Norsk Ordbog med dansk Forklaring (1873)

Frå Mållekken
(Umleidd frå Norsk Ordbog)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Ordbog med dansk Forklaring vart utgjevi i juni 1873. Ein held henne for å vera hovudverket åt Ivar Aasen. Ordboki byggjer på Ordbog over det norske Folkesprog, ho kom ut i 1850. Norsk Ordbog inneheld 45 000 uppslagsord, medan fyregangaren hadde 25 000. Enno er Norsk Ordbog grunnsteinen i den norske ordbokheimen, etter 150 år.

Norsk Ordbog er meir en berre ei ordbok. Aasen hev skrive utførlege teigar der ein kann lesa um breidsla og framburd i dei norske målføri og dessutan upphavet åt ordet. Jamnan er avbrigde i andre skylde mål nemnde.

Døme på ein teig i Norsk Ordbog:

risa (ii), v.n. (ris, reis, riset, i’), 1) reise sig, staae op, komme paa Fødderne. Han var so veik, at han vann ikkje risa. G. N. rísa; Ang. rísan (Eng. rise); Goth. reisan. Mest brugl. i de sydligere Egne; paa Sdm. kun om at reise sig på Bagbenerne, om Dyr; f. Ex. Bjørnen reis upp og vilde slaa. (Jf. reisa). — 2) komme sig, forvinde et Tab eller en Skade. Nordre Berg. og fl. Han ris ikkje etter det so snart: han forvinder ikke det Tab saa let. D’er ikkje meir Skade, en at ein ris no etter det. — 3) kneise, rage frem, række høit op; ogsaa: optage et stort Rum. Tel. Nhl. Sdm. Gbr. og fl. Det var ikkje so myket, som det reis til. (Jf. ruva). Dei risa svært, desse nye Husi (ɔ: de rage høit op). Jf. Ris (i’) og Rise. — Endelig har Ordet en afvigende Betydning i Forbindelsen: risa yver, ɔ: falde over til Siden, falde med sin hele Længde, likesom en Stok. Sdm. og fl. (Andre St. rida yver). Jf. Ght. rísan, som betyder baade stige og falde.

På netet

Kjelda

  • Fyreordet og den grundige innleidingi i 2003-utgåva av Norsk Ordbog, ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset.

Sjå òg