Varaord

Frå Mållekken
(Umleidd frå Pronomen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Varaord eller pronomen er ei klassa av ord som stend til vara for namnord eller nemningslekker, anten ved at dei stend i staden for deim (annarleis sagt: at nemningslekken er burtfallen) eller ved at dei stend attmed deim og gjer tilhøvet deira i setningi grannare på eikor visi.

Varaord kann au femna det som heiter determinativ i sume mållæror. Den tolkingi er til grunn lagd for yversyni nedan.

Personlege varaord

eintal nemnefall underfall sidefall eigefall
1.pers. eg meg mér min
2.pers. du deg dér din
3.pers. han han/honom (han, ‘n) honom (‘om, ‘nom) hans
ho hana/henne (ho, ‘na) henne (‘ne) hennar
det (d’) di dess
mangtal
1.pers. me oss vår
2.pers. de dykk dykkar
3.pers. dei deim deira
Avstytte/utyngde former i klomber; mest nytta munnleg, i attgjeving av tala og i skaldskap.

hana/henne: Mange målføre skil millom underfall og sidefall (eller direkte og indirekte objekt) i 3. person eintal av varaordi, um dei so ikkje hev eigne sidefallsformer elles. Aasen sette upp hana i den fullkomne bøygjingi av varaordi i Norsk Grammatik, men den einfelde bøygjingi med lik form i under- og sidefall (som han sette upp som «bekvemmest») hev vore mest nytta, soleis at hana vik for henne.

han/honom: Det gjeld same tilhøvet millom han og honom i hannkyn som hana og henne i hokyn, men med di han er nemnefallsformi au, hev denne formi stade mykje sterkare i høve til honom som underfallsform i bruk en det tilsvarande paret i hokyn.

det: Aasen og andre nytta òg den «vestnorske» formi da(t), men den «austnorske» formi det vart snart rådande.

didess: Desse formene er mest nytta i faste ordlag: med di, til dess.

mérdér: Desse sidefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. Vanleg underfall i staden: meg, deg.

mindinvår: Desse eigefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. I staden vert det nytta bøygde eigande varaord (min, mi, mitt osb.) eller underfallsform: vanleg til meg ~ sjeldan til min.

me: Attåt me er òg vi nytta. Alderdomleg er òg mid (mìd) og did (dìd) for me og de.

Spyrjande varaord

Sjå au: Spyrjeord

Dei spyrjande varaordi er nytta i høve der uvissa er for stor til å nytta noko anna varaord, soleis spyrjande. Kven og kva er spyrjande varaord.

Eigande varaord

Eigande (possessive) varaord er varaordi som merkjer tilhøve eller eigarskap.

eintal hannkyn hokyn inkjekyn mangtal
1.pers. min mi mitt mine
2.pers. din di ditt dine
3.pers. hans
hennar
dess
mangtal
1.pers. vår vårt våre
okkar
2.pers. dykkar (dykkor) (dykkart) (dykre)
3.pers. deira

okkar: Sideform av vår. Vanlegast i tala i den synste lùten av landet.

dykkordykkartdykre: Desse formene er aldri nytta i skrift, men er uttala i formene døkkor, døkkort og døkkre i Nord-Gudbrandsdalen. Ei vanleg målføreform av hannkyn er dykkan frå gamalnorsk *þykkarn.

Peikande varaord

Peikande (demonstrative) varaord, eller peikeord, er varaord som peikar ut noko frå ei mengd – t.d. den maten var god.

hannkyn hokyn inkjekyn mangtal
den det dei
denne detta desse

Attvisande varaord

Dei attvisande (refleksive) varaordi er varaord som peikar attende på eit subjekt i 3dje menne – t.d. han slo seg, hesten åt høyet sitt.

eintal underfall sidefall eigefall
1.pers. seg sér sin

Attvisande eigande varaord

hannkyn hokyn inkjekyn mangtal
sin si sitt sine

Ymsesiduge varaord

Kjenneord

Kjenneordi vert au rekna for ei eigi ordklassa.

Talord

Talordi vert au rekna for ei eigi ordklassa.