Germansk

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Germansk (eller frumgermansk) er målet som er upphavet til alle dei noverande germanske måli. Ein trur germansk vart tala frå 500 f.Kr. til frumnorderlendsk tok yver (i Norderlandi) frå umkring 200 e.Kr. Målet voks fram frå indoeuropeisk.

Måltre

  • Germansk
    • Austgermansk
      • Gotisk
    • Nordvestgermansk
      • Nordgermansk
        • Austnorderlendsk
          • Dansk
            • Norskdansk
          • Svensk
        • Vestnorderlendsk
          • Færøysk
          • Islendsk
          • Norsk
      • Vestgermansk
        • Nordsjøgermansk
          • Anglo-frisisk
            • Engelsk
            • Frisisk
          • Lågtysk
        • Nederlendsk
        • Elbegermansk
          • Høgtysk
          • Jiddisk

Soga

Frå indoeuropeisk til germansk

Denne bolken syner korleis målet voks fram frå indoeuropeisk i ulike målstìg: fyrrgermansk, tidleg germansk og sein germansk (samgermansk). Han byggjer mykje på den engelske Wikipedia-artikkelen um same emnet.

Fyrrgermansk

  • Germansk vert eit sokalla kentum-mål:
  • /ḱ/ > /k/: *ḱm̥tóm > *km̥tóm («hundrad»)
  • /ɡ́/ > /ɡ/: *wérǵom > *wérgom («verk»)
  • /ɡ́ʰ/ > /ɡʰ/: *ǵʰh₁yéti > *gʰh₁yéti («ganga», her i formi som gav millomlågtysk gān, lånt inn i norsk som )
  • Innskoten /u/ fyre stavingsberande medljod:
  • /m̥/ > /m/: *ḱm̥tóm > *kumtóm
  • /n̥/ > /n/: *n̥tér («inni») > *untér («millom»)
  • /l̥/ > /l/: *wĺ̥kʷos > *wúlkʷos («ulv»)
  • /r̥/ > /r/: *wŕ̥mis > *wúrmis («orm»)
  • /s/, som vart innskoten millom eit tannljod og eit etterfeste som byrja med tannljod, fall saman med tannljodi kring seg til /ts/ og seinare /ss/: *wid-tós (tala ut *widstos) > *witstós > *wissós («viss»)
  • Tvifelt medljod vart stytt etter medljod eller langt sjølvljod: *káyd-tis («det å kalla», tala ut *káydstis) > *káyssis > *káysis
  • Langt sjølvljod i utljod vart lengt til ovlangt sjølvljod: *séh₁mō > *séh₁mô («fræ», mt.)
  • Dei tri indoeuropeiske barkeljodi *h₁, *h₂, *h₃, som gjorde ulike skilljod av /e/, kvarv. Dette hende slik:
  • Sporlaust i innljod: *h₁dóntm̥ > *dóntum («tonn», underfall)
  • Fyre sjølvljod:
  • /h₁/ fall sporlaust: *h₁ésti > *ésti («er»)
  • /h₂/ gjorde /e/ til /a/ og fall elles sporlaust: *h₂énti > *antí («au, òg», finst att i norsk som enn i tydingi «enno» og i t.d. «kva som enn hender …»)
  • /h₃/ gjorde /e/ til /o/ og fall elles sporlaust: *h₃érō > *órô («ørn, are»)
  • Etter sjølvljod:
  • Sjølvljodet vart lengt: *séh₁mō > *sēmô («fræ»)
  • Tvo sjølvljod som enda upp jamte einannan fall saman til eit ovlangt sjølvljod: *-oHom > *-ôm (eigefallsendingi i mangtal), *-eh₂es > *-âs (ei nemnefallsending i mangtal)
  • I utljod held sjølvljodet seg stuttare en dei ovlange sjølvljodi som elles voks fram frå lange sjølvljod i utljod (sjå fyrre hovudpunkt)
  • Millom medljod vart barkeljodi haldne på
  • /h₂/ (kann henda òg /h₃/) vart styrkt til /ɡ/ millom ein sonorant og /w/ (logi hans Cowgill): *n̥h₃mé > *n̥h₃wé > *ungwé («oss tvo»)
  • Hine barkeljodi vart gjorde um til sjølvljod: *ph₂tḗr > *pətḗr («far»), *sámh₂dʰos > *sámədʰos («sand»)
  • /w/ runda bakgomsljod fyre seg: *éḱwos > *ékwos > *ékʷos («hest», finst att i norrønt jór)
  • Runda bakgomsljod vart avrunda jamte /u/ (eller /un/) og fyre /t/ (heldt fram å gjelda inn i germansk tid): *gʷʰénti- ~ *gʷʰn̥tí- («drap») > *gʷʰúntis > *gʰúntis («strid»)

Tidleg germansk

Dette målstìget byrja som eit målføre under indoeuropeisk som hadde misst barkeljodi sine og målet var kann henda enno skyna hjå deim som tala systermålføri. Målet hadde no fem lange, seks stutte og eitt eller tvo ovlange sjølvljod. Brigde som verka inn på målet i denne tidbolken var desse:

  • Ikkje-høge, stutte sjølvljod (/a/, /e/, /o/) fall i utljod: *wóyde > *wóyd («veit», 3. menne, eintal)
  • Stod eit halvsjølvljodi /j/ eller /w/ fyre sjølvljodet, fall det mèd: *tósyo > *tós («dess»)
  • Einstavingsord vart ikkje påverka av dette, etterfeste vart: *-kʷe > *-kʷ («og»)
  • Um sjølvljodet hadde tyngd, flutte tyngdi seg til fyrre staving: *n̥smé > *n̥swé > *unswé > *úns («oss»)
  • Eit ljodskrid i tri stìg skyv på stengjeljodi (logi hans Grimm). Klangføre stengjeljod var alt vortne klanglause fyre en klanglaus obstruent. Runda bakgomsljod vart avrunda fyre /t/.
  • Tyngdi fall no undantakslaust på fyrstestavingi. Dette gjorde at skìlet millom klangføre og klanglause stengjeljod, som logi hans Verner laga, ikkje lenger var allofonisk. Dei klangføre og klanglause stengjeljodi vart med di ulike skilljod.
  • /ɡʷ/ vart /b/ i innljod: *gʷʰédʰyeti > *gʷédyedi > *bédyedi («bed», 3. menne, eintal)
  • Sonorantar vart slegne saman:
  • /nw/ > /nn/: *tn̥h₂éwih₂ > *tn̥h₂wíh₂ > *þunwī > *þunnī («tunn», hokyn)
  • /ln/ > /ll/: *pl̥h₁nós > *fulnos > *fullos («full»)
  • Germanske lånord i samisk syner at dette hende etter at desse måli fyrste møttest.
  • /zm/ > /mm/: *h₁esmi > *ezmi > *emmi («er», 1. menne, eintal)
  • Utyngt /owo/ vart /oː/:
  • Utyngt /ew/ vart /ow/ fyre medljod og dessutan i utljod
  • Utyngt /e/ vart /i/
  • Utyngt /ej/, som då vart /ij/, vart drege saman til /iː/
  • Sume ord kunde vera både tyngde og utyngde. Dei fekk no ofte tvo avbrigde: *éǵh₂ > *ek >*ik («eg») i utyngd stoda, *ek i tyngd stoda
  • Utyngt /ji/ vart /i/
  • /iji/, som då vart /ii/, vart drege saman til /iː/
  • Ikkje-høge, attare sjølvljod fall saman:
  • /o/ og /a/ vart /ɑ/ (a): *gostiz > *gastiz («gjest»)
  • /oː/ og /aː/ vart /ɑː/ (ā): *dōmoz > *dāmaz («dom»)
  • /oːː/ og /aːː/ vart /ɑːː/ (â): *sēmô > *sēmâ (fræ)

Sein germansk

I enden av dette målstìget hadde målet gjengi frå å vera rikt på stengjeljod til å hava mest gnikeljod og slegi saman tvo av sjølvljodi sine. Fyrstestavingi hadde allstødt fengi tyngdi i ordet og med di var det lagt til rettes for at utyngde stavingar lett kunde hoggast burt. Innan målet byrja å greina seg, fekk det nasesjølvljod (her skrivne med krok i utljod, t.d. ą for IPA /ã/, elles etterfylgt av ein n, t.d. an) og byrjande ljodbrigde. Millom dei samgermanske brigdi er desse:

  • /m/ vart til /n/ i utljod og fyre tannljod: *þam > *þan («då»), *humdan > *hundan
  • /n/ fall i utljod etter utyngde stavingar og gav sjølvljodet fyre naseuttala: *-an > * (eintalsendingi i underfall av a-stomnnamnord)
  • /ẽː/ vart lægt til /ɑ̃ː/: *dedę̄ > *dedą̄ («gjorde», 1. menne, eintal)
  • /ǝ/ kvarv:
  • Utyngt /ǝ/ kvarv sporlaust millom sjølvljod: *sámh₂dʰos > *samədaz > *samdaz («sand»)
  • Elles vart /ǝ/ til /ɑ/: *ph₂tḗr > *fədēr > *fadēr («far»)
  • /t/ fall i utljod etter utyngde stavingar: *tehunt > *tehun («ti»)
  • /ɣʷ/ vart til /w/: *snaygʷaz > *snaiwaz («snjo»)
  • Lang og ovlang *a vart høgd til *o:
  • /ɑː/ (ā) vart /ɔː/ (ō): *dāmaz > *dōmaz («dom»)
  • /ɑːː/ (â) vart /ɔːː/ (ô): *sēmâ > *sēmô («fræ», mangtal)
  • Lånordet *Rūmǒnīz (< latin Rōmānī) syner at dette hende etter at germanarane møtte romarane. Finske lånord frå fyre dette brigdet er òg kjende, m.a. raha («pengar») < tidleg germansk *skrahā (sein germansk: *skrahō)
  • Tidlegt i-ljodbrigde: /e/ vart /i/ fyre /i/ eller /j/ i same eller næste stavingi: *beridi > *biridi («ber», 3. menne, eintal)
  • /ei/, der det stod att, vart med di til /iː/: teywa- (skrive teiva- på Negau-hjelmen) > *Tīwaz («Ty»)
  • Òg her syner lånord til samisk og finsk eldre *e.
  • /e/ vart /i/ fyre naseljod i utljod: *en > *in («i»)
  • Lånord til finsk, som rengas («ring») frå germansk *hrengaz (seinare *hringaz), syner det gamle ljodet
  • /j/ fall millom sjølvljod, burtsét ifrå etter /i/ og /w/. Dei tvo sjølvljodi som stod att vart slegne saman til anten eit langt sjølvljod eller til eit tviljod: *ayiri > *airi («årle»)
  • Dette gjev upphav til eit nytt, langt /ɑː/ (*ā) frå tidlegare /ɑjɑ/
  • /n/ fall fyre /x/, so at sjølvljodet fyre både fekk naseuttala og vart lengt: *hanhidi («heng», 3. menne, eintal) fekk dimed uttala [ˈxɑ̃ːxiði]

Målet greinar seg

Frå det germanske målet voks fram tri greiner: nordgermansk (norderlendsk), austgermansk (gotisk) og vestgermansk. Kor det hende er det fleire syn på:

  1. Greinene skilde seg likt ifrå einannan.
  2. Målet klauv seg fyrst i ei vestgermansk og ei norderlendsk-gotisk grein, som so klauv seg i norderlendsk og gotisk.
  3. Austgermansk skilde lag fyrst frå nordvestgermansk, som seinare vart norderlendsk og vestgermansk.

Med tidi hev nordvestgermansken vunni fram og stend no sterkast millom målgranskarane. Det er òg ein slik vokster denne teigen tek fyre seg.

Gotisk

Sjå gotisk.

Nordvestgermansk

Den nordvestgermanske målgreini heldt trulegt berre saman ei liti stund etter at ho vart skild frå austgermansk, men lenge nog til at fleire sermerke voks fram. Samhaldet heldt òg fram etter at dette målet hadde byrja å kljuva seg i norderlendsk og vestgermansk, ved at nyvinningar spreidde seg millom dei tvo greinene. Brigdi nemnde i denne bolken kann koma frå både fyrr og etter dette. Sannsynlege nordvestgermanske brigde er:[1]

  • I stavingar med full tyngd vart samgermansk *ē til nordvestgermansk *ā, soleis nvgerm. *wāpną < germ. *wēpną (jf. gotisk wēpn)
  • I utljod vart *ō hoven til *ū, soleis nvgerm. *landū < germ. *landō
  • I utljod vart lange, høge sjølvljod i utyngd stoda so stytt:
  • *ī vart *i, soleis nvgerm. *wili < *germ. *wilī (norr. vil)
  • *ū vart *u, soleis nvgerm. *landu < *landū (jf. yver) < germ. *landō (norr. lǫnd < frumnorderlendsk *lǫndu < *landu)
  • Etter at *ō i utljod vart *ū, fall *w millom eit medljod og utyngt u-ljod, soleis nvgerm. *badu < germ. *badwō (norr. bǫð, «bad, strid»), men nvgerm. *badwōz = germ. *badwōz (norr. bǫðvar)

Ei rad tidlegare brigde er meir uvisse:

  • Utyngd *a fall saman med *u rett fyre *m, soleis nvgerm. *dagumaz < germ. *dagamaz (norr. dǫgum), jf. gotisk dagam
  • Einskilde døme finst òg i gotisk. Kann henda byrja dette medan gotisk enno hadde samband med nordvestgermanarane, men vann berre å gjera *-am- til *-um- i serlegt utyngde stodor.
  • Utyngd *er fall saman med *ar.
  • Det er uvisst um dette hende alt i samgermansk eller um det hende fyrst i tidleg nordvestgermansk.
  • Hevjing og fremjing av *a til *i i innljod i utyngde stavingar rett fyre *n, soleis tidleg runemål minino < germ. *mīnanǭ
  • Andre brigde og målvokster gjer det ikkje lett å segja noko um detaljane. Kann òg vera noko samgermanskt helder en nordvestgermanskt.

Jamført med gotisk, misste nordvestgermansk meir av det samgermanske formverket. Millom anna kvarv tvotalet (halde i gotisk), bjodeformi i 3. menne (døyande òg i gotisk) og mest all lidande segnstoda (passiv) (eitt undantak er segnordet heita). I mangtal fall tølefall og sidefall saman anten i samgermansk eller i nordvestgermansk (hende òg i gotisk). Burtsét ifrå einskilde døme i tidlegt runemål, er alle sterke i-stomn- og u-stomn-lagord yverførde til a-stomn-klassa i nordvestgermansk.

Kjeldor

  1. Don Ringe og Ann Taylor, The Development of Old English, ISBN 978-0-19-920784-8, s. 10–37