Vikedagane

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.

Sundag

Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.

Tilsvarande latinske namn er dies Solis som au tyder ‘dagen åt soli’.

Måndag

Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.

Tilsvarande latinske namn er dies Lunae som au tyder ‘dagen åt månen’.

Tysdag

Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen hans Ty’

Tilsvarande latinske namn er dies Martis som tyder ‘dagen hans Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.

Ty kjem av frumgermansk *tīwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’.

På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’.

Onsdag

Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen hans Odin’.

Tilsvarande latinske namn er dies Mercurii som tyder ‘dagen hans Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.

Odin kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘rasande’, jf. nn. od.

På islendsk vert dagen kalla miðvikudagur' ‘midvikedag’.

Mikedag

Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei kortform av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr.

Torsdag

Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen hans Tor’.

Tilsvarande latinske namn er dies Iovis som tyder ‘dagen hans Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.

Tor kjem av frumgermansk *þunraz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.

På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’.

Fredag

Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi <frædag> som grunnlag for uttala i målføri.

Det latinske fyredømet er dies Veneris ‘dagen hennar Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.

Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.

Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.

På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’.

Laurdag

Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag.

Tilsvarande latinske namn er dies Saturni og tyder ‘dagen hans Saturn’, guden for jordbruk.