Paa Fjellet

Frå Mållekken
Versjonen frå 9. mars 2022 kl. 15:55 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

På fjellet av Kristofer Janson

Hu hei! Kor er det vel friskt og lett
upp å fjellet, upp å fjellet!
Her leikar vinden i kåte sprett
upp å fjellet, upp å fjellet!
Og foten dansar, og augat lær,
og hjartat kveikjande hugnad fær
upp å fjellet, oppå fjellet.

Kom opp! kom opp frå den tronge dal,
upp å fjellet, upp å fjellet!
Her blæs ein blåster så frisk og sval
upp å fjellet, upp å fjellet.
Og lidi skin utav blomar full,
og soli drys alt sit fagre gull
upp å fjellet, upp å fjellet.

I dalen starvar du tung og heit,
kom på fjellet, kom på fjellet!
Kor fint her er, ikkje nokon veit,
her på fjellet, her på fjellet.
Ditt auga flyg yver nut og tind.
Det er, som flyg det i himlen inn
upp frå fjellet, upp frå fjellet.

Og når so soli til kvila gjeng
attum fjellet, attum fjellet.
då reida skuggarne upp si seng
attmed fjellet, attmed fjellet.
Då gidrar alt i ein strålestraum,
og hjartat sveiper seg inn i draum
upp å fjellet, upp å fjellet.

Sjå òg

Songar og dikt