende for nemneform på ''-æ'' som kjem fram i ljodtung stoda: «no må du et’ kako» / «no må du etæ». Ulikt sud- og nordhelgelendsk fylgjer ikkje nemneformi regelen for jamvekt. | ||
== Nordhelgelendsk == | == Nordhelgelendsk == |
Siste versjonen frå 18. desember 2023 kl. 08:10
Helgelandsmåli er målføri på Helgeland i Nordnoreg, og grensar mot Trøndelag i sud og Salten i nord. Nordnorsk vert gjerna rekna som vestnorskt, men på Helgeland hev mange av målføri sterke austnorske drag. Undantaket er midhelgelendsk, som hev mest sams med vestnorsk. Det er få målmerke som gjeld for heile landslùten, men nokre er det; attbjuge-slagljod for l og rð, halvhogging (apokope) i tristavingsord (t.d. hestane > hestan), og j-fengjing av n, t, d, l.
Sudhelgelendsk
Dei sudhelgelendske målføri (oftast kalla brunnøymål) må reknast som yvergangsmål til trøndsk. Dei hev sterke austlege innslag, som jamvekt (men ikkje like gjenomført som i trøndsk), lågtone, mange ljodlette i-ar (t.d. hålmi for holme), varaord som dem for nynorsk dei, underfallsformer som bakka, haga og maga, og kløyvd nemneform. Dessutan er det på Sud-Helgeland at sidefall hev halde seg sterkast, både i eintal og mangtal.
Midhelgelendsk
Målføri på Mid-Helgeland (oftast kalla vefsnmål) er å rekna som vestnorske. Dei hev høgtone, -e der sudhelgelendsk hev -i (t.d. holme), varaord som dei eller di, linne namnordsformer som byggjer på nemnefall (t.d. bakke, mage og hage), og ingi spor etter jamvekt. Målføri er òg kjende for nemneform på -æ som kjem fram i ljodtung stoda: «no må du et’ kako» / «no må du etæ». Ulikt sud- og nordhelgelendsk fylgjer ikkje nemneformi regelen for jamvekt.
Nordhelgelendsk
Som sudhelgelendsk hev nordhelgelendsk (oftast kalla ranværingsmål) ein del austlege målmerke. Som i sud hev målføri kløyvd nemneform, varaord som dæm, og underfallsformer som beta og hara. Dessutan hev målføri ymse ø-liknande sjølvljod; ein som stend millom stutt /ø/ og /æ/ i ord som rok og fok, og ein som stend millom stutt /ø/ og /å/ i ord som hoppa og loppa. Elles skil målføri seg ut i st-segnord. Her er endingi vorti umtolka som ein del av roti, og hev soleis fenge nye fyrrtidendingar tillagde, t.d. å samlest - samlest - samlesta - ha samlesta (nynorsk: å samlast).