Skilnad mellom versjonar av «Torekall»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
sInkje endringssamandrag
Line 1: Line 1:
Frå ''Edda-kvæde: norrøne fornsongar paa nynorsk'' (1905) av Ivar Motensson-Egnund.
Frå ''Edda-kvæde: norrøne fornsongar paa nynorsk'' (1905) av Ivar Mortensson-Egnund.


Skildringi i boki:
Skildringi i boki:

Versjonen frå 18. april 2023 kl. 18:29

Frå Edda-kvæde: norrøne fornsongar paa nynorsk (1905) av Ivar Mortensson-Egnund.

Skildringi i boki:

Denne visa vart funni i Valdres. Handskrifti er paa hallingmaal fraa det 18de aarh. Visa er vonleg dikta i det 15de aarh., kanskje av ein fjording eller sunnmøring, og yvirsett paa svensk og dansk (derifraa dei versi som er innklombra). Her er visa noko uppattstelt (det meste etter tilleidingar fraa S. Bugge og M. Moe, som hev gjevi ho ut). Trymlur paa Island (ikring 1400) umhandlar same emne. Det er fleire meiningar, um anten visa er eldre eller yngre enn Trymlur.

Torekall kom seg av skogen heim,
trøytte var han og mode;
tjuvann hev stoli burt hamaren hans,
han visste kje kven det gjorde.
Torekall tøymer no folen sin med taumom.

(„Høyr du Lòkje Lauvøy,
leigedrengen min:
du skal fljuge alt land umkring
og leite upp hamaren min.“)

Det var Lòkje Lauvøy,
tok aat sinom veng’e,
flaug han seg so høgt i sky,
nære flaug han sin sprenge.

Daa han kom seg aat Gremmeli gard,
stod Gremmil og rørde uti elde:
„Kva er tíst uti Aasgarden,
no Lòkjen er ute um kvelde?

Kva er tidend fraa Aasgarden
og fraa dine londom?
laupand kjem du med slik fjett
som du var jaga med stongom.“

„Tidendir er fraa Aasgarden,
vonde og inge gode:
Torekall hev sin hamar mist,
han visste kje kven det gjorde.

(Høyre du gamle Gremmil
kva eg segjer deg:
Hev du Torekalls hamar teki,
du dyl han inkje for meg.“

„Eg hev no hans hamar teki,
eg dyl inkje honom eit ord:
aatte alnir og nie famnar
eg hev gravi han ned i jord.

Inkje fær han av hamaren sin,
mindre han fær det med saatte,
mindre han fløt og fører her heim
den yngste systri han aatte.“

Femtan spike-laksar aat ho upp
og nokre andre smaa fiskar
dette var bruri hennar beste spise,
fyrr ho lengta etter drikke.

„Eg gjere no baade skjek og skjelv,
eg gjet inkje drikke av hornom;
du gjeve meg no drikke av boll-stampom
og føre so hit med stongom.“

Til svara grimme jutulen
heime uti sinom velde.
„Eg aldri hev sét noko veslare brur
hev eti meir um kvelde.“

(Svara Lòkjen leigemann,
han smilte under skinn:
„Ho hev inkje eti i aatte dagar,
so hev ho lengta til din.“

Det var gamle Gremmil,
han gleddest ved det ord,
snart kom Torekalls hamar fram,
vart lagd paa brure-bord.

Aatte voro dei smaatrolli
som baaro den hamaren inn,
bruri tek ’n med eine handi
og sting ’n under sitt skinn.

Og det var unge bruri,
spring ho so lett yvir bord,
slo ho den grimme jutulen,
so han datt daud til jord.

Og det var unge bruri,
spring ho bergi ikring,
slo ho dei andre smaatrolli,
so dei laag alle i ein ring.)

Sjå òg