Lagord

Frå Mållekken
Gå til: navigering, søk

Lagord eller eigenskapsord, adjektiv er ei klassa av ord som segjer kva lag (tilstand) noko er i, eller kva eigenskap det hev.

Lagordi vert bøygde på tvo viser:

  • i samsvar med namnordi dei stend til: i kyn, tal og kjenne, d.e. bundi/ubundi (linn/sterk) form, og serhøves i grammatiske fall
  • i samanlikning av i kor stor mun laget/eigenskapen gjeld: i grunnmun, høgaremun og høgstemun

Attåt kjem ubøygde lagord, som ofte er gamle eigefallsformer (m.a. einstaka, millombils).

Samsvarsbøygjing

Sterk bøygjing

Den sterke lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i ubundi form: God mat, ei leiki kjetta. Me hev tvo hovudbolkar: dei som endar på -en (hit høyrer òg ferduge lagformer av dei sterke segnordi) og hine.

Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N goder god godt gode goda gode
(god)
U godan
E gods godra gods godra
S godom godre godo godom
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N U leiken
(leikin)
leiki
(leika)
leike
(leiki)
leikne leikna leikne
(leiki, leika)
E leikens
(leikins)
leikenna
(leikinne)
leikens
(leikins)
leikenna
(leikinne)
S leiknom leikenne
(leikinne)
leikno leiknom
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn alle kyn
god godt gode
leiken
(leikin)
leiki
(leika)
leike
(leiki)
leikne

Som god gjeng flest alle lagord, døme: blodug, gul, heilag, mjuk, modig, norsk, raud, stor, storleg, vond. Det er merkjande at sume lagord ikkje fær -t i statsnynorsk, medan dei gjer det i høgnorsk (t.d. norskt, statsnynorsk norsk).

  • Undantak: um nemneformi endar på -t og det kjem eit medljod beint fyre t-en, fær ordet ingi ending i inkjekyn. Døme: svart (men kvitt av kvit).

Som leiken gjeng lagord med etterlekken -en: gjeven, mogen, uvyrden, vaksen.

  • Uttala: k og g fær vanleg linn uttala fyre -en, -i, -e: leiken [2leiçen], leiki [2leiçi].
  • Avbrigde:
  • For hokyn -i kann ein au skriva -a (a-mål, i blått i yversyni).
  • Inkjekyn mangtal -ne kann au hava same formi som hokyn eintal, d.e. -i (eller -a i a-mål).
  • Etter midlandsnormalen er bøygjingsformene -in, -i, -i, -ne (i grønt i yversyni). Etter denne fell òg endingane -enna og -enne i hop i -inne.

Formene i bøygjefall og andre serlege former vert helst nytta i målførelìta eller alderdomlegt mål, skaldskap, og ikkje minst i faste ordlag: ei gomol kona, på langan veg, med godo, i heilo, å nyo, allra best, longo.

Linn bøygjing

Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N U E gode goda gode goda (-e) gode
S godom
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N U E leikne leikna leikne leikna (-e) leikne
S leiknom

Den linne lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i bundi form: Den gode maten, leikne kjetta mi. Sume målføre skil millom kyni, slik at det t.d. heiter den gode maten, men den leikna kjetta, og det var òg slik Ivar Aasen sette det upp i Norsk Grammatik (sjå yversynet til høgre). Einskilde målføre (t.d. i Nordhordland) skil òg millom kyni i mangtal, etter mynster frå den sterke bøygjingi, so at det heiter dei gjæve gutane, men dei gjæva gjentone. Aasen sette det upp slik i Det Norske Folkesprogs Grammatik (1948), men i Norsk Grammatik (1864) gjekk han yver til same form i alle kyni (på -e), kann henda sidan norrønt òg hadde det (på -u, med -um i sidefall). Utpå 1900-talet vart kynsbøygde former sjeldsynte i skrift og -e gjenomførd, slik òg -ane, -one og -ene vart for eldre -arne, -orna, -erna/-erne.

eintal & mangtal
alle kyn
gode
leikne

Munbøygjing